TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

torsdag 29. april 2010

Nidarosdomen i Trondheim, Del 2- Artikkel frå Nordisk Ugeblad 1888

Sjølv om Kristendommen allereie hadde vorte forkynt på ulike stader i Noreg i laupet av desse tohundre åra, so kosta det likevel Kong Olav Haraldson, den Heilage (f.995, d.1030) mang ei møde og store krafttak å skaffe trua inngong i heile riket. Med utemja trass motsette dette kamplystne folket, dei frilynna grunneigarane i fjella og dei barske sjøfararane utmed havet seg den milde læra om Krossen. Kongen sjølv var oppvaksen til å verte ein krigshelt under dristige tokter og eventyr av alle slag. Han hadde allereie kjempa ved alle Austersjøkystane og i England, Frisland, Frankrike og Spania, då han som 20-åring vart oppmoda til å kreve sin arverett og overta herredømet over heile Noreg. Når og kvar han tok imot den Heilage Dåpen, kan ein ikkje seie for sikkert. Ei røyst forsikrar då at han vart døypt som born, ei anna at han fyst gjekk over til Kristendommen på ei av krigstoktene sine i Rouen i Frankrike. Sikkert og visst er det i alle høve at han heilt frå byrjinga av regjeringstida si stod fram som ein Kristen konge, kalla engelske misjonærar til hoffet sitt, fylgde opp dei religiøse pliktene sine med iver og innførde "Kristenretten." Sistnemnde innebar at han bytte ut den heidenske lova, som vart praktisert i riket, mot ei kristeleg rettsordning, og han synte seg ihuga reint inn i sjela for å utbreie den Kristne trua. Kvar han enn kom, måtte det gamle, heidenske offeret opphøyre. Der han lukkast med å bryte ned trassa til dei stridslystne høvingane, innførte han kristen Gudsteneste og kristen lov. Men etter at han hadde lagt heile Noreg under seg, røyste heidenskapen seg opp att endå ein gong og leidde til eit siste, fortvila slag som det såg ut til at dei skulle vinne siger i. Størstedelen av folket fell ifrå han, og han vart tvinga på flukt, men då han frå Svenskegrensa freista å kjempe til seg kruna og Riket endå ein gong, og verkeleg hadde nådd fram til Trøndelag, stupa han i Slaget på Stiklestad (1030), dødeleg såra av ein av dei bittraste fiendane han hadde. Kristendomssaka såg no ut til å vere tapt for ei lang tid; men ikkje desto mindre forvandla dette nederlaget seg til ein stor og herleg siger. Det som Olav forgjeves hadde freista å oppnå som djerv stridsmann, det oppnådde han gjennom sitt eige martyrblod og forbøner. Ulike jerteikn som hende hjå liket hans og ved grava, gav folkestemninga ei brå vending. Nokre av Kongen og Kristendomen sine bitraste fiendar og motstandarar, m.a. Thorin, som hadde såra Kongen på Stiklestad, omvende seg. Sjuke av alle slag stimla seg saman ved kongegrava og vart helbreda. På alle stader ropa folk om Kong Olav si forbøn og bønesvara vart mange. Heile folket byrja å æra han som ein Helgen og vende seg vekk frå dei gamle avgudane. Kristendommen sigra til slutt. Med stor vyrdnad førde dei Olav sine jordiske levningar til St. Klemens Kyrkja, ei kyrkje Kongen sjølv hadde lete byggje i si tid. Han vart lagd i eit vakkert relikvieskrin. Den mest kjende historieskrivaren i landet, Snorre Sturlason, skildrar det heile i skriva sine. Etter ei kort tid vart det røyst ei eigen Kyrkje til ære for den Heilage Olav, og under dei tohundre åra som kom, utvida ho seg og vart ei herleg Domkyrkje.
           Eldtunger har i høg grad skada byggnaden fleire gonger i tida som har gått. Mens ein i Middelalderen gjennoppretta all skade med kunnig restaureringshand, mangla ein etter den store trusspaltinga ("reformasjonen") både mot, lyst og gavmilde til å byggje opp att det som var øydelagd. Heilt fram til for nokre få år sidan nytta ein berre koret i den tidlegare Domkyrkja til kyrkje. Men etter at den historiske og nasjonale sansen igjen har vakna til liv, har ein her, som i andre land, gjort slutt på øydeleggjinga av dei herlege minnesmerka frå Noregs storheitstid. Koret og tverrskipet er allereie restaurerte etter dei gamle planane, og lengdehallen skal og røysast frå ruinstøvet til sin fordums glans. Etter gamle skisser skal byggnaden (på innsida 102 m lang, 39 m brei) i sin fullstendige lekam på den Katolske tida ha vore smykka med 9 herlege portalar, 316 spissboga vindauge, 3160 større og mindre søyler og ei mengde praktfulle billedhoggararbeid.
            Ein kan mesta sjå for seg kor praktfull Domkyrkja må ha sett ut, når ein ser kor fantastisk det restaurerte koret ser ut, tidlegare Noreg sin Nasjonalheilagdom. Her stod i gamla dagar relikvieskrinet til den Heilage Olav, vitja av tusenvis av pilgrimmar, og her vart heile det Norske Folket, Erkebiskopen med sine Suffraganar, Kongen med sine Riddarar, bøndene og dei kjekke sjøfararane sameina med kvarandre i bøn. Det kostelege relikvieskrinet vart på den so kalla reformasjonstida vekkrøva til Danmark. Men den ruvande oktogonen eller åttekanta byggnaden, med koret som omslutta han er oppståa av den religiøse kunstanden endå ein gong vorte fornya til sin tidlegare fullendte skjønheit. Det ende som er beklageleg ved synet av denne praktbyggnaden er, at edelsteinen manglar i den herlege dekorasjonen, nemleg relikvieskrinet til den Helgenen som Kyrkja vart bygd for å æra.      
Domen i Lund   Domen i Uppsala

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Følgere


Vitjarar