TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

+ ROSENKRANSEN

ROSENKRANSEN!
Rosenkransen er ikkje ei bøn av monoton repetisjon, slik visse hevdar. Det er ei bøn grunna i Bibelen, der Fader Vår og Ave Maria/ Hill deg Maria er henta ifrå. Både Herrens bøn og Englehelsinga til Maria er dei fyste bønene som dei trufaste har bedt heilt ifrå Apostlane si tid og fram igjennom århundra. Men det var fyst i 1214 at Moderkyrkja fekk Rosenkransen i si fullstendige form. Det var då St. Dominic fekk denne openberringa frå Guds Mor som eit kraftfullt vapen i kampen for å omvende Albigensianarane og andre syndarar til den sanne trua.                                                                                               Året 1917 openberra Vår Frue seg for 3 born i Fatima, Portugal ikkje mindre enn 6 gonger. Ho fortalte m.a. om korleis kommunismen kom til å spreie sine vranglærer frå Russland og ho forutsa at 2.Verdskrig var på veg. Ho synte borna eit syn om helvete og openberra korleis sjeler ramlar ned i helvete som snø (!), so mange er det som taper sine sjeler i desse dagar. Bodskapen ho kom  med var klår: Me må be Rosenkransen kvar dag, gje slepp på våre syndige livsstilar og gjere bot for å få avlat for våre tidlegare synder. For å redde fleire sjeler frå fortapinga, er det Guds vilje å stifte over heile verda ei andakt til mitt Lytelause (Immaculate) Hjarte. Berre då kan det bli fred på jorda. De må ofre dykk sjølve opp for syndarar. Kvar gong de gjer eit særskild offer kan de be denne bøna: "Å min Jesus, eg offrar opp dette for Din kjærleiks skuld, for omvendelsen av syndarar og for å godtgjere for alle synder gjort imot det Lytelause Hjarte til Maria." Under den siste openberringa i Fatima synte Vår Frue eit stort mirakel for dei 70 000 menneska, truande og ateistar om eit anna, som hadde samla seg. Det striregna og alle var gjennomvåte og nedsokke i djup gjørme der dei stod. Brått byrja sola å danse frå eine enden av himmelen til den andre. So kom ho brasande ned mot jorda i vill fart og alle trudde at dei skulle døy og mange rymde i vill panikk! Istadenfor vende sola attende til det normale, men mange menneske var blitt helbreda frå plagene sine, og den gjørmete, dyvåte marka var knusktørr. Like tørre var alle kleda til menneska som stod der skjortevåte inn til skinnet, men ingen var blitt brende av sola. Sjokkerte journalistar fotograferte folkemengda. (Sjå bilete på botten av sida.)
            Men so til sjølve bøna.. Rosenkransbøna er både mental, verbal og fysisk bøn. Mental fordi du mediterar over 15 ulike mysterier som gjeld Kristi inkarnasjon, liv på jorda, liding, død og oppståe, og over Guds Mor si nærvare i alle desse stundene. Verbal fordi du samstundes som du mediterar over desse hendingane, seier høgt etter eit visst mønster den Apostoliske Truvedkjenninga, 1 Fader Vår, 10 Ave Maria og 1 Ære Være Faderen og Sonen og Den Heilage Ande..Rosenkransen avsluttast med bøna  "Hill deg, O Dronning." (Salve Regina.) Bøna er fysisk fordi du samstundes held eit smykke med kuler i ei snor mellom fingrane slik at du heile tida ber rett antal bøner. Det er vanleg å få Rosenkranssmykket velsigna av ein prest før du tek det i bruk. 
I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. (Gjer korsteiknet)
1) Eg trur på Gud Fader Den Allmektige som skapte himmel og jord. Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne Son, Vår Herre. Som vart avla ved Den Heilage Ande, fødd av Maria Møy, pint under Pontius Pilatus, vart krossfest, døydde og vart gravlagd. For ned til dødsriket, stod opp frå dei døde tredje dagen, for opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud den Allmektige Fader, skal koma att derifrå for å døma levande og døde. Eg trur på Den Heilage Ande, ei Heilag Katolsk Kyrkje, eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene, oppståa av lekamen og evid liv, Amen.
2) Fader Vår, Du som er i Himmelen. Lat Namnet Ditt helgast, lat riket Ditt koma. Lat viljen Din råa på jorda så som i Himmelen. Gje oss i dag vårt daglege brød, og forlat oss vår skuld som me og forlet våre skuldmenn. Og før oss ikkje ut i freisting, men frels oss frå det vonde. Amen
3)Hill deg Maria full av nåde, Herren er med deg. Velsigna er du av kvinner og velsigna er di livsfrukt Jesus. Heilage Maria Guds Mor, be for oss syndarar no og i vår dødsstund. Amen (Be denne bøna 3 gonger)
4) Gjer so korsteiknet medan du seier: Ære være Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, slik som det var av opphavet no er og skal være, frå eve til eve. Amen.
5) Be so bøna som Maria la til i Fatima: Å min Jesus, tilgje oss syndene våre. Redd oss frå helvetes eld, sjå i nåde til sjelene i Skjærselden. 
Dette var introduksjonen. No kjem sjølve mysteria.

Dei glederike mysteria! (Be på mandagar og torsdagar, Sundagar i adventstida)

1)Engelen kjem til Maria og Gud vert avla i henne ved Den Heilage Ande. (Lukas 1:26-28)
  (Be no ein Fader Vår på den kula som står åleine og 10 Hill deg Maria på dei kulene som kjem etter, mens du tenkjer på dette fyste mysteriet. Be so Ære Være Faderen.. mens du gjer korsteiknet og avslutt med Fatima bøna "Å min Jesus..)
2)Maria Vitjar Elisabeth (Lukas 1:39:45)
 (Be på same måte, begynn med Fader Vår..)
3)Kristi fødsel (Lukas 2:1-20)
4)Presentasjonen i tempelet (Lukas 2:22-38)
5)Kristus vart attfunnen i tempelet (Lukas 2:41-52)

Dei lidingsfulle mysteria. (Be på tysdagar og fredagar, sundagar i Fasta)

1)Kristi dødsangst i Getsemane (Matteus 26:36-46)
2)Kristus vert piska (Markus 15:1-16)
3)Kristus blir tornekruna (27:27-31)
4)Kristus bær krossen (Markus 15:20-22)
5)Kristus vert krossfesta (Lukas 23:33-46)

Dei ærerike mysteria (Be på onsdagar, laurdagar og Sundagar.)

1)Kristi oppståe frå dei døde (Matteus 28:1-10)
2)Kristus stig opp til Himmelen (Lukas 24:44-53)
3)Kristus sender Den Heilage Ande på Pinsedagen (Johannes 14:15-21)
4)Maria vert teke opp til Himmelen (Openberringa 11:3-19 forklarar at Arka er funne i Himmelen. Salme 131:8. Sjå og denne linken som forklarar m.a. korleis Maria er Arka:
http://www.mostholyfamilymonastery.com/Articles/the_bible_on_the_blessed_virgin_mary.pdf )
5)Maria vert kruna som Himmeldronning (Openberringa 12:1)

Etter 5 so kalla dekader (10 kuler med eit mysterium), ber du Salve Regina
 Hill deg, O Dronning, miskunna si Mor. Du vårt liv, vår fryd og vår von, vær helsa! Til deg roper vi, Evas landflyktige born. Til deg sukker vi med sorg og gråt i denne tåredalen. Sjå til oss i miskunn, du som går i forbøn for oss. Og når vår utlendigheits tid er forbi, vis oss då Jesus, den velsigna frukta av ditt liv. Du miskunnsame, du trufaste, du milde Maria Møy.

Amen.
Gjer so korsteiknet igjen. I Namnet åt Faderen og...
(Obs! Novus Ordo har lagt til noko dei kallar dei ljosfulle mysteria. Men dette er ikkje frå Maria og ein sann katolikk må passe seg og ikkje be rosenkransen slik.)

Her kjem nokre bilete av borna i Fatima og frå avisartiklar frå Portugal då det hende.

Om Rosenkransen:

Syster Lucia frå Fatima: "Sjå, Fader, den Høgheilage Møya har i desse siste tider som me lever i gjeve oss ein ny verknad ved resitasjonen av den Heilage Rosenkransen. Ho har gjeve denne verknaden i slikt mål at der ikkje finnst eit ende problem, uansett kor vanskeleg det måtte vere, sjølv om det er timeleg eller, framfor alt, andeleg, i det personlege livet åt kvar og ein av oss, hjå familiane våre, hjå familiane i verda eller hjå dei religiøse samfunna, ja, til og med i liva åt folkeslaga og nasjonane som ikkje kan løysast ved Rosenkransen. Der er ikkje eit ende problem, seier eg deg, uansett kor vanskeleg det måtte vere, som me ikkje kan løyse gjennom bøna ved den Heilage Rosenkransen. Med den Heilage Rosenkransen, vil me frelse oss sjølve. Me vil heilaggjere oss sjølve. Me vil trøyste Vår Herre og oppnå frelse for mange sjeler." (frå 1957 intervjua med Fader Fuentes.)

Følgere


Vitjarar