TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

tirsdag 28. desember 2010

Gode ord!

Det vert ikkje alltid so mykje tid til å blogge i høgtider..
Men her kjem nokre oppmuntrande ord om ymse tema, som er vel verde å leggje seg på minne:

1)Om Rosenkransen:
Syster Lucia frå Fatima: "Sjå, Fader, den Høgheilage Møya har i desse siste tider som me lever i gjeve oss ein ny verknad ved resitasjonen av den Heilage Rosenkransen. Ho har gjeve denne verknaden i slikt mål at der ikkje finnst eit ende problem, uansett kor vanskeleg det måtte vere, sjølv om det er timeleg eller, framfor alt, andeleg, i det personlege livet åt kvar og ein av oss, hjå familiane våre, hjå familiane i verda eller hjå dei religiøse samfunna, ja, til og med i liva åt folkeslaga og nasjonane som ikkje kan løysast ved Rosenkransen. Der er ikkje eit ende problem, seier eg deg, uansett kor vanskeleg det måtte vere, som me ikkje kan løyse gjennom bøna ved den Heilage Rosenkransen. Med den Heilage Rosenkransen, vil me frelse oss sjølve. Me vil heilaggjere oss sjølve. Me vil trøyste Vår Herre og oppnå frelse for mange sjeler." (frå 1957 intervjua med Fader Fuentes.)

2)Til ein som aksepterar II Vatikankonsiliumet frå ein sedevacantist:
Me trur det som de ein gong trudde.
Me tilbed slik de ein gong tilba.
Om de hadde rett då, har me rett no.
Om me tek feil no, tok de feil då..

3)Om Kyrkja si rolle:
Me treng ikkje ei Kyrkje som vert flytta på av verda.
Me treng ei Kyrkje som flyttar på verda.
(We don't need a Church that moves with the world, we need a church that moves the world.)
-Chesterton.

4)Kristendomen og islam:
Muslimske "martyrar" drep for trua si.
Kristne martyrar døyr for Trua si.

fredag 17. desember 2010

Generelt om Tradisjonen! av Msgr. George Agius, frå boka "Tradisjon og Kyrkja" år 1928

Msgr. Agius (1873-1962) kom frå ei lita øy kalla Gozo, utanfor Malta. Han hadde to doktorgrader, ei i Teologi og ei i Kanonisk Lov og gjekk i klasse på universitetet med den komande Pave Pius XII. Han døydde same år som det II Vatikankonsiliumet byrja (ei Guds nåde for han sin del at han slapp å sjå dette juksekonsiliumet..) etter å ha verka 67 år som Prest.

2 Tess 2:14 "Så stå då støtt, brør, og hald fast på det som de har teke imot og lært av oss, anten munnleg eller i brev."

Generelle forestillingar om Tradisjon!
Med Tradisjon meinast alt som vert overlevert, og dessutan vegen og verkemiddela som objektet vart gjeve oss gjennom.
Den rette kjelda for Openberring er Guds Ord, som både er skrive og uskrive. Det skrivne Ordet er oppbevara i Skrifta; det uskrivne Ordet i Tradisjonen.
              Når me talar om det uskrivne Guds Ord, meinar me ikkje at det aldri har vorte nedskrive, men at det aldri vart nedskrive av den mann som Gud openberra det for. Det vart gjort til eit skriftleg dokument etterpå av vedkommande sine læresveinar, eller av andre som høyrde det frå vedkommande sine lepper.
              Ordet tradisjon, når ein tenkjer på det som eit objekt, tyder kva det skulle vere som vert overlevert eller sendt vidare; i denne meininga vert det kalla for aktiv Tradisjon. Denne aktive Tradisjonen inkluderar då naudsynt objektet som vert overlevert til oss. På same vis utgår objektet Tradisjon frå at me har ein aktiv Tradisjon, og at han ikkje kunne ha nått fram til oss utan denne. Me må difor alltid ta imot Tradisjonen som denne komposisjonen, det vil seie; som samansett av to delar- handlinga av overføring og det som faktisk vert overført. Ein tradisjon som vert tilnærma i sitt objekt mister alt verde utan den aktive tradisjonen som overleverte han. Me kan verken forklare eller forstå ein tradisjon utan kjennskap til kjelda, handlinga, vegen og middela som han nådde oss gjennom. I dei komande sidene må Tradisjon difor alltid skjønast som ikkje berre ei akseptert doktrine, eller ein skikk som var rådande på Apostoliske tider, men og som vegen og middela som denne læra eller skikken har komme til oss gjennom.
              For å gje eit døme, so nemner ikkje Skrifta kva dag det var som Jesus Kristus vart født. Men ein gammal Tradisjon fortel oss at Guds Son, som menneske, vart født den 25.desember. Sjå, dette er objektet av ein Tradisjon. Kyrkja aksepterte og sette denne datoen som tidspunkt for feiringa. Kristne- i lydnad til Kyrkja- har observert denne Tradisjonen kvart ende år etter at Kristus for opp til Himmelen. Sjå, den aktive Tradisjonen. Dette er dei to elementa: Trua på at Jesus vart født den 25.desember; og den utlærande Kyrkja som sette datoen for feiringa av høgtida.
              Observasjonen av Påske, fredagsfasta (då ein avstår frå kjøtmat), feiringa av Sundag istadenfor laurdag... På desse områda er Skrifta stort sett tyst. Men Tradisjonen fortel oss at slik vart det gjort på Apostoliske tider.Kyrkja godkjende sedane og førte dei vidare frå generasjon til generasjon, like fram til vår eiga tid. Apostlane skreiv ikkje om dei. Kvifor skulle dei det? Dei vart vurderte som noko sjølvsagt. Nokre av dei tidlegaste Kristne, læresveinane åt Apostlane, og i visse høve desse sine læresveinar, var dei som skreiv om dette for å innprente i dei Kristne frå si eiga samtid kva det var Apostlane hadde lært ut og forkynt. Det same gjeld andre disipliner og doktriner som ikkje hadde vorte nedskrive, men som vart trudd og praktisert.
                 Difor, kvar ende gong det er tale om Tradisjon generelt, meinar me alltid denne "Komplekse Tradisjonen"- objektet med overføringsmetode, det vil seie, med Kyrkja som gjev det verde og autoritet. Begge går i lag, som filosofane seier, som materie og form. Det er på dette viset som Kyrkjemøtet i Trient skjøna og vurderte Tradisjonen. Dei erklærte høgtidssamt: "All openberra doktrine og disiplin er og oppbevara i den uskrivne Tradisjonen, som me har motteke gjennom Apostlane frå Kristi eigen munn, eller frå dikteringa av den Heilage Ande gjennom dei same Apostlane, som har nådd oss som om det hadde vorte gjeve til oss.".."dei same Tradisjonane, som høyrer til Trua og disiplinar, oppretthalde av ein framhaldande suksesjon i Kyrkja, aksepterer og vyrdar me med same kjærleik og æra." (Konsiliumet i Trient, Seksjon IV)   

torsdag 9. desember 2010

Sankta Lucia!

I Noreg har det vore ein tradisjon at den 13. desember feirer me Lucia. Ein kan jo undre på kva det er som gjer at ein Katolsk, italiensk Helgen som døydde år 303 e.Kr for SØLIBATET og for at ho ikkje ville ofre til avgudane, vert feira i det heile i protestantiske kretsar? Ikkje bryr protestantar seg om kanoniseringar av Helgenar og ikkje bryr dei seg om sølibatet. At namnet hennar dagleg vert nemnd i den faste delen av den Katolske Messa skulle vel heller ikkje spele so stor rolle for dei som ikkje er Katolikkar. Men det er då heller ikkje ei sannferdig Kristen feiring som finn stad her oppe i nord. Innan eg skriv om den sanne Lucia, som vart kanonisert ikkje so lengje etter at ho døydde på 300-talet, kan eg jo nemne litt om dei "greiene" som vert markerte i Noreg.
               Sjølve namnet Lucia kjem frå det latinske ordet lux, som tyder ljos, og det er nok grunna dette at Lucia har vorte ein slags ljosfest med safranrosinbollar, eller lussekattar som det har vorte heitande. Den 13.desember har vorte kalla "lussi-langnatt", ettersom det var den lengste natta av året. Heilt frå middelalderen har det i Noreg vore ei overtru om at dersom ein ikkje vart ferdig med tungarbeidet som måtte gjerast til jul innan den 13. desember, eller om born hadde vore ulydige, so kom ein demonisk kvinneskikkelse kalla "lussi" opp frå underjorda og straffa deg. Dette har sjølvsagt ingenting med Katolsk Tradisjon å gjere, men for å beskytte seg mot dette, måla folk gjerne krossar på dørene og held seg inne.
              Lucia feiringa slik me ser henne i Noreg i dag, med jenter som har ljos på hovudet og kvite kappar, kjem då heller frå Sverige, som byrja å markere Lucia slik etter "reformasjonen", eller OPPRØRET som det i sanning var. Dei har nok lete seg inspirere av italienske sjømenn som kom innom, og etter å ha høyrt napolitansk folkesong med gamle røtter, som og handlar om ein stallgut som visst skal ha vore vittne til at Lucia vart avretta og som sjølv og vart avretta den 13.desember. Dette med stallguten vert ikkje stadfesta i "dei gylne legendene" og eg skal ikkje uttale meg om sanninga i saka. Men det er nok difor at smågutar og er med i desse ljostoga, ikledde lange kvite kappar og hattar.
              
            Det som er mykje meir interessant er sanninga om Lucia av Syrakus, frå den Katolske Tradisjonen som ho er henta frå "dei Gyldne Legendane",samla i år 1260:
Her fylgjer livet åt den velsigna møya Lucia.

Sankta Lucia, den heilage møya, vart født i Sicilia og hadde opphav og blodlinje frå ei eidel slekt, i byen Syrakus. Då ho fekk høyre om det velkjende og akta ryktet åt Sankta Agatha eller Agaas, som vart publisert og spreidd ikring på alle stader, gjekk ho med det same til grava hennar saman med mor si som heitte Euthisia. Mora hadde ein sjukdom som vart kalla blodfløde, og etter fire år var det framleis ingen lækjarar eller kirurgar som kunne kurere henne. Då dei no vitja den Heilage Messa, var det einkvan som las eit evangelium som nemnde ei kvinne som vart lækt frå blodfløde berre ved å røre saumen på Jesu Kristi mantel. Då Sankta Lucia høyrde dette, sa ho med det same åt mor si: "Mor, om du trur at dette som vert opplese er sant, og at Sankta Agatha og i denne stunda er hjå sin Jesus Kristus, og at det var for Hans Namn si skuld at ho leid martyrdauden, og om du, grunna denne trua, rører ved grava hennar, skal du utan tvil verte bota og lækt."
                  Dei gjekk då med det same, etter at Messa var avslutta og menneska hadde fare sin veg, og dei to fell på kne i bøn ved grava åt Sankta Agatha, og med gråt byrja dei å be om hennar hjelp og støtte. Sankta Lucia fell i sømn då ho bad for mor si, og i sømnen såg ho Sankta Agatha mellom englane, eidelt pynta og dekorert med dyrebare steinar, som sa til henne: "Lucia, mi kjære syster, Guds trufaste møy, kvifor bed du til meg for mor di, for slike ting som du sjølv snart kan gje henne? For eg seier deg i sanning, at grunna trua di og din godleik, vert mor di trygg og heil." Med desse orda vakna Sankta Lucia heilt oppskaka, og sa til mor si: "Mor, du vert bota og heilt lækt; eg bed deg for skulda åt henne som bad bønene som lækte deg, at du aldri skal nemne meir for meg at eg skal ta åt meg ein ektemann eller husbond, men medgifta som du skulle gje meg ved eit giftarmål, bed eg deg at du må gje meg for å gje det heile som almisser, so eg kan koma åt min frelsar Jesus Kristus." Mora svara henne slik: "Vakre dotter, farsarven din, som eg har motteke desse ni åra sidan far din døydde, har eg ikkje brukt, men har multiplisert og utauka; men vent berre til eg har forlete denne verda, og frå den stunda kan du gjere som du finn best." Sankta Lucia svara: "Kjære mor, høyr på mitt råd: han er ikkje elska av Gud, som i eigenkjærleik gjev av det som han ikkje sjølv kan nytte, men om du vil sjå Gud i miskunn mot deg, gjev åt Han det som du kan avsjå, for etter dauden kan du på inga vis nytte desse godene. Det som du gjev då du skal døy, det gjev du berre fordi du ikkje kan bære det med deg. Gjev då for Guds skuld medan du lever: og for dei godene som du skulle gje meg med ein husbond eller ektefelle, lat det verte gjeve åt folket ditt for Kristi kjærleiks skuld.
                  Om dette tala Lucia alltid åt mor si, og kvar dag gav dei almisser av det dei hadde. Og då dei omlag hadde solgt heile formuen og alle juvelane deira, kom det bod om dette til han som var tenkt til ektemann åt henne, og som ho var lova vekk til, og denne herremannen krevde å få høyre sanninga frå amma åt Sankta Lucia, og kvifor dei solgte formuen sin. Ho svara med varsemd, og sa at dei gjorde dette då Sankta Lucia, som var vekklova åt han til kone, hadde funne seg ein som var av høgre og eidlare slekt enn han var, og difor ville dei kjøpe inn det dei trong for å samle ihop til bryllaup. Den dåren trudde dette, for han forstod kjøtleg det som amma hadde sagt som noko andeleg, og hjalp dei med å selje arven deira. Men då han skjøna at det var grunna kjærleiken til Gud at ho gav vekk det ho hadde, og kjende seg lurt, skulda han Lucia med det same, og drog henne framfor ein domar ved namn Paschasius, som var ein skurk og ein heidning. Og det var grunna at ho var ein Kristen, og at ho handla imot lova åt Keisaren, at Paschasius skulda henne, og påla henne å tilbe og ofre åt avgudane. Ho svara: "Offer som behagar Gud er å vitje enkjer og foreldrelause, og å hjelpe dei som er i naud: Eg har ikkje opphøyrt under desse tre åra å gje slike offer åt Gud, og då eg ikkje har meir att som eg kan ofre, ofrar eg meg sjølv åt Han, for at Han skal gjere med dette offeret det som behagar Han." Paschasius sa: "Du kan kanskje seie slike saker til det Kristne folket, og det skulle gagne deg, men til meg som held boda åt Keisaren, talar du forgjeves." Sankta Lucia sa: "Om du vil halde lova åt herrane dine, skal eg endå halde Guds Lov; du ynskjer ikkje å gjere dei vreide, og eg skal halde meg frå å tenne min Guds vreide; du vil behage dei, og eg stundar berre etter å behage vår Herre Jesus Kristus." Paschasius sa: "Du har sløst arven din vekk på rebellar, og difor talar du som ein rebell." Ho sa: "Eg har sett arven min på ein sikker stad, som verken fordervar mitt hjarte eller lekamen, noko anna skulle eg ikkje kunne gjere eller stå ut med."  Paschasius svara: "Kven er det då som fordervar hjarta og lekamen?" Ho sa: "De er det som fordervar hjarta, de som Apostelen tala om slik: "Dei onde orda fordervar dei gode sedane. De råder sjelene til å forsake skaparen deira og til å fylgje djevelen ved å ofre til avgudane; dei som fordervar lekamen er dei som elskar dei kjøtlege lystene, og foraktar andelege gleder som står seg i all eve." Paschasius sa: "Dei orda som du no talar skal opphøyre når du kjem til plagene dine." Ho sa: "Guds Ord skal ikkje opphøyre eller ende." Paschasius sa: "Kva då?! Er du Gud?" Ho sa: "Eg er Guds tenestekvinne, og det eg seier er Guds ord, for Han seier: Det er ikkje de som talar framfor prinsar og domarar, men den Heilage Ande talar gjennom dykk." Paschasius sa då: : "Og difor er den Heilage Ande i deg?" Ho svara: "Apostelen sa at dei er Guds tempel som lever i kyskheita, og den Heilage Ande bur i dei." Paschasius sa: "Eg skal i sanning ta deg til bordellet, og der skal du miste di kyskheit, og då skal den Heilage Ande gå i frå deg." Ho sa: "Lekamen vert berre forderva om hjarta og viljen gjev etter; for om du gjennom tvang fekk meg til å ofre åt avgudane med hendene mine, heilt imot min vilje, skulle Gud ta dette berre som eit hån, for Han dømer berre etter viljen og etter det ein går med på å gjere. Og difor, om du krenkjer lekamen min utan at eg vil det, og utan at eg godtek det, skal kyskheita mi aukast til det doble, og til fortenesta av ei endå meir ærerik krune. Det som du måtte gjere med lekamen, som er i di makt, skal ikkje fordømme Jesu Kristi tenestekvinne."
                     Då baud Paschasius at rebellane i byen skulle koma, og han overgav Sankta Lucia åt dei i det han sa: "Hent andre som og kan skjende henne, og ta henne so mykje at ho døyr!" Rebellane ville med det same ha teke henne der ifrå og drege henne ned til bordellet, men den Heilage Ande gjorde henne so massiv og tung at ho dei ikkje kunne rikke henne av flekken. Då greip mange av tenarane åt domaren inn, for å hjelpe dei andre med å dra i henne, men ho kunne framleis ikkje flyttast. Då batt dei henne i hender og føter med eit tau, og alle drog, men ho vart verande som eit fjell som ingen kunne flytte. Dette gjorde Paschasius særs uroleg og rasande, og han kalla på trollkarane sine, som heller ikkje kunne flytte på henne med alle trolldomane sine. Då henta Paschasius eit åk med mange oksar som skulle dra henne, men endå kunne dei ikkje rikke henne av flekken. Då krevde Paschasius å få vite av henne kva som gjorde at ei skral møy ikkje kunne flyttast av tusen menn? Ho sa: "Dette er Guds verk, og om du skulle hente ti tusen fleire menn skulle dei framleis ikkje kunne flytte på meg." Desse orda plaga domaren slik at han vart heilt ifrå seg og Sankta Lucia sa til han: "Kvifor plagar du deg sjølv slik? Om du har bevist og analysert det slik at eg er Guds tempel, tru det. Om du ikkje kan skilje ut dette, lær deg å skilje ut."
                 Etter dette vart domaren berre meir plaga, for han såg at han vart gjort til hån. Difor let han gjere eit voldsomt stort bål ikring Lucia, og fekk dei til å kaste tjære, harpiks og kokande olje over henne, og ho vart verande urørleg i elden og sa: "Eg har bedt til Jesus Kristus om at denne elden ikkje skal ha noko makt over meg, slik at dei Kristne menn som trur på Gud skal håne deg. Og eg har bedt om at martyrdauden som eg skal lide skal ta vekk dei Kristne si redsle og uro for å døy for trua på Jesus Kristus, og ta vekk frå skurkane gleda i martyrskapet mitt. Venane åt domaren såg at han vart forvirra av Sankta Lucia sine ord, og plaga over at det drog ut på tida, og difor tok dei eit sverd og dreiv det gjennom halsen på henne, og sjølv etter dette døydde ho ikkje, men held fram med å tale til folket: "Eg erklærer og syner dykk at den Heilage Kyrkja skal ha fred, for Keisaren Diocletian, som var ein fiende av den Heilage Kyrkja har i dag mista herreveldet sitt, og Maximian, hans høgre hand, er i dag daud. Og på same vis som Sankta Agatha er matron og vaktar av Catania, på same vis skal eg verte matron over Syrakus, denne byen." Og då ho tala slik til folket, kom sersjantane og ministrane i Roma for å hente Paschasius og ta han med til Roma, for han var skulda av senatorane i Roma for å ha røva provinsen. Han vart difor dømd av senatet og vart halshøgd. Sankta Lucia vart aldri flytta frå plassen der ho vart høgd med sverdet, og ho døydde heller ikkje før Presten hadde komme og tekje med seg den velsigna Lekamen av vår Herre Jesus Kristus. Og med det same ho hadde motteke det Heilage Sakramentet, anda ho ut og gav opp sjela si til Gud, mens ho takka og prisa Han for all Hans godheit. På same plassen er ei Kyrkje oppbygd i hennar namn, og der har mange goder vorte gjeve, vår Herre Jesus Kristus til æra, som er velsigna i all eve. Amen.

torsdag 2. desember 2010

Paven og antikrist- av Kardinal Henry Edward Manning år 1861

Eg har i denne bloggartikkelen oversett utdrag frå ei fantastisk bok eg las for ikkje so lengje sidan. Men innan dette utdraget kjem ein bokanmeldelse av den same boka, henta frå det svenske, sedevacantistiske bladet "Adoremus"..
Månadens bokanmeldelse: "The Pope and the Antichrist" av Kardinal Henry Edward Manning 1861!

Denne hurtigleste og lettgjennomkomelege boka på 84 sider, består av fire korte forelesingar av Kardinal Manning (1808-1892). Forelesingane vart utgive i bokform fyste gongen i 1861 under tittelen "The Holy See tested by prophecy." Det som fyst var tenkt som eit forsvar mot Gebraldi sine angrep mot dei Pavelege statane, har synt seg å være ei mesterleg analyse av hendingar, som med profetisk innsikt overgår konteksten og vandrar rett inn i vår eiga samtid og den Sanne Kyrkja sin vanskelege situasjon; med ei antikyrkje som utgjev seg for å være den sanne Kyrkja og Katolske samfunnsverdiar som gradvis vert erstatta av både moderne og gjenoppståtte antikristne og antiabsolutistiske prinsipp.
              Den fyste forelesinga tek opp det store opprøret og fråfallet som må koma innan antikrist som person kan gjere entré i denne verda. Eit opprør som i fylgje Kardinal Manning vart skildra som sentrert i og rundt Kyrkja, kjenneteikna av tre punkt; skisme, kjetteri og fornekting av Inkarnasjonen. Den andre forelesinga skildrar manifestasjonen av antikrist i verda, han som ber namnet "den onde". Dette er ei særs detaljert skildring, både av opphavet hans, personen og ideologien som han kjem med, alt dette i ljos av Heilag Skrift og Kyrkjefedrane sine tolkningar av det same. Den tredje forelesinga lyftar fram det som hindrar antikrist frå å gjennomføre planane sine, og identifiserar desse hindringane som Kyrkja, Roma og Kristi Vikar på jorda. Det er interessant å lese korleis Kardinal Manning og Kyrkjefedrane forstod Kristi Pasjon og som eit bilete på Kyrkja si liding i dei siste tidene. Nett som satan ikkje sigra over Kristus på Krossen, men det var Herren sjølv som la ned sitt liv, so kan antikrist og helvetes portar ikkje sigre over Kyrkja og paveembetet, men Kristus sjølv kan tillate at Ho legg ned sitt liv som ei lidande Kyrkje, ei Kyrkje i exil, alt dette for at profesiane skal oppfyllast og det himmelske Jerusalem koma ned frå Himmelen. Den fjerde forelesinga tek opp antikrist sin maktperiode og forfylgjinga av dei truande. Roma kjem til å falle ifrå trua og enno ein gong verte eit mektig heidensk rike, som heller ut blodet åt martyrane i verda.
                  But Rome itself in the last times of the world will return to its ancient idolatry, power and imperial greatness. It will cast out its Pontiff, altogether apostatise from the Christian faith, terribly persecute the Church, shed the blood of martyres more cruelly than ever, and will recover its former state og abundant wealth, even greater than it had under its first rulers.
                 Det som gjer denne boka so bra, er at Kardinal Manning ikkje kjem med eigne, subjektive tolkningar, men presenterer berre Skrifta og Kyrkjefedrane si felles forståing av kva som kjem til å hende. Det er og ei bok full av von, då ho tilskriv alle historiske hendingar til Guds forsyn, og boka er overraskande profetisk inn i vår samtid. Kardinal Manning såg kanskje ikkje framfor seg kvar ende detalj av alt som skulle koma og som enno kjem, men boka han skreiv er av stor meining for vår tid, og burde lesast av alle som beherskar engelsk. (Boka kan kjøpast på fylgjande side: www.lulu.com/tradibooks

Utdrag frå sjølve boka!
..Me har no komme nærare svaret på det eg byrja å tale om, nemleg korleis det kan ha seg at den krafta som hindrar manifestasjonen av den lovlause ikkje berre er ein person, men eit system, og ikkje berre eit system, men ein person. Samanfatta er det Kristendomen med sitt hovude; og difor, i personen Kristi Vikar og i den tofaldige autoriteten som etter Gudomeleg forsyn har vorte gjeve han, ser me ein direkte motstandar til prinsippet om uordning. Den lovlause, som ikkje kjenner noko lov, verken menneskeleg eller Gudomeleg, og som heller ikkje lyder noko anna enn si eiga vilje, har ingen meir direkte antagonist på jorda enn Jesu Kristi Vikar, som til same tid innehar dei to karakterane av kongedøme og presteskap, og som representerer dei to ordningsprinsippa i den timelege og andelege ståa- prinsippet om monarki, om du vill, eller om styresmakt, og prinsippet om apostolisk autoritet. Me finn difor dei tre tolkningane som eg drog fram frå dei Heilage Fedrane ordrett stadfesta i dette. Etter kvart som tida langsamt har skride fram, og arbeidet åt Apostlane har modna og bore frukt, har det som me kallar Kristendom vokse fram og oppfylt ord for ord det som vart forutsagt, og stadfesta det som Apostlane sa skulle hindre utviklinga av dei lovlause prinsippa, og openberringa av personen som skulle leie det heile. 
              Kva er det då som i denne augneblinken (år 1861) held denne manisfestasjonen av den antikristne makta i sjakk, og personen som skal utøve det heile? Det er resten av det Kristne samfunnet som framleis eksisterer i verda. Der kan berre være to samfunn, det eine naturleg, det andre overnaturleg. Det naturlege samfunnet er den politiske ordninga som oppstår etter menneske si vilje, utan samband med openberringa, eller inkarnasjonen av Gud. Det overnaturlege samfunnet er Guds Kyrkje, beståande av dei nasjonane som framleis vert gjennomsyra av trusanden og av den Katolske einskapen, som i sanning står trufast på prinsippa som Kristendomen vart grunna på. (I dag-2010-kan me ikkje sjå ein ende nasjon som framleis står trufast samla på Kristen grunn.)....
             ...Det siste punktet som eg skal snakke om, er det at barriera eller hindringa for laglausa kjem til å eksistere heilt til ho vert rydja or vegen. So kva er meininga med orda; "Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen?" (2 Tess 2:7) Kven er det som skal rydja denne or vegen? Skal denne rydjast or vegen etter menneske si vilje? Skal denne rydjast or vegen grunna ei rekkje ulike hendingar? Det kan ikkje være dette som meinast. Om barriera som har hindra utviklinga av det antikristne uordningsprinsippet har vore vår Herre Jesu Kristi Gudomelege kraft, innlemma i Kyrkja og under leiinga av hans Vikar, då er ikkje noko hand mektig nok, og inga vilje suveren nok til å rydja denne av vegen, men berre handa og vilja åt den inkarnerte Guds Son sjølv. Og difor er det at dei Heilage Fedrane si tolkning, som eg byrja med, er fullt og ordrett korrekte. Det er den Gudomelege krafta, fyst i forsyn, og so i Kristi Kyrkje, og sidan båe smelta ihop, mens dei held fram heilt til tida er inne; tida som er forutsett og forutbestemt til å rydja vekk barriera, slik at ein ny dispensasjon av Guds Visdom på jorda får komme til. Dette skal eg snakke meir om etterpå.
             Me har ein analogi til dette. Historia om Kyrkja og historia om vår Herre på jorda har eit parallelt samband. Den inkarnerte Guds Son var 33 år på jorda, og ingen mann kunne leggje hand på Han. Ingen mann kunne ta Han, då "timen enno ikkje var komen." Der var ein time forutordinert då Guds Son skulle overgjevast i hendene på syndarar. Han visste om det innan og Han forutsa det. Han held denne makta i sine eigne hender, for Han omga Sin Person med ein sirkel av Si eiga Gudomelege kraft. Ingen mann kunne bryte gjennom denne sirkelen av Allmakt før tida var inne, tida då Han sjølv av Sin eigen vilje opna vegen for den onde krafta. Det var grunna dette at Han sa i hagen: "Men dette er dykkar time, no er det mørkret som rår." (Luk 22:53) Grunna dette, innan Han gav Seg sjølv over i hendene på syndarar, la Han enno ein gong fram majesteten i Si kraft, og då dei kom for å ta Han, sto Han opp og sa: "Eg er Han," (Joh 18:5-6) og dei "veik attende og fall til jorda." Etter å ha stadfesta Seg som Gudomeleg Majestet, gav Han seg sjølv over i syndarhender. På same vis sa Han då Han stod framfor Pilatus; "Du hadde inga makt over meg om du ikkje hadde fått henne ovanfrå." (Joh 19:11) Det var Guds vilje; det vart sanna av Faderen at Pilatus no hadde makt over den inkarnerte Sonen. Igjen sa Han: "Trur du ikkje at eg kunne be Far min, og Han ville straks senda meg meir enn tolv legionar englar? Men korleis skulle då skriftene oppfyllast, dei som seier at dette må henda?" (Matt 26:53-54) På same vis er det med Guds Kyrkje. Fram til timen er komen då barriera, etter Guds Gudomelege vilje, skal rydjast or vegen, har ingen makt til å leggja hand på Henne. Helvetes portar vil krige mot Henne, dei strevar og kjempar, som dei og kavar no, med Guds Vikar; men ingen har makt til å flytte Han eit ende steg før timen skal komme då Guds Son tillet, for ei tid, at dei onde kreftene får overtaket. At Han kjem til å tillete dette står i den profetiske boka. Når hindringa er vekkteken, vil syndemannen verte openberra; då kjem ei forfylgjing på tre og eit halvt år, kort men forferdeleg, og under denne tida kjem Guds Kyrkje til å vende attende til ei ståe av liding, som i byrjinga; og den uforgjengelege Guds Kyrkje, frå sitt usløkkjelege liv oppkome frå Jesu gjennomstunge side, som i 300 år levde vidare gjennom eit blodbad, kjem til å halde fram å leve gjennom elden i tida åt antikrist.  

fredag 26. november 2010

Befolkningskontroll!

 Det er ikkje so mange dagar sidan antipaven Ratzinger gjekk ut og uttala seg om prevensjon, dette i ei ny bok som vart skrive av ein journalist etter ei mengd med intervju.. Han sa mellom anna at det er høve då prevensjon kan vere eit steg på vegen i nestekjærleiken mellom menneske, dersom dei nyttar det for å hindre spreiinga av infeksjonssjukdomar, då særskild hjå HOMOFILE OG PROSTITUERTE! Han seier igrunn her at "Kyrkja" kjem med vegleiande informajon om korleis homofile og prostituerte får PRAKTISERE SIN SEKSUALITET! Som om det skulle finnast seksuelle alternativ utanfor ekteskapet.. Det heile er ei heilt absurd uttaling. Og korleis skulle prevensjon innan kyske ekteskap vere med på å hindre spreiinga av HIV viruset? Det er alt som har funne stad utanfor ekteskapet som er opphavet til elendigheita, og det er grunna hor og utukt at det har halde fram med å spreie seg. Kondomar får ikkje menneska til å drive mindre utukt, og ekteskap som er inngåtte med intensjonen å vere seksuelt aktive, men utan høve til prokreasjon, som er det primære med seksualiteten- slike ekteskap er syndige, både med og utan kondomar. Noko anna som er trist, er at den moderne "katolske kyrkja" Novus Ordo i det minste har vore ei talstor motvekt og ein bremsekloss til ein veksande ideologi i verda; ideologien om å begrense verdsbefolkninga. Men etter kvart som Novus Ordo har forkynt "naturleg familieplanlegging" har dei vorte som alle andre heidningar og på dette området. Gradvis akseptering av kunstig prevensjon må jo berre verte neste steg.
            Novus Ordo (Ny Verdsordning), som dei frimurarane dei er, går her hand i hand med ein anna global organisasjon full av frimurar-ideologi som og kallar seg NWO- New World Order. Desse globalistane har mellom anna sett opp eit monument i Georgia, USA, for å markere at ein må minske verdsbefolkninga no.. frå 7 milliardar til 500 millionar! Dette er altso ei befolkningsminsking på 80-90%!! Ved fyste augekast skulle ein kanskje tenkje seg at dette må vere ei galen lita gruppe av ekstremistar, som berre har fått litt ressursar og sett opp eit monument som liknar på Stonehenge monumentet. Men nei, denne ideologien går hand i hand med det FN og freistar å oppnå; me skal ikkje få halde fram med å reprodusere oss, nei, mange av oss skal ikkje få leve i det heile. Me skal reduserast til ein global elite som kan leve i fryd og gaman, med enorme ressursar mellom hendene som alle er kontrollerte av ei global verdsordning. Det er jo heilt apocalyptisk, men desse kreftene er i full rørsle over heile verda..i FN, i Vatikanet og hjå ulike organisasjonar som poppar opp over det heile for å rekruttere og hjernevaske lekfolket.
             Eit døme er "The Optimum Population Trust", som har rekruttert Sir David Attenborough som sitt store æresmedlem. Han lagar no fjernsynsprogram om kor viktig det er å minske befolkninstala for å redde dyreriket og for å kunne ha ei bærekraftig utvikling med ressursar for alle. Program som ikkje i det heile tek opp kor mange som døyr, problema med alle jenteborna som vert aborterte i Kina og India, eller problemet med overskot av mat som vert kasta, fordi agurkane er for svingete og potetene og tomatane for avlange eller fargelause..Det ligg til historia at Attenborough er ein hardbarka ateist, heilt utan kristen moral. Det nye som kjem og allereie har komme, er at dei som får meir enn 1 eller 2 born vert rekna som uansvarlege, korttenkte, umoralske og ein fiende mot menneskeslekta. Dei som vil fylgje eit Katolsk familieideal vert likna med naturressursterroristar som får bære skulda for alt frå global oppvarming til krigar og konflikter som oppstår. Til slutt kjem det til å verte statlege sanksjonar for dei som får for mange born, kanskje som redusert barnetrygd, problem med socialen, straffeavgifter og miljøskattar eller liknande tiltak. I India på 80-talet arrangerte staten t.d. STERILISERINGSFESTIVALAR" der fattige fekk pengar for å sterilisere seg, og der alle lovbrot vart straffa med tvangssterilisering, brot som å ta toget utan billett.. I Thailand vert fattige kvinner tvinga til å vaksinere seg under graviditeten for å kunne få personnummer til borna sine. Problemet med desse vaksinene er at dei fører til spontanabortar i høg skala. Og indiske kvinner opplever ofte at dei vert sterile av vaksinene som dei får. Til og med i Noreg uttrykte helse-Noreg ei uro over dei auka spontanabortane som kom i samband med influensavaksiner. Men lækjemiddelindustrien nekta sjølvsagt å granske saka grunna "manglande finansiering." At brus, flaskevatn, kvitteringar, tåteflasker og allslags hardplastprodukt som me alle brukar inneheld kjemiske emne som skadar fertiliteten er ikkje tilfeldig. For korleis skal FN, den Nye Verdsordninga og David Attenborough oppnå slike enorme menneskenedskjæringar? Gjennom prevensjon, abortar, hjernevasking, statlege sanskjonar, krigar, pestar, vaksiner, forpesta genmodifisert mat, kjemiske våpen..? Noko drastisk må dei i alle høve gjere, for menneske forsvinn ikkje berre av seg sjølve. 500 000 000 menneske! Det er då ingenting, eit vanvittig tal!

FN, som ligg bak Agenda 21, formulerer seg slik:
Den veksande avhengigheita mellom nasjonar gjer internasjonal handling (ang. befolkningskontroll) enno viktigare. Internasjonale strategiar kjem berre til å nå målet, som må oppnåast i all hast, gjennom strukturelle, økonomiske og sosiale reformar som aukar levestandaren... hurtige demografiske endringar må til, endring av menneskeleg OPPFØRSEL, INNSTILLINGAR OG VERDIAR! Desse endringane skal utførast i samsvar med prinsippa og måla til FN, dei universelle Menneskelege Rettane sin Deklarasjon og den Andre Forente Nasjonars utviklings Dekade..  

Bodskapen på det neo-paganske Stonehenge-monumentet i Georgia:
http://www.tcrnews2.com/Agenda21.html

1.Halde ved like menneskeslekta under 500,000,000 personar i evig balanse med naturen. (Å redusere 80-90% av verdsbefolkninga med andre ord)
2. Å gje vise rettesnorer for reproduksjon- å forbetre helse og mangfald. (Døme: abortar, p-piller. eutanasi, å halde fram å forsyne fattige med ammunisjon slik at dei kan krige krigar og utrydde seg sjølve osv.)
3. Å sameine menneskeslekta med eit levande nytt språk. (Verre enn Babel.) 
4. Å styre pasjon, tru og tradisjon med måtehald og sunn fornuft. ( Å avskaffe Kristendomen)
5. Å beskytte menneske og nasjonar med rettvise lover og domstolar. (Større makt til eliten)
6. La alle nasjonar styre internt og løyse eksterne flokar i ein verdsdomstol.
7. Å unngå unaudsynte lover og overskotsembedsmenn. (Å sentralisere global kontroll so storebror kan sjå deg.)
8. Å balansere personlege rettar med sosiale plikter (Slaveri i stadenfor plikter)
9. Å prise sanninga, det vakre, kjærleiken, å søke harmoni med det evige (Frimurersk mystisk religion)
10.Å ikkje være ein kreftsvulst i verda, lat naturen få plass (Befolkningskontroll.)
Og alt dette bottnar i avskaffinga av Gud. Trua eller rettare sagt mangel av trua på at Gud kontrollerer verda og held henne oppe, at Han tek seg av sitt skaparverk og at menneska står over dyra då dei er skapte i Guds bilete. Det ende me kan gjere er å halde fram i Trua, gjere bot og be mykje. Men me kjem til å skilje oss meir og meir ut frå mengda, me som vil frykte Gud meir enn menneska.  

fredag 19. november 2010

Kort om Latin!

Mange undrar på kvifor det offisielle kyrkjespråket framleis er latin, og tenkjer at dette skulle distansere dei truande frå sjølve trua. Dette er ikkje ståa i det heile, der er mange gode grunnar for å forsvare nyttinga av latin i Kyrkja..
               Det stemmer t.d. ikkje at Kyrkja gjennom å bruke Vulgata, den Latinske Bibeloversettjinga av Septuaginta, freista å gjere Bibelen utilgjengeleg for lekfolket. Gløym ikkje at det Gamle Testamentet i hovudsak var skrive på hebraisk og det Nye Testamentet på gresk, språk som ikkje var like utbreidde i verda. Då den Katolske Kyrkja byrja under Romarriket sitt styre, var det universelle språket som vart tala i riket latin. Kyrkja gjorde difor skriftene sine og læra si meir tilgjengeleg for alle gjennom å nytte latin. St.Peter flytta og Kyrkjesetet til Roma og den Katolske Kyrkja sitt styre har vore sentrert rundt Roma gjennom tidene. Det var berre naturleg at det offisielle kyrkjespråket vart nett latin. Etter kvart som tida gjekk, held latin fram å være dei lærde sitt språk, ja, heilt inn på 1800-talet. Men der er andre fordelar med språket og.
            Eit universellt kyrkjespråk skapar einskap i den universelle Kyrkja på eksepsjonelt vis: Økumeniske Kyrkjemøte t.d., har alltid vorte halde på latin. Dette gjer at alle Biskopar og Prestar lett kan kommunisere med kvarandre uansett kvar i verda dei kjem ifrå. Ingen vert halde utanfor pga. språkproblem og ingen lokale Kyrkjer og utkantar treng å leve i ignorans om lærer og vedtak.
            Ein annan fordel er at latin, i motsetnad til engelsk, tysk, fransk og andre talespråk, ikkje endrar seg med tida. Det er eit språk som i dag berre er levande i Kyrkja. Det let seg ikkje påverke av nasjonale skilnader, slang, immigrasjon, modernisering o.l. Det er difor eit ypperleg språk å bevare den sanne trua i. Det som stod ein gong tyder det same i dag som då. Slik vert og den Heilage Messeliturgien bevara frå århundre til århundre, utan yttre påverknad eller teologisk korrupsjon. Latin er slik med og garanterar at Messa er Sann, Rein og Heilag når ho vert feira på same språk, med same ordlydnad og innehald på alle stader til alle tider i Kyrkja. Ein kan og som Katolikk gå inn i ei Katolsk Kyrkje uansett kvar ein befinn seg i verda, om ein er på reise, på ferie, på flyttefot, og kjenne att kva det er som hender. Har ein ei messebok med latin på sitt eige språk, noko som stort sett alle Katolikkar i dag har og har hatt i ei lang tid, so kan ein fylgje Messa som vanleg uansett kvar ein er og lese både dagens tekstar og dei faste ledda på sitt eige språk. Det er dessutan slik at Evangeliet, Epistelen og sjølve preika alltid er på lokalspråket, nett for at folket skal lære seg trua og kjenne Bibelen.
              Latin er og eit særs nyansert språk, og der er aldri tvil om kven det er som seier noko, kven dei seier det til eller talar om. Ikkje som i engelsk, der bodskapen ofte kan være tvetydig og forvirrande og gjerne tolkast på fleire vis.
               Dessutan skal ein ikkje gløyme at ein Katolikk ikkje kjem til Kyrkja for å verte underhalden. Det er ikkje meininga at ein skal sittje der som ein passiv tilskodar og berre få og få. Den Katolske Messa set ikkje mennesket, men Gud i sentrum. Det spelar ikkje noko rolle kva du skjønar eller ikkje skjønar av alle ord som vert sagde. Du er der for å JOBBE på di eiga frelse. Du er der for å tilbe Gud gjennom å be og prise Han, du er der for å meditere over dei heilage mysteriuma i Trua, du er der for å ransake samvitet ditt og for å sanne syndene dine, du er der for å be og offre opp bøner for deg og dine, for brør og systrer i trua på jorda og i skjærselden, og du er der for å tilbe Kristi Lekam, Blod, Sjel og Guddom i det Heilage Sakramentet som er framfor deg og som du får ta del av i Eukaristinen. Vanvørd ikkje Kyrkja sitt språk, for det er ein Heilag del av Tradisjonen som alt anna. Argumenta ovanfor syner berre på Guds store visdom som har sikra ei Tru og ein Tradisjon og den universelle einskapen i Kyrkja gjennom å late eit so spesielt språk som latin bære utfordringane på hendene og unnvike dei konfliktane som elles skulle ha dukka opp i ein global organisajon.

mandag 15. november 2010

Livet og mirakla åt St.Benedict- av Pave Gregorius den Store år 594

St. Benedict var grunnar og Abbed av klosteret Monte Cassino, som og er kjend under namnet Citadel av Campania. Pave Gregorius den Store (540?-604) levde sjølv som Benedictinarmunk ei lang tid, og var kanskje den som var best skikka til å skrive om livet til St. Benedict. Det som er ekstra interessant med denne boka "Livet og Mirakla åt St. Benedict" er at ho vart skrive berre 50 år etter at han døydde, av ein Pave som har vorte høgt akta av Fedrane og Kyrkjedoktorane, og som ikkje berre personleg kjende Benedictinarlivet og samtida sitt Italia, men som og fekk informasjonen sin direkte frå fire av Benedict sine eigne læresveinar, gjennom å intervjue dei personleg om saka. Desse var Constantine, den heilage mannen som sidan tok over for St. Benedict som Abbe, Valentinian som i mange år var overordna for Lateranklosteret, Simplisius, den andre ettertredaren i rekkja etter St. Benedict og Honoratus som framleis (då Pave Gregorius skreiv boka) var Abbe ved klosteret som Benedict fyst vitja innan han drog ut i øydemarka. Her kjem nokre utdrag frå boka:

Denne heilage mannen vart fødd omlag år 480 i Norcia, Italia, og vart merksama for sitt modne skjøn allereie som gutunge. Foreldra sende han til Roma for å gje han ei liberal utdanning der, men då Benedict såg korleis mange studentar levde i synda, bestemde han seg for å gje avkall på studia sine. Han uroa seg for at studentlivet skulle verte ei fallgruve for frelsa og trekte seg difor attende frå verda. Han tok dette steget, fullt klar over sin eigen igoranse og sette for seg å gå inn i det religiøse livet; men han var i sanning vis, sjølv om han ikkje hadde utdanning. Han gav difor avkall på både heim og arv og rymde etter kvart ut i øydemarka, vel 56 km utanfor Roma, til eit område kalla Subiaco. Han fylgde ein klar vattenstraum fram til eit stort vatten, og der støtte han på munken Romanus. Då munken innsåg reinskapen som låg bakom den unge mannen sitt ynskje, bestemde han seg for å hjelpe guten. Han smugla ut ei munkedrakt og brød til Benedict, som busette seg i ei smal grotte der ute i øydemarka, og Romanus held han gøymd der ute i over 3 år. 
            Men då desse tre åra var gange, bestemde Gud seg for at tida no var inne for verda å få ta del av visdomen som budde i denne eremittmunken. Ein Prest som held på å tilbreie påskemåltidet fekk difor eit syn frå Herren sjølv. "Korleis kan du tilbreie desse delikatessane for deg sjølv, når tenaren min går svolten ute i øydemarka?" På desse orda pakka Presten ned maten i eit tørkle og drog med det same ut til grotta, sjølv om det var Påskesundag, og der feira han Påske saman med den unge munken som han fann i einsemda, uvitande om kva dag det var. Omlag til same tid oppdaga nokre hyrdingar den unge Benedict i grotta, etter fyst å ha trudd at det var eit villdyr som smaug seg rundt der ute. Dei kunne sjå at han i sanning var ein Guds tenar, og fleire av dei omvende seg frå syndene sine til eit liv i heilagdom. Desse hendingane resulterte i at namnet åt Benedict vart kjendt ute mellom folk, og menneske byrja å strøyme til grotta med mat til han, og fekk samstundes andeleg føde for øyrene og sjela. 
             Ein dag då denne heilage mannen var åleine, kom freistaren i form av ein liten fugl som kvittra framfor andletet på han. Den kom so nære at han med enkelheit kunne ha fanga den med hendene. Istadenfor gjorde han Krossteiknet og fuglen flaug sin veg. I same stunda som den letta, vart han gripen av ei uvanleg voldeleg freisting. Den onde anden minna han om ei kvinne som han ein gong hadde sett, og før han visste kva som hende byrja kjenslene han fekk å bære han i veg. Han vart omlag overvunnen i slaget, og var på vippen til å forsake den einsame øydemarka, då han brått vart hjulpen av Guds nåde og kom til seg sjølv att. Då kunne han sjå eit tjukt kratt av torneklunger og brennesler ved sida av seg. Han flekte av seg kleda og kasta seg naken inn i dei skarpe tornene og dei stikkande brenneslene. Der rulla og kasta han på seg til heile kroppen var i smerter og dekka av blod. Og med det same han hadde sigra over freistinga gjennom liding, tena den opprivne og blødande huda til å tappe freistingegifta ut av kroppen. Etter ei kort tid hadde smerta som brende han over heile kroppen sløkt ut den onde elden i hjartet. Det var gjennom å byte ut denne elden mot ein annan at han vann siger over synd. So fullstendig var denne sigeren at frå no av, som han seinare fortalde læresveinane sine, opplevde han aldri meir ei freisting av denne typen. Ikkje lenge etter, var det mange som forsaka verda for å sette seg under Benedict si leiing, for no då han var fri frå desse freistingane var han klar til å instruere andre i praktiseringa av dygda. Det er difor Moses befalte levittane å byrje tenesta si fyst når dei var 25 år gamle, og å verte vaktarar av dei heilage reiskapane fyst når dei var 50 år gamle.
             Tre av klostera som denne helgenen hadde bygd i nærleiken stod på bare, steinete høgder. Det var eit tungt slit for munkane å alltid måtte gå ned til innsjøen for å hente vatn til sine daglege behov. Dessutan var fjellsida bratt og dei tykte at vandringa ned var farleg. Medlemmane til dei tre samfunna samla seg difor for å gå i lag for å prate med Herrens tenar. Etter å ha forklara for han kor vanskeleg det var for dei å klatre ned den bratte fjellsida kvar dag for å hente vatn, forsikra dei han om at den ende løysinga var å flytte klostera til ein annan plass. Benedict svara dei med faderlege oppmuntringsord og sende dei attende. Den same natta, ilag med guten Placid, klatra han opp dei steinete høgdene og bad der ei lang tid. Då han var ferdig, plasserte han der tre steinar i lag, for å markere plassen der han hadde knela og vende sidan attende til klosteret utan at nokon merka det. Neste dag, då munkane kom for å enno ein gong leggje fram ynskjet sitt, ba han dei gå til høgda på fjellet. "De kjem til å finne tre steinar der," sa han, "plassert oppå kvarandre. Om de grev litt under desse, skal de få sjå at den Allmektige Gud har makt til å bringe fram vatn frå den steingrunnen og at Han i si godheit vil lette børene frå den strabasiøse klattringa. Då dei gjekk attende til plassen som han hadde skildra for dei, oppdaga dei at overflata allereie var fuktig. Med det same dei hadde byrja å grave, fyllde vatn gropa og strøymde opp i slik overflod at den dag i dag er det ei full elv som strøymer frå fjelltoppen og ned til ravina nedanfor.
                 Ved eit anna tidspunkt kom det ein enkel, oppriktig gothar til Subiaco for å verte munk, og den velsigna Benedict var glad for å kunne skrive han inn. Ein dag hadde han fått han til å ta ei krokrive og rydde vekk ein plass langs sjøkanten for å plante ein hage. Mens gotharen reiv og sleit for å få vekk det tjukke krattet, flaug jernbladet av skaftet og ramla ut i ein særs djup del av sjøen, der det ikkje var noko von om å finne det att. Då dette hende sprang den stakkars mannen skjelvande til Maurus og skildra ulykka som hadde skjedd og bad om forlating for at han hadde vore so uforsiktig. Maurus gjekk då og fortalte det vidare til St. Benedict, Guds tenar, som, då han høyrde kva som hadde skjedd straks gjekk ned til vattnet, tok handtaket frå gotharen og slengde det på sjøen. Med det same flaut jernbladet opp frå bottnet av sjøen og glei attende på plass på handtaket. Då gav Benedict reiskapen attende til gotharen og sa til han: "Hald fram med arbeidet no. Der er ikkje noko grunn til å vere opprørd."
               Ein gong då den velsigna Benedict var på rommet sitt, gjekk ein av munkane hans, guten Placid, ned til sjøen for å hente vatn. Då han noko vel hastig fylde bytta med vatn, mista han balansen og ramla i sjøen, der straumane raskt tok tak i han og dreiv han omlag eit steinkast frå land. Sjølv om han var inne i klosteret ved dette tidspunktet, vart Guds mann med det same klar over kva som hadde hendt og ropa på Maurus: "Guten som nett gjekk ned for å hente vatn har ramla i sjøen, og straumane driv han vekk!" Det som no hende var i sanning fantastisk, og ikkje høyrd om sidan tida frå Peter Apostelen. Maurus ba om å verte velsigna og då Benedictus gav han denne skunda han seg ned for å gjere som Abbeden hans hadde bode han. Han held berre fram med å springe då han kom til sjøkanten, og sprang på vattnet til han nådde plassen der Placid flaut ikring hjelpelaus. Han drog han opp etter håret, og Maurus skunda seg attende til land, framleis under inntrykk av at han var på det tørre landet. Det var fyst då han sette foten på marka at han kom til seg sjølv og innsåg at han hadde sprunge på overflata av vattnet. Overvelda av beven og forundring over ei gjerning som han aldri hadde trudd skulle være mogeleg, vende han attende til Abbeden og fortalde han kva som hadde skjedd. Den heilage mannen ville ikkje ta noko personleg æra for gjerningen, men la henne heller til lydnaden som læresveinen hadde synt. Maurus, på den andre sida, hevda at det heile berre var Abbeden å takke for, som hadde gjeve bodet. Han kunne sjølv ikkje vere ansvarleg for sjølve mirakelet, sa han, ettersom han ikkje ein gong hadde vore klar over kva han gjorde. Mens dei held fram med denne vennlege audmjukekonkurransen, vart spørsmålet svara på av guten som hadde vorte berga. "Då eg vart dregen opp av vattnet," sa han til dei, "såg eg Abbeden si kappe over hovudet mitt; han er det som eg trudde tok meg inn til land." 
                    Ved eit anna høve var dei ute og arbeidde på ein mur som måtte gjerast noko høgre. Gudsmannen var på rommet sitt og bad, då djevelen synte seg for han og sa sarkastisk at han var på veg for å vitje brørne i arbeidet. Benedict sende dei då bod med det same om at dei måtte vere på vakt mot dei onde andane som snart var på veg mot dei. I same stunda som dei mottok denne åtvaringa, kvelva djevelen muren, slik at ein ung munk vart knust under steinane, han var sonen åt ein skatteinnkrevar. Utan å bry seg om den skada muren, skunda munkane seg til Abbeden for å fortelje om den forferdelege ulykka som hadde råka dei, og dei var i stor sorg over å ha mista ein bror. Benedict ba dei om å hente den øydelagde kroppen til rommet hans. Dei var nøydde til å bære han i eit teppe, for muren hadde ikkje berre brote armane og beina til guten, men hadde knust kvart ende bein som han hadde i kroppen. Helgenen let etterlevningane verte plasserte på stråmatta som han brukte å be på og bad dei so alle om å forlate rommet. So stengde han døra og knela ned for å ofre opp inderlege bøner åt Gud. I same timen, til alle si store forundring, sende han guten attende til arbeidet like levande, heil og sunn som han hadde vore innan. Slik, på trass av at djevelen hadde freista å håne Gudsmannen gjennom dette tragiske dødsfallet, var den unge munken i stand til å hjelpe dei å ferdigstille muren. Det var på desse tidene at Benedict byrja å manifistere ein profetisk ande, slik at han kunne forutseie framtidige hendingar og skildre for andre kva dei hadde gjort når han ikkje var til stades. 
                  Ein av Benedict sine munkar hadde fått det for seg i hjarta at han skulle forlate klosteret. Igjen og igjen freista Gudsmannen å få han til å forstå kor feil dette var og prøvde å snakke han til fornuft, men utan framgong. Munken stod på sitt i ynskjet om å verte frisleppt. Til slutt miste Benedict tolmodet sitt med han og bad han om å gå. Han hadde knappt forlete klosteret sin eigedom då han til si store forferding oppdaga at ein drage med gapande kjevar blokkerte vegen. "Hjelp! Hjelp!" skreik han, skjelvande, "elles kjem dragen til å fortære meg!" Brørne sprang til for å berge han, men kunne ikkje sjå noko til dragen. Framleis hivande etter pusten av skrekk, var munken sjeleglad for å gå med dei attende til klosteret. Då han var trygt innanfor murane lova han å aldri reise frå dei att. Og denne gongen held han sitt ord, for Benedict sine bøner hadde gjort at han kunne sjå med sine eigne auge den usynlege dragen som hadde ført han på villspor.
              Ein dag, då munkane held på å byggje ei ny avdeling på klosteret, la dei merke til ein stein som låg i nærleiken, og bestemde seg for å nytte han i konstruksjonen. Då både to og tre munkar ikkje klarte å lyfte steinen, kom andre til for å hjelpe. Men det gjekk ikkje å rikke den av flekken, som om den skulle ha slått røter i marka. Då vart dei sikre på at djevelen sjølv sat på steinen og hindra dei frå å flytte på han sjølv om dei sleit alt dei kunne. Grunna denne vanska bad dei St. Benedict om å komme for å be, slik at dei fekk drive vekk djevelen som held steinen på plass. Helgenen byrja å be so snart han kom til plassen, og etter at han hadde bedt ferdig og gjort Krossteiknet, kunne munkane plukke opp steinen med slik enkelheit at det verka som all den tidlegare tyngda var vekke.. Abbeden ba dei so om å spa opp jorda der steinen hadde lege. Då dei hadde greve ei lita stund ned i bakken kom det fram ei avgudsstatue av bronse, som dei midlertidig kasta inn på kjøkkenet. Brått verka det som om heile kjøkkenet stod i brann, og alle kjende det som om heile byggnaden skulle gå opp i flammar. Bråket og oppstyret som dei laga i forsøket på å sløkke elden med vatnbytter, fekk Benedict til å komme til plassen. Han såg ikkje elden som verka so levande på munkane, so han bøygde seg stille ned i bøn og fekk snart opna augene deira til den idiotiske feilen dei gjorde. No, istadenfor flammane som dei onde andane hadde komme opp med, såg dei enno ein gong kjøkenet intakt, slik som det var. (Kommentar...ikkje som dagens anti-pavar, som gjerne set avgudsstatuar på altara, til dømes buddha-avguden som dei let stå på eit Katolsk alter under Asissi-konferansen..)

So lat oss då be til den Heilage St. Benedict, at han må be for oss, slik at me kan nå den evige sæla og verte verdige Kristi lovnader.   

fredag 12. november 2010

Utdrag 4- Historia om dei Nordiske folka- av Ærkebiskop Olaus Magnus, 1555

Bok 16, kapittel 32:
Om kor naudsynt det er å utrydde villfaringar (protestantisme) og falske lærer!
Det er berre å sanne at fyrstane i Norden har enno meir grunn til å gjere bot, då dei i forakt for fedrane si fredslære og fromme skikkar har opna døra for vranglærer og for dei som berre legg seg åt å tale om det som kling bra i øyrene. Dei held seg med slik iver til eigen visdom, at inga sanning eller lære i den Heilage Skrifta kan eller får godkjennast, takast i bruk eller formidlast som ei truslære, dersom det ikkje har vorte godt likt av desse gudlause nyhendingsfabrikerarane. Seg i mellom er dei samstundes av so skilde meiningar, at dei ikkje ein gong kan verte samde i eit og same samfunn, hus eller lønnkammer. Årsaka til desse villfaringane er å finne i ukunna eller i forvrenginga av Skrifta, men og i hatet som dei har mot dei vise- dei som på alle stader forkynner den sanne religionen, med lærer som dei seg imellom alle er samde i; for ingen religion (seier Lactanius) bør takast imot, som er utan visdom, og ingen visdom må godkjennast, som er utan religion. På den vegen har og dei ypperste menn nådd fram til sanninga og halde vel fast på henne, mens nokre gjennom desse vantolkningane har lete seg vorte dåra av falske meiningar, ramla på ryggen og til slutt sokke ned i villfaringsdjupet. Gjennom å kjempe imot den kjende sanninga har dei forvandla den Kristne, trufaste einskapen til dei største usemjer- som dei dagleg og timeleg sukkar i-, som ordspråket i sanning talar om, som seier: "Det som den eine byggjer opp og den andre riv ned, kjem det ikkje noko godt ut av." Måtte difor alle kloke fyrstar og hugstore høvdingar for denne saka si skuld tenkje etter, for kor stor forvirring og klammeri kjem ikkje opp om ein hærførar og kompaniet han har vert usamde seg i mellom og på slikt vis gjev sigeren over til ein annan fyrste enn sin eigen. Og for at dei tydelegare skal skjøne seg på saka som me talar om, må dei sjå for seg kva fylgjene skulle verte om ein hær bestod av like mange legionærar som kohortar, flokkar eller rytterfaner. Fyst og framst let ikkje ein slik hær seg styre so lett med ordrar, då kvar og ein nektar å møte fara, og dessutan går det ikkje greitt å oppretthalde ein slagplan, når alle fylgjer sine eigne planar. For opprørske sinn fører heilt uunngåeleg til undergåing. Måtte difor dei ugudelege sine lærer ryddast vekk, og skulen åt dei som kranglar opphøyre; måtte det voldsomme og skjendande bråket åt kjettarane utryddast og måtte det enno ein gong på alle stader råde fred og nydeleg ange som under den gyldne alderen.       

fredag 5. november 2010

Utdrag 3- Historia om dei Nordiske folka- av Ærkebiskop Olaus Magnus, 1555

 Bok 16, kapittel 37
Enno meir om korleis ein ikkje bør senke seg ned til kjettarar og samtykkje til meiningane som desse har!
(Innleiing frå kapittelet innan: Eg, som i tre og tredve år har stått ut med forfylgjing og landsflykt for trua si skuld, har under denne tida ofte observert korleis Gud i sin underfulle nåde miskunnsamt står ved sine, som set si von til Han, og har lete alle freistingar få ein slik utgong at menneska kan stå faste i trua utan å falle i skam...)
Ein mektig forførande og overmåte fordervande sjølvskadingsande fører mange på villspor i denne ulukkelege tida, og får mange til å skikke seg etter tida og gje etter, slik at dei ikkje lenger er so strenge med korleis dei lever, og tek det heller ikkje so nøye med bud og lover, slik som skikk og bruk var på fedrane si tid. "No for tida" seier dei, "er verda ikkje lenger so enkelt innretta, og vanskelege freistingar møter dei svake." Ja, til og med andre liknande grunnar kjem dei med, henta rett frå ormeskulen, den han grunna i Paradiset, -som om dei skulle vere tryggare i all medgong ein kan ynskje seg, enn ein er i den forsaking og hudflekkjing, som overgår dei rettvise og fullkommer dygda. Eller som om dei kunne oppnå større fred i staten, då dei med lunkare fromheit tener Gud i Kyrkja. Ein prefekt hjå keisar Valens freista ein gong med glatte ord å få Basilius den store å føye seg etter tida istadenfor å late so mange kyrkjelydar utsettjast for lidingar grunna "uviktige småsaker i læra."Men Basilius svara: "Slik tale passar seg for ynglingar. Dei og deira likesinna høyrer på slike forutsetningar. Men dei som har vorte fostra i det Gudomelege Ordet, kan ikkje godta at ein forvanskar ei ende staving i dei heilage trussetningane, men står heller klare, om lottet fell på dei, til å lide døden uansett kva form han kjem i. Og når det kjem til venskapet med keisaren, set eg det sjølvsagt høgt, når det let seg sameine med Gudsfrykta, men utan henne kallar eg det snarare for ei forderving!" Då prefekten braut ut i harde ord mot han og kalla han for ei dåre, svara St. Basilius: "Denne dårskapen ynskjer eg meir enn noko å behalde."
               Vidare gjev Pave Gelasius oss den lærdommen at om nokon oppmodar eller krever av oss at me, i dei sakene som høyrer til trua, skulle senke oss ned til dei ugudelege og føye oss etter deira vilje, so må me ikkje svike gjennom å stige ned til det som er lågare. Dette må me unngå då det skulle vere som å stige ned til dei frå høgda, ja, frå det Katolske og Apostoliske fellesskapet, å rase ned i djupet, som er kjetteri og fordømmeleg villfaring. Eg erkjenner at ein må stige ned til dei som er svakare; men berre for å hente dei attende frå villfaringane sine, og ikkje slik at me vert delaktige i deira villfaringar. Herren steig ned frå Himmelen for å frelse menneska frå villfaringa, ikkje for at me skulle verte smitta av villfaringane. Han har og sjølv bode, at den som står på taket ikkje må stige ned, ikkje ein gong for å hente det som er i huset. Og dessutan seier Apostelen, han som arbeida meir enn dei alle, når det var snakk om å bevare sanninga: "Ikkje ei stund gav me etter for dei til underkuing, på det at Sanningsevangeliet skulle verte beståande mellom dykk." Når einkvan då stig ned til kjettarane, i det han samtykkjer til villfaringane deira, då stig han ikkje ned for å hjelpe dei, men for sjølv å søkkje ned i avgrunnen. Difor må ingen Katolikkar stige ned til kjettarane, men til og med lide døden, og enno meir underkaste seg all fare for lekam og gods, heller det enn å avskaffe og overgje trua åt fedrane, ho som er rein frå all lygnersk smitte.

Utdrag 2- Historia om dei Nordiske folka- av Ærkebiskop Olaus Magnus, 1555

Bok 4, kapittel 19
Om årsakene til at dei nordiske folka omvende seg so seint!
At det ytterste nordiske folk under so mange forbigåtte århundrer ikkje verkar å ha vorte kalla til den Katolske Trua, det verkar fyst og framst å grunne seg i Guds uransakelege visdom, som i rådet av si allmakt fastsette tida og stunda då dette fromme verket best kunne gjennomførast. Når ein ventar på slikt bør me då alltid be utan oppehald om at Han, mens hausten er rik, må sende skikkelege og kraftige arbeidarar i rette tid. Eg for min del skulle, om eg såg det som naudsynt, aldri nekte å ta på meg eit slikt fromt arbeid, om berre den Høgste ville leggje Sveriges konge på hjarta å la meg fullføre dette gode verk, i samsvar med mitt eige, brennande ynskje. Dette har eg då gjort dei siste 11 åra som har gått, heilt ifrå eg tok imot tittelen som Ærkebiskop over desse landsdelane, har eg utan oppehald freista å få halde fram i oppgåva, Gud, den Høgste, til æra og innbyggjarane i Norden til framhaldande tryggleik. Og eg skulle utan tvil, med Guds hjelp, ta på meg å auke innbyggjartalet i riket i dei områda som eg tidlegare har sett ut som passande, at det i trakter som ingen bur på, innan 10 år skulle kunne settjast opp romslege og praktiske buplassar for tusenvis av menneske, som for fullt gjekk inn for å gje Gud det som tilhøyrer Gud, og Kongen det som tilhøyrer Kongen. Men desverre ser det ikkje ut til at tida enno har komme, då eit so nyttig tiltak kan vågast å settjast i gong med von om framgong.
                Ziegler, ein tilhengjar av den lutherske galenskapen, hevdar på usant vis i sitt geografiske arbeid over Norden, at dei nordiske Biskopane skulle bære skulda for at dei nordiske folkestammane enno ikkje har omvende seg til den heilage Kristne fellesskapen. Han vil nemleg at det skal verke som om Kyrkja med vilje legg umogeleg høge paveskattar på folket, for slik å avskrekke dei frå den heilage Dåpen og den sanne religionen. Men like visst som dette er ei gudlaus og lygnaktig hevding, like visst kjenner og ser Gud, som sjølv er Sanninga, at det i sanning ikkje er Biskopane som ber skulda for at dette verket har drege ut på tida. For desse rekk då mesta ikkje til for å verje dei meir sørliggjande områda innan stiftet, som allereie i gamal tid gjennom lære og arbeid vart vunne til flokken, og som no vert forfylgde av stormenn som fylgjer visse kjetterske lærer. Kor mykje mindre kunne dei då gjere reiser til dei avsideliggjande områda i Norden for å gjere nye landvinningar, innan tida var inne for heidningane i fullt tal å stige inn slik at det vert ein hyrding og eit sauehus. Likevel la Johannes Magnus i det nådefulle året 1526 ut på ei reise, etter at han kort innan, utan å ta hensyn til det apostoliske legatet han hadde, vart vald til Ærkebiskop. Bakgrunnen for reisa var å ta vare på retten og myndigheita Uppsala Ærkestift hadde, og difor denne vitjingsreisa ende til dei ytste delane av Jämtland. Og der brukte han meir av inntektene sine til å lindre dei fattige si naud enn til eigne naudsynte behov; og dette kan ein lese meir om i livsskildringane som han sjølv skreiv, som ein kan finne i arbeidet Metropolis Upsalensis.    

fredag 29. oktober 2010

Utdrag 1- Historia om dei Nordiske folka- av Ærkebiskop Olaus Magnus, 1555

Olaus Magnus Gothus, født i Linköping 1490 og død i Roma 1557, var Katolsk Ærkebiskop av Uppsala, og vert i Sverige rekna som den siste Ærkebiskopen. Det spesielle var at sjølv om han hadde fått tildelt vervet av Paven, so kunne han ikkje praktisere embetet på plassen, men vart verande ein Ærkebiskop i exil. På 1520-talet utførte han diplomtiske oppdrag for Kong Gustav Vasa, men braut samarbeidet med Kongen då denne ville innføre lutherdomen i Sverige, og vart tvinga inn i ei langvarig landsflykt. Han vandra lengje rundt i Europa, innan han slo seg ned i Italia i 1537, der han held på med mykje vetenskapeleg arbeid og starta eit trykkeri i Roma, i den Heilage Birgitta sitt hus. Han vart ein stor historisk forfattar, og utgav m.a. i 1555 verket "Historia om dei Nordiske folka", som var skrive som ei gåve til Herr Adolph av Schauenberg, det Romerske Riket sin Ærkekansler i Italia. Den vyrdsame Schauenberg deltok på Kyrkjemøtet i Trient og synte ei stor interesse for dei nordiske folka, som vart sett på som eit isolert, ukjent folk i utkanten av verda. Olaus Magnus sitt storverk på 1087 sider, fordelte på 22 bøker er fullt av hans eigne illustrasjonar og skisser, og tek for seg alt frå religøst liv til idrettsaktivitetar, været, insekt, skikkar og gamle segn. Her kjem eit fyste utdrag frå dette historiske verket, som vart oversett til svensk fyst langt ut på 1900-talet:

~Om Nord- og Aust Finland si omvending og om innbyggjarane si store gjestmilde! (Bok 4, kapittel 18)
Denne den ytterste av Nordens landsendar var, på same vis som fleire avgrensa land, i fordoms tid fanga i heidensk overtru. Mens dei slik gjekk seg vill frå sanningsvegen, synte dei forakt for Gud og oppførte seg voldsomt mot grannane sine. Men etter dei to strålande ljosa, dei heilage helgena kong Erik av Sverige og Ærkebiskop Henrik av Uppsala, omlag det nådefulle år 1155 gjennom Guds ord og forkynning og- då deira bodskap om fred vart forkasta- gjennom sine sigersrike våpen underla Finland den Kristne Trua og Sveriges Rike, byggde kyrkjer, tilsette prestar og forvandla folket som byrja, ja, i større grad enn andre, å syne stor flid i allslags dygder, særskild i gavmilde og gjestmilde, som dei med største velvilje utøva mot nyankomme framandfolk. I sitt omgjenge seg imellom er dei vennlege, saktmodige og seine til vrede; men om ein asar dei opp over lengre tid, vert hemnen deira berre so mykje verre, dess lenger den vert utsett. Dei bur i grender, fordela på sokner og heimar. Dei har stautelege Kyrkjer og syner stor vilje til å settje opp nye slike. Sine prestar syner dei den største vyrdnad og gjev dei tiende av alle ting. Til gjengjeld får dei av desse, oftast formidla via ein tolk som assisterer dei på preikestolen, motta ei slik grundig undervisning i den Gudomelege lova, at dei vert grundig fria frå sine eigne villfaringar, og etterpå- utrusta som dei er av naturen med eit eidelt sinnelag, vert dei opptende med ein brennande hug som strevar etter alt godt. Dei liknar slik innbyggjarane i Vesterbotten som, sjølv om dei saknar religionsundervisning, etter den naturlege lova har lært seg å avsky børene og streve etter dygda. For dei har innsett at dei menneska som lever rettvist og ikkje skadar nokon, i rikt mått vert velsigna med alt godt, mens dei som praktiserer avskyelege synder som hor og ekteskapsbrot, steling og mord, ofte opplever at det fører til store konsekvansar for brota; at fuglar og firbeinte dyr forlet skogane deira, og fiskane vattendraga deira, og har ikkje vendt attende før den rasande Gudomen vert blidgjort gjennom prestane sine bøner og velsigningar. Dette skal me tale grundigare om i den 16.boka, der eg og skal gjere greie for ulike metodar nytta mot ulike overgrep på menneske, vanhelging av kyrkjer og dei fattige sin rett.   

lørdag 23. oktober 2010

Bier og flaggermus!

Utan å gjere meg sjølv til noko samtidsprofet, so må eg seie at me lever i ei uvanleg tid av historien, ei tid i ekstrem overflod for vår del. Me kan gå i butikkane og velje mellom frukt og grønt frå heile verda, gjerne mange alternativ av kvar ende sort. Men me er ein uvanleg generasjon. For berre 70 år sidan fekk bestemor mi for fyste gongen smake ei appelsin som ein onkel hadde med seg då han kom att frå ei internasjonal sjøreise. Ho kan og fortelje om korleis ho etter kvart fekk sjå ein tomat for fyste gongen,då ho reiste til Bergen med båten. Sjølv levde dei mest på sild og poteter til kvardags, mens mjølka og smøret som dei produserte vart selde til meieriet, det var ikkje sjølvsagt at dei sjølve skulle få smake på desse godene. Kva det er som gjer at vår generasjon har det so sutelaust i matvegen er det vanskeleg å svare på. Men at det berre er ei velsigning er ikkje so sikkert. Me er til dømes ein særs kunnskapslaus generasjon. Dei fleste av oss kan verken jakte, flå og stykke opp dyr, tørke skinn, dyrke mark, ja, mange av oss kan ikkje ein gong rense fisk. Me veit ikkje kva som kan etast i naturen, me kan ingenting om urter og plantar sine medisinske eigenskapar lenger, me kan ikkje overleve utomhus ettersom me ikkje har peiling på slikt og me kan ikkje ein gong sy klede. Me er den generasjonen som er minst skikka for dårlege tider, og då særskild for større katastrofer. Me litar på at staten skal ta hand om oss i alle høve, og at dette velorganiserte, sosialdemokratiske samfunnet skal kome sigrande gjennom alt og halde fram i framgong, brorskap og tryggleik. Det er me som er givarane, dei som kan hjelpe andre land når dei råkar ille ut.
                    At Vår Herre har hinta for oss om at alt ikkje er so stabilt og sikkert går ikkje alltid inn på folk. Alle har vel lagt merke til dei aukande værkatastrofane rundt omkring. Ein høyrer om flaumane, skogsbrannane, olje og kjemikalieutsleppa, grashoppesvermane, syklonane, jordskjelva, tørkene, jordrasa, pestane som kjem etterpå.. Og tenkjer ikkje på kva for konsekvensar dette får for det internasjonale jordbruket. Enorme avlingar og naturressursar har vorte øydelagde av desse faktorane. Mange av dei aller største mateksportørlanda i verda er hardast råka. Desse landa sluttar å eksportere for å klare seg sjølve med mat. Men mange av dei største importørlanda er og råka, og etterspørselen etter mat får prisane til å stige. Siste rapportering eg høyrde var at risprisen i verda har stige med 7 % på kort tid, mais med 40 % og kveite med 60 %! Nøtter har i butikkane stige med 70 % på mange plassar den siste tida. Samstundes legg småbøndene både i og utanfor Noreg ned verksemdene sine. Dei kan ikkje konkurrere med storbøndene. Dyrka mark vert gjort om til juletreplantager og byggjefelt. EU konsentrerer produksjonen av visse varer til visse land. Det er då ikkje tilfeldig at stort sett all paprika t.d. no kjem frå Holland og Spania, og ein sjeldan gong frå Tyrkia og Ungarn. Det er slik det fungerar no.
                 All slags frø og plantar, ja, til og med dyr- i heile verda vert genmodifiserte, patenterte og prioriterte. GMO...Me går inn i ei genmodifisert tid. Men kven veit korleis desse spesialdesigna produkta kjem til å klare seg når uventa faktorar slår inn? Nye sjukdommar, værforandringar osv.. Ingen veit.
Ein interesann link om GMO er:
http://foodfreedom.wordpress.com/2010/08/18/3247/

Og so var det eit anna hint som er ekstremt interessant! Der er to element i naturen som er særs viktige for pollinering, grøder og økosystemet generelt. Eg tenkjer på BIER og FLAGGERMUS. I USA kan ein no konstatere ei ny krise. Det er noko som skjer med desse to slaga. Dei døyr i hopetal. Honningbia som pollinerer 90 sortar av alle kommersielle avlingsslag over heile verda, og all slags frukt, grønsaker og nøtter.. denne bia berre forsvinn. Amerikanske agronomar anslår at amerikanarar kan takke bia for vel 1 av 3 bitar med mat som dei et..I England reknar ein med at arbeidet bia gjer finansierer 200 000 000 pund med mat kvart år. Skulle biene døy ut, vert verda ei fargelaus, kjøtlaus, bomullslaus, blomelaus verd. Kva skulle hende med alle fuglane? Økosystema skulle på mange stader kollapse. Bier pollinerer m.a. eple, pærer, appelsiner, jordbær, løk, gulerøtter, gresskar, agurkar, squash, kirsebær, avocado, brokkoli og mandlar. Dei pollinerer nøtter (opp imot 80 %), solsikker og ulike oljefrøslag. Kaffi, soyabønner, alfalfa frø (som eindel kveg får foret sitt frå, særskild dei som står for mjølkeproduksjonen), blåbær, solbær og tranebær. Og tenk på bomullsindustrien.. Visst vert kveite og mais spreidde av vinden, men at biene er viktige er ikkje til å stikke under ein stol. Einstein sa ein gong at dersom honningbiene forsvinn har menneskeslekta berre vel 4 år att å leve. Det han meina var sikker at økosystem er skjøre saker og at kvar art er særs avhengig av kvarandre for å klare seg. Men interessant er det.
            Det merkelege er at ein ikkje kan finne ein felles faktor for kvifor biene døyr eller rett og slett berre forsvinn sporlaust, ja, at dei overlet bidronninga til seg sjølv, noko ein aldri har sett før. Der er ikkje eit felles virus eller ei bakterie som årskarar det heile. Visse skuldar på at klimaet svekkar immunsystemet deira. Men ein annan teori er ubalansen i jorda sitt magnetfelt, noko som er påvist dei siste åra. Dette magnetfeltet beskyttar oss ikkje berre frå solstormar. Bier navigerar ved hjelp av dette systemet. Ein kan sjå døme på bier som rett og slett begår sjølvmord i garagar og kontorsbygningar, berre fordi elektromagnetiske element forvirrar dei. Dei forsvinnande biene er ikkje berre eit USA fenomen. Det er og observert i noko mindre skala i England, Tyskland og Holland. I Noreg ligg framleis bi-døden på vel 10 %, noko som er vanleg, men og norske birøktarar er urolege for utviklinga i utlandet.
http://www.guardian.co.uk/environment/2010/may/02/food-fear-mystery-beehives-collapse
http://blog.targethealth.com/?p=58

Og so var det flaggermusene.. USA har den seinaste tida opplevd at dødelegheita i flaggermuskoloniar brått har gått opp. Ein sjukdom som set seg som eit kvitt lag på vengjer og andlet, og som angrip fettlagera i kroppen og resulterar i at flaggermusene svelt i hel, har svepa gjennom landet. Døyelegheita i dei koloniane som vert råka er frå 80-100%.. Over tusen gonger høgre enn andre sjukdommar som har råka arten, og smitta spreier seg fort over kontinentet og ut mot kysten.
             På same vis som bier, er flaggermus særs viktige for spredninga av pollen. Dei er livsnaudsynte for frukter som papaya, mango, fiken og ville bananer. Dei er og hovudpollinatorar for fleire sortar kaktus som er særs viktige i fleire amerikanske økosystem. Ei flaggermus et dessutan frå 60-100% av si eiga kroppsvekt i insekt kvar dag, og er difor uhorveleg viktige for jordbruket. Eit døme er jordbruksregionen San Luis Valley i Colorado, der flaggermus fjernar vel 100 000 kg insekt frå lufta kvart år.
http://www.dailyfinance.com/story/bat-die-off-could-devastate-us-agriculture/19669951/?icid=main%7Chtmlws-main-n%7Cdl8%7Csec3_lnk3%7C177136

At bier og flaggermus, to artar med ganske like eigenskapar i naturen, vert råka so hardt samtidig er særs interessant. Noko anna vel verdt å leggje merke til er at mange av dei nasjonane som har vorte råka hardast av naturkatastrofar den siste tida er tidlegare Katolske nasjonar. Mange av dei byane som har hatt jordskjelv og flaumar har Katolske namn, helgennamn. Muslimane vert og straffa. Norden har enn so lengje ikkje vorte so hardt råka. Me har enno att å sjå om vulkanutbrotet på Island får langtidseffektar på været og avlingane framover eller ikkje. Men uansett er varselsignala i verda mange. Farar lurer, farar som sosilademokratiet ikkje kan gjere so mykje åt. Og dei syndarar som ikkje vert straffa her på jorda vert berre straffa endå meir i etterlivet, so det er ingen grunn til å slappe av, sjølv om butikkane framleis er fulle av varer. Det er då heller ikkje framgongsteologi me trur på. "Den som held ut til enden skal verte frelst" sa Jesus. Eller som Vår Frue i Fatima sa: "Og straffa skal verte intens!"

Følgere


Vitjarar