Helgedag 29. juli
Denne teksten er henta frå Leonhard Goffine sin Postilla (1687) i svensk oversettjing frå 1841.
Den heilage Olav vart født i Noreg år 995. Same år hadde gudfaren hans, Olav Tryggvason, som i England hadde motteke dei sakramentale gåvene å verte Døypt og Stadfesta (konfirmert), sett seg på nordmennene si kongetrune då han kom attende, med den gode intensjonen å innføre kristendomen hjå dei. Han skulle truleg og ha lukkast med denne fromme føresegna, dersom han i sin nidhug på alle stader hadde gått fram med same mildskap som han synte då dei heidenske rogalenningane samla seg til Tingmøte. Hjå dei bad han om den lydnad som "var passande for frie menn", og han tala til dei frå ei klippe og sa mellom anna "at dei skulle tene han, men fyst av alt Den som han sjølv tente, den høgste Kongen, Han som skapte Himmel og jord. Han som ville av tenarar gjere dei til sin einborne Sons brør og arvingar av Himmelriket, til herleg utløysing; for dei jordiske rika var berre oppretta for at dei som var innbyggjarar skulle oppsedast for Himmelen"..m.m., og slik lydde dei han alle og let seg døype. Men då han so ofte gav seg åt sitt harde sverd heller enn sitt milde ord for Kristendomen sin framgong, fekk han mange uforsonlege og mektige fiendar hjå heidningane, og det var grunna desse at han bukka under, år 1000, i slaget ved Svolderen. Etter hans død sokk Noreg i store delar på ny attende til den heidenske Åsadyrkinga, og gjennom denne andelege træledomen til og med åt den gamle lekamlege træledomen.
Olav den Heilage, ein av si tids framste heltar og hærførarar, tok denne for Kristendomen nidkjære gudfar til føredøme, og då han allereie ved 12 års alder utmerka seg på vikingtokt, ved 16 års alder hadde vore sigervinnar i 9 store og mange små slakt, og hadde fått seg eit rykte for si tapperheit både i Frankrike og Spania, vende han no attende- ein 19-årig yngling, til fedrelandet sitt og til foreldra sine, fast bestemt på å tilkjempe seg fedrane si trune (Kong Harald Hårfagre var onkelen hans), frie Noreg frå framande sitt undertrykk og velsigne landet gjennom å innføre Kristendomen. Ved 21 års alder var han Konge over heile- for største delen på ny heidenske, men ved hans død Kristne- Noreg. Tapperheit, redeligheit, edelmot, både mildskap og strengheit i rette tid, gudsfrykt og ein brennande nidhug for utbreiinga av Kristendomen utmerka seg hjå denne kongen; men uvenene han hadde, då særskild Knut, konge i England og Danmark, trøyttna aldri på å sette kjeppar i hjula slik at han skulle gå under, og då Olav var ute på ei pilgrimsreise til det Lova Landet, sameina fiendane hans seg og trengde seg inn i riket hans. Då han vart underretta om dette, overgav han med det same sitt fromme formål. På attendevegen til Noreg forsterka han skaren av frivillige, men han tok ikkje imot andre enn dei som ville late seg døype. Uredd og viss på sin død, gjekk han den dobbelt so store fienden til møtes. Han visste gjennom ei openberring at han skulle falle offer, men og at Gud gjennom dette skulle krune hans verk med framgong. Framleis om morgonen den dagen slaget stod, den 29. juli 1030, kom ein tapper heidning til han, let seg døype med heile fylgjet sitt, og tilbudde seg å stå han til teneste. Rusta og med ein gullkross på skjoldet sitt, møtte han fienden ved Stiklestad, og stupte i sitt 35. levnadsår og under sitt 15. velsigna regjeringsår, lømskt gjennombora av ei lanse av sin gamle uven Thorer Hund, som sjølv låg såra på marka. -Blodet frå liket åt Kongen gav synet åt ein blind og bota såret åt hans eigen mordar, og det var og denne som var den fyste til å vitne om Olavs heilagdom, som og vart stadfesta av seinare mangfaldige andre teikn. Snart vart minnet av han feira i heile Norden, og kyrkjer vart innvigde til hans æra både i Tyskland, England, Russland m.m. Grava hans er i domkyrkja i Trondheim, den han bygde, og som tidlegare var ei av dei mest praktfulle kyrkjene i Kristenheita, men som etter fleire hendingar med eldsloger, no er redusert slik at berre høgkoret står att.
Lesning: Visdomen 10:10-14, 1.Mos 37:24
Forklaring: Denne leksjonen frå Visdomsboka syftar på Josef, Jakobs son, som vart seld av brørne sine, kom til Egypt, og vart gjennom si reine dygd frå fornedringa opphøga til den høgste æra, m.m. Med "Visdomen" skjønar me Guds forsyn, som beskytta, leia og opphøga den rettvise Josef til både timeleg og evig herlegdom. Ved tillempinga av leksjonen på den Heilage Olav, merksamar me korleis Gud førde han på dei rette vegane og synte han Kristi Rike som sitt endelege mål, gjennom at Han let han få kunnskapen åt dei Heilage: Han heidra han og velsigna arbeidet hans; utbreiinga av Kristendomen. Gud var nære han då han vart forrådt og seld av understottane og dei falske venene sine, samt stødde han i striden mot fiendane, slik at Han synte han døden som den ærerikaste sigeren han kunne få. Slik vart det og, for hans død vart grunnvollen for oppretthaldinga av hans jordiske rike og fridomen åt understottane hans, noko som dei og sidan har nytt godt av like lenge som dei har heidra det heilage minnet av han. Fiendane han hadde, sjølv om dei sigra på slagmarka, høsta ikkje noko frukt; tvert imot splitta Gud dei og gav Olavs rike åt son hans, Magnus, samt at Han let den heltemodige Olav få ei slik æra, slik som det aldri har vorte gjeve ein konge etter hans død. Han vart då ikkje berre vyrda som Riket sin faderlege Skyddshelgen, men heile Norden forklara seg skattskyldige under den Heilage Olav, slik at han, sjølv om han er usynleg, vart verande nett som den eigentlege Kongen og i sjølve verket fekk "Riket til å spire og makt over dei som hadde utført vald mot han."
Kyrkja si Bøn:
Gud, du som er kruna åt Kongane og sigerspalmen åt Martyrane!
Me bed, lat oss vernast etter den sæle Kongen og Martyren Olav si faderlege forbøn,
i det me, som gler oss av hans æra,
måtte vinne det evige livet si krune:
Ved Jesus Kristus vår Herre
som med Faderen og Den Heilage Anden lever og råder
Ein Sann Gud frå eve til eve Amen
Me bed, lat oss vernast etter den sæle Kongen og Martyren Olav si faderlege forbøn,
i det me, som gler oss av hans æra,
måtte vinne det evige livet si krune:
Ved Jesus Kristus vår Herre
som med Faderen og Den Heilage Anden lever og råder
Ein Sann Gud frå eve til eve
Sta Sunniva, den ende kvinnelege helgenen i Noreg.
Festdag 8.juli: Den Heilage Sunniva og Seljemennene/Seljumannamesse
Translasjonsfest 31:august då relikviane hennar vart førde over til Bergen.
(Orsak at eg ikkje har oversett teksten til nynorsk)
Sunniva var en irsk prinsesse som var usedvanlig vakker og klok. Hun valgte tidlig å forsake ekteskapet for å bli Kristi brud. Etter farens død måtte hun regjere hans fyrstedømme med hjelp av slekt og venner. Da hun vraket en fremmed vikingkonges frieri, herjet han hennes land. Sunniva kunngjorde da på tinget at hun ville forlate Irland, overgi seg til Kristi forsyn og reise bort til ukjent land med de folk som ville følge henne.
Altså dro hun bort sammen med en flokk våpenløse menn i tre skip uten seil og ror og årer og lot seg føre av strømmen. De ble ført nord for Skottland, forbi Orknøyene og de vikingereder som fantes på fastlandet, til Firdafylke, hvor beboerne trodde at de var fiendtlige vikinger og fordrev dem med piler og sten (jf Acta Sanctorum in Selio). En storm skilte de tre båtene, en havnet på den lille øya Kinn, nord for Sognefjorden. De irske pilegrimene om bord har antagelig levd et isolert eneboerliv der, i likhet med andre eneboere på øyene i Atlanterhavet, inntil de døde en naturlig død.
De to andre skipene drev med Sunniva videre nordover til øya Selja i en bukt ved Stad, hvor det var drikkevann, fisk og fugler til livets opphold; der møtte de ingen hedninger, så de slo seg til i noen huler. Imidlertid følte beboerne ved fjorden seg truet, fordi deres sauer beitet på øya, og Håkon jarl sendte menn over til øya for å jage dem bort i den tro at de var vikinger. På øya holdt Sunniva og hennes følge av menn, kvinner og barn ut i bønn om redning, og da jarlen og hans folk gikk i land, falt store stenstykker ned og stengte for hulene hvor de befant seg, så de ikke ble oppdaget.
En tid etter seilte to storbønder fra Firdafylke, Tord Eigileivsson og Tord Jorunsson, til Trondheim. Da de en natt ankret opp ved Selja, oppdaget de et merkelig lys over øya. Det syntes å strømme ned fra himmelen og samle seg på et sted over stranden så glansen av det speilet seg i havet. De rodde i land, fant en hodeskalle på stranden, snøhvit og blank og med en søt duft. De var hedninger og forsto ingenting, men ville ta den med til Håkon Jarl. Han var imidlertid drept, men da fortsatte de to reisen til kong Olav Tryggvason, som nå regjerte Norge. Den nydøpte kongen og biskop Sigurd forsto at hodeskallen var en relikvie. De sørget for å få de to bøndene døpt og undervist i den kristne tro og spurte ut folk som kjente øya Selja.
Deretter seilte de ut dit, og i en hule fant de Sunniva, som var like hel og så ut som hun sov. Og sammen med henne lå mange skjeletter som sendte ut den samme vellukt som hodeskallen. Olav Tryggvason lot hulen bygge ut som kapell og føyde en liten kirke til nedenfor. Menneskeknoklene som de hadde funnet, ble lagt i et skrin og en kiste ble tømret til den hellige Sunniva. Denne skrinleggingen fant sted i år 996.
Sunniva ble vernehelgen for Vestlandet og Selja ble senere bispesete for Gulatingsområdet. I 1170 ble bispesetet flyttet til Bergen, og Sunnivas skrin ble overført til Kristkirken (domkirken) der og satt på høyalteret den 31. august 1170 av biskop Pål. I hvert fall en del av helgenskrinene til Seljemennene ble igjen på øya.
På Selja flyttet benediktinermunker inn, antagelig fra England, og bygde et kloster som de innviet til St. Alban (etter en versjon av legenden var Sunnivas bror Alban med henne). Å dømme etter utgravninger omkring klosterruinen har de hatt en gutteskole der og er blitt rammet av både brann og epidemier der før reformasjonen. Tradisjonen forteller at klosteret lå øde allerede før reformasjonen, etter at det en tid i forveien skal ha blitt bombardert av svenskene.
I 1668 fortelles det om en protestantisk presteenke som den unge etterfølger i embetet på Selja verken ville ekte eller forsørge. Som hevn brente hun klosterets arkiv. Men tradisjonen forteller at den hellige Olav har knelt i den lille Sunnivakirken og hulens kapell. Han landet på Selja på veien hjem fra England da han ville erobre Norge og videreføre Olav Tryggvasons misjon.
Hennes minnedag er 8. juli (Den hellige Sunniva og Seljemennene; Seljumannamesse). Dagen er også avmerket på den norske primstaven. Hun har også en translasjonsfest (Sunniva translatio) den 31. august, som minnes overføringen av Sunnivas relikvier til Bergen. De katolske kirkene i Molde og Harstad er oppkalt etter henne. I Harstad har kirkens glassmalerier motiver fra Sunnivalegenden.
De andre norske helgenene er: Den hellige Eystein, den hellige Hallvard, den hellige Torfinn, den hellige Magnus Orknøyjarl, den hellige Ragnvald Orknøyjarl.
http://www.catholic-forum.com/saints/golden000.htm (Liva til helgena)