TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

+ LINKAR OG TIPS

Svensk Katolsk side (Svenske tradisjonalistar)
http://www.stathanasiuspress.com/ (veldig bra bøker)
http://www.drbo.org/ (For Katolsk engelsk Bibel online)
http://www.seminatseminare.com/ (svenske sedevacantistar)
http://www.vaticancatholic.com/ (For dvdar og bøker online) OBS!!! Denne sida oppmodar Katolikkar å gå til kjetterske kyrkjer for å ta imot sakrament, noko eg tek avstand ifrå!!!
http://www.catholic-forum.com/saints/golden000.htm (Liva til helgena)
http://www.lulu.com/tradibooks
Blogg om kjemikaler
Tjekkiske Katolikkar
Vitalisme
http://www.naturalnews.com/
Artikkel om vaksiner
Alex Jones (Ikkje er han Katolikk, og ikkje held eg med han i alt anna heller, som det naive synet han har på islam eller at libertarianismen er svaret på alt. Og den amerikanske grunnlova har og sine kjettarlærer.. Men der er mykje bra informasjon om samtida her likevel.)



KATOLSK BLAD!
Det svenske, tradisjonelle Katolske bladet "Adoremus" har fått nye redaktørar. I samband med dette ville eg berre tipse om at ein kan melde interesse for å få ei utgåve av bladet gratis heim i postkassen, utan at ein bind seg for eit abonnement. Elles ligg eit årsabonnement på vel 150 kr og kvar utgåve på vel 30 kr. Alt du treng å gjere for å tinge eit abonnement, eller for å få fyste gratisnummer er å sende namn og adresse til
adoremus.magazine@gmail.com
og evt. spurje etter eit gratis prøvenummer (provexemplar). Bladet har fått eit noko meir apologetisk preg. Dei fleste artiklar er på svensk, men med ein eller to artiklar på engelsk i kvar utgåve.
No er det og høve til å lese nokre av dei eldre utgåve online via Heimesida
God lesning.

BOKLISTE!
( No har desverre nokre av bøkene frå tanbooks vranglærer som "Naturleg familie planlegging", noko Kyrkja aldri har lært at ein får gjere. Visse av dei karakteriserar menneske utanfor Katolske trua som kristne, og visse trur på "baptism of desire."/ynskjedåpen. Men alt dette tek eg sterk avstand frå.)

+"Blessed be God" bønebok og delvis missal
+" Hell and its torments" by St Robert Bellarmine, a doctor of the church, 1542-1621
+" The Catholic Controvercy" by St.Francis de Sales. (tanbooks.com.) Han omvende rundt 70 000 Calvinistar attende til Kyrkja i tidleg etterreformasjonstid.
+" The Catechism of the Council of Trent" (tanbooks.com)
+" The Raccolta"- (Ei fantastisk Katolsk bønebok med imprimatur)
+" The Catholic Church has the answer", by Paul Whitcomb (tanbooks.com)
+" Scripture alone?" by Joel Peters (tanbooks.com)
+" The Catechetical instructions of St Thomas Aquinas" (Sinag-Tala Publishers, Manila), og bra for born
+" The Bible proves the teachings of the Catholic Church" (vaticancatholic.com)
+"Where we got the Bible" (tanbooks.com)
+"True devotion to Mary", by Saint Louis Mary de Montfort. (Opna opp augene mine for kor mykje eg hadde gått glipp av i min ignorans om Guds Mor Maria)
+""Postilla" eller "Religions-Handbok for Katholske Kristne", av Leonhard Goffine, fyste opplag 1687 men mange nyare opplag seinare. (Denne boka fylgjer Kyrkjeåret med tekstar for dagen frå Vulgata, og med andakter og lærestykke av ulike slag. Passar for familieandaktar og.)

Følgere


Vitjarar