TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

+ DU SOM SKAL BLI KATOLIKK!

Dette er ei skrift forfatta av Kyrkja sjølv i høve der nokon skal ta steget inn i den Katolske Kyrkja. Personen er nøydd til å avseie seg (abjuration) dei falske lærene sine fyst og å bekjenne ei tru på Den Sanne Kyrkja. Dette må gjerast framfor ein prest, men i tider som dette når ein kanskje ikkje har ein prest i nærleiken, kan ein gjere dette sjølv framfor Gud, med intensjonen å gjere det framfor ein prest med det same høvet byr seg. Etter at ein har gjort dette vert ein Katolikk og kan ta del av Sakramenta og tilbedinga av den Eine Sanne Guden innanfor Kyrkja.



SANNING AV TRU:
Eg .............(namn), no medan eg har dei heilage Evangelia framfor augene mine, som eg rører med handa mi, vel vitande om at ingen kan verte frelste utan den trua som den Heilage Katolske Romerske Kyrkja held på, trur og lærer, og som eg til mi store sorg har gjort urett imot, gjennom at eg har halde for å vere sanning og trudd på lærer som går imot Hennar lærer. (Ver gjerne spesifik og nemn dei heresiane som kjenneteiknar sekta du har vore med i.)

Eg sannar no, med sorg og anger for mine tidlegare feilsteg, at eg trur at den Heilage Katolske Apostoliske Romerske Kyrkja er den ende og den sanne Kyrkja, grunnlagd på jorda av Jesus Kristus, som eg underkastar meg av heile mitt hjarte. Eg trur på alle trusartiklar som Ho openberrar for meg til tru, og eg avviser og fordømer alt som Ho avviser og fordømer, og eg er no klar til å fylgje alt som Ho byd meg å fylgje. Og særskild sannar eg at eg trur på:

Ein ende Gud i tre guddommelege Personar, distinkte frå og like til kvarandre- det vil seie Faderen, Sonen og Den Heilage Anden.

Den Katolske læra om Inkarnasjonen (at Gud vart menneske), lidinga, døden og oppståa til Jesus Kristus og den personlege samanskipinga av Jesu to Naturar- den guddommelege og den menneskelege, det gudommelege Moderskapet til den Høg Heilage Maria ilag med hennar lytelause møydom.

Det sanne, ekte og substansielle nærveret av Lekamen og Blodet, ilag med Sjela og Guddommelegheita av Vår Herre Jesus Kristus i Det Heilage Sakramentet Eukaristinen.

Dei sju Sakramenta innstifta av Jesus Kristus for vår frelses skuld, dvs: Dåp, Konfirmasjon, Eukaristin, Bot, Siste Salvinga, Heilage Ordinasjonar og Ekteskapet.

Skjærselden- for at dei døde skal stå opp att, evig liv, og at den romerske leiaren, Paven, er øvste styrande, ikkje berre i æra men og i utføring. Han er etterkomaren til St.Peter, Jesu Kristi Vikar, Prins av Apostlane.

Venerasjonen av alle Helgena og av deira avbilde. Autoriteten til den Apostoliske og Kyrkjelege Tradisjonen, til dei heilage Skriftene, som me må tolke og skjøne berre ut ifrå det som vår Heilage Moder den Katolske Kyrkja har helde fast og framleis held fast.

Og alt anna som har vorte definert og erklært av dei heilage Skriftsamlingane og av dei økumeniske Konsila (Kyrkjemøte som skal gjelde heile Kyrkja) frå Vatikanet, særskild av Kyrkjemøtet i Trident, og særskild det som omhandlar leiarposisjonen til den Romerske Paven og det ufeilbare læreembete som han har.

Med eit oppriktig hjarte, difor, og med urokkeleg tru, foraktar og avseier eg meg kvar ende vranglære, heresi og sekt som går imot alt som den Katolske og Apostoliske Romerske Kyrkja står for. Måtte Gud og desse Hans Heilage Evangelium som eg rører med handa mi hjelpe meg.

DEN HEILAGE DÅPEN!
Alle som skal verte Katolikkar må døypast. Det er i dåpen at du vert gravlagd med Kristus, du vert fødd på ny av Ande og av Vatn, og du vert vaska rein frå Arvesynda di og frå all synd som du har gjort fram til dåpen og vert eit Guds barn. Utan dåp kan ingen verte frelste, ikkje ein gong barn i mors liv.
Dei som er døypte som spedborn, på rett vis, treng ikkje å døype seg ein gong til når dei skal konvertere til Katolisismen. Men dersom der er grunn til å tvile på at dåpen vart utført rett, må dei gjere det igjen VILKÅRLEG. Dei som vart døypte i ei anna sekt etter at dei fekk skjøn om kva som er rett og gale (individuelt når dette skjer, nokon kan vere 4 år, andre 7, kven veit..) må døype seg igjen, då den fyste dåpen ikkje var ein dåp til den sanne trua, men til ei vranglære.
Ein gyldig dåp må ha rett intensjon, materie og form. Du må ha som intensjon å døype/la deg døype i trua på Kristus og Hans Katolske Kyrkje, du må ha vanleg vatn utan noko tilsette smakar o.l., og du må helle vatnet over hovudet på barnet (det skal vere i kontakt med huda, ikkje berre håret) mens du seier:
"Eks: Kari/Ola Nordmann..eg døyper deg i Namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande." Amen
         Det vanlege er at presten døyper, men kven som helst kan døype ein annan, berre dei har rett intensjon og døyper etter denne framgongsmåten. Jordmødre har ofte måtte døype born som er i fare for å døy etter fødselen. Til og med nokon som ikkje sjølve er Katolikkar kan døype ein annan, dersom intensjonen er rett. Dette viser berre på kor viktig det er med dåpen for å verte frelste.

(Sjå og blogginnlegget frå juni 2010: "Å sanne syndene sine utan ein prest til stades"
 og den faste sida "Kva er Katolsk Tru?")



Følgere


Vitjarar