TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

fredag 23. oktober 2020

Pagan, ein kortfilm.

Eg oppdaga denne kortfilmen på YouTube for ei tid sidan. Den har ein veldig profesjonell og fin dialog. Dessutan er filmen strålande gjort med eit lågt budget. Filmen handlar om tru, tvil, kristendom og hedendom. Det er sjelden å sjå ein film med ei slik djup handling i dag. 


   

Handlinga er henta frå år 1084 i England. Og så dukkar det opp ein trønder etter kvart!

Film av Hanne Nabintu Herland

 Eg oppdaga denne filmen om kristninga av Noreg og syns at den var vel verd å publisere på bloggen. 


 

 Ein kan finne meir interesann informasjon på kanalen hennar.

torsdag 15. oktober 2015

Soundcloud

Eg har lagt ut nokre eigne opptak på soundcloud. Opptaka er snikra ihop og innspelte under tidspress i stova, og kvaliteten er difor som den er.
Soundcloud

torsdag 26. desember 2013

Engelsk julesong


Eg har snikra i hop ein julesong. Den var ikkje tenkt nett til denne bloggen og er difor laga på engelsk. Berre klikk på denne julesonglinken.

God sent His Son down from Heaven.














Teksten kan du lese her

mandag 2. desember 2013

Avlatsbøn for Skandinavia!

Eg lærte meg for ei tid tilbake at der var ein Norsk prest, Fader Karl Halfdan Schilling (Seinare Karl Marie Schilling), som levde eit heilagt liv og døydde i Belgia i 1907. Han hadde konvertert frå den Lutherske læra og sidan utdanna seg til Katolsk Prest i Frankrike. Han vart prestevigd i 1872. Innan han døydde, rakk han å samanfatte ei bøn for Skandinavia, som Pave Leo XIII la 300 dagar med avlat til:

Gode Jesus, eg fell audmjukt ned for Dine føter og bed Deg ved Dine Heilage Sår og ved Ditt Dyrebare Blod som Du let renna ut for heile verda, om å miskunna Deg over dei skandinaviske folka. Villeia for fleire hundre år sidan, er dei no avskilde frå Di Kyrkje og utestengde frå dei uvurderlege godene av Din Lekam og ditt Blod, og dessutan frå mange andre nådemiddel som Du har innstifta for å trøyste Dine Trufaste i liv og i død. Hugs på, Du Verda sin Frelsarmann, at for desse sjelene og let du utrenna Ditt Dyrebare Blod og har halde ut i useielege lidingar. Gode Hyrding, lei desse Dine sauer attende til dei gagnlege beitemarkene i Di Kyrkje, slik at dei kan verte ein flokk i lag med oss under din Vikar her på jorda -Den Romerske Biskopen, som i den Heilage Apostelen Peters stilling fekk i oppdrag frå Deg å ta seg av både lamma og sauene. Høyr, Å Miskunnsame Jesus, desse våre bøner, som me ber fram for Deg, fulle av tiltru til den kjærleik som ditt Høgheilage Hjarte har for oss. 
Til Ditt Heilage Namn være herlegdomen, æra og prisen i all eve. 
BØN:
Å Miskunnsame og evige Gud, som då Du kalla til den Sanne Trua den Vørdelege Karl M. Schilling, gjorde han til eit godt føredøme for den Kristne dygda og til ein apostel av det gode, me bed Deg om å gje oss å æra han på jorda gjennom å gje oss den nåde... som me inderleg bed om, gjennom Vår Herre Jesu Kristi fortenester. Amen

fredag 8. november 2013

Teiknefilmar som skadar borna!

Dette er ein ukrainsk film om korleis teiknefilmar kan skade borna våre både fysisk og psykisk.
Det ligg ein tydeleg agenda bakom produksjonen  av mange program som alle ser på, og dei endrar gradvis moralen i samfunnet. Ein veldig aktuell dokumentar for alle foreldre!!     

Barnevernet i Noreg går amok!


Ein film frå Ukraina om korleis barnevernet øydelegg familiane.
Eit særskild avsnitt om Noreg kjem etter omlag 16 min og 50 sek. I Noreg har det no gått so langt at born etter definisjon fyst of framst tilhøyrer STATEN når dei vert føydde og ikkje foreldra.
I fylgje denne filmen tek barnevernet i gjennomsnitt 33 born om dagen i Noreg, og 200 000 av totalt 1 million born har vorte frårøva retten til å tilhøyre og vekse opp i sin eigen biologiske familie. Det er 20% av alle norske born, det. 1 av 5....!!
Fosterforeldre kan få mellom 1 og 8 millionar NOK i året for å ta hand om desse sokalla fosterborna.


Følgere


Vitjarar