TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

+ PROTESTANTISMEN OG LUTHER

Protestantismen og Luther!
Mange har kanskje ikkje tenkt so mykje over at når Noreg vart kristna på 1000-talet, so vart ikkje landet kristna til den religionen me ser i dag i den so kalla "statskyrkja" eller til ein slags kristendom som liknar nokon av dei andre moderne frikyrkjesektene, den anglikanske sekta eller noko anna. Nei, på 1000-talet kom den Katolske Kyrkja til landet. Nordmenn tykkjer om å lage vikingspel om Selja, Moster og Gulatinget. Dei tykkjer om å organisere "moderne pilgrimsreiser" til Nidaros og snakke om kristninga av Noreg. Men dei vil ikkje tenkje på at dette er Katolske område og Katolsk historie. Dei nemner ikkje at klosterruinane, stavkyrkjene, domkyrkjene og steinkrossane er sette opp av katolikkar. Vel 600 år etterpå, SEKSHUNDRE ÅR !!!!!, kjem ein ny religion til landet og tek meir eller mindre æra for alt som har vore før, iallefall om me skal tru moderne skulebøk og anna propaganda. Eg kan jo sitere noko som Olav G. Henriksen (kanskje mest kjend for å vere gift med forfattarinna Vera Henriksen) skreiv til meg som svar på eit brev eg sende: "Vi trenger å minnes og å gjøre mer for å se de store sammenhengene i liv som i lære, å kjenne bedre våre røtter, ikke bare klynge oss til det en vettlaus danskekonge for mer enn 400 år siden fant på; å bytte religion (til protestantismen) mot at han skulle få sine klør i alt kirkegodset i Danmark og Norge etter at han hadde spilt bort alt han eide i kriger med svenskekongen. Ola og Kari sliter ennå med ettereffektene av denne ensidige, sveipende handlingen i selvtekt, i form av en lutheranisme som spriker i alle kanter og er ledet av politikere som ikke har peiling på religion og lærdommen omkring denne."  Protestantiseringa av Noreg er ikkje nokon solskinshistorie, sjølv om han gjerne vert presentert slik for oss. Kva med alle stavkyrkjene som vart brende av protestantane, munkane som dei drap eller kasta ut av landet, kyrkjene som berre vart overtekne av desse nye tjuvane, alle som måtte tvangskonvertere. Det vart forbode å vere katolikk i Noreg fram til midten av 1800 talet. Bøker og Biblar vart øydelagde, spora av det Katolske Noreg skulle utslettast. Den psykisk ustabile nytenkjaren Luther skulle promulgerast. Det er difor protestantar i Noreg i dag sit og trur at dei fylgjer ein "bibelsk kristendom" i same ande som dei fyste Kristne, når dei i sanninga fylgjer ei sekt som kom opp på 1500-talet i Tyskland av ein fråfallen Katolsk prest, ein religion utan historiske røter i urkyrkja. Og ein ny kosebamse-Jesus som aksepterar alt og alle berre du trur, utan at du eigentleg må omvende deg og gjere bot, og utan Kyrkja og dei sju Sakramenta som reiskapen Jesus grunna på jorda gjennom Apostlane for at menneske skulle verte frelste. Mange ser på den Katolske Kyrkja si lære og seier "Men det står då ikkje i Bibelen..?" Dette er eit sjølvmotseiande argument på høgt plan. For det fyste, Kristne trur ikkje at den Bibelske kanonen kom direkte ned frå Himmelen som ei gulltavle eller noko, slik mormonarane trur om mormons bok. Dei som kan litt kyrkjehistorie veit at Kyrkja som organisasjon kom til fyst. Det var då nett denne organisasjonen som samla dei Nytestamentlege skriftene og bestemte 400 år, FIREHUNDRE ÅR !!, etterpå kva bøker som skulle vere med i Bibelen og kva bøker som ikkje skulle vere med. Dette fann stad på kyrkjemøtet i Roma i år 382 e.Kr. og endå ein gong på kyrkjemøtet i Carthage i 398 e.Kr. under leiinga av, ja, Paven. Den 38.paven i rekkja faktisk. For St. Peter var den fyste paven. Det var då ein pave som under leiing av Den Heilage Anden kunne slå fast kva bøker som var inspirerte. Kvar trur du elles at innhaldslista i Bibelen din kjem ifrå? Eller korleis veit du elles at det var Matteus som skreiv Matteus Evangeliet? Står det i sjølve teksten kanskje? Nei, det er den Katolske tradisjonen som har lært deg det. Utan den Katolske Kyrkja skulle me ikkje ha peiling på kva bøker me skulle tru på. For det andre, utan alle Katolske munkar som kopierte Bibelen for hand i middelalderen skulle me heller ikkje ha nokon Bibel i dag. For det tredje, ein kan ikkje vite at Bibelen er inspirert skrift utan ein utanforståande autoritet som seier det. Sjølv om det står i Bibelen at heile skrifta er inspirert, så står det ikkje i Bibelen, i sjølve grunnteksten nokon stad, kva skrifter dette eigentleg er. Ein kan ikkje akseptere ei bok utan å akseptere forfattaren. For det fjerde, kvifor aksepterar protestantar at Katolske Kyrkja hadde Anden til å velje ut Bibelbøkene, men alt det andre som desse same personane trudde på og lærte kan ein ikkje leggje vekt på, det andre som vart sagt på dei same kyrkjemøta? For det femte talar Bibelen mykje om tradisjon, at ein skal halde fast ved både det som vart skrive og SAGT. (2.Thess 2:14, 1.Kor 11:2) Protestantismen har ikkje behalde noko av dette. Han er ekstremt amputert, ein blind som leier ein blind, og ingen veit heilt kva dei skal tru. Det vert til slutt opp til individet å tolke den lille informasjonen dei har. Det er difor me har over 33 000 ulike greiner og sekter etter reformasjonen. Og nye vert starta heile tida. Det er difor eg som tidlegare protestant kunne bli både barnedøypt, vaksendøypt og andedøypt. Drikke vin både med og utan alkohol, eller kvifor ikkje berre druejuice eller saft under nattverden. Og kva er eigentleg nattverden for ein protestant i dag? Er det Jesus eller berre nestan eller symbolsk eller.. Her om dagen var det ein "prest" i den Norske kyrkja som døypte eit barn i Coca Cola. Visse talar i tunger, visse går på kurs for å lære det, andre forkastar det heilt. Eg kunne halde fram. men du fattar vel poenget. Og dei som registrerar at her har me eit skismatisk problem, prøver å løyse det heile gjennom anten å isolere seg frå alle andre "kristne" grupperingar eller ved å støtte ekumeniske rørsler som "Oase". Ingen theologi her, berre samle alle og få ei kjensle av at alle kjem til himmelen i lag berre me ikkje fokuserar på at me ikkje er einige om kva me trur på. Det er endå same kosebamse me tilber. 
So var det Luther då! Kva skal ein seie om ein sånn? Det som i alle høve er sikkert, er at han var den som oppfann protestantismen. Prostestantar sjølve presenterer det gjerne som ein renessanse når det i røynda var ein reformasjon, altso noko nytt som ikkje hadde vore før. Ja, namnet i seg sjølv syner då berre at det var ein reformasjon. Hadde det vore ein renassanse, so hadde ein kunne peike på andre personar som trudde som Luther lærte i urkyrkja, men det kan ein ikkje. Difor brukar visse å seie "Der har alltid vore rettruande, Bibeltruande Kristne som me ikkje kan dokumentere." Andre seier.."Katolske Kyrkja var den fyste Kyrkja, men då var ho Bibelsk. No har ho falle ifrå den sanne trua." Begge hevdingane er både latterleg uhistoriske og innovative. So kvifor tykte Luther at han trong å reformere? Fyst og fremst fordi han leid av melankoli og fortviling (despair), som er ei dødssynd i fylgje Bibelen. Det å tru at "Gud kan ikkje frelse stakkars meg." Gud kan frelse alle som kjem til Han med eit botferdig hjarte. Men Luther fekk ikkje fred, han kunne ikkje tru på dette so han komponerte ei lære kalla "Sola fide." (Trua åleine.) Tanken at ein ikkje vert frelst av tru og gjerningar, men berre av å tru. Problemet var at det ende Bibelverset som har orda tru og berre i same vers, er Jakob 2:24: Der ser de at eit menneske blir rekna som rettferdig på grunn av gjerningar og ikkje berre ved tru. For å løyse denne floka la Luther til ordet "berre" eller "åleine" i eit anna Bibelvers i Romarbrevet, sjølv om det ikkje eksisterar i grunnteksten. Når folk spurde han kvifor han gjorde det, svara han at det var fordi "Mitt ord er Kristi ord, min munn er Kristi munn.." (O'Hare PF. The Facts About Luther, 1916--1987 reprint ed., pp. 203-204). Den 31. Oktober 1517 hengde Luther opp eit dokument med 95 teser på slottskyrkjedøra i Wittenberg. Han var framleis ikkje protestant då, men rekna seg som Katolsk prest og munk. Det overraskar kanskje mange å høyre at i desse kjende tesene, so vedkjenner Luther paveembetet over 20 gongar! Han sannar og at Paveembetet er innstifta av Kristus, sjølv om han ikkje er einig i alt paveembetet står for, særskild når det gjeld avlat. I tese nr 25-29 vedkjenner og Luther at Skjærselden er ein realitet og det kjem fram i dei ulike skriva han kom med at han trudde at Maria Møy var utan synd. Men Luther kunne ikkje halde seg til det som alltid hadde vore. Når han fyst hadde byrja å endre på sjølve Bibelen, so kunne han ikkje stogge. Han sette i gong eit enormt klupp og lim prosjekt for å skape ein eigen Bibel som passa den nye læra som hand i hanske. Det var då Luther fjerna 7 BØKER FRÅ BIBELEN. Han fjerna Tobits bok, Judits bok, Visdomen, 1. og 2. Makkabearboka, Syraks bok og Baruks bok. Dessutan fjerna han 7 kapittel ifrå Esters bok og 66 vers ifrå Daniels bok, berre fordi det ikkje passa inn med den nye teologien som Luther ville promulgere. Eindel protestantar har tekje inn att desse bøkene i Bibelen, men dei rangerar dei framleis som 2.rangs bøker i tråd med det Luther ville. Når det gjeld Nytestamentet so var heller ikkje Luther trufast. Han kalla Jakobs brev for "Ein stråepistel utan evangelisk karakter." Han vanvørde på same vis Judas brevet og Hebrearbrevet. Luther sa t.o.m. at det berre var eit av Evangelia som var "heilt inspirert" og at alle bibelvers måtte jamførast med dette innan ein kunne akseptere det som Guds Ord. Ein skulda då heller ikkje å tru på det ein ikkje makta å tru på. Noko anna ekkelt å innsjå er at Luther ofte vrei på Bibelske sanningar og uttala seg både vulgært og ut av det blå. Eg kan då berre sitere Luther sjølv, so får hans eigne ord døma han.  Luther-sitat 1: "Vær ein syndar og synd med mot, men tru med endå større mot. Synd skal ikkje skilje oss frå Han, sjølv om me skulle drive hor og drepe tusenvis av gongar om dagen." (Luther, M. Letter of August 1, 1521 as quoted in Stoddard, p.93). Luther-sitat 2: "Når det gjeld Gud, og ang. alt som handlar om frelse og fordømmelse. har mannen ingen fri vilje, men er ein slave, ein fange, anten av Guds vilje eller av satan." Luther-sitat 3: "Kva skade gjer det om ein mann fortel ei god og saftig lygn for ei verdig sak og for den Kristne Kyrkja si skuld? Å lyge når det er naudsynt eller passande eller for å orsake seg- slik lygn skulle ikkje vere å synde imot Gud, då han var villig til å ta slike synder på Seg." .Luther-sitat 4: "Kristus dreiv hor fyst of framst med kvinna ved brønnen, som St. Johannes fortel oss: Sa ikkje alle som stod ikring han -Kva er det han har gjort med henne? For det andre med Maria Magdalena, og for det tredje med kvinna som vart teken i ekteskapsbrot, som han sende ifrå seg so lett. So er det då slik, at Kristus som var so rettvis, må ha vore skuldig i hor innan han doydde." Luther-sitat 5: " Om ektemannen ikkje er villig (til samlag), so er det ein annan som er villig, om kona ikkje er villig, so lat tenestekvinna komme...Dersom eg skulle gje råd til kona av ein impotent mann, med hans tillatelse, at ho får gje seg sjølv til ein annan, for eksempel ektemannen sin bror, men å halde dette ekteskapet løynd og å rekne borna som den fyste ektemannen sine born. Spørsmålet er då, er ei slik kvinne frelst? Utan tvil!...Det går ikkje imot Skrifta om ein mann har fleire koner. Når det gjeld skilsmål, er det framleis under debatt om det er lov. For min eigen del foretrekk eg bigami.. Guds Ord og Gjerning er klar: Kvinner er til for å vere anten mødrer eller prostituerte...Eit ekteskapeleg samlag kan heller ikkje gjennomførast utan synd. Kroppen har ikkje noko å gjere med Gud. Når ein tek dette i betraktning kan ein aldri synde i mot Gud, berre imot sin neste."  Luther-sitat 6: " Eg set større lit til kona mi og til elevane mine enn eg set til Kristus.. Det spelar ikkje noko rolle korleis Kristus oppførte seg, berre kva Han lærte." Noko anna underleg med Luther er at han var so oppteken av djevelen, toalettet og slike ekle saker. Sjølv protestantiske teologar har funne dette urovekkjande. Luther fortel korleis han hadde lange samtalar med djevelen. Desse demonane gav han syn som han opplevde som verkelege, der djevel slengde avføring på han og han slengde attende. Under eit av desse slaga utmana Luther djevelen til å sleike endetarmen hans. Luther tenkte at den beste taktikken sikkert skulle vere å "kaste han inn att i anusen min, der han høyrer heime."(H.W. Crocker, Triumph, Roseville, CA: Prima Publishing, 2001, p. 237.) Etter at Luther kom fram til kva han tykte om pavedømmet, kalla han dette for "djevelens avføring." Han sa og at paven og kardinalane burde drepast og at han sjølv og tilhengjarane hans skulle vaske hendene sine i blodet deira. (Pastor, History of the Popes, Vol. 7, p. 393.)  Luther fortel og korleis han kom fram til læra om rettferdigjering av trua åleine mens han sat på toalettet. Han hevdar at "Det kom til meg som kunnskap frå Anden mens eg sat på toalettet i tårnet." Luther sin ide' om at ein burde gjere gode og ærlege synder, oppstod visst etter ein samtale med djevelen. Det er berre å lese Luthers verk "Tisch reden/Table talk/Bordssamtaler." Eg kunne ha halde fram, men tykkjer ikkje at det er naudsynt. Det som er vanvittig å tenkje på, er at dette er mannen som so mange menneske vel å stole på og fylgje, medvite eller umedvite når dei skal prøve å vinne det evige livet. Det er dessutan ikkje det Luther lærte og trudde som dei fleste Lutheranar trur i dag, men den store majoritetet er, utan sjølve å tenkje over det, eit produkt av ein mann ved namn Melanchton, som kom enno seinare..Ein populær teori om Luther mellom protestantar er at han var i mot korleis den Katolske Kyrkja forhindra menneske i å lese Bibelen.. Og rein propaganda. Innan Luther kom med ein eigen amputerte bibelversjon i 1520, so eksisterte det 626 utgåver av den Katolske Bibelen, og vel 198 av desse var på lokalspråk. Majoriteten av landa som hadde hatt Bibelen på sitt eige modersmål lengst, held fram å vere Katolske etter reformasjonen. (T.d. Spania, Italia, Frankrike, Portugal, Ungaren og Belgia) Berre i Tyskland eksisterte der 17!! versjonar av Bibelen på tysk innan Luther kom med ein eigen versjon. Katolske Kyrkja har alltid oppmoda menneske til å lese Skrifta, berre ikkje til å tolke henne sjølve utan Kyrkja si hjelp og rettleiing. Det er då ikkje utan grunn at Kristus lova Kyrkja at han skulle sende henne Anden for å hjelpe henne: "Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til heile sanninga." Joh 16:13. Det at den Katolske Kyrkja praktiserer Latin, har med å gjere at kristne etter kvart ikkje kunne gresk og hebraisk som Bibelen var skrive på. Kyrkja oversette difor Skrifta til Latin, ettersom dei som kunne lese og skrive kunne Latin. Språket har etter dette vorte bevart som Kyrkjespråket, fordi Kyrkja er universell og eit felles språk gjer at alle over heile jorda kan feire Messe ilag og lese kvarandre sine skrifter. Alle preiker og all katekesundervisning har alltid foregått på lokalspråket. Då boktrykkjarkunsten kom var det framleis slik at dei fleste ikkje kunne lese og skrive, og dei få som kunne lese og skrive kunne latin. Det er då endå meir forståeleg kvifor Kristus lova at Han alltid skulle vere med SI KYRKJE (Matt 28:20) og at det var KYRKJA, ikkje Bibelen som alltid skulle stå seg imot helvetes portar. (Matt 16:18) Det er difor Kristus og ga Kyrkja makta til å binde og løyse i Matt 16:19, slik at ingen trengte å lure på kva dei skulle tru eller korleis dei skulle bli frelste. Alt eksisterarder, innanfor Moder Kyrkja. Ei synleg- ikkje ei usynleg Kyrkje, som alle kan komme inn i berre dei gjer det slik som Kyrkja lærer. For der er ikkje frelse utanfor den Heilage Katolske Kyrkja. Omvend deg før det er for seint.     
www.mostholyfamilymonastery.com/Traditional_Catholic_Audios.html








Følgere


Vitjarar