TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

søndag 29. august 2010

St. Augustinus om den Treeinige Gud! (Frå helgensamlinga "Dei Gyldne Legendane" samla av Jacobus de Voragine, Erkebiskop av Genoa, 1275)

Den Heilage Augustinus var son til den Heilage Monika, som eg har skrive om tidlegare på denne bloggen. I dei blogginnlegga står det mange detaljar om St. Augustinus si omvendig og eg kjem difor ikkje til å skrive dette ein gong til. Eg kan jo berre nemne at han vart omvend til Kristendomen i Carthage, Afrika av St. Ambrosius, etter å ha fylgt den Manikenske kjettarlæra over lengre tid. Han mottok til slutt den Heilage dåpen i Påska år 387 og han vart seinare både Biskop og Doktar av Kyrkja. St. Augustinus fordjupa seg m.a. i Treeinigheitslæra og skreiv mykje bra på dette emnet. Her kjem ein liten smakebit på noko av det han fekk lære seg:

Der heng eit bilete ved eit alter av St. Augustinus hjå Dominikanarordenen i Antwerpen som avbildar ei oppleving Helgenen hadde då han gjekk langs havsstranda i Afrika og funderte over den HeilageTreeinigheita. Dette var eit emne han hadde kontemplert seg sår i sinnet over, og det var i ei slik stund at dette hende. Der langs strandkanten fann han eit lite barn som hadde greve seg ei lita grop i sanden, og i handa hadde han ei lita skei. Med skeia tok han vatn ut frå det store havet og ausa det opp i den vetle sandgropa. St. Augustinus vart forbausa då han såg dette og spurte barnet kva det var han held på med? Barnet svara og sa: "Eg vil ta alt dette vatnet ut ifrå havet og opp i denne gropa." "Kva?!" svara Augustinus. "Det er umogeleg, korleis kan det gjerast når ein tenkjer på kor stort og gedigent havet er og kor lita gropa og skeia di er?"  "Ja, det er sant," svara barnet, "men det skulle vere lettare og snarare fullført å helle alt vatnet frå havet opp i denne gropa enn det skulle vere for deg å helle mysteriet om Treeinigheita og Hans Gudoms velde inn i di lille forståing, om ein skulle jamføre desse to: For mysteriet om Treeinigheita er større og veldigare samanlikna med ditt vit og din hjerne enn skilnaden er mellom havet og denne vetle gropa." Då dette var sagt forsvann barnet med eit blink. Lat då kvar mann ta lærdom av dette, slik at ingen- og særskild ikkje enkle og ulærde menn, freistar å forstå og lære ut dei høgste tinga som gjeld Guddomen, anna enn det som dei har fått lære av Kyrkja om trua, for denne trua skal rekke for oss.
         Lat oss då be til den Heilage Augustinus at han må gå i forbøn for oss hjå den Velsigna Treeinigheita, slik at me kan rette til og gjere bot for liva våre i denne forbifarande verda, slik at me, når me forlet henne, måtte komme inn i eveleg herlegdom. Amen

Eg tykte at denne opplevinga skildra vel den absurde tankegongen som so mange menneske i dag sit faste i. Dei tek alltid utgongspunkt hjå seg sjølve i si Gudsforståing. Slike argumentere med at dei berre kan tru på det som er logisk ut ifrå deira eigne tankar om moral og etikk. Dei kan ikkje tru på det som ikkje verkar rettvist ved fyste augekast, ettersom dei ikkje kan akseptere at Guds rettvise er djupare og høgre enn deira eiga innsikt i saka. Dei forkastar lett mirakel, ubesvara spørsmål og heng seg opp i det som dei oppfattar som "sjølvmotseiande" anten det er i skrift eller lære. Dette er ikkje fordi noko er gale med Kristendommen, men fordi desse menneska ikkje kan underkaste seg. Dei har ikkje nokon annan Gud enn sine eigne hjernar. Dei har ikkje trua som er vissa om noko ein ikkje ser.

fredag 27. august 2010

Sjokkerande vanhelging av Katolsk heilagplass!

Her er ein sjokkerande video med eit typisk døme på den falske ekumenikken som Novus Ordo antikyrkja held på med. I Lourdes, der den Heilage Møya openberra seg, og som difor er eit særs heilag Katolsk pilgrimsmål, har falske "katolske prestar" her ei felles bønestund med jødar som fornektar at Jesus er Messias og Guds Son. Ja, framfor augene på ei stor folkemengde vågar dei å syngje ilag ei bøn om fred, som om det er falsk fred med kvarandre og ikkje fred med Gud gjennom Jesus Kristus som verda treng!
Her syng dei ein duett med Rabbi Alon Goshen-Gottstein, I LOURDES !!, den 23.juni 2009, framfor statuer tileigna vår Heilage Moder. "Shalom, Dona nobis pachem.." Og alle aksepterer den kjetterske læra om at alle religionar tilber den same guden, og står der med tende ljos som om dette skulle vere noko heilt normalt og Katolsk. Fy skam!

onsdag 25. august 2010

Pave Leo XIII si opprinnelege bøn til St.Mikael!

Den opprinnelege bøna som Pave Leo XIII skreiv til St. Mikael Erkeengelen er profetisk. Bøna vart forfatta for over 100 år sidan og seinare gøymd unnan grunna det oppsiktsvekkjande innhaldet. Men Pave Leo XIII si bøn til St. Mikael er framleis ei av dei mest interessanne og kontroversielle bønene i samband med den Sanne Katolske Kyrkja sin situasjon i vår eiga samtid. Det hende seg den 25.september 1888, etter å ha feira Morgonmessa, at Pave Leo XIII vart so traumatisert at han kollapsa. Dei som var i nærleiken trudde at han var død. Etter at han fekk medvitet attende, skildra Paven korleis han hadde overhøyrd ein skremmande samtale som utspelte seg nære tabernaklet. Samtalen var mellom to røyster- røyster som Paven tydeleg forstod tilhøyrde Jesus Kristus og djevelen. Djevelen skraut av at han kunne øydeleggje Kyrkja om han fekk ei løyve på 75 år for å utføre planen sin (eller 100 år i fylgje andre kjelder). Djevelen bad og om løyve til å få "større innflytelse over dei som vil gje seg over til teneste for han." Svaret som Vår Herre gav på denne bøna var: "Du skal få tida og krafta."
                Djupt skaka over det han hadde høyrt, forfatta Pave Leo XIII denne opprinnelege bøna til St. Mikael (som og er ein profeti) og gav ordre om at ho skulle resiterast etter alle Lågmesser som eit vern for Kyrkja mot angrep frå helvetet. Det som no fylgjer er den opprinnelege bøna, etterfulgt av nokre kommentarar gjort av Most Holy Family Monastery. Den opprinnelege bøna er henta og oversett frå "Raccolta, 1930," Benzinger Bros., s 314-315. Raccolta er ei samling bøner med imprimatur av den Katolske Kyrkja sine offisielle bøner med avlat.
               BØNA:
Å Herlege Erkeengel St. Mikael, Prins av himmelhærane, vær vårt forsvar i den forferdelege krigføringa som me står i mot herrevelder og Makter, mot heimsens herrar i denne myrke verda, dei onde andane. Kom og hjelp mennesket, som Gud skapa udødeleg, gjort etter Hans eige likning, i Hans eige bilete, frikjøpte frå djevelens tyranni  for ein høg pris.
               Kjemp i dag Herrens slag, saman med dei heilage englane, slik som du allereie har stridd imot leiaren for dei høgmodige englane, Lucifer, og alle dei fråfallne herrevelda, som var kraftlause i kampen mot deg, og som heller ikkje lenger hadde nokon plass i Himmelen. Dette monsteret, den eldgamle ormen, som vert kalla djevelen eller satan, som forfører heile verda, vart kasta ned i avgrunnen med sine englar. Men no har denne fyste fienden og menneskeslaktaren fått att si uforskamma dristigheit. Forkledd som ein ljosengel, vandrar han rundt mellom menneska, og med ein skare av onde andar innvaderar han jorda for å slette ut Namnet åt Gud og Namnet åt hans Kristus, for å fange, øydeleggje og dra med seg ned til evig fortaping dei sjelene som er forutbestemte til å arve ei krune av evig æra. Denne ondarta dragen tømmer ut som ei særs urein flod, gifta av sin eigen ondskap inn i sjelene til menneske med forderva sinn og korrupte hjarte, ein lygnarande, alt som er umoralskt og blasfemiskt, ein forpesta pust av alt som er ureint og av ei kvar last og synd.
              Desse særs listige fiendane har fylt opp og berusa Kyrkja, ektefellen til det lytelause Lammet, med galle og bitterheit, og har lagt sine ureine hender på Hennar høgst heilage eigedelar. På den sjølvaste Heilage Plassen, der den Heilage Stolen til St.Peter har vorte oppsett, Sanningsstolen som eit ljos for verda, har dei røyse opp ei trune av sin eigen avskyelege umoral, med den syndige vona om at når Hyrdingen vert slegen, vert sauene spreidde ikring.
             Stig då fram, Å uslåelege Prins, forsvar Guds folk mot angrepa frå fordømde krefter frå helvetet, og gje dei sigeren. Den Heilage Kyrkja ærar deg som hennar verge og Skyttspatron, Ho ærar deg som hennar forsvar mot ondarta krefter frå helvetet; til deg har Gud overlete menneskesjelene for å verte eveleg grunnfeste i himmelsk herlegdom. Å, be til fredens Gud for oss, at Han må leggje satan under føtene våre, so fullstendig erobra at han ikkje lenger vert skikka til å halde menneske i fangenskap og skade Kyrkja. Ber fram bønene våre for Den Høgste sitt Åsyn, slik at Guds nåder hurtig må forsone oss; og medan du sleg ned dragen, den eldgamle ormen, som er djevelen og satan, gjer han enno ein gong til ein fange i avgrunnen, slik at han ikkje lenger kan forføre nasjonane. Amen

              Sjå der, Herrens Kross: bli spreidde ut de fiendemakter.
              Løva av Juda stamme, Davids rot har sigra.
              Lat di miskunn vere over oss, Å Herre
              som me har site vår lit til Deg.
              Å Herre, høyr vår bøn.
              Og lat mitt rop komme til Deg.
Lat oss be:
Å Gud, vår Herre Jesu Kristi Fader, me kallar på ditt Heilage Namn og ber audmjukt om at Du miskunnar deg over oss, at gjennom forbøna frå Maria, evig lytelaus Møy og vår Moder, og frå den ærefulle Erkeengelen St. Mikael, måtte Du gje oss hjelp mot satan og alle andre ureine andar, som vandrar rundt på jorda til stor skade for menneskeslekta og til forderving av sjelene. Amen

------------------------------------------------------------------------
Dei som les bøna (og særskild dei understreka delane) kan sjå at Pave Leo XIII på fantastisk vis forutsåg og profeterte om det store fråfallet, og han utsåg at dette fråfallet skulle verte leia frå Roma- Roma som åleine er "Den Heilage Plassen sjølv, der det Apostoliske Sætet til den Heilage Peter og sanningsstolen som eit ljos for verda står." Pave Leo XIII såg heilt tydeleg at denne staden (Vatikanstaden i Roma), der sætet til Peter vart sett opp av den fyste Paven, St.Peter sjølv, kom til å verte trune for satans avskyelege umoral, med "den syndige vona om at når Hyrdingen (den sanne Paven) vert slegen, vert sauene (dei trufaste Katolikkane) spreidde ikring." Pave Leo XIII forutsåg ikkje eit avhopp av den Katolske Kyrkja frå den sanne trua (noko som er umogeleg ettersom helvetes portar aldri skal stå seg mot Kyrkja-Matt 16) og heller ikkje eit avhopp frå trua av Petri Stol (som og er umogeleg). Nei, han forutsåg då heller implementeringa av ein apostatisk, forfalska Katolsk religion frå Roma, der "Hyrdingen" (den sanne Paven) vert bytt ut med ein plyndrar og anti-pave (noko som har skjedd av og til i Kyrkjehistoria), med den syndige planen å "spreie sauene rundt ikring."
              Pave Leo XIII si bøn forutsåg og at satans ureine apostatar kom til å leggje hendene sine på "Kyrkja sine aller heilagste eigedelar." Kva er Kyrkja sine aller heilagste eigedelar? Dei heilagste eigedelane til Kyrkja er dei som Kristus gav henne: fyst og framst å eige den sanne trua (med alle hennar dogmer) og dei sju Sakramenta innstifta av Herren Jesus Kristus sjølv. Difor forutsåg Pave Leo si bøn forsøket på å øydeleggje forvaringa av den sanne trua med II Vatikankonsilet og dei nye sakramentale ritane som den etterkonsiliære Vatikankyrkja har komme med. Antipave Paul VI som la sine ureine hender på Kyrkja sine sju heilage Sakramentriter, noko han byrja med i april 1969, med det resultatet atein fekk ei ugyldig Ny Messe, ei ugyldig ny rit av ordinasjonar/kallelsesvigsler og særs tvilsomme riter av Konfirmasjon og Siste salvelsen, noko som har oppfylt Pave Leo XIII si profetiske bøn bokstav for bokstav.
             I 1934 vart denne fantastiske bøna av Pave Leo XIII (slik ho vart gjengjeven ovanfor) endra utan forklaring. Lykkjelfrasene som refererar til fråfallet i Roma vart fjerna. Ikring same tid (no som Pave Leo XIII hadde vore død ei tid), vart bruken av Pave Leo XIII si bøn til Erkeengelen Mikael etter kvar Lågmesse bytt ut med ein heilt ny komposisjon, den no so velkjende redigeringa St. Mikael-bøna som framleis ber Paven sitt namn, men som tydeleg ikkje var skriven av Paven. Denne bøna går slik:

"St. Mikael Erkeengelen, forsvar oss i slaget. Vær vår beskyttar mot ondskapen og snarene til djevelen. Måtte Gud irettesette han, det er vår audmjuke bøn. Og måtte du, Å Prins over himmelhærane, gjennom Guds kraft, kaste ned i helvetet satan og alle onde andar som vandrar gjennom verda for å forderve sjelene. Amen."

Det er ikkje noko gale med denne bøna i seg sjølv, tvert imot er det ei bøn somn er både god og effektiv. Derimot er poenget at dette ikkje er den opprinnelege bøna til St. Mikael som Pave Leo XIII forfatta og gav ordre om skulle resiterast etter kvar ende Lågmesse. Ho vart promulgert som ei erstattning, slik at dei trufaste ikkje skulle kjenne til det fantastiske innhaldet i den opprinnelege bøna, som skildra ovanfor. Om den opprinnelege bøna til St. Mikael hadde fått stå fast etter kvar ende Lågmesse og ikkje undertrykt i 1934, kor mange fleire millionar skulle ikkje då ha vorte rørde til motstand då antikyrkja prøvde å systematisk bryte ned den Katolske Trua og Messa etter II Vatikankonsilet?
                Pave Leo XIII si opprinnelege bøn til St. Mikael passar og perfekt ilag med vår Frue i La Salette si kjende openberring og profeti i 1846: "Roma vil miste Trua og verte sætet for antikrist...Kyrkja vil verte i ein eklipse." Pave Leo sine ord fremjar at antikrist i eigen person, eller i det minste antikrist sine eigne styrker, ville sette opp sitt sæte i Roma, "På sjølve Heilagplassen, der Stolen til den Heilage Peter er sett opp..har dei røyst opp ei trune av sin eigen avskyelege umoral.."
               Katolikkar må fatte mot i desse profetiske åtvaringane som himmelen har gjeve oss, som tydeleg forutseier våre dagar. Me må lite på Gud og at Han framleis er med si Kyrkje, slik som Han har lova å vere so lengje verda står og i all eve. (Matt 28) Han kjem aldri til å tillate at Kyrkja vert fullstendig utsletta eller fell i kjetterske lærer. Der vil alltid vere ein rest av Katolikkar som held på den heile og sanne Trua og som ikkje kompromissar med vranglærer, slølv om Gud har tillete satan , som ei straff for syndene til mennska i desse siste tidene, styrke til å innvadere og ta over skular, presteseminar, høgskular, universitet, kapell og byggnader som ein gong tilhøyrde den Sanne Katolske Kyrkja. Gud har tillete satan å ta til seg og ta over desse strukturane, og å fylle dei med ein ikkje-Katolsk fråfallen religion som ikkje er Katolsk men som har kapra namnet. Me må stå opp imot denne forfalska "katolske kyrkja", som er skapa av satan, og freista å bringe menneske attende til den sanne Katolske Kyrkja (som vart skipa av Jesus Kristus og som ikkje kan øydeleggjast), og som alle treng å tilhøyre for å verte frelste.

mandag 9. august 2010

Dei skadelege usanningane som kjettarar kjem med! (G.Savonarola 1497)

Tida er no komme for å sjå nærare på saka om kjettarar, som, sjølv om dei sannar Kristus og Evangelia, held på mange usanningar. Det skulle ta for lang tid å attendevise kvar ende heresi. Då det likevel er so mange lærde forfattarar som har tekje tak i denne oppgåva, tenkjer eg berre ved hjelp av sunn fornuft å motbevise nokre av dei felles prinsippa som dei alle feilar i.
          Fyst vil eg syne at det er naudsynt at Kyrkja vert styrt berre av eit hovud. For, om kjettarar trur at Gudommeleg forsyn styrer verda og særskild Kyrkja, som har skrive historia si med slike store undergjerningar, vert dei nøydde til å vere konsekvente og innrømme att styreforma som Herren over alle ting innførte må vere den beste. Då er den beste styreforma monarkiet; for gjennom det vert ein nasjon samanskipa i einskap, i mykje større grad enn ei styreform som er administrert av mange. Det er då ein sjølvsagt ting at einskap og fred er målet for styresmakta. Difor, då styresmakta til Kyrkja er den beste styresmakta, må styresmakta hennar vere eit monarki.
           Det er tydeleg at lågare styresmakter berre fylgjer dømet frå høgare styresmakter; og jo meir dei liknar høgre styresmakter, jo meir perfekte vert dei. Difor vert den militante Kyrkja (Kyrkja på jorda) si styreform, som er forma etter den triumferande Kyrkja (Kyrkja i Himmelen) som er styrt av Gud åleine, administrert av ein totalitær leiar.
             Det seier og seg sjølv at overnaturlege ting er styrte med meir perfekt hand enn naturlege ting. Me kan sjå tydeleg i naturen at dei styreformene som finnst der er krinsa ikring ein leiar. For bier har berre ei bidronning og lemmane på kroppen vert regulerte av eit hjarta. Difor må Kyrkjestyresmakta som står over desse naturlege fenomena, då ho er overnaturleg, vere overlegen alle andre styresmakter, og verte administrert av ein leiar åleine.
             Alle kjettarar er samde med oss i at dei trus på enten berre Nytestamentet eller Nytestamentet og Gamletestamentet i lag, sjølv om dei skiljer seg frå oss i tolkninga av Skrifta. Men både i Det Nye og Det Gamle Testamentet vert det tydeleg sagt at Kyrkja berre skal ha ein leiar. Hosea 1:11" Folket i Juda og folket i Israel skal slå seg saman og ta seg ein hovding i lag." Joh 10:16 "og det skal bli éin flokk og éin gjetar." Ingen ved sine fulle fem kan hevde at dette skulle bety at etter at Kristus for opp til Himmelen, var det Han som skulle vere Kyrkja sitt hovude på slikt vis at me ikkje treng eit jordisk hovude. For om dette var tilfellet skulle Han ha skapt uendeleg stor forvirring og splittelse, og me skulle ikkje ha noko høve til å løyse
spørsmål og alle dei ulike meiningane som kjem fram når det gjeld tru og moral, som elles skulle ha komme opp mellom Kristne. Det er og difor Herren tala til St.Peter åleine då Han sa "Fø mine lam." (Matt 21:18) og igjen i Luk 22: 32 "Men eg bad for deg at trua di ikkje måtte svikta. Og når du ein gong vender om, så styrk brørne dine!" Her kjem det tydeleg fram at Han sette Peter til å vere Hans vikar. Han beviste denne intensjonen enno meir tydeleg då Han sa: "Og det seier eg deg: Du er Peter, og på dette fjellet vil eg byggja mi kyrkje, og dødsrikeportane skal ikkje få makt over henne. 19 Eg vil gje deg nøklane til himmelriket; det du bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og det du løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen." (Matt 16:18-19.)
              Det kan ikkje verte antatt at Kristus gav dette embetet til St.Peter åleine, utan å rekne med etterkomarane hans, for Han sa då sjølv at Kyrkja skulle stå seg for alltid etter den ordninga som Han sjølv oppretta. Då Han tala til læresveinane, og gjennom dei sa til alle dei trufaste "Sjå eg er med dykk alle dagar så lenge verda står." (Matt 28:20) og igjen gjennom Jesajas munn: "7 Så skal herredømet verta stort og freden utan ende over Davids kongsstol og over riket hans. Han skal grunnfesta det og halda det oppe med rett og rettferd frå no og til evig tid. I sin brennhug skal Herren, Allhærs Gud, gjera dette." (Jes 7:9) Desse passagane indikerer tydeleg at embetet gjeve av Kristus til St.Peter, for å spele ei viktig rolle og vere naudsynt i Kyrkja, skulle vere ei evigvarande ordning, ja hennar evige garanti. Det er difor sjølvsagt at då St.Peter vart utvald til å vere vikar for Kyrkja og gjetaren for heile Kyrkja, so må alle etterkomarane hans arve denne makta. Og, då Biskopen av Roma er innehavar av Peters embete, må den Romerske Kyrkja vere Mor og leiar over alle kyrkjer, og heile den trufaste lekamen må vere i einskap med den Romerske Pontifeks. Den som på eit eller anna hald er usamde med hans lære i doktrinene til den Romerske Kyrkja, skiljer seg frå Kristus og fylgjer svingete vegar. Og nett som alle kjettarar skiljer seg frå Kyrkja si lære, har dei alle vingla seg av den rake vegen og er uverde det Kristne namnet. For gjennom kjattarar meinar me alike som vrir og vender på Skriftene og velgjer seg ut ein eigen religion og hardnakka held fram i eigne vranglærer.
            Det er ofte sagt at "sanningar fylgjer sanningar, og sanningar stadfester kvarandre." Men kjettarar er so fullstendig usamde med kvarandre at dei knappt har noko felles. Nei, dei tek då heller og kranglar med kvarandre, og ikkje eit ende fast argument vert funne i lærene deira. Dette i seg sjølv, er bevis for at dei har vandra vekk ifrå sanninga. Men lærene i den Romerske Kyrkja, når det gjeld tru og moral, er eitt! Og hennar doktarar "sjølv om dei er tallause, er alltid samde, og ynskjer heller ikkje å skilje seg frå sanninga."
              Kristi Kongerike og den Militante Kyrkja vil vare so lenge verda står. Nei, lenger, sjølv etter at jorda vert gjort ny, vil dette Kongeriket stå seg i den Triumferande Kyrkja. Nett slik som mange kjettarar har røyst seg mot den Romerske Kyrkja, og har vorte knuste gong på gong, er det klart at dei ikkje kan ha vore med å forme Kyrkja og at lærene deira ikkje kjem ifrå Gud.
              Dessutan syner det seg at mange kjettarar levde syndige liv, og at dei difor ikkje kjem frå Gud. Ikkje ein ende av desse kjettarleiarane har vorte æra som Helgen i Kyrkja, dei som til og med vert æra for beina og oska si, og som får dødsdagen sin minna gjennom pris for eit heilagt liv.
              Kjettarar fell og i tallause vranglærer, ikkje berre når det gjeld Heilage Skrifter men og når det gjeld sunn fornuft og sann filosofi. Dette er berre enno eit bevis for at læra deira ikkjer inspirert av Gud. Men det er ikkje naudsynt å halde fram å diskutere lærene deira, då dei har vorte so grundig avviste av dei heilage doktarane. Og dei kjetterske doktrinene deira (eg snakkar om dei som offentleg har angripe Kyrkja), har vorte nestan heilt og fullt utrydda. Dette i seg sjølv er eit bevis for at dei ikkje kom ifrå Gud.               

              
      

torsdag 5. august 2010

Mirakeltropp!

I Loretto, New Mexico vart det i 1872 bygd eit kapell kalla "Our Lady of Light Chapel" som skulle brukast av Loretto Systrene. Men arkitekten P. Mouly hadde unnlete å byggje ei tropp mellom fyste etage og galleriet, då han tenkte å lage ein inngong til galleriet frå klosterskulen som låg attmed. Men dette vart aldri gjort. Problemet med å byggje ei tropp var at ho skulle ta opp store delar av kapellet og ein stige var ikkje løysinga, då nonnene gjekk i side kappar. Etter å ha venta på ei løysing på problemet i 5 år, bestemde nonnene seg for å be ein novena (bøn 9 dagar i strekk etter døme frå Apostlane og Guds Mor som bad 9 dagar i strekk innan dei fekk Heilag Anden på pinsedagen) til St. Josef, snikkaren, for å få ei himmelsk løysing på dette jordiske problemet. 
           På den siste novenadagen dukka det brått opp ein gråhårig mann på eit esel, med eit skrin fullt av verktøy. Han spurte etter Abedissa, presenterte seg og tilbydde henne å byggje ei tropp, men berre om ho lova å aldri avsløre kven han var. Denne lovnaden held ho på alltid. Mannen bygde troppa på kort tid og med lett hand. Han brukte berre ei sag, ein hammar og T-vinkel. Nonnene kunne og sjå korleis han la trebitar i lange rør med varmt vatn. Då han var ferdig kalla han alle inn i Kapellet for å sjå troppa. Gleda var stor, og midt i oppstyret forsvann snikkaren. Han synte seg aldri meir for dei og sende heller aldri noko rekning. Folk byrja å tru at det måtte vere St. Josef sjølv som hadde komme og bygd troppa.
          Men det som var so fantastisk med denne spiralforma troppa, var ikkje berre kven som bygde henne, men og korleis ho var bygd. Arkitektar, snikkarar og ulike skeptiske fagfolk kom for å sjå på troppa, og alle undra på kven som hadde bygt henne og kva materiale han hadde nytta. Til i dag har ingen kunne forklare kvifor troppa framleis held seg like fin, kva slags materiale som er brukt og kva det er som gjer at konstruksjonen ikkje kollapsar. Troppa vart då brukt dagleg i 85 år og det er ingenting som held henne oppe. Det er berre ein spiral halde oppe av luft.. Vitjarar frå Midtausten har påstått att treslaget eksisterar i deira region men ingen har kunne bevise dette..
          Troppa er vel 7 meter høg, har 33 troppesteg (Jesu alder då han vart Krossfesta) og svingar seg perfekt i 360 grader utan sentralstøtte. Troppa er bygd utan spikar og vert halde ihop av trepluggar. Treet er skjøtt ihop på 7 plassar på innsida og 9 på utsida, og kvar del kurvar seg perfekt. I dag står det eit hotell på eigedomen, men eigaren har lete kapellet stå urørt på grunn av den mirakuløse troppa.

Følgere


Vitjarar