TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

onsdag 23. oktober 2013

Barnesong mot "abort"

Her kjem ein link til ein barnesong eg snikra ihop for lengje sidan. Eg var so heldig å få spela han inn, og eg får seie med ein gong at det er ikkje eg som syng og spelar.
Inspirasjonen til det heile kom frå at eg tykkjer det er so grusomt at me har ei global massakrering av born i mors liv.
Då eg berre var eit foster



Redd og sliten
Stor og liten
Glad og takksam
Du skreiv alt ned i Di bok
Sint og såra
Vis og dåra
Du såg alle mine dagar før ein ende av dei kom

Og Dine auge såg med då eg berre var eit foster
Dine auge, Fader, kan sjå alt som Du har skapt
Og når eg vert gammald vil Du framleis passe på meg
Du er alltid hjå meg
Du er alltid vaken, Du.

Og Dine øyre lytta om eg kviskra eller bar meg
Dei som ventar på Deg vil få styrke som er stor
Du som gøymde på meg då eg berre var eit foster
Du har gode planar
Du tek aldri feil, Du Gud

(Om nokon ynskjer å nytte songen, t.d. i kampen mot abort, er det heilt greitt for meg.)

mandag 14. oktober 2013

Det å orke med anti-frans!

Det er ikkje alltid so greitt for ei husmor å finne tid til å blogge. Særskild ettersom barneflokken
aukar både i alder og antal, det krever då meir etterkvart og so skal ein finne tid til å sove og. Men som bestemor seier; "Dess fleire ungar ein får, dess lettare vert ein på foten." Eg er likevel ganske nøgd med at denne bloggen eksisterar. Målet var jo at det skulle vere ei nettside på norsk som faktisk inneheld litt informasjon for dei som søkjer Gud og leitar etter den Katolske Kyrkja. Då ligg bloggen ute og det er mi bøn at einkvan som har god vilje skal dra nytte av han. Kor ofte eg oppdaterar bloggen er ikkje like viktig.
          Ja, Ratzinger, som den tilhengjaren av protestantisme som han er, hoppa jo av båten og inførte "pavepensjon." Som om pavedømet var eit midlertidig yrke på linje med fotballstrenar eller "den norske-kyrkja-sjaman." Og so fekk me anti-Frans. Då kjende eg som Tradisjonalist lang inn i sjela kor trøytt eg var. Skulle eg orke å setja meg inn i detaljane rundt enno ein galning? Det vert so mange avsporingar frå Katolsk Tru at ein nestan vert immun mot informasjonen. Eg og mannen min byrja so vidt. Me kikka på ulike fjernsynsprogram som anti-Frans hadde delteke på i Brasil. Det handla jo mykje om samme smørja som dei andre har kome med; om at det t.d. ikkje er nokre viktige teologiske skilnader mellom jødar og kristne og at me alle kan synge Kum ba yah ilag utan redsle. Og noko av det fyste anti-Frans gjorde som ny leiarskurk i Vatikanet var då å vitje ein synagoge. Eg kjende meg berre trøytt og umotivert. Mannen min held ut noko lengre. Han grov fram artiklar, bilete, utsagn, avgudsseremoniar og videoar for å eksponere kvifor og denne mannen var ein manifistert kjettar. Vaticancatholic.com har teke tak i same oppgåve som vanleg, og det er jo bra.
          Det ligg jo ei fare i dette at om det vert for gale, so forventar ein berre at det blir verre og verre, og stengjer berre det heile ute. Det siste me høyrde var jo at den nye anti-paven tenkjer på å settje inn ein kvinneleg kardinal. Og då var det fleire innom Novus Ordo som byrja å reagere negativt. Når det gjeld ei slik sak (som sjølvsagt er gale nok) let fleire seg irritere, men når dei spottar Kristus meir direkte gjennom å angripe dei aller viktigaste trusdogmene, då er det liksom greitt for dei mange. Det er kanskje bra likevel at det i allefall dukkar opp noko som får nye til å reagere. Det leier kanskje til at fleire får opp augene for kva Novus Ordo faktisk er, eller rettare sagt ikkje er: Den Sanne Katolske Kyrkja. Vakn opp folkens!            

Følgere


Vitjarar