TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

onsdag 5. september 2012

Kva syn skal me ha på lidinga i dette livet?

Dette stykket er henta og oversett til norsk frå boka "God, the Teacher of Mankind- The Apostles Creed" av Michael Müller, C. SS. R. i 1888.

Kva syn skal me ha på lidinga i dette livet?
- Me skal sjå på det som so mange velsigningar frå den Allmektige Gud.
Den Allmektige Gud skapa oss til å vere Hans eigne i tida og i eva. Men, som ein konsekvens av at dei fyste foreldra våre fell, kjenner me oss dregne til å gå vekk ifrå Han, kjelda til all lukke, og å knyte oss til denne verda, ein avgrunn av all ulukke- både andeleg og timeleg. Men Gud, som den beste av alle fedre, tek i bruk ulike verkemiddel for å gå i mot dei vonde bøyelsane våre som dreg oss lenger og lenger vekk frå Han; havet av alt som er godt. Nett slik fuglefangarar nyttar ulike agn til ulike jaktprosjekt, nett slik svingar og tilpassar Gud seg til menneska sine ulike sinnelag, både til vår eigen fordel og for å oppretthalde godhugen i Hans faderlege forsyn over alle. Han dreg nokre sjeler til seg gjennom kjærleik. Men desse sjelene utgjer ei særs lita gruppe. Sanneleg, av dei kvinnene som fekk si omvending skildra i Evangelia, er det berre den Heilage Maria Magdalena som fylgde Frelsaren gjennom kjærleiken. Gud dreg størsteparten av sjelene til seg gjennom plager som denne verda har å by på. Den kanaeiske kvinna kom til Herren for å høyre om ho kunne få lindring frå dei timelege plagene ho hadde. Den Heilage Paulus Eremitten og Arsenius drog ut i ørkenen for å sleppe unna forfylgjingar. Den Heilage Paulus den Enkle blei eremitt grunna utruskapen åt kona hans. Den Velsigna Gonsalius bestemte seg for å verte Dominikanarmunk, fordi han reid lett og glad gjennom gatene då han brått vart slengd av hesten og landa i ein søledam, til latter for alle augevitna. Medan han framleis sat i søledammen, sa han til seg sjølv: "Er det slik du behandlar meg, du svikefulle verd? No hånar du meg, men eg vil og le åt deg!" Når dette var sagt, forlet han verda og gjekk in i det religiøse ordenslivet.
                 Nicholas Bobadilla, ein fattig student i Paris, gjekk ofte til den Heilage Ignatius Loyola for å få hjelp til sine timelege behov; men det gjekk ikkje lang tid før han kjende seg dregen av ein heilag kjærleik for den Heilage Ignatius, og slik vart han ein av hans mest brennande fylgjesmenn. Den vyrde Bernard av Corlione vart, då han var på rømmen frå lovens lange arm, gjennom gudommeleg forsyn leidd rett inn i armane åt Capuchinarane. Thomas Pounc, ein engelskmann, ramla so forunderleg då han dansa på eit ball hjå Dronninga av England. "Kom deg opp din tosk!" sa Dronninga til han. Den unge mannen kjende seg særs fornerma, og bestemde seg for å taka hemn over verda gjennom å forsake henne. Han gjekk inn i Jesusordenen og levde der eit heilagt liv; og etter å ha lide i ei fangehole i tjue år, under ei tid av religiøs forfylgjing i England, enda han livet gjennom å ofre det opp til sist for trua si sak.
               "Eg hev høyrt frå ei autoriter kjelde," sa den Heilage Francis de Sales, "at ein herremann frå vår eiga tid, framifrå i tanke og som person, frå ein god familie, då han såg nokre Capuchinarfedre passere, sa til dei andre herremennene som var med han: "Eg skulle hatt lyst til å finne ut korleis desse berrføtte mennene lever, og å gå mellom dei. Ikkje for å verte verande der, men berre for 3 vekers tid eller ein månad, slik at eg betre kan observere kva dei gjer og slik håne dei og le åt dei i lag med dykk etterpå." So gjekk han i veg, og vart motteken av fedrane. Men Gudommeleg forsyn nytta dette høvet til å dra denne mannen vekk frå verda, omvende dei vonde planane hans til noko godt; og han som hadde tenkt å få med seg andre vart sjølv teken inn. For ikkje lenge etterpå, då han berre hadde spandert nokre dagar i lag med desse gode religiøse, og han vart fullstendig forandra. Han held trufast fram i kallet sitt, og vart ein storarta gudstenar.
                      Den Heilage Ludwina skada seg stygt då ho var 16 år gammald. Ho vart sengeliggjande i 35 år. Til sist reiv sjukdomen so voldsomt i henne at kjøtet hennar byrja å rotne og ho vart full av orm. Forråtnelsen breidde seg til og med ut på innsida. Då ho var fattig, hadde ho ikkje ein gong nok klede til å halde seg varm; slik at tårane som ho so ofte fellde, fraus på kinna hennar. Ho kunne berre røre litt på hovudet og den eine armen. Smertene som ho gjennomleid under desse 35 åra er umogelege å skildre. Det var fyst etter dei fyste 30 åra at ho skjøna at Gud hadde sendt desse lidingane som eit verkemiddel for å dra sjela hennar til Seg, og sameine henne med Sin Heilage Vilje på intimaste vis for tida og eveleg. I same stunda som ho innsåg dette, byrja ho å gråte bittert over si eiga manglande vilje til å underordne seg den Allmektige Guds Gudommelege Vilje. I all ettertid var ho takksam for all smerta som Gud hadde lete henne utstå, og såg på dei alle som tallause gåver og velsigningar frå hennar himmelske Fader. Slik vart ho ein av dei mest beundra Helgena i Guds Kyrkje.
               Slik går mange sjeler inn i seg sjølve gjennom avsky eller utmattelse, eller grunna store skuffelsar og ulukker. Gud tek i bruk slike skuffelsar og lidingar for å løyse dei frå kjærleiken til det skapte, for å bevare dei frå illusjonen av falske opptredenar, og å tvinge dei til å gå inn i seg sjølve; å reinse hjarta deira; å late godleiken feste rot i sjelene deira; å gje dei avsmak på eit verdsleg liv. Trur du at slike sjeler skulle ha søkt trøyst i Gud åleine, om verda hadde elska dei? Trur du dei skulle ha kjent Guds godheit, om ikkje verda hadde mishandla og slengd dei ut frå sitt samfunn? Det er Gud som tillet denne harde behandlinga og humpete vegen å råke dei. Han let torner vekse fram i all deira nyting, for å unngå at dei kviler i desse. Dei skulle aldri ha tilhøyrt Gud om verda hadde trakta etter dei; og dei skulle ha motarbeida Gud om ikkje verda hadde motarbeida dei. Det er slik Gud bryt opp lekkjene som verda held dei bundne i. Ja, Gud vart nøydd til, slik ståa var, å ta synet i frå dei, som Han gjorde med Tobias ( i Tobits bok), for å opplyse dei; Han måtte kaste dei til bakken, som med Saulus, for å lyfte dei opp; Han måtte slengje dei- om me får seie slikt- i grava, som med Lasarus, for at dei kunne reise dei opp att til eit liv i nåden. Dei hadde, slik ståa var, forkasta Guds lager av godleik. Himmelsk inspirasjon, rørande observasjonar, nyttige råd, oppbyggjande føredøme, anger frå samvitet, alt utført gjennom Guds mjuke nåde, og alt vart verande utan å bere frukt grunna deira stae hjarte. Det einde verkemiddelet frå nåden som gjenstår er lidinga. Kor mange har ikkje grete bittert over si eiga synd fyst etter at dei har grete over si eiga ulukke? Kor mange opphøyrde aldri med å vere kriminelle før dei vart ulukkelege? Sanneleg, kven skulle ikkje ha vorte rørde til medynk ved synet av Kong Manasse avkledd sine skattar, kongeriket sitt, fridomen sin, gjort til ein slave under Assyrarkongen, gråtande og syrgjande under skamfulle band? Og likevel vart desse store ulukkene dei største velsigningane som Gud kunne sende denne onde kongen: For, som eit offer under store ulukker, gjekk denne kongen inn i seg sjølv, avskydde sine eigne brot, gjorde voldsom bot for dei og sikra seg frelsa. (4.Kong v,1) Lat oss etterlikne helgena i deira kjærleik til Krossen, og alltid seie med den Heilage Paulus: "Men er me born, so er me ervingar og - Guds ervingar og Kristi medervingar, so framt me lid med Han, for at me og skal verta herlegjorde med Han. For eg held fyre at lidingane i den tidi som no er, ikkje er vyrdande mot den herlegdomen som skal openberrast på oss." (Rom viii, 17,18)

Følgere


Vitjarar