TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

mandag 12. april 2010

Gud åtvarar og straffar mykje i desse dagar.

Eg er ikkje åleine om å registrere at mykje gale har skjedd i verda den siste tida. Det går særskild hardt ut over Novus Ordo land, men og andre land vert råka. I går var det Polen sin tur, då dei mista 88 viktige personar innan regjering, militære og finansverda. Polen, som ein kan takke for at dei forhindra muslimane i å komme til oss i gamle tider, har og vorte eit umoralsk land, mest på grunn av Novus Ordo,  men og fordi tyskeigde fjernsynskanalar har pervertert ein ny generasjon polakkar. Polen gav då og verda antipapaen JPII, som vert mesta avguda av religiøse polakkar og kvifor skulle Gud velsigne noko av dette? Det vert i alle høve interessant å sjå korleis dette kjem til å utarte seg, då relasjonen mellom Russland og Polen er særs spend som det er. Antalet jordskjelv, oversvømmingar, jord- og leirras og sunamivarslingar har auka siste tida. Det fyste som kjem i tanken er Novus Ordo landet Haiti. Der er nokre protestantar og, men majoriteten er "so kalla" katolikkar, og det er desse som og held på med VOODOO..Rundt 80% av innbyggjarane. Landet går no ei myrk framtid i møte. Då tenkjer eg ikkje berre på alle som er døde, men og alle dei friske ungane som vert vekkadopterte, og ein generasjon av unge invalide som veks opp. Er det noko som er meir destruktivt for eit land sin økonomi enn slike faktorar? Novus Ordo landet Mexico har og vorte råka siste tida, det same gjeld Brazil og Chile. Og so er det då påfallande med Calefornia, kanskje Sodoma nr 1 i verda idag. Men mange område vert råka, og det er tydeleg at Gud både straffar og åtvarar.
               Kva med dei nordiske landa? Me held vel på å utrydde oss sjølve om me ikkje får opp talet på fødslar snart. Men det som er mest påfallande er den høge muslimske innvandringa. Lat oss sjå på eit anna døme; Serbia og Kosovo-provinsen. I 1949 importerte landet 75 000 muslimar som arbeidskraft. I dag har desse 75 000 auka til dryge millionen. Ikkje pga auka innvandring, men pga barnefødslar. Kosovo er i dag ein eigen nasjon etter heftige blodbad og Europa har fått sin 3.muslimske nasjon. Offisielt i Noreg er det 70 000 muslimar i dag. Men alle skjønar at dette ikkje stemmer. Det er berre å leggje ihop alle pakistanarar og somaliar so er du allereie oppe i 70 000 pers. Eit anna tal er 200 000, eller 4,3% av innbyggjarane. Men ein skal vere ganske organisert av seg, ha søkt om statsstønad osv for å verte registrert som muslim so talet kan vere mykje høgre, og dessutan har du alle dei nordmenn som gifter seg med muslimar og får born som vert muslimar, eller dei som konverterar til islam og kjem til å konvertere til islam i den komande tida fordi dei veks opp i meir eller mindre muslimske område. Eller Sverige, verdas mest organiserte og statistiske land.. det ende dei ikkje fører statistikk over er religiøst tilhøyre. Den største moskeen i Malmø har 70 000 medlemmar. Sveriges muslimske råd reknar med at dei har 350 000 muslimar i landet, men andre røyster hevdar at talet allereie er oppe i 1 million. Minst 25 % av alle som bur i Malmø er muslimar. Du har skular med 1000 elevar, der berre 2 elevar er svenske. Eg har sjølv muslimar i slekta, eg har budd i innvandrar område og som vaksen har eg budd nokre år i Midtausten. Dei nye generasjonane vert ikkje akkurat mindre religiøse, heller meir religiøse. Dei siste ti åra har t.d. vel 100 000 brittar og franskmenn konvertert til islam. Danmark har og mange konvertittar, mest ungdommar. Norske muslimar er heller ikkje ambivalente slik som medlemmar i Norske Kyrkja er. Etter Muhammedkarikaturane var det meterlange køar ut frå Flesland, ja, til og med ned rulletrappene. Køar av muslimar som skulle flyge til Oslo for å demonstrere. Kor mange protestantar eller novus ordo-ar protesterte på same vis når Otto Jespersen brende Bibelen for moroskuld? Då eg budde i eit svensk innvandrar område ei tid, fekk eg med meg (frå kjøkenglaset mitt) fleire bilbrannar, steinkasting på bussar, gjengbråk, knivdrama og månadlege vitjingar i trappeoppgongen av politi med narkohundar. Naboen kasta kona si ut av vidauget frå 5. etage slik at ho døydde.. Fleire gonger var eg den ende kvinna utan burka eller hijab på bussen. Nokre slektningar av meg i eit innvandrarområde fekk stole hagemøblane sine og grinda si. Der låg ein slaktarkniv ein dag i porten og der var lagt ut teiknestiftar som pungterte barnevogna. Det er berre eit tidsspørmål før muslimane vert i fleirtal. Men Gud kan jo slå oss alle med pest og kolera før den tid. Kven veit kva som ligg i framtida. Her er ein film alle burde sjå: "What the West need to know about Islam." http://video.google.com/videoplay?docid=-871902797772997781# Uansett, me har nok av grunnar til å faste, gjere bot og be for landet vårt, for våre eigne synder og syndene til fedrane våre. Gud, som er rettvis, har all grunn til å straffe oss for syndene våre. Her er og eit youtubeklipp frå ei CBN-vitjing i Malmö:

10 kommentarer:

  1. Jeg skjønner ikke helt virkelighetsoppfatningen din..

    Mener du ulykker er Guds straff?

    SvarSlett
  2. Sjølvsagt! Ta berre dømet i Apg når Peter dømer Ananias og Safira for å ha halde unna pengar. Dei vert straffa med døden. Bibelen er full av slike eksempel. Som når Herrens Engel slaktar 185 000 på ei natt. Eller plagene i Egypt.

    SvarSlett
  3. Betyr det da at vi t.d ikke skal sende nødhjelp til katastrofeområder siden vi på sett og vis da tar bort effekten av Guds straff?

    SvarSlett
  4. Nei, eg skulle hjelpe alle som kom i min veg uansett kven dei var, slik Jesus fortel at den miskunnsame samaritanen gjorde. Men når Jesus seier at me skal hjelpe dei fattige, sjuke osv. so er det fyst av alt andeleg. Den som ikkje er på veg til himmelen må få hjelp å koma dit gjennom å få kjennskap til Kyrkja. Kva godt har eg gjort for nokon om dei får drikkevatn og ikkje levande vatn? Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda men tapar si sjel? Dessutan er det ikkje lett å finne ein hjelpeorganisasjon ein kan støtte i dag. Stort sett alle hjelper til med "sikre abortinngrep" og utdeling av kondomar og slikt. Som Katolikk kan eg ikkje sende pengar til slike organisasjonar. Berre no på Haiti sende hjelpeorganisasjonane pallar med p-pillar. Men Gud straffar og i sin nåde ofte, slik at me skal vakne opp. For menneske som berre har det bra vil ikkje alltid audmjuke seg og søke Gud. Uansett kva Gud gjer med oss, så gjer Han det i sin Visdom.

    SvarSlett
  5. Er ikke du da illojal mot Gud om du hjelper "alle som kommer i din veg", når han sendte plager nettopp for å straffe vedkommande?

    SvarSlett
  6. Nei, for om Gud ikkje ville at nokon skulle hjelpe dei i naud, so hadde Han vel straffa dei på ein slik måte at ingen kunne hjelpe dei, t.d. med ein sjukdom som ingen kan gjere noko med, eller rett og slett med døden. Alt heng i hop. Andre si liding kan og vere eit tilfelle for Kristne å gjere gode gjerningar og slik høve for dei Kristne til å arbeide på si eiga frelse, ettersom me vert frelste av tru og gjerningar. Dessutan, om ein gjer gode gjerningar imot fiendane sine, so hender 1 av 2 ting: Anten omvender dei seg, og Guds tukt/straff imot dei fører til at dei omvender seg og får evig liv. Eller: Dei omvender seg framleis ikkje, og då fører mine gode gjerningar imot dei til å samle glødande kol på hovuda deira (som det står i Bibelen), altso vert dei berre endå hardare straffa for at dei ikkje omvender seg når dei får ekstra nåde. Alt heng i hop. Dessutan kan Gud straffe/tukte Kristne og, anten for deira eigne synder, eller for at dei er so heilage at dei får i oppgåve å gjere bot for andre sine synder. Gud straffar og alle er kalla til å hjelpe dei som kjem i vår veg.

    SvarSlett
  7. Er du gift? Synes din mann at du gjør gode gjerninger eller er enig med deg i alt?
    Hvor mange barn er du villig til og ha?

    SvarSlett
  8. Visste du at fram til 1930-talet, so var det ingen protestantiske grupper som godtok prevensjon heller? Men so kom den anglikanske gjengen med eit forslag om å innføre det. Og med den seksuelle revolusjonen spreidde det seg som pesten, t.o.m.blant protestantar. Ein gifter seg for å få born fyst og framst, det andre er berre ein extra bonus. Ein lever ikkje for seg sjølv fyst, går du inn i ekteskapet er det eit kall det og. Ei stor oppgåve.. So mange born som det blir! Det er dessutan noko heilt moderne å tenkje på born som ei bør meir enn ei gåve.

    SvarSlett
  9. Disse overbevisningene ekisterer kun i ditt hodet!

    SvarSlett
  10. Eg er einig med deg i at islam er eit trugsmål mot fred og tryggleik i vårt land.

    Når ulukker råkar menneskja, kan det vere av di det er ei straff fra Gud. Straff er ikkje einaste grunnen til at Gud let menneskjer lide. I Jobs bok kan ein lesa historia om ein mann som levde rett, men vart råka av di han skulle prøvast. Slike prøvingar kjem over menneskja av di dei skal velje mellom Gud og det onde når dei kjem under press. Veljer dei Gud, vert dei styrka i trua si.

    Meninga med livet på Jorda er at vi skal velgje mellom Gud og det onde som drar oss vekk frå han. Velgjer vi Gud, må vi gjøre alt vi kan for å halde oss til han fordi det finst så mye som dreg motsatt veg.

    Synd kan godt føre til sjukdom, men det treng ikkje vere den sjuke si eiga synd eller foreldra si synd som er årsaka til sjudom. Johannes 9,1-3. "Da Jesus kom gående, så han en mann som var født blind. 2 Disiplene spurte da: «Rabbi, hvem er det som har syndet, han selv eller hans foreldre, siden han ble født blind?» 3 Jesus svarte: «Verken han eller hans foreldre har syndet. Men nå kan Guds gjerninger bli åpenbart på ham."

    Om ein trur at det ikkje kan vere andre årsaker enn eigne/foreldra sine synder til sjukdom, hevdar ein indirekte at folk har synda og dømmer på feil grunnlag. Då støyter ein folk vekk i staden for å hjelpe folk til tru på Jesus. Vi har eigentleg ingenting med å dømme Gud som er heilt rettferdig. For ingen vaksne menneskje har nokon gong vore utan synd, unnateke Jesus. Han skal vere vårt føredøme til å hjelpe menneskje, og vi skal ikke setje oss til doms over dei.

    SvarSlett

Følgere


Vitjarar