TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

tirsdag 27. april 2010

Nidarosdomen i Trondheim, Del 1- Artikkel frå Nordisk Ugeblad 1888

Det gjekk heile tusen år inn i den Kristne tidsrekninga innan det skandinaviske nordiske folket vart heilt og fullt innlemma i Kristi Kyrkje. I femhundre år gleidde dei seg over Hennar signingar og gode gjerningar, og då dei på voldeleg vis vart lausrivne frå Henne gjennom det store trusskilsmålet, hamna dei utanfor den kyrkjelege einskapen og heimen deira vart eit misjonsland som nestan la større hinder i vegen for dei Katolske sendeboda for trua enn det mange heidenske land på andre sida av verdshava gjorde. Dei Katolske minna vart likevel ikkje heilt øydelagde. Det som fyst og framst forblei levande i minnet til folket var tre herlege kongenamn; namn som Kristendomen sigra gjennom i dei tre nordiske kongerika: Den Heilage Olav av Noreg, den Heilage Knut i Danmark og den Heilage Erik i Sverige. Desse tre kongane var ikkje berre Helgenar og Martyrar, dei var og store, populære herskarar som er inderleg sterkt knytte til dei tre landa si historie og heider. På same vis som kristninga av landa er vorte omlag personifiserte i dei tre kongelege Martyrane, slik har og dei herlege Domkyrkjene som er det skandinaviske Norden sine vakraste monumentale byggnader, bevara minnet om at alle desse landområda i fordoms tid utgjorde eit velordna, hierarkisk inndelt ledd i den Katolske (allmenne) Kyrkja. Under Metropoliten av Lund stod dei seks danske Biskopane i Ålborg, Århus, Odense, Ribe, Roskilde og Viborg. Under Erkebiskopen av Uppsala stod dei svenske bispedømma Jønkjøping, Skara, Stregnes, Vesterås, Veksjø og Åbo i Finland. Myndigheita til Erkebiskopen i Trondheim strekte seg ikkje berre utover dei fire norske bispedømma Bergen, Hamar, Oslo og Stavanger, men og over bispedømmet på Færøyane, dei to islandske bispedømma Holar og Skálkold og bispesætet Gardar, som førebels var oppretta på Grønland. Avgrensinga og organiseringa av desse 23 bispedømma, gjennomført av Pavelege Legat midt under eit forferdeleg virvar som rådde i dei tre rika, er eit av dei herlegaste og meist storarta minnesmerke som Pavemakta i Middelalderen har lete etter seg.
              Utan å vere i besittelse av alle desse lette kommunikasjonsmidla som notida kan glede seg over, har Kyrkja på signande rikt vis gjennomført sitt universelle kall mellom nordbuarane. Hundrevis av dokument vitnar framleis den dag i dag, om det levande samband som knytte ihop Suffraganbiskopane med deira Erkebiskopar, og dei igjen med Kyrkja sitt synlege Overhovude i Roma. Det var ikkje berre Danmark, Sverige og Noreg, men og Grønland, Færøyane og Island som fekk ta del av dei lukkelege fordelane som kjem frå den Kyrkjelege einskapen. Sjølv om Kyrkja hadde dei største vanskane å kjempe imot i desse fjerntliggjande landa, men ikkje desto mindre fullførte verket av den Kristne sivilisasjonen på glimrande vis, so står desse nasjonane difor i evig takksemd til Henne. Som tause vitne om deira makt og virke står framleis den dag i dag dei tre ovannemnde erkebiskoplege domkyrkjene; den romanske Kathedral i Lund og dei to herlege gothiske domkyrkjene i Uppsala og Trondheim. Når det gjeld den reine stilen, so har Domkyrkjene i Lund og Uppsala mest å komme med, men i rikedom og prakt vert dei gjenge forbi utan jamføring av Domkyrkja i Trondheim, på same vis som dette bispedømmet og gjekk forbi dei i omfang med sitt herredømme over øyane, som strekte seg heilt over til fastlandet i Amerika. Lund husa ikkje relikvieskrinet til Nasjonalhelgenen Knut- det gjorde Odense. Relikvieskrinet til Den Heilage Erik i Uppsala var berre ein Nasjonalheilagdom for svenskane. Men den Heilage Kong Olav naut av ei anerkjenning som strekte seg ut over heile Europa. Til og med i Konstantinopel vart der innvigd ei Kyrkje til hans æra, og grava hans var det meist vyrdnadsverde valfartsmålet i heile det Kristne Europa.  
                Trondheim ligg ved ein av dei mest imponerande fjordane eller havsbuktene som Atlanterhavet borar seg inn i mellom klippevirvaret langs den norske Vestkysten. Den vakraste av desse fjordane ligg likevel sør for Trondheim, nærmare Bergen. (Sognefjorden) Ved den sør-austlege delen av Trondheimsfjorden, der elva Nid kjem frå fjella og strøymer ut mot havet som ein stor boge, ligg byen som etter det urgamle namnet på elva vert kalla "Nidaros." På trass av sitt nordlege leie, sikrar Golfstraumen endå området ein mild temperatur, slik at alle kornslag, alle mellomeuropeiske trefrukter og kjøkenurter kan modnast der. Ein relativt kort og lett fjellovergong knyter ihop byen med Nord-Sverige, mens fjorden opnar for vidt samband med alle hava. Omlag midt imellom det barske, men fiskerike Nordland og det sørlege Noregs skogrike og nokolunde fruktbare egner, vart denne plassen strategisk plassert både som ein viktig handelsstad og som hovudstad. Eit av det gamle republikanske Noregs mektigaste ting, det so kalla "Frosta-tinget," hadde møteplassen sin her, og grunnaren av det norske monarkiet, Harald Hårfagre, slo opp setet sitt her allereie i 863. Men den fyste byrjinga til å verte ein eigentleg by, kan ein ikkje påvise før seinare, under Kong Olav Trygvason si regjeringstid. Det var under han at dei fyste Katolske misjonærane nådde over til Færøyane og Island, og fyst under Olav Haraldson skaffa Kristendomen seg fullstendig siger i Noreg.
Forts. fylgjer..

2 kommentarer:

Følgere


Vitjarar