TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

+ FAMILIELIV

ANTIFEMINISTEN!  
Det er ikkje til å stikke under ein stol at det er nett idealet om kjernefamilien som held på å forsvinne frå samfunnet. Mine born og dine born og våre born- alt er i oppløysing og ingenting er heilagt lenger. Som antifeminist vert eg ståande i eit promilleaktig mindretal. Samfunnet i dag vil gjere husmora til ei bør for kollektivet, til ei som ikkje gjev noko til BNP'en i landet, men som berre tek. Som om husmora vil leve på andre sine pengegåver.. Det er då mannen si oppgåve å forsyrgje familien. Dagens samfunn vil gjere den arbeidssame mannen til ein far som ikkje tek sitt ansvar i heimen, dei set ikkje pris på strevet han legg ned, oppoffringane som fylgjer med å være mykje vekke. Dessutan tykkjer feministane at det berre er arbeid som gjev løn i form av kapital som er verdt noko. Kva med løna som er gleda av å få være med sin eigen familie? Skal alt arbeid berre målast i pengar? Er det den ende løna i verda? Kvifor sjå ned på arbeid som betalast med andre ting? Det er å diskriminere alle som jobbar for noko anna. Eg har då og dessutan jobba like hardt for pengane som mannen min tener som han har, og det veit han like godt som eg. Det er ikkje mine og hans pengar, me er då EIN familie. Å vere feminist kan ikkje kombinerast med å vere katolikk. Gud har skapt mannen i Guds bilete og kvinna i mannen sitt bilete. Tyder det at kvinna er mindre kalla til å arve Guds rike, mindre kalla til å leve ut Trua eller til å tileikne seg kunnskap? Sjølvsagt ikkje. Og vert ikkje ei kvinne mest lykkeleg når ho får leve i det kallet og på den plassen i hierarkiet som Gud har skapa henne til å leve? Katolske Kyrkja har då og alltid hatt yrkesaktive kvinner som ikkje var mødrer. Allereie i middelalderen hadde Ho kvinnelege lækjarar! Det er protestantismen som har komme med tankar om at det er noko negativt å vere ugift. Men kvifor skal kvinna sette borna ho har fått til sides for eit yrke? Eg er takksam for å vere kvinne og mor. Eg får oppleve å bære fram nytt liv, då Gud skapar nye menneske, tiltenkte å arve eveleg liv, gjennom meg. Eg får vere mor og arbeide i heimen utan stresset av å måtte kombinere universitetsstudier med familielivet (eg har prøvd før, det var mest stress). Eg får nyte av småbornstida utan presset av at eg må ut og tene pengar mens staten oppfostrar borna mine. Eg får leve med mannen min utan at me må krangle om kven som skal gjere kva eller kven som gjorde kva sist. Me har våre kjønnsroller og båe veit kva som forventast av den andre. Eg forventar at han skal forsyrgje oss, jobbe hardt, leie oss andeleg, ha siste ordet i ulike avgjerdsler som treng å diskuterast. Han forventar at eg ordnar med maten, fiksar det som trengs i husarbeidet, oppsedar og er med borna når han er på jobb. Slik vert det harmonisk i heimen, berre alle gjer sitt. Og so gjer Gud oss nåde for resten, for kvardagen og kristenlivet. Eg skammar meg ikkje over det kvinnelege; av å ha langt hår, dekkje til håret når eg ber og gå i lange kjolar eller av å underordne meg mannen min. Eg elskar han og han elskar meg. Me er båe samde om at me vil ha so mange born som Gud vil gje oss, familieplanlegging er heller ikkje noko katolikkar får halde på med. Det er Gud som har råderett over kroppane våre, og ekteskapet er til fyst og fremst for å skape nytt liv, alle andre velsigningar kjem i andre hand.                                                                                                          
          Når eg ser på desse feministane, so ser eg ulukkelege kvinner. Dei fleste verkar på meg som aggressive, usikre og uharmoniske. Og slik vert det når ein alltid skal kjempe imot det som er naturleg for ein. Ei kvinne som vil vere som mannen, men som aldri kan bli mann, berre ein halvdårleg kopi. Det er ikkje noko som er meir uattraktivt både hjå ein mann og ei kvinne, enn flytande kjønnsroller. Den feminine mannen, den maskuline kvinna. Kven tykkjer eigentleg at det er vakkert og fint? Dei som allereie er so skada i sin eigen natur at dei ikkje kan skilje på desse tinga kanskje. I dag kan eg gå på gata og ikkje vite om det er ein mann eller ei kvinne som passerar meg. Dei ser ut som ein ny rase. Mannen med veska, manekyren, sminka og den feminine sveisen. Kvinna med det snauraka håret og dei posete buksene. Og so det med "kvinna sin rett over eigen kropp.." Ho har fått retten til å avrette sitt eige born, eller til å bruke prevensjon, slik at menn kan ha sex med henne utan at det får konsekvensar. Ho er blitt eit produkt, sjølv om ho ofte ikkje fattar det sjølv ein gong. Ho trur ho er frigjort og sjølvstendig no. Men kvinner som ligg med alle gjer det og for å finne kjærleik innerst inne. Når dei vert eldre, den biologiske klokka tikkar, dei har nokre "sambuarrelasjonar" bakom seg og evt ei slags karriære.. nei, då trur eg ikkje at dei kjenner seg særskild lukkelege likevel. Ikkje so lukkelege som eg er iallefall, for dei har aldri opplevd å leve i eit sakramentalt ekteskap, det å kvile i ubrytelege band. Her finnst ikkje skilsmissa, gjengifte eksisterar ikkje, sjølv i turbulente periodar kan me kvile hjå kvarandre i dette fantastiske sakramentet som ekteskapet er. Eg er antifeminist og kry over det. Eg elskar å være med familien min og eg lengtar etter å få likne meir på den Heilage Familien Jesus, Maria og Josef. Eit slikt ideal borar seg gjennom tid, generasjonar og trender. Den Katolske familien er alltid den same. Me må ta vare på kjernefamilien, det er den viktigaste grunnsteinen i samfunnet. Han er limen!      
    
  

Følgere


Vitjarar