TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

fredag 23. september 2011

Katolsk katekisme for det Apostoliske vikariatet i Sverige, 1893 -Del 2

Fyste hovudstykke; Om Trua!

§2. Naudsynet av Trua.
25) Er Trua naudsyn for å verte sæl?
-Trua er ubetinga naudsyn for sæla, for Kristus seier: "Den som ikkje trur, han er alt dømd", og "Den som ikkje trur, han skal verta fordømd." (Joh 3:18 og Mark 16:16.) "Utan tru er det umogeleg å behage Gud." (Ebr.11:6)
26) Fører kvar ei tru til sæle?
-Nei, berre den sanne Trua som Kristus lærde oss gjer oss sæle. Det er slik usant å seie at det ikkje kjem an på trua, att det er likegyldig kva slags tru ein har.
27) Kva for Kyrkje har den sanne, av Kristus lærde Trua?
- Den sanne, av Kristus lærde Trua har den Katolske Kyrkja åleine.
28) Kvifor har den Katolske Kyrkja åleine den sanne, av Kristus lærde Trua?
- Katolske Kyrkja åleine har den sanne, av Kristus lærde Trua, då ho åleine har av Kristus og Apostlane motteke og alltid uforfalska bevara denne Trua.
29) Har då ikkje dei ikkje-katolske religionssamfunna og av Kristus og Apostlane motteke og alltid uforfalska bevara si religionslære?
- Nei; for 1) dei har ikkje motteke si truslære av Kristus og Apostlane, då dei fyst lengje etter Kristus og Apostlane har oppkome; 2) dei har ikkje uforfalska bevara det, som av Kristi lære gjennom den Katolske Kyrkja har komme dei til del, då dei lærde somme tider det eine og somme tider det andre, mens Kristus og Apostlane alltid lærde det same.
30) Då det no er slik at den sanne Trua er naudsyn for sæla og den sanne Trua ikkje kan vere noko anna enn den Katolske Trua, er det då ikkje ei stor nåde å vere katolikk?
- Jau; å vere katolikk er ei særs stor nåde, og me kan aldri takke Gud nok for dette.
Utføring: Gled deg og takk Gud ofte for at du er eit barn av den Katolske Kyrkja; for det vert gjeve "ingen større rikedom, ingen større skatt enn den Katolske Trua." (Den heilage Augustinus.)

§3. Trua sine eigenskapar.
31) Korleis må trua vår vere kjenneteikna?
- Trua vår må vere 1) fullstendig, 2) fast, 3) standhaftig, 4) levande.
32) Når er trua vår fullstendig?
- Trua vår er fullstendig når me ikkje berre trur nokre, men alle lærer som den Katolske Kyrkja held fram for oss til tru.
33) Når er trua vår fast?
- Trua vår er fast, når me ikkje i den minste sak frivillig tvilar på ei ende truslære.
34) Når er trua vår standhaftig?
- Trua vår er standhaftig når me er klare til å heller avstå frå alt, til og med livet, enn å  falle ifrå trua. Døme: Dei heilage martyrane.
35) Når er trua vår levande?
- Trua vår er levande når me lever etter den same, d.v.s å flykte frå det onde og gjere det gode, slik som trua foreskriv. "For liksom lekamen er daud utan ånd, so er og trui daud utan gjerningar." (Jak 2:26.)
36) Er det nok å bevare trua i hjartet?
- Nei; me må og sanne trua i det yttre. "Den som då kjennest ved meg for folk, han skal eg og kjennast ved for Far min i himmelen; Men den som fornektar meg for folk, han skal eg og fornekte for Far min i himmelen." (Matt 10:32-33.)
37) Gjennom kva for teikn sannar ein katolsk kristen vanlegvis trua si?
- Ein katolsk kristen sannar vanlegvis trua si gjennom det heilage Krossteiknet. Gjennom det heilage Krossteiknet sannar me trua vår på hovudløyndomane i den kristne religionen, nemleg den høgheilage Treeinigheita sin løyndom, og på løyndomen av vår utløysing gjennom Kristi krossdød. 
38) Når skal me gjere Krossteiknet?
- Det er i sanning godt og gagnleg å gjere Krossteiknet ofte, særskild når ein stig opp og når ein legg seg, innan og etter bøn, føre kvar gong ein skal gjere eit større arbeide, i freistingar og farer.
Utføring: Vert aldri flau over den Katolske Trua eller Krossteiknet. Pass deg nøye for alt som inneber ei fare for trua, særskild for nyfikenheit, grubbling over religionens løyndomar, for lesning av dårlege bøker og skrifter samt for omgjenge med utrue og lastfulle menneske. 

Følgere


Vitjarar