TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

fredag 9. april 2010

Sauerov!

For ikkje so lenge sidan hadde dei amerikanske biskopane ein offisiell konferanse kalla "The United States Conference of Catholic Bishops." Ein pressetalsmann (An official of the US bishops’ Secretariat for Ecumenical and Interreligious Affairs) skriv: Proselytisme, eller det å målretta gå etter ein annan kristen eller ei kristen gruppe med den tanken å få dei til å forkaste si kyrkje for å bli med i ei anna kyrkje (les: den Katolske) er ikkje tillete. Visse menneske kan kjenne seg kalla i sitt eige samvite å konvertere frå ein tradisjon til ein anna, men "sauerov" (sheep-stealing) kan me ikkje akseptere.
          Her ser me altso at BISKOPANE i USA går i lag og erklærer at dei er imot misjon frå ikkje-katolske "kristne" til den Katolske trua. Andre element som dei la fram etter same konferanse, var at ikkje alt i Bibelen er meint å tolkast bostaveleg, iallefall ikkje fleire kontroversielle deler av Han. Ja, slik er ståa.

 Eg hugsar når eg var på eit Novus Ordo studentmøte og dei hadde invitert ein praktiserande muslim for å snakke på møtet.
Då eg spurde han om kvifor han var muslim og ikkje kristen, fekk eg til svar av novus ordo-presten at "det er jo samme sak." Då eg påstod at det er det slettes ikkje, og at muslimar måtte bli kristne, fekk eg til svar at "det er det protestantar som held på med." Eg tenkte at "presten" berre var av ekstremt dårleg vilje. Men då eg gjekk djupare inn i det og leste i den moderne katolske katekesen, so oppdaga eg at presten hadde rett. Novus Ordo lærer faktisk at muslimar tilbed samme Gud og at me ikkje skal prøve å omvende dei. Det var ikkje "presten" som var liberal og heretikar i Novus Ordo sine auge, han var berre oppdatert på teologiendringane. Og både han og muslimen kjem til å hamne i helvetet om dei ikkje omvender seg frå heresiane sine.

2 kommentarer:

Følgere


Vitjarar