TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

tirsdag 28. desember 2010

Gode ord!

Det vert ikkje alltid so mykje tid til å blogge i høgtider..
Men her kjem nokre oppmuntrande ord om ymse tema, som er vel verde å leggje seg på minne:

1)Om Rosenkransen:
Syster Lucia frå Fatima: "Sjå, Fader, den Høgheilage Møya har i desse siste tider som me lever i gjeve oss ein ny verknad ved resitasjonen av den Heilage Rosenkransen. Ho har gjeve denne verknaden i slikt mål at der ikkje finnst eit ende problem, uansett kor vanskeleg det måtte vere, sjølv om det er timeleg eller, framfor alt, andeleg, i det personlege livet åt kvar og ein av oss, hjå familiane våre, hjå familiane i verda eller hjå dei religiøse samfunna, ja, til og med i liva åt folkeslaga og nasjonane som ikkje kan løysast ved Rosenkransen. Der er ikkje eit ende problem, seier eg deg, uansett kor vanskeleg det måtte vere, som me ikkje kan løyse gjennom bøna ved den Heilage Rosenkransen. Med den Heilage Rosenkransen, vil me frelse oss sjølve. Me vil heilaggjere oss sjølve. Me vil trøyste Vår Herre og oppnå frelse for mange sjeler." (frå 1957 intervjua med Fader Fuentes.)

2)Til ein som aksepterar II Vatikankonsiliumet frå ein sedevacantist:
Me trur det som de ein gong trudde.
Me tilbed slik de ein gong tilba.
Om de hadde rett då, har me rett no.
Om me tek feil no, tok de feil då..

3)Om Kyrkja si rolle:
Me treng ikkje ei Kyrkje som vert flytta på av verda.
Me treng ei Kyrkje som flyttar på verda.
(We don't need a Church that moves with the world, we need a church that moves the world.)
-Chesterton.

4)Kristendomen og islam:
Muslimske "martyrar" drep for trua si.
Kristne martyrar døyr for Trua si.

fredag 17. desember 2010

Generelt om Tradisjonen! av Msgr. George Agius, frå boka "Tradisjon og Kyrkja" år 1928

Msgr. Agius (1873-1962) kom frå ei lita øy kalla Gozo, utanfor Malta. Han hadde to doktorgrader, ei i Teologi og ei i Kanonisk Lov og gjekk i klasse på universitetet med den komande Pave Pius XII. Han døydde same år som det II Vatikankonsiliumet byrja (ei Guds nåde for han sin del at han slapp å sjå dette juksekonsiliumet..) etter å ha verka 67 år som Prest.

2 Tess 2:14 "Så stå då støtt, brør, og hald fast på det som de har teke imot og lært av oss, anten munnleg eller i brev."

Generelle forestillingar om Tradisjon!
Med Tradisjon meinast alt som vert overlevert, og dessutan vegen og verkemiddela som objektet vart gjeve oss gjennom.
Den rette kjelda for Openberring er Guds Ord, som både er skrive og uskrive. Det skrivne Ordet er oppbevara i Skrifta; det uskrivne Ordet i Tradisjonen.
              Når me talar om det uskrivne Guds Ord, meinar me ikkje at det aldri har vorte nedskrive, men at det aldri vart nedskrive av den mann som Gud openberra det for. Det vart gjort til eit skriftleg dokument etterpå av vedkommande sine læresveinar, eller av andre som høyrde det frå vedkommande sine lepper.
              Ordet tradisjon, når ein tenkjer på det som eit objekt, tyder kva det skulle vere som vert overlevert eller sendt vidare; i denne meininga vert det kalla for aktiv Tradisjon. Denne aktive Tradisjonen inkluderar då naudsynt objektet som vert overlevert til oss. På same vis utgår objektet Tradisjon frå at me har ein aktiv Tradisjon, og at han ikkje kunne ha nått fram til oss utan denne. Me må difor alltid ta imot Tradisjonen som denne komposisjonen, det vil seie; som samansett av to delar- handlinga av overføring og det som faktisk vert overført. Ein tradisjon som vert tilnærma i sitt objekt mister alt verde utan den aktive tradisjonen som overleverte han. Me kan verken forklare eller forstå ein tradisjon utan kjennskap til kjelda, handlinga, vegen og middela som han nådde oss gjennom. I dei komande sidene må Tradisjon difor alltid skjønast som ikkje berre ei akseptert doktrine, eller ein skikk som var rådande på Apostoliske tider, men og som vegen og middela som denne læra eller skikken har komme til oss gjennom.
              For å gje eit døme, so nemner ikkje Skrifta kva dag det var som Jesus Kristus vart født. Men ein gammal Tradisjon fortel oss at Guds Son, som menneske, vart født den 25.desember. Sjå, dette er objektet av ein Tradisjon. Kyrkja aksepterte og sette denne datoen som tidspunkt for feiringa. Kristne- i lydnad til Kyrkja- har observert denne Tradisjonen kvart ende år etter at Kristus for opp til Himmelen. Sjå, den aktive Tradisjonen. Dette er dei to elementa: Trua på at Jesus vart født den 25.desember; og den utlærande Kyrkja som sette datoen for feiringa av høgtida.
              Observasjonen av Påske, fredagsfasta (då ein avstår frå kjøtmat), feiringa av Sundag istadenfor laurdag... På desse områda er Skrifta stort sett tyst. Men Tradisjonen fortel oss at slik vart det gjort på Apostoliske tider.Kyrkja godkjende sedane og førte dei vidare frå generasjon til generasjon, like fram til vår eiga tid. Apostlane skreiv ikkje om dei. Kvifor skulle dei det? Dei vart vurderte som noko sjølvsagt. Nokre av dei tidlegaste Kristne, læresveinane åt Apostlane, og i visse høve desse sine læresveinar, var dei som skreiv om dette for å innprente i dei Kristne frå si eiga samtid kva det var Apostlane hadde lært ut og forkynt. Det same gjeld andre disipliner og doktriner som ikkje hadde vorte nedskrive, men som vart trudd og praktisert.
                 Difor, kvar ende gong det er tale om Tradisjon generelt, meinar me alltid denne "Komplekse Tradisjonen"- objektet med overføringsmetode, det vil seie, med Kyrkja som gjev det verde og autoritet. Begge går i lag, som filosofane seier, som materie og form. Det er på dette viset som Kyrkjemøtet i Trient skjøna og vurderte Tradisjonen. Dei erklærte høgtidssamt: "All openberra doktrine og disiplin er og oppbevara i den uskrivne Tradisjonen, som me har motteke gjennom Apostlane frå Kristi eigen munn, eller frå dikteringa av den Heilage Ande gjennom dei same Apostlane, som har nådd oss som om det hadde vorte gjeve til oss.".."dei same Tradisjonane, som høyrer til Trua og disiplinar, oppretthalde av ein framhaldande suksesjon i Kyrkja, aksepterer og vyrdar me med same kjærleik og æra." (Konsiliumet i Trient, Seksjon IV)   

torsdag 9. desember 2010

Sankta Lucia!

I Noreg har det vore ein tradisjon at den 13. desember feirer me Lucia. Ein kan jo undre på kva det er som gjer at ein Katolsk, italiensk Helgen som døydde år 303 e.Kr for SØLIBATET og for at ho ikkje ville ofre til avgudane, vert feira i det heile i protestantiske kretsar? Ikkje bryr protestantar seg om kanoniseringar av Helgenar og ikkje bryr dei seg om sølibatet. At namnet hennar dagleg vert nemnd i den faste delen av den Katolske Messa skulle vel heller ikkje spele so stor rolle for dei som ikkje er Katolikkar. Men det er då heller ikkje ei sannferdig Kristen feiring som finn stad her oppe i nord. Innan eg skriv om den sanne Lucia, som vart kanonisert ikkje so lengje etter at ho døydde på 300-talet, kan eg jo nemne litt om dei "greiene" som vert markerte i Noreg.
               Sjølve namnet Lucia kjem frå det latinske ordet lux, som tyder ljos, og det er nok grunna dette at Lucia har vorte ein slags ljosfest med safranrosinbollar, eller lussekattar som det har vorte heitande. Den 13.desember har vorte kalla "lussi-langnatt", ettersom det var den lengste natta av året. Heilt frå middelalderen har det i Noreg vore ei overtru om at dersom ein ikkje vart ferdig med tungarbeidet som måtte gjerast til jul innan den 13. desember, eller om born hadde vore ulydige, so kom ein demonisk kvinneskikkelse kalla "lussi" opp frå underjorda og straffa deg. Dette har sjølvsagt ingenting med Katolsk Tradisjon å gjere, men for å beskytte seg mot dette, måla folk gjerne krossar på dørene og held seg inne.
              Lucia feiringa slik me ser henne i Noreg i dag, med jenter som har ljos på hovudet og kvite kappar, kjem då heller frå Sverige, som byrja å markere Lucia slik etter "reformasjonen", eller OPPRØRET som det i sanning var. Dei har nok lete seg inspirere av italienske sjømenn som kom innom, og etter å ha høyrt napolitansk folkesong med gamle røtter, som og handlar om ein stallgut som visst skal ha vore vittne til at Lucia vart avretta og som sjølv og vart avretta den 13.desember. Dette med stallguten vert ikkje stadfesta i "dei gylne legendene" og eg skal ikkje uttale meg om sanninga i saka. Men det er nok difor at smågutar og er med i desse ljostoga, ikledde lange kvite kappar og hattar.
              
            Det som er mykje meir interessant er sanninga om Lucia av Syrakus, frå den Katolske Tradisjonen som ho er henta frå "dei Gyldne Legendane",samla i år 1260:
Her fylgjer livet åt den velsigna møya Lucia.

Sankta Lucia, den heilage møya, vart født i Sicilia og hadde opphav og blodlinje frå ei eidel slekt, i byen Syrakus. Då ho fekk høyre om det velkjende og akta ryktet åt Sankta Agatha eller Agaas, som vart publisert og spreidd ikring på alle stader, gjekk ho med det same til grava hennar saman med mor si som heitte Euthisia. Mora hadde ein sjukdom som vart kalla blodfløde, og etter fire år var det framleis ingen lækjarar eller kirurgar som kunne kurere henne. Då dei no vitja den Heilage Messa, var det einkvan som las eit evangelium som nemnde ei kvinne som vart lækt frå blodfløde berre ved å røre saumen på Jesu Kristi mantel. Då Sankta Lucia høyrde dette, sa ho med det same åt mor si: "Mor, om du trur at dette som vert opplese er sant, og at Sankta Agatha og i denne stunda er hjå sin Jesus Kristus, og at det var for Hans Namn si skuld at ho leid martyrdauden, og om du, grunna denne trua, rører ved grava hennar, skal du utan tvil verte bota og lækt."
                  Dei gjekk då med det same, etter at Messa var avslutta og menneska hadde fare sin veg, og dei to fell på kne i bøn ved grava åt Sankta Agatha, og med gråt byrja dei å be om hennar hjelp og støtte. Sankta Lucia fell i sømn då ho bad for mor si, og i sømnen såg ho Sankta Agatha mellom englane, eidelt pynta og dekorert med dyrebare steinar, som sa til henne: "Lucia, mi kjære syster, Guds trufaste møy, kvifor bed du til meg for mor di, for slike ting som du sjølv snart kan gje henne? For eg seier deg i sanning, at grunna trua di og din godleik, vert mor di trygg og heil." Med desse orda vakna Sankta Lucia heilt oppskaka, og sa til mor si: "Mor, du vert bota og heilt lækt; eg bed deg for skulda åt henne som bad bønene som lækte deg, at du aldri skal nemne meir for meg at eg skal ta åt meg ein ektemann eller husbond, men medgifta som du skulle gje meg ved eit giftarmål, bed eg deg at du må gje meg for å gje det heile som almisser, so eg kan koma åt min frelsar Jesus Kristus." Mora svara henne slik: "Vakre dotter, farsarven din, som eg har motteke desse ni åra sidan far din døydde, har eg ikkje brukt, men har multiplisert og utauka; men vent berre til eg har forlete denne verda, og frå den stunda kan du gjere som du finn best." Sankta Lucia svara: "Kjære mor, høyr på mitt råd: han er ikkje elska av Gud, som i eigenkjærleik gjev av det som han ikkje sjølv kan nytte, men om du vil sjå Gud i miskunn mot deg, gjev åt Han det som du kan avsjå, for etter dauden kan du på inga vis nytte desse godene. Det som du gjev då du skal døy, det gjev du berre fordi du ikkje kan bære det med deg. Gjev då for Guds skuld medan du lever: og for dei godene som du skulle gje meg med ein husbond eller ektefelle, lat det verte gjeve åt folket ditt for Kristi kjærleiks skuld.
                  Om dette tala Lucia alltid åt mor si, og kvar dag gav dei almisser av det dei hadde. Og då dei omlag hadde solgt heile formuen og alle juvelane deira, kom det bod om dette til han som var tenkt til ektemann åt henne, og som ho var lova vekk til, og denne herremannen krevde å få høyre sanninga frå amma åt Sankta Lucia, og kvifor dei solgte formuen sin. Ho svara med varsemd, og sa at dei gjorde dette då Sankta Lucia, som var vekklova åt han til kone, hadde funne seg ein som var av høgre og eidlare slekt enn han var, og difor ville dei kjøpe inn det dei trong for å samle ihop til bryllaup. Den dåren trudde dette, for han forstod kjøtleg det som amma hadde sagt som noko andeleg, og hjalp dei med å selje arven deira. Men då han skjøna at det var grunna kjærleiken til Gud at ho gav vekk det ho hadde, og kjende seg lurt, skulda han Lucia med det same, og drog henne framfor ein domar ved namn Paschasius, som var ein skurk og ein heidning. Og det var grunna at ho var ein Kristen, og at ho handla imot lova åt Keisaren, at Paschasius skulda henne, og påla henne å tilbe og ofre åt avgudane. Ho svara: "Offer som behagar Gud er å vitje enkjer og foreldrelause, og å hjelpe dei som er i naud: Eg har ikkje opphøyrt under desse tre åra å gje slike offer åt Gud, og då eg ikkje har meir att som eg kan ofre, ofrar eg meg sjølv åt Han, for at Han skal gjere med dette offeret det som behagar Han." Paschasius sa: "Du kan kanskje seie slike saker til det Kristne folket, og det skulle gagne deg, men til meg som held boda åt Keisaren, talar du forgjeves." Sankta Lucia sa: "Om du vil halde lova åt herrane dine, skal eg endå halde Guds Lov; du ynskjer ikkje å gjere dei vreide, og eg skal halde meg frå å tenne min Guds vreide; du vil behage dei, og eg stundar berre etter å behage vår Herre Jesus Kristus." Paschasius sa: "Du har sløst arven din vekk på rebellar, og difor talar du som ein rebell." Ho sa: "Eg har sett arven min på ein sikker stad, som verken fordervar mitt hjarte eller lekamen, noko anna skulle eg ikkje kunne gjere eller stå ut med."  Paschasius svara: "Kven er det då som fordervar hjarta og lekamen?" Ho sa: "De er det som fordervar hjarta, de som Apostelen tala om slik: "Dei onde orda fordervar dei gode sedane. De råder sjelene til å forsake skaparen deira og til å fylgje djevelen ved å ofre til avgudane; dei som fordervar lekamen er dei som elskar dei kjøtlege lystene, og foraktar andelege gleder som står seg i all eve." Paschasius sa: "Dei orda som du no talar skal opphøyre når du kjem til plagene dine." Ho sa: "Guds Ord skal ikkje opphøyre eller ende." Paschasius sa: "Kva då?! Er du Gud?" Ho sa: "Eg er Guds tenestekvinne, og det eg seier er Guds ord, for Han seier: Det er ikkje de som talar framfor prinsar og domarar, men den Heilage Ande talar gjennom dykk." Paschasius sa då: : "Og difor er den Heilage Ande i deg?" Ho svara: "Apostelen sa at dei er Guds tempel som lever i kyskheita, og den Heilage Ande bur i dei." Paschasius sa: "Eg skal i sanning ta deg til bordellet, og der skal du miste di kyskheit, og då skal den Heilage Ande gå i frå deg." Ho sa: "Lekamen vert berre forderva om hjarta og viljen gjev etter; for om du gjennom tvang fekk meg til å ofre åt avgudane med hendene mine, heilt imot min vilje, skulle Gud ta dette berre som eit hån, for Han dømer berre etter viljen og etter det ein går med på å gjere. Og difor, om du krenkjer lekamen min utan at eg vil det, og utan at eg godtek det, skal kyskheita mi aukast til det doble, og til fortenesta av ei endå meir ærerik krune. Det som du måtte gjere med lekamen, som er i di makt, skal ikkje fordømme Jesu Kristi tenestekvinne."
                     Då baud Paschasius at rebellane i byen skulle koma, og han overgav Sankta Lucia åt dei i det han sa: "Hent andre som og kan skjende henne, og ta henne so mykje at ho døyr!" Rebellane ville med det same ha teke henne der ifrå og drege henne ned til bordellet, men den Heilage Ande gjorde henne so massiv og tung at ho dei ikkje kunne rikke henne av flekken. Då greip mange av tenarane åt domaren inn, for å hjelpe dei andre med å dra i henne, men ho kunne framleis ikkje flyttast. Då batt dei henne i hender og føter med eit tau, og alle drog, men ho vart verande som eit fjell som ingen kunne flytte. Dette gjorde Paschasius særs uroleg og rasande, og han kalla på trollkarane sine, som heller ikkje kunne flytte på henne med alle trolldomane sine. Då henta Paschasius eit åk med mange oksar som skulle dra henne, men endå kunne dei ikkje rikke henne av flekken. Då krevde Paschasius å få vite av henne kva som gjorde at ei skral møy ikkje kunne flyttast av tusen menn? Ho sa: "Dette er Guds verk, og om du skulle hente ti tusen fleire menn skulle dei framleis ikkje kunne flytte på meg." Desse orda plaga domaren slik at han vart heilt ifrå seg og Sankta Lucia sa til han: "Kvifor plagar du deg sjølv slik? Om du har bevist og analysert det slik at eg er Guds tempel, tru det. Om du ikkje kan skilje ut dette, lær deg å skilje ut."
                 Etter dette vart domaren berre meir plaga, for han såg at han vart gjort til hån. Difor let han gjere eit voldsomt stort bål ikring Lucia, og fekk dei til å kaste tjære, harpiks og kokande olje over henne, og ho vart verande urørleg i elden og sa: "Eg har bedt til Jesus Kristus om at denne elden ikkje skal ha noko makt over meg, slik at dei Kristne menn som trur på Gud skal håne deg. Og eg har bedt om at martyrdauden som eg skal lide skal ta vekk dei Kristne si redsle og uro for å døy for trua på Jesus Kristus, og ta vekk frå skurkane gleda i martyrskapet mitt. Venane åt domaren såg at han vart forvirra av Sankta Lucia sine ord, og plaga over at det drog ut på tida, og difor tok dei eit sverd og dreiv det gjennom halsen på henne, og sjølv etter dette døydde ho ikkje, men held fram med å tale til folket: "Eg erklærer og syner dykk at den Heilage Kyrkja skal ha fred, for Keisaren Diocletian, som var ein fiende av den Heilage Kyrkja har i dag mista herreveldet sitt, og Maximian, hans høgre hand, er i dag daud. Og på same vis som Sankta Agatha er matron og vaktar av Catania, på same vis skal eg verte matron over Syrakus, denne byen." Og då ho tala slik til folket, kom sersjantane og ministrane i Roma for å hente Paschasius og ta han med til Roma, for han var skulda av senatorane i Roma for å ha røva provinsen. Han vart difor dømd av senatet og vart halshøgd. Sankta Lucia vart aldri flytta frå plassen der ho vart høgd med sverdet, og ho døydde heller ikkje før Presten hadde komme og tekje med seg den velsigna Lekamen av vår Herre Jesus Kristus. Og med det same ho hadde motteke det Heilage Sakramentet, anda ho ut og gav opp sjela si til Gud, mens ho takka og prisa Han for all Hans godheit. På same plassen er ei Kyrkje oppbygd i hennar namn, og der har mange goder vorte gjeve, vår Herre Jesus Kristus til æra, som er velsigna i all eve. Amen.

torsdag 2. desember 2010

Paven og antikrist- av Kardinal Henry Edward Manning år 1861

Eg har i denne bloggartikkelen oversett utdrag frå ei fantastisk bok eg las for ikkje so lengje sidan. Men innan dette utdraget kjem ein bokanmeldelse av den same boka, henta frå det svenske, sedevacantistiske bladet "Adoremus"..
Månadens bokanmeldelse: "The Pope and the Antichrist" av Kardinal Henry Edward Manning 1861!

Denne hurtigleste og lettgjennomkomelege boka på 84 sider, består av fire korte forelesingar av Kardinal Manning (1808-1892). Forelesingane vart utgive i bokform fyste gongen i 1861 under tittelen "The Holy See tested by prophecy." Det som fyst var tenkt som eit forsvar mot Gebraldi sine angrep mot dei Pavelege statane, har synt seg å være ei mesterleg analyse av hendingar, som med profetisk innsikt overgår konteksten og vandrar rett inn i vår eiga samtid og den Sanne Kyrkja sin vanskelege situasjon; med ei antikyrkje som utgjev seg for å være den sanne Kyrkja og Katolske samfunnsverdiar som gradvis vert erstatta av både moderne og gjenoppståtte antikristne og antiabsolutistiske prinsipp.
              Den fyste forelesinga tek opp det store opprøret og fråfallet som må koma innan antikrist som person kan gjere entré i denne verda. Eit opprør som i fylgje Kardinal Manning vart skildra som sentrert i og rundt Kyrkja, kjenneteikna av tre punkt; skisme, kjetteri og fornekting av Inkarnasjonen. Den andre forelesinga skildrar manifestasjonen av antikrist i verda, han som ber namnet "den onde". Dette er ei særs detaljert skildring, både av opphavet hans, personen og ideologien som han kjem med, alt dette i ljos av Heilag Skrift og Kyrkjefedrane sine tolkningar av det same. Den tredje forelesinga lyftar fram det som hindrar antikrist frå å gjennomføre planane sine, og identifiserar desse hindringane som Kyrkja, Roma og Kristi Vikar på jorda. Det er interessant å lese korleis Kardinal Manning og Kyrkjefedrane forstod Kristi Pasjon og som eit bilete på Kyrkja si liding i dei siste tidene. Nett som satan ikkje sigra over Kristus på Krossen, men det var Herren sjølv som la ned sitt liv, so kan antikrist og helvetes portar ikkje sigre over Kyrkja og paveembetet, men Kristus sjølv kan tillate at Ho legg ned sitt liv som ei lidande Kyrkje, ei Kyrkje i exil, alt dette for at profesiane skal oppfyllast og det himmelske Jerusalem koma ned frå Himmelen. Den fjerde forelesinga tek opp antikrist sin maktperiode og forfylgjinga av dei truande. Roma kjem til å falle ifrå trua og enno ein gong verte eit mektig heidensk rike, som heller ut blodet åt martyrane i verda.
                  But Rome itself in the last times of the world will return to its ancient idolatry, power and imperial greatness. It will cast out its Pontiff, altogether apostatise from the Christian faith, terribly persecute the Church, shed the blood of martyres more cruelly than ever, and will recover its former state og abundant wealth, even greater than it had under its first rulers.
                 Det som gjer denne boka so bra, er at Kardinal Manning ikkje kjem med eigne, subjektive tolkningar, men presenterer berre Skrifta og Kyrkjefedrane si felles forståing av kva som kjem til å hende. Det er og ei bok full av von, då ho tilskriv alle historiske hendingar til Guds forsyn, og boka er overraskande profetisk inn i vår samtid. Kardinal Manning såg kanskje ikkje framfor seg kvar ende detalj av alt som skulle koma og som enno kjem, men boka han skreiv er av stor meining for vår tid, og burde lesast av alle som beherskar engelsk. (Boka kan kjøpast på fylgjande side: www.lulu.com/tradibooks

Utdrag frå sjølve boka!
..Me har no komme nærare svaret på det eg byrja å tale om, nemleg korleis det kan ha seg at den krafta som hindrar manifestasjonen av den lovlause ikkje berre er ein person, men eit system, og ikkje berre eit system, men ein person. Samanfatta er det Kristendomen med sitt hovude; og difor, i personen Kristi Vikar og i den tofaldige autoriteten som etter Gudomeleg forsyn har vorte gjeve han, ser me ein direkte motstandar til prinsippet om uordning. Den lovlause, som ikkje kjenner noko lov, verken menneskeleg eller Gudomeleg, og som heller ikkje lyder noko anna enn si eiga vilje, har ingen meir direkte antagonist på jorda enn Jesu Kristi Vikar, som til same tid innehar dei to karakterane av kongedøme og presteskap, og som representerer dei to ordningsprinsippa i den timelege og andelege ståa- prinsippet om monarki, om du vill, eller om styresmakt, og prinsippet om apostolisk autoritet. Me finn difor dei tre tolkningane som eg drog fram frå dei Heilage Fedrane ordrett stadfesta i dette. Etter kvart som tida langsamt har skride fram, og arbeidet åt Apostlane har modna og bore frukt, har det som me kallar Kristendom vokse fram og oppfylt ord for ord det som vart forutsagt, og stadfesta det som Apostlane sa skulle hindre utviklinga av dei lovlause prinsippa, og openberringa av personen som skulle leie det heile. 
              Kva er det då som i denne augneblinken (år 1861) held denne manisfestasjonen av den antikristne makta i sjakk, og personen som skal utøve det heile? Det er resten av det Kristne samfunnet som framleis eksisterer i verda. Der kan berre være to samfunn, det eine naturleg, det andre overnaturleg. Det naturlege samfunnet er den politiske ordninga som oppstår etter menneske si vilje, utan samband med openberringa, eller inkarnasjonen av Gud. Det overnaturlege samfunnet er Guds Kyrkje, beståande av dei nasjonane som framleis vert gjennomsyra av trusanden og av den Katolske einskapen, som i sanning står trufast på prinsippa som Kristendomen vart grunna på. (I dag-2010-kan me ikkje sjå ein ende nasjon som framleis står trufast samla på Kristen grunn.)....
             ...Det siste punktet som eg skal snakke om, er det at barriera eller hindringa for laglausa kjem til å eksistere heilt til ho vert rydja or vegen. So kva er meininga med orda; "Løyndomen i lovløysa er alt verksam med si kraft; men han som enno held att, må fyrst rydjast or vegen?" (2 Tess 2:7) Kven er det som skal rydja denne or vegen? Skal denne rydjast or vegen etter menneske si vilje? Skal denne rydjast or vegen grunna ei rekkje ulike hendingar? Det kan ikkje være dette som meinast. Om barriera som har hindra utviklinga av det antikristne uordningsprinsippet har vore vår Herre Jesu Kristi Gudomelege kraft, innlemma i Kyrkja og under leiinga av hans Vikar, då er ikkje noko hand mektig nok, og inga vilje suveren nok til å rydja denne av vegen, men berre handa og vilja åt den inkarnerte Guds Son sjølv. Og difor er det at dei Heilage Fedrane si tolkning, som eg byrja med, er fullt og ordrett korrekte. Det er den Gudomelege krafta, fyst i forsyn, og so i Kristi Kyrkje, og sidan båe smelta ihop, mens dei held fram heilt til tida er inne; tida som er forutsett og forutbestemt til å rydja vekk barriera, slik at ein ny dispensasjon av Guds Visdom på jorda får komme til. Dette skal eg snakke meir om etterpå.
             Me har ein analogi til dette. Historia om Kyrkja og historia om vår Herre på jorda har eit parallelt samband. Den inkarnerte Guds Son var 33 år på jorda, og ingen mann kunne leggje hand på Han. Ingen mann kunne ta Han, då "timen enno ikkje var komen." Der var ein time forutordinert då Guds Son skulle overgjevast i hendene på syndarar. Han visste om det innan og Han forutsa det. Han held denne makta i sine eigne hender, for Han omga Sin Person med ein sirkel av Si eiga Gudomelege kraft. Ingen mann kunne bryte gjennom denne sirkelen av Allmakt før tida var inne, tida då Han sjølv av Sin eigen vilje opna vegen for den onde krafta. Det var grunna dette at Han sa i hagen: "Men dette er dykkar time, no er det mørkret som rår." (Luk 22:53) Grunna dette, innan Han gav Seg sjølv over i hendene på syndarar, la Han enno ein gong fram majesteten i Si kraft, og då dei kom for å ta Han, sto Han opp og sa: "Eg er Han," (Joh 18:5-6) og dei "veik attende og fall til jorda." Etter å ha stadfesta Seg som Gudomeleg Majestet, gav Han seg sjølv over i syndarhender. På same vis sa Han då Han stod framfor Pilatus; "Du hadde inga makt over meg om du ikkje hadde fått henne ovanfrå." (Joh 19:11) Det var Guds vilje; det vart sanna av Faderen at Pilatus no hadde makt over den inkarnerte Sonen. Igjen sa Han: "Trur du ikkje at eg kunne be Far min, og Han ville straks senda meg meir enn tolv legionar englar? Men korleis skulle då skriftene oppfyllast, dei som seier at dette må henda?" (Matt 26:53-54) På same vis er det med Guds Kyrkje. Fram til timen er komen då barriera, etter Guds Gudomelege vilje, skal rydjast or vegen, har ingen makt til å leggja hand på Henne. Helvetes portar vil krige mot Henne, dei strevar og kjempar, som dei og kavar no, med Guds Vikar; men ingen har makt til å flytte Han eit ende steg før timen skal komme då Guds Son tillet, for ei tid, at dei onde kreftene får overtaket. At Han kjem til å tillete dette står i den profetiske boka. Når hindringa er vekkteken, vil syndemannen verte openberra; då kjem ei forfylgjing på tre og eit halvt år, kort men forferdeleg, og under denne tida kjem Guds Kyrkje til å vende attende til ei ståe av liding, som i byrjinga; og den uforgjengelege Guds Kyrkje, frå sitt usløkkjelege liv oppkome frå Jesu gjennomstunge side, som i 300 år levde vidare gjennom eit blodbad, kjem til å halde fram å leve gjennom elden i tida åt antikrist.  

Følgere


Vitjarar