KVA ER Sedevacantisme?
For det fyste, so er eg alltid i tvil om eg skal nytte nemninga "sedevacantist" om meg sjølv. Eg er ein Katolsk tradisjonalist som utifrå den informasjonen eg har antar at Kyrkja er inne i ei ståe av å ikkje ha ein pave i skrivande stund. Det kan sjølvsagt finnast ein sann, legitim pave i løynd eller exil der ute i verda.. men om dette er ståa, so kjenner eg ikkje til det og kan difor ikkje gjere anna enn å sanne at det er sansynleg at Kyrkja er inne i ein so kalla sedevacans. Det er altso ikkje slik at sedevacantistar tilhøyrer ei sekt eller ein organisasjon som har brote med Kyrkja for å fylgje etter ein sterk leiar eller ein sjølvutnemnd pave. Der finns nok av slike sekter i dag, som SSPX, SSPV, CMRI osv..Eller "pave Michael" som vart "valgt til pave" av foreldra sine og ein kompis, som bloggar og ser på jeopardy på fjernsyn.. Ein riktig skrue. Ordet Sedevacanse betyr at "Stolen er ledig" og indikerar at me ikkje har ein pave nett no.

2) Er sinnsjuk
3) Er kvinne
Der har vore vel 42 slike antipavar gjennom tidene, og dei har vorte avslørte med tida. Dette er noko som heile den Katolske Kyrkja veit om. Problemet idag er at heile gjengen som regjerar i Vaticanet i dag er slike heretikarar. Me har ein anti-pave, anti-kardinalar og ei anti-kyrkje som utgjev seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja. Rom har verkeleg blitt "Babylons Hore." Heile elendigheita byrja med at modernistar og frimurarar sneik seg inn i Kyrkja. På 60-talet introduserte dei "Det 2.Vatikankonsiliet." Eit Kyrkjemøte for alle leiarane i den Globale Kyrkja under leiing av Paul VI. Under dette møtet endra dei på alt som går å endre på. Dei endra på trua, på liturgien i Messa slik at ho idag ser ut som ei protestantisk gudsteneste, og på prestevigslinga og biskopsordinasjonane. Resultatet er at alle utanfor Kyrkja vert frelste (ifylgje anti-kyrkja) gjennom ignoransen åleine, berre dei fylgjer sitt eige samvite, og at alle religionar ber til den same guden. Difor kan ein sjå alle desse anti-pavane som har vore sidan 1960-talet gå rundt og be med alt frå jødar og muslimar til shamanar og djevledyrkarar. Katolsk lære? Nei! På grunn av at Messa vart endra, vert ikkje lenger brødet og vinen forvandla til Kristi kjøt og blod. På grunn av endringane i preste- og biskops ordinasjonane har dei ikkje lenger den salvelsen som dei treng for å utøve si teneste og distribuere fungerande sakrament. Og på grunn av at trua er endra, er dei utanfor Kyrkja og difor vert alt dei gjer utan frukt og verknad enten dei gjer det rett eller ikkje. Ei tru! Vil du vere i Kyrkja må du tru som Ho. Om du fylgjer 2.Vatikankonsiliet sine anti-pavar må du tru som dei. Men dei trur ikkje som Kyrkja gjer. Du må difor velgje mellom Kyrkja og dei. Eg vel Kyrkja og den trua som alltid har vore, den som aldri endrar seg. Ein del forvirra mennesker tenkjer at "det går jo ikkje å ha ei Katolsk Kyrkje utan ein pave?" Men det har gått før, og det går no. Me har læra til Apostlane, Kyrkjemøte og alle pavane som har levd tidlegare. Me fylgjer dei. Kanskje får me ein pave til slutt. Kanskje kjem Jesus att før den tid. Det er ikkje me som skal løyse problemet. Gud har straffa oss for syndene våre, og Han løyser floka når Han vil. Skal me lage oss ein gullkalv slik Israelittane gjorde når Moses vart lengje vekke? Nei, me skal tilbe den Sanne Guden mens me ventar.

For dei som ynskjer å lære seg meir om detaljane og dei Kyrkjelege dokumenta kring læra om sedevacans og korleis ein kan identifisere ein kjettar, til og med når han hevdar å være "Pave", so anbefalar eg fylgjande bloggartiklar i denne rekkjefylgja:
1) http://kvitekristkvinne.blogspot.com/2010/09/korleis-kan-ein-vite-om-nokon-er-ein.html
2) http://kvitekristkvinne.blogspot.com/2010/09/kven-kan-ikkje-verte-pave-og-kan-ein.html
3) http://kvitekristkvinne.blogspot.com/2010/10/kan-ein-pave-verte-ein-kjettar-og-kva.html
4) http://kvitekristkvinne.blogspot.com/2010/10/bevis-som-avslyer-ii-vatikankonsiliumet.html
5) http://kvitekristkvinne.blogspot.com/2010/10/fleire-bevis-mot-novus-ordo-og-joseph.html