TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

+ KVA ER KATOLSK TRU?

Katolsk tru fyst i korte drag er trua på EI synleg, HEILAG, APOSTOLISK, KATOLSK(allmen) Kyrkje. Trua på at Gud er TREEINIG, Faderen, Sonen og Den Heilage Ande, men berre ein Gud, trua på INKARNASJONEN, at Gud vart menneske for å døy for våre synder, og at Han sigra over døden då han stod opp att frå dei døde tredje dagen. Herren Jesus er difor fullt Gud og fullt menneske, med ein Gudommeleg natur og ein menneskeleg natur, ein Gudommeleg vilje og ein menneskeleg vilje. Kyrkja har 7 Sakrament, nådemiddel som Jesus har gjeve oss som reiskap for å nå denne frelsa. Det viktigaste, noko som ALLE MÅ ha for å verte frelste, er DÅPEN. Den tek vekk arvesynda, og ikkje ein gong ufødde born er utan ho. Etter at synda kom inn i verda gjennom den fyste mannen, Adam, får alle synd som ei "grueleg gåve". Det er difor det kallast arvesynd. Det er som ein genetisk sjukdom, og alle har han. Alle menneske er skilde frå Gud og står i fiendskap mot Gud so lenge dei ikkje er døypte, fordi dei er avla og fødde i synd og med synd. Ingen kan verte frelste utan dåp, men alle kan verte Katolikkar i dåpen. Dåpen frelser oss fordi Jesus Kristus, den Andre Adam som var utan synd, betalte for synda til den fyste Adam gjennom å gje sitt liv på ein Kross. I dåpen vert du og arvesynda di gravlagd med Han. Berre slik kan du stå opp att med Kristus til evig liv. Og alle døypte kan halde fram å vere Katolikkar so lenge dei ikkje går etter falske lærer. Eit Katolsk liv er trua på at ein vert frelst gjennom TRU og GJERNINGAR. Den Katolske Kyrkja inkluderar Dei som lever som Kristne på jorda (Den militante Kyrkja), dei som er i Skjærselden (Den Lidande Kyrkja) og dei som allereie er i Himmelen (Den Triumferande Kyrkja), altso Helgena. Dessutan har alle Katolikkar ein stor vyrdnad for Guds Mor, Maria Møy, og ber til Henne og til Helgena om forbøn. Den Katolske Kyrkja er innstifta av Kristus sjølv og har vore ein synleg organisasjon på jorda heilt sidan den aller fyste Pinsedagen. DET FINNST IKKJE FRELSE UTANFOR DEN KATOLSKE KYRKJA, fordi dette er Kristi Kyrkje! Katolikkar vel ikkje sjølve korleis dei skal tru, leve og tolke Jesu lære og Dei Heilage Skriftene, eller korleis dei skal tilbe Gud. Katolikkar vender seg til Kyrkja og aksepterar alt som ho lærer om tru, moral og tilbeding.

KATOLSK TRU-EIN HYRDING OG EIN FLOKK!
Når ein skal gå inn i grunnane til kva Katolsk tru er, tenkjer eg å byrje med eit særs viktig Bibelvers for Kristne, Bibelverset der Jesus sjølv vel ut St.Peter til den fyste Paven. Matt 16: 16 Då svara Simon Peter: «Du er Messias, den levande Guds Son.» 17 Jesus tok til orde og sa: «Sæl er du, Simon, son av Jona. For dette har ikkje kjøt og blod openberra for deg, men Far min i himmelen. 18 Og det seier eg deg: Du er Peter, og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne. 19 Eg vil gje deg nøklane til himmelriket; det du bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og det du løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.» På same vis som Gud endra namnet Abram til Abraham for å syne at Abraham skulle vere leiar for Guds folk, so endrar her Jesus Simon sitt namn til Peter, Klippa,, for å syne at han er den utvalde leiaren som Jesus vil byggje Kyrkja si på. Nøklane til Himmelriket refererar  til posisjonen til  Kongens "Statsminister" i Jesaja 22: 20 Den dagen vil eg kalla på Eljakim Hilkiason, tenaren min. 21 Eg vil kle han i din bunad, spenna beltet ditt om han og la han få den makt og mynd som du hadde. Han skal vera ein far for Jerusalems-buane og Juda-folket. 22 Eg legg nykelen til Davids hus på aksla hans. Når han lèt opp, skal ingen lata att, og når han lèt att, skal ingen lata opp. 23 Eg slår han inn som ein nabb i fast vegg, og han skal verta eit æresete for farshuset sitt. Shebna var Kong David sin øvste tenar eller statsminister, som hadde nøklane til huset og alt som David eigde. Han var sett til å styre over huset og over Jerusalemsbuane og Judafolket etter ordre frå Kongen. Då Shebna døydde, var det Eljakim som fekk nyklane av Hezekiah, arvtakaren til trona. Lat meg og sitere ein Kyrkjefader, St. Ambrose som levde på 300-talet, in Ps. 43, n.40-: "Peter, etter at han vart freista av djevelen, er no sett over Kyrkja. Herren..valde ut han som Hyrde for Herrens flokk. For til han sa Han: Når du ein gong vender om så styrk brørne dine. (Luk 22)" Lat meg og sitere ein annan Kyrkjefader frå 300-talet, St. John Chrysostom, Homilies on John, 88, 1: "Jesus sa til han (Peter)"Fø mine lam." Og kvifor, etter å ha gått forbi dei andre, tala Han til Peter på dette viset? Han var den utvalde av Apostlane, munnen til disiplane, leiaren til skaren..ingen kunne fornekte det, Jesus la i hendene til Peter leiarautoriteten mellom brørne, og Han fremjar ikkje fornektelsen eller går imot han for det som har hendt, men seier: "Om du elskar meg, styr over brørne dine.(Nicene and post Nicene Fathers, First series Vol 14:331)"  I Bibelen kjem det dessutan tydeleg fram at Peter hadde ei anna rolle enn dei andre Apostlane. Peter nemnast ved namn over 100 gonger. Den neste i rekkja er Johannes som nemnast ved namn 29 gonger. Her kjem eit typisk døme: Apg 5:29 "Men Peter og Apostlane svara.." Dessutan kjem Peter alltid fyst når namna på Apostlane vert lista opp. Det er og Peter som har siste ord på Kyrkjemøtet i Jerusalem Apg 15, etter at han har tala sluttar dei å diskutere. Der er mange døme i Bibelen på Peter si nyklemakt og leiarskap.. Gud bygde si Kyrkje på  Peter, og han vart avretta i Roma, krossfest oppned (den same dagen som St.Paulus vart halshoggen), etter å ha vore "Biskop av Roma", ein annan tittel som Paven har gått under gjennom tidene. Eg kan jo gje eit lite utdrag av pavelista som har vore gjennom tidene: 1.pave: St. Peter (-67 e.Kr.)2.pave: St.Linus(67-76 e.Kr.), 3.pave: St.Anacletus(76-88 e.Kr), 4.pave: St. Clement I(88-97 e.Kr.), 5.pave: St. Evaristus(97-105e.Kr.), 6.pave: St.Alexander I(105-115e.Kr.), 7.pave: St. Sixtus/Xystus(115-125e.Kt.), 8.pave: St. Telesphorus(125-136e.Kr.), 9.pave: St.Hyginus(136-140 e.Kr.), 10.pave: St.Pius I(140-155e.Kr.), 11.pave: St.Anicetus(155-166 e.Kr.), 12.pave: St.Soter(166-175 e.Kr.), 13.pave: St.Eleutherius(175-189e.Kr.), 14.pave: St.Victor I(189-199e.Kr.), 15.pave: St.Zephyrinus(199-217e.Kr.), 16.pave: St.Callistus(217-222e.Kr.), 17.pave: St.Urban(222-230 e.Kr.), 18.pave: St.Pontian(230-235e.Kr.), 19.pave: St.Anterus(235-236e.Kr.), 20.pave: St.Fabian(236-250e.Kr.), 21.pave: St.Cornelius(251-253e.Kr.)....hoppar litt her, treng ikkje skrive alle..35.pave: St.Julius I(337-352e.Kr.), 36.pave: Liberius(352-366e.Kr.), 37.pave: St.Damasus(366-384e.Kr.)Dette var paven som bad St.Jerome om å oversettje Bibelen til Latin og som og var den fyste til å presentere ei liste over kva bøker som skulle vere i Bibelen-same liste som Katolske Kyrkja har idag.




APOSTOLISK TRADISJON OG KYRKJA!
Når ein seier at Katolske Kyrkja fylgjer den Apostoliske tradisjonen, so meiner ein at ho er tufta på læra til Jesu Apostlar, og at ho ikkje har tekje forma si og teologien sin ut av det blå. Etter at Jesus stod opp att frå dei døde spanderte Han 40 dagar på jorda saman med Apostlane sine for å lære dei alt dei trong for å komme i gong med det store arbeidet å spreie Evangeliet og starte Kyrkjer i heile verda. I Matteus 16:18 seier Jesus: "Og det seier eg deg: Du er Peter, og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne." Det er tydeleg allereie her at det er ei Kyrkje Kristus tenkjer å byggje her på jorda, og det på Peter. Det er denne Kyrkja som alltid skal stå seg imot helvetes portar, ikkje ei bok, men ei Kyrkje. I Matt 28:20 lovar Jesus å alltid vere med denne Kyrkja. Han lovar og i Joh 16:13 at Han skal sende Anden for å lære Kyrkja det Ho ikkje veit no, slik at Ho skal ha HEILE SANNINGA:" Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til heile sanninga. For han skal ikkje tala av sitt eige, men tala det han høyrer, og fortelja dykk det som skal koma. 14 Han skal herleggjera meg, for han skal ta av det som er mitt, og forkynna det for dykk. " Igjen, i Timoteus 3:15 "Men skulle det dryga, vil eg du skal vita korleis ein skal ferdast i Guds hus, som er den levande Guds forsamling, søyle og grunnvoll for sanninga." Det er altso Guds hus som er søyle og grunnvoll, ikkje Bibelen. No meiner eg ikkje å seie at Bibelen ikkje er viktig, Han er då Guds Ord. Men ein kan ikkje leve etter Bibelen om ein ikkje er med i Guds hus. Guds hus, den Katolske Kyrkja, samla då ikkje Bibelen til ein ferdig Kanon før nestan 400 år e.Kr, som eg nett har vist. Desse 400 fyste åra hadde ein berre Kyrkja. Bibelen er ei Katolsk bok og kan ikkje skjønast rett utan denne Kyrkja. Bibelen har aldri hevda å vere den ende kjelda til sanning. Nei, Bibelen henviser til den muntlege Apostoliske tradisjonen på fleire plassar. 2.Thess 2:15 "Stå då støtt, sysken, og hald fast på dei overleveringane de har vorte underviste i av oss, anten munnleg eller i brev." 1 Kor 11:2 Eg rosar dykk for at de hugsar på meg i alt og held fast på dei overleveringane som eg har gjeve vidare til dykk." Noko anna som eindel protestantar ikkje tenkjer på, er at når det står "Guds Ord" i Bibelen, er det ofte det talte ordet og ikkje det skrivne ordet det er snakk om. 1 Tess 2:13 "Difor takkar vi stadig Gud, for då de fekk overlevert det Guds ord som vi forkynte for dykk, tok de imot det – ikkje som menneskeord, men som det Guds ord det i sanning er. Dette ordet verkar med kraft i dykk som trur." So kva var det Apostlane lærte? Dei ordinerte prestar og biskopar gjennom handspåleggelse, dei starta Kyrkjer og Messa var sentrert rundt offeret, Kristi kjøt og blod. Dei la grunnane for alt som Katolske Kyrkja er i dag og var då. Dei døypte, tilgav synder, konfirmerte(Katolsk Ande dåp). All Katolsk lære kan du finne i Bibelen. Men Kyrkja kom fyst.
TRU OG GJERNINGAR!  
Katolikkar trur ikkje at ein vert frelst av tru åleine, men av nåde åleine. Skilnaden er at ein vert frelst av tru og gjerningar i den Katolske religionen, men at ein ikkje kan verken tru eller gjere gjerningar utan Guds nåde. Det er gjennom å samarbeide med denne nåden at ein kan verte frelst. Då Jesus døydde på Krossen, betalte Han for ARVESYNDA vår, og Han opna ein veg og gjorde det mogeleg for oss å verte frelste gjennom å samarbeide med nåden. Slik vert det frelse i dåpen, samstundes som ein dagleg må jobbe på si eiga frelse med age og beven. Me syndar alle etter dåpen om me ikkje døyr med det same me har vorte døypte. Det er difor naudsynt å bekjenne desse syndene sakramentalt, for ein prest som har fått handspåleggjelsen og makta frå Apostlane/ Apostolisk suksesjon til å tilgje synder. Gløym ikkje at Jesus ikkje berre gav Apostlane makt til å helbrede, men og til å tilgje synder, det står då i Bibelen! Joh 20:22 "Med desse orda anda Han på dei og sa: «Ta imot Den heilage ande! 23 Tilgjev de nokon syndene deira, er dei tilgjevne. Held de syndene fast for nokon, er dei fasthaldne.» St. Paulus talar og om dette at han har som oppgåve å tilgje synder, då han kallar SkrifteSakramentet for forsoningstenesta: 2.Kor 5:18 "Men alt dette er av Gud, Han som ved Kristus forsona oss med seg og gav oss forsoningstenesta. 19 Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg, så Han ikkje steller dei til rekneskap for syndene deira, og Han tiltrudde oss ordet om forsoninga." Men Gud gav ikkje Apostlane nådegåva å lese mennseka sine tankar. Difor må dei sjølve skrifte (bekjenne) syndene sine. 1Joh 1:9 "Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd." Det er difor naudsynt å bekjenne syndene. Det står dersom fordi det er berre dersom me gjer dette at me får tilgjeving. Det er sant at det står i Bibelen at ein ikkje vert frelst av å halde lova, men då må ein ikkje gløyme at det handlar om den Gamle Pakt, og ikkje om gjerningar generelt. Ein må ha gjerningar. Ta t.d. Jakob 2:24: "Der ser de at eit menneske blir rekna som rettferdig på grunn av gjerningar og ikkje berre ved tru."  Eit anna Bibelord er Matt 7: 21 "Ikkje alle som seier til meg: 'Herre, Herre!' skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. 22 Mange skal seia til meg på den dagen: 'Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, drive ut vonde ånder i ditt namn og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?' 23 Då skal eg seia det beint ut: 'Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!'  Her kjem det tydeleg fram at dei som GJER det Gud vil kjem inn i Himmelen, ikkje dei som berre seier -Herre, Herre. St. Paulus fortel og korleis han gjer bot og tvingar kroppen sin, slik at han ikkje skal miste frelsa si: 1.Kor 9: 26 "Så spring eg ikkje utan mål; eg er ikkje som ein nevekjempar som slår i lause lufta. 27 Nei, eg er hard med kroppen min og tvingar han til å lystra, så ikkje eg, som har forkynt for andre, sjølv skal koma til kort."

SKJÆRSELDEN!  Kyrkja lærer at der er ein plass etter døden, der dei Kristne (dei som døydde i nåden, og ikkje i dødssynd) kunne verte reinsa for all synd- utanom arvesynda, som berre vert vaska vekk i dåpen. Dette er ein plass av liding og eld, men han er ikkje evig. Det er faktisk nåde av Gud at Han gjev dei som ikkje har klara av å gjere nok botgjerningar på jorda for SYNDER SOM DEI ALLEREIE HAR FÅTT TILGJEVING FOR eit høve til å komme inn i Himmelriket likevel, gjennom at dei vert frelste som gjennom eld. Det er viktig å skjøne at sjølv om konkrete synder kan verte tilgjevne her på jorda, so forsvinn ikkje skulda for denne synda utan at me gjer bot. Bibelen har fortalt oss om dette og: 1.Kor 3:12 "Men om nokon byggjer på denne grunnvollen med gull, sølv eller dyre steinar, med tre, høy eller halm, 13 så skal det ein gong visa seg kva slag arbeid kvar einskild har gjort. Herrens dag skal gjera det klårt, for den dagen blir openberra med eld, og elden skal prøva det kvar einskild har gjort. 14 Om det byggverket nokon har reist, blir ståande, skal han få si løn; 15 om det brenn opp, må han lida tapet. Sjølv skal han bli frelst, men berre som gjennom eld." Då Profeten Samuel fekk Kong David til å innsjå at han hadde synda gjennom å få barn med kona til Uria og gjennom å drepe Uria, kan me lese korleis han angrar seg og vert tilgjeven: 2. Sam 12:13 "Då sa David til Natan: «Eg har synda mot Herren.» Natan svara: «Så har òg Herren teke bort synda di; du skal ikkje døy. Likevel er det ikkje nok å verte tilgjeven. Synda må betalast for. Vers 14" Men fordi du gjorde dette og gav Herrens fiendar grunn til å spotta, skal den sonen du har fått, ikkje få leva.» Dessutan kan ingen komma inn i Himmelriket utan at dei er heilt reine. (Sjå Openberringa 21:27 og Hebrearbrevet 12:14) Jesus fortel og ei likning der han seier at den som gjer urett, sjølv om han ber om nåde vert kasta i fengsel (skjærselden), og at han ikkje vert sleppt ut derifrå før han har betalt alt som han er skuldig. Gløym ikkje, synd er og å ta ifrå Gud! Matt 5:25 "Ver snar til å forlika deg med motparten din medan du enno er med han på vegen. Elles stemner han deg for dommaren, og dommaren gjev deg over til vaktmannen, og du blir kasta i fengsel. 26 Sanneleg, eg seier deg: Du slepp ikkje ut att før du har betalt til siste øre." Dei som er i skjærselden kallast "Den Lidande Kyrkja." Dei kan be for andre, men dei kan ikkje gjere noko for seg sjølve Difor er det viktig å be for sjelene i skjærselden, for dei lid voldsomt. Dei kjem til å verte frelste, men visse må vere voldsomt lenge i elden fyst og dei treng at me ber og ofrar opp gjerningar for dei.    

DEN HEILAGE MESSA! Ei Katolsk Messe er noko heilt anna enn ei protestatisk "gudsteneste" eller eit anna "møte." Ho er ei direkte oppfylling av det gamle jødiske tempelofferet som den Gamle Pakta sentrerte seg rundt og det som offeret peika fram imot. Me kan lese i det Gamle Testamente korleis jødar kom til presten i tabernaklet og seinare i tempelet med sauer, geiter, duer osv. for at presten skulle ofre opp blodoffer for dei som syndoffer, reinsingsoffer, fredsoffer.. Men desse dyra kunne ikkje i seg sjølve betale for menneska sine synder, for korleis kan eit lamm gjere opp for eit menneske? Dei peika fram på Guds Lamm som ber all verdsens synder. Me kan lese om profetien i  Mal 1:11 "For frå solekoma til soleglad skal mitt namn verta stort millom heidningfolki, og på kvar ein stad skal dei brenna røykjelse og bera fram offergåvor for namnet mitt, reine offergåvor; for namnet mitt skal verta stort millom folkeslagi, segjer Herren, allhers Gud." Her ser me altso at heidningfolka, mellom folkeslaga, dei som ikkje er jødar, skal koma med OFFERGÅVER og brenna RØYKJELSE. Og det er nett det ei Katolsk Messe er, i motsetning til protestantiske greier som berre er song, bøn, preike, symbolske handlingar, evt underhaldning og sosialt samvære. Menneske er i sentrum. på den Katolske Messa vert røykjelse brend i samband med bøner, men det viktigaste med Messa er at Presten konsekrerar brød og vin, slik at det ikkje lenger er brød og vin, men vert Jesu Kjøt, Blod, Sjel og Guddom. (Transubstasjon.) Dette blodofferet tek presten og offrar opp på altaret for sine eigne synder og for syndene til Kyrkjelyden. Eit Offer og eit Sakrament kalla Eukaristin. Ikkje at Jesus døyr ein gong til, men at det same offeret som Jesus offra ein gong på Golgata kjem ned på altaret som eit mirakel, fordi Gud er utanom tid og rom og ingenting er umogeleg for Han. Presten står med ryggen til Kyrkjelyden, fordi han gjer dette framfor Gud, mens lekfolket, som allereie har skrifta for ein prest innan messa, knelar ved kyrkjebenkane og sannar syndene sine og ber bøner som dei offrar opp for seg sjølve og andre. Gud er i sentrum, ikkje menneska, slik som ein opplever det i protestantiske kretsar. Det gjer ikkje noko at det er på latin om du ikkje kan latin, for presten gjer dette framfor Gud for di skuld, og mykje av det seier han til og med i tystnad, so du høyrer ikkje ein gong kva han seier. Din jobb er å be, meditere, ofre opp offer for deg og andre, tilbe og sanne synder. Preika er alltid på lokalpråket og all anna undervisning og trusopplæring er alltid på lokalspråket. Eukaristinen reinsar deg frå synder du har angra og sanna i skriftestolen, men og alle veniale eller svakheitssynder og slike mindre synder som du skulle ha gløymt å skrifte deg for, berre du ikkje har unnlete å gjere det med vilje. Ein kan finne spor av den Sanne Messa i t.d. den norske "kyrkja", sjølv om folk ikkje tenkjer over det sjølve. Ein har då framleis i visse kyrkjer ein ALTARRING, og det er fordi blodoffer vert offra på nettopp ALTAR. Og brødet kallast framleis OBLAT, og ordet "oblat" tyder OFFER. Men berre på Katolske Messe vert brød og vin forvandla til Kristi Kjøt og Blod, fordi det vert gjort slik som Apostlane lærte Kyrkja det, og av menneske som har salvinga frå handspåleggelsen som kjem frå Apostlane. Gud vel sjølv korleis Han vil bli tilbedt. Dei som ikkje tek imot Eukaristin på ein verdig måte, altso etter å ha skrifta syndene sine Sakramentalt og med sann anger og bot, drikk ein dom over seg. Fordi det ER blod og kjøt i røynda! Ikkje berre symbolsk. 1.Kor 11: 27 Difor, den som et brødet og drikk Herrens kalk uverdigt, han vert skuldig i Herrens lekam og blod. 28 Men kvart menneske prøve seg sjølv, og so ete han av brødet og drikke av kalken! 29 For den som et og drikk, han et og drikk seg sjølv til dom når han ikkje gjer skil på Herrens lekam." Visse reagerar på at lekfolket berre tek imot "brødet" og ikkje "vinen", men begge deler vert alltid konsekrerte og presten tek del av begge. Anden/Kyrkja har openberra at både Kristi kjøt og blod finnst i Brødet, og det er difor nok å ta imot "brødet." Eit anna argument for at Den Kristne Messa handlar om eit blodig offer, er at dei i urkyrkja vart beskulda for kannibalisme av heidningane. Og det var jo for so vidt sant. Dei et då Kristus kvar gong. Og so har du jo sjølvsagt dette med antikrist som skal sette seg i Herrens tempel og ta vekk det daglege offeret. Korleis kan han ta vekk det daglege offeret, om det ikkje vert offra opp daglege offer på den tida når han kjem? Og det er ikkje sikkert at det er Jødane sitt gammaltestamentlege offer i eit tredje tempel heller, då det omtalast som HERRENS tempel, kan det tyde på at det er den Kristne Kyrkja det er snakk om. Messeofferet er ekstremt viktig i Katolsk Tru, og til og med i Apostelgjerningane kan ein lese om korleis alle samlingane til dei fyste Kristne sentrerte seg rundt Messeofferet, eller "Brødsbrytelsen." som det og vert kalla. 

KVA FOR KANON SKAL ME FYLGJE?
        Kva er det som gjer at Katolske Kyrkja kan hevde at Ho har den rette samlinga av Bibelskrifter og at alle er like inspirerte? Protestantar har då ikkje dei 7 bøkene som dei sjølve tykkjer om å kalle for "Apokryfar." Katolske Kyrkja fylgjer Vulgata. Grunnen er at denne latinske oversettjinga kjem frå Septuaginta. Septuaginta kom til FØR Kristus gjekk på jorda. Når verda framleis levde under den Gamle Pakta. Jødane sjølve hadde Skrifta på hebraisk, og i ei tid då hebraisk framleis var eit talespråk som dei kunne snakke og forstå perfekt, i ei tid då dei hadde tilgong til gamle hebraiske dokument som i dag er vekke (les:eldre enn dødehavsrullane), so samla jødane sjølve dei 72 mest lærde personane for å oversette dei hebraiske skriftene til gresk i Alexandria 280-250 FØR Kristus. Dette er Septuaginta. Vulgata er ei direkte oversettjing av Septuaginta, gjort av munken St. Jerome på slutten av 300-talet, då paven St. Damascus ba han om å gjere det. St. Jerome hadde og tilgong til hebraiske manuskript som me ikkje har idag. Både Septuaginta og Vulgata inneheld dei 7 bøkene som Luther fjerna på 1500-talet. MEN! So kjem visse protestantiske teologar og seier fylgjande: "Desse 7 bøkene var ikkje med i Bibelen til dei fyste Kristne, eller til Jødane som levde i Jesus samtid. Katolske Kyrkja bestemte heller ikkje at dei skulle vere med før Kyrkjemøtet i Trent på 1500-talet." Dette utsagnet er berre tull, og eit typisk eksempel på protestantar som siterar andre protestantiske moderne kjelder, utan å kontrollere grunnkjeldene sjølve. Dersom ein les om Kyrkjemøtet i Roma i 382 e.Kr., Kyrkjemøtet i Hippo 393 e.Kr. eller Kyrkjemøtet i Carthage i 397 e.Kr. kan ein sjå at allereie då var lista over Bibelbøker klar, bl.a. under stor innflytesle frå St. Augustinus. Kyrkjemøtet i Trent tok berre opp att ein gong til noko som hadde vore sikkert i over 1100 år, og dei gjorde det berre fordi det kom slike løkar som Luther og lærte noko heilt nytt og forvirra dei ulærde. Dessutan kan ein sjå frå dei Nytestamentlege grunntekstane at Septuaginta vert sitert særs ofte, ja omkring 75 % av alle sitat er frå Septuaginta. Dette syner oss berre endå betre at det var Septuaginta som t.d. St. Paulus sjølv nytta. Visse protestantar gjer ikkje opp so lett, og seier då "Men Jødane på Jesu tid hadde ein Kanon og den inneheld ikkje desse 7 bøkene." Gløym no ikkje at Jødane før Kristi komme til jorda hadde desse 7 bøkene, eg har då nett forklart litt om Septuaginta. MEN! Etter at Jesus døydde og stod opp att, samla dei Jødane SOM IKKJE TRUDDE AT JESUS VAR MESSIAS seg for å diskutere saka. Dei kom då fram til at eindel av Bibelbøkene var for tydelege når det gjaldt den Kristne læra. Difor tok dei vekk desse bøkene. So kjem protestantar og seier at det er desse jødane me skal fylgje??! Kor sjølvmotseiande går det an å bli? Desse jødane som Krisus kalla for kalka graver? Nei. Me må akseptere heile Bibelen og ikkje halde på å tulle slik.

Følgere


Vitjarar