TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

+ BØNER

(All Katolsk bøn byrjar og sluttar med at ein gjer Krossteiknet og seier: In Nomine Patris et Filii et Spiritus Sancti/ I namnet åt Faderen og Sonen og den Heilage Ande.)

ANGELUS!
Denne bøna skal ein be kl.06.00,  kl.12.00 og kl.18.00 kvar dag. På kvardagar sit ein på kne, laurdag kveld og heile Sundag ber ein ho ståande. Bøna ærar inkarnasjonen (at Gud vart menneske) og samstundes ber ein Guds Mor om å sende sine legionar av englar for å kjempe for oss i striden me har imot andemaktene

Herrens Engel erklærte til Maria
- og ho avla ved Den Heilage Ande.
 
Hill deg Maria full av nåde, Herren er med deg. Velsigna er du av kvinner og velsigna er di livsfrukt, Jesus.
- Heilage Maria Guds Mor, be for oss syndarar, no og i vår dødsstund. Amen

Sjå, Herrens Tenestekvinne.
- Lat det gå meg slik som du har sagt meg.

Hill deg Maria osv..

Og Ordet vart gjort til kjøt
-og dvelte imellom oss.

Hill deg Maria osv..
Be for oss Heilage Guds Mor
-at me må bli verdige Kristi lovnader.

Lat oss be: Tøm ut, me ber Deg, å Gud, di miskunn i hjarta våre. Slik at me som har fått vite om inkarnasjonen gjennom eit englebod, må gjennom Hans liding og død få komme fram til æra av Hans oppståe. Gjennom Kristus vår Herre Amen.

Å SANNE SYNDENE SINE DAGLEG!
I desse tider då ein gjerne ikkje har ein prest i nærleiken som ein kan gå til for å skrifte sakramentalt, vert det enno viktigare å sanne syndene sine dagleg. Kyrkja har utvikla ei bøn nett for slike høve. Etter at du har ransaka samvitet ditt og sanna syndene dine framfor Gud, kan du be ei bøn som på engelsk vert kalla for "The Act of perfect Contrition." (Ei handling av perfekt anger for synd.) Det er då sjølvsagt ikkje nok å berre ramse opp bøna med leppene. Tanken er at ein skal koma til Gud med eit angrande hjarte og be om tilgjeving og miskunn. Det er dessutan viktig att ein kjem til Gud med intensjonen å sanne dei same syndene sakramentalt hjå ein prest so snart høvet byr seg. Ei bønestund kan innleiast med desse orda:


Eg bekjenner til Allmektig Gud, til Velsigna Maria, evig Møy, til Velsigna Mikael Ærkeengelen, til Velsigna Johannes Døyparen, til dei heilage Apostlane Peter og Paulus og til alle Helgena at eg har synda i tankar, ord og gjerningar, av mi skuld, av mi skuld, av mi store, sorgfulle skuld.
Difor tryglar eg deg Velsigna Maria, evig Møy, Velsigna Mikael Ærkeengelen, Velsigna Johannes Døyparen, dei heilage Apostlane Peter og Paulus og alle Helgenar om å be til Herren vår Gud for meg.
        Måtte den Allmektige og evige Gud innvilge oss forlating, utløysing og utfriing frå alle våre synder.
Måtte den Allmektige Gud sjå i nåde til oss, tilgje oss alle våre synder og føre oss til det evige livet.

Å Heilage Ande, Min Gud; kom til mi hjelp, eg ein syndar. Hjelp meg å ransake samvitet mitt, å sanne alle syndene mine med perfekt anger og å rette til livet mitt. Amen
(Her kan du stoppe opp, lytte til samvitet ditt og sanne alt du kjem på. So bekjenner du alt høgt for Gud..
Eg sannar at eg har..osv..)

ETTER AT DU HAR SANNA SYNDENE DINE SEIER DU:
Å min Gud, eg er hjarteleg lei meg for at eg har fornærma Deg og eg foraktar alle mine synder, fordi eg fryktar tapet av Himmelen og plagene i helvetet. Men mest av alt fordi dei syndene eg har gjort fornærmar Deg, å min Gud, som er berre god og som fortener all min kjærleik. Eg har ein fast intensjon, med di store miskunns hjelp, å sanne syndene mine, å gjere bot og å forbetre livet mitt fullt og heilt. Amen

AVE MARIA!
Hill deg Maria full av nåde, Herren er med deg.
Velsigna er du av kvinner og velsigna er di livsfrukt Jesus.
Heilage Maria, Guds Mor
be for oss syndarar, no og i vår dødsstund. Amen

FADER VÅR!
Fader Vår, Du som er i Himmelen.
Lat Namnet Ditt helgast, Lat riket Ditt koma, Lat viljen Din råa på jorda så som i Himmelen.
Gje oss i dag vårt daglege brød, og forlat oss vår skuld som me og forlet våre skuldmenn.
Og før oss ikkje ut i freisting, men frels oss frå det vonde.
Amen

ÆRE VÆRE FADEREN..
Ære være Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, slik som det var av opphavet, no er, og skal vere
Ein sann Gud frå eve til eve. Amen (gjer krossteiknet mens du ber denne bøna)

KROSSTEIKNET!
Skal vanlegvis gjerast med høgre handa. Set tummelen, peikefingeren og langfingeren ihop slik at dei dannar ein spiss (for å symbolisere Treeinigheita) og legg ringfingeren og lillefingeren ned (for å symbolisere Jesu 2 naturar, den guddommelege og den menneskelege). Plasser dei tre fyste fingrane 1:på panna, 2:på hjartet, 3:på venstre oksle, 4:på høgre oksle. Mens du gjer krossteiknet seier du:
"I Namnet åt Faderen og Sonen og den Heilage Ande."

FATIMA BØNA!
(Som Guds Mor lærte oss å be i Fatima openberringa i 1917)
Å min Jesus, tilgje oss syndene våre
Redd oss frå elden i helvetet.
Miskunna deg over sjelene i skjærselden.

ANDELEG DELTAKINGSBØN UNDER MESSA NÅR DU IKKJE SJØLV KAN TA IMOT EUKARISTINEN ELLER NÅR DU BERRE LES MESSA HEIME!
Å min Jesus, eg trur at Du er i det Velsigna Sakramentet på altaret. Eg elskar Deg over alt anna og mi sjel stundar etter Deg. Då eg no ikkje kan ta imot Deg sakramentalt, kom i det minste inn til meg andeleg. Eg omfemner Deg som om du allereie har kome, og sameinar meg fullstendig med Deg. Måtte Du aldri tillate at eg vert skild ifrå Din kjærleik. Amen

AVLATSBØN FOR SKANDINAVIA!

Eg lærte meg for ei tid tilbake at der var ein Norsk prest, Fader Karl Halfdan Schilling (Seinare Karl M. Schilling), som levde eit heilagt liv og døydde i Belgia i 1907. Han hadde konvertert frå den Lutherske læra og sidan utdanna seg til Katolsk Prest i Frankrike. Han vart prestevigd i 1872. Innan han døydde, rakk han å samanfatte ei bøn for Skandinavia, som Pave Leo XIII la 300 dagar med avlat til:

Gode Jesus, eg fell audmjukt ned for Dine føter og bed Deg ved Dine Heilage Sår og ved Ditt Dyrebare Blod som Du let renna ut for heile verda, om å miskunna Deg over dei skandinaviske folka. Villeia for fleire hundre år sidan, er dei no avskilde frå Di Kyrkje og utestengde frå dei uvurderlege godene av Din Lekam og ditt Blod, og dessutan frå mange andre nådemiddel som Du har innstifta for å trøyste Dine Trufaste i liv og i død. Hugs på, Du Verda sin Frelsarmann, at for desse sjelene og let du utrenna Ditt Dyrebare Blod og har halde ut i useielege lidingar. Gode Hyrding, lei desse Dine sauer attende til dei gagnlege beitemarkene i Di Kyrkje, slik at dei kan verte ein flokk i lag med oss under din Vikar her på jorda -Den Romerske Biskopen, som i den Heilage Apostelen Peters stilling fekk i oppdrag frå Deg å ta seg av både lamma og sauene. Høyr, Å Miskunnsame Jesus, desse våre bøner, som me ber fram for Deg, fulle av tiltru til den kjærleik som ditt Høgheilage Hjarte har for oss. 
Til Ditt Heilage Namn være herlegdomen, æra og prisen i all eve. 
BØN:
Å Miskunnsame og evige Gud, som då Du kalla til den Sanne Trua den Vørdelege Karl M. Schilling, gjorde han til eit godt føredøme for den Kristne dygda og til ein apostel av det gode, me bed Deg om å gje oss å æra han på jorda gjennom å gje oss den nåde... som me inderleg bed om, gjennom Vår Herre Jesu Kristi fortenester. Amen

Følgere


Vitjarar