TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

lørdag 19. februar 2011

Om domen og syndestraffa! Av Thomas A. Kempis (1380-1471)

Enno ei andakt henta frå boka "Om Kristi etterfylgjing"

Bok 1, kapittel 24: Om domen og syndestraffa!

Tenk i alt på enden og korleis du skal kunne stå deg framfor den strenge domaren, som ikkje noko er løynd frå, som ikkje kan bestikkast med gåver, som ikkje tek imot orsakingar men som dømer det som er rett. O, du elendige, dåra syndar! Kva skal du svare Gud, som kjenner all din ondskap, du som til tider bever for eit rasande menneske sitt åsyn? Kvifor førebuer du deg ikkje i tide på domens dag, då ingen kan orsake eller forsvare den andre, men kvar og ein har nok med si eiga tunge bør? (Sjå Gal 6:5) No ber strevet ditt frukt, gråten din er vel imotteken hjå Gud, dine sukk vert høyrde, din angst gjer skilnad og reinsar.
            Ei stor og sunn lutring får den tolmodige mannen, då han, når han lid urett, syrgjer meir over den andre sin ondskap enn over den uretten som råkar han sjølv, då han gjerne bed for motstandarane sine og tilgjev dei all skuld av heile sitt hjarte, då han heller ikkje sjølv ventar med å be andre om forlating, og syner seg heller miskunnsam enn sint, då han sjølv ofte gjer vold på seg og sysselset seg med å fullstendig kue kjøtet under anden. Betre er det å reinse seg frå syndene no og utrydde feila, enn å gøyme dei til reininga i det komande livet. (Skjærselden for nokre og helvetet for dei mange.) Sanneleg, me bedreg oss sjølve gjennom ein upassande kjærleik til kjøtet.
            Kva anna skal elden ein gong fortære enn dine synder? Dess meir du skonar deg sjølv og fylgjer kjøtet, dess hardare får du seinare sona for det, og dess rikare næring bevarar du til elden. I det som mennesket har synda mest, i det skal det og straffast hardast. Der vert dei late drive framover med glødande jern, der pinast dei utan måtehald med forferdeleg hunger og tørste. Der skal dei ukyske og vellustige overskolast med sydande bek og stinkande svovel og der kjem dei svartsjuke til å ule av smerte som galne hundar. (Sjå Jes 34:9)
            Inga synd finnst som ikkje og har si særskilde straff. Der vert dei overmodige metta med skuldingar og dei gjerrige stilte i den yttste naud. Der er ein time av straff verre enn hundre år av dei strengaste botsøvingar. Der får ingen kvile, inga trøyst for dei fordømde. Her får du i det minste no og då kvile etter arbeidet og trøyst av vener. Ver difor uroa og syrg for skulda åt syndene dine, slik at du på domedagen måtte verte trygg hjå dei salige. For då skal dei rettvise med stort frimod stå imot dei som plaga dei og undertrykte dei. (Sjå Visdomen 5:1) Då skal den stå opp og døma som audmjukt har bøygd seg under menneske sine domar. Då skal den fattige og audmjuke eige stor tillit, men den overmodige skal berre finne forferding på alle sider.
             Då skal det verte openberra at i denne verda var han vis, som lærde å for Kristi skuld verte rekna for inkje og ein dåre. Då skal all liding som har vorte bore i tolmod, forvandlast til glede og på all ondskap skal munnar verte lukka. (Sjå Salme 106:42 (107)) Då skal den fromme glede seg og den ugudelege syrgje. Då skal kvar ei plaging av kjøtet føre til meir glede enn om det alltid hadde vorte næra med lekkerbitar. Då skal ein enkel klednad skina mens ein fin skal myrkleggjast. Då skal den enkle bustaden prisas framfor eit forgylt slott. Då skal det standhaftige tolmodet hjelpe meir enn all makt i verda. Då skal den enkle lyttinga verte opphøga over all sluheit i verda.
            Då skal eit reint og godt samvite gje meir glede enn den lærdaste filosofi. Då skal ringeakt for rikedomar vege meir enn alle skattane som menneska har hatt. Då skal du ha meir trøyst av ei andektig bøn enn av eit herremåltid. Då skal du glede deg meir over å ha halde deg i tystnad enn over lange samtaler. Då skal heilage gjerningar gjelde meir enn mange vakre ord. Då skal ei streng livsføring og harde botgjeringar behage meir enn noko jordisk glede. Lær deg difor no å lide det ringare, slik at du framleis må verte fria frå det som verre er. Prøv fyst her kva du kan klare der. Når du no kan halde ut so lite, korleis kan du då stå ut med evige kvaler? Når no ei stakkars liding gjer deg utolmodig, kva skal ikkje då helvetet gjere deg? Sjå, du kan sanneleg ikkje ha dobbel lukke: Her å nyte av lysta i verda, der å regjere med Kristus.
            Om du fram til denne dagen alltid har levd med godt omdøme og i høg standard, kva skulle alt dette gagne deg, om du i denne stunda måtte døy? Alt er inkje utanom dette: å elske Gud og tene Han åleine. (Sjå Fork.1:2) For den som elskar Gud av heile sitt hjarte, han fryktar verken død eller plager, verken dom eller helvetet, for den fullkomne kjærleiken førebuer sikker tilgong til Gud. Men den som har lyst til å synde, kva er det å undrast over om han fryktar død og dom? Godt er det difor, at om kjærleiken enno ikkje er sterk nok til å dra deg vekk frå det onde, so kan i det minste frykta for helvetet halde deg i band. Men den som set Gudsfrykta til sides, kan ikkje stå seg lenge i det gode, men fell snart i djevelen sine snarer.  

søndag 13. februar 2011

Maria Urtehage! Svensk legende frå middelalderen.

Denne legenda tilhøyrer ei samling svenske bøner med opphav på 1400- og 1500-talet, og er henta frå Robert Geetes "Svenske bøner frå middelalderen," oversett i Stockholm mellom 1907 og 1909.

Urtehagen åt Maria Møy!

 Langt ute i dei yttste hjørna av verda låg ein gong eit myrkt og aude land, der det knappt fannst anna enn snø og is. Alle tre som hadde slått røtter der oppe, kom berre til å sjå ut som små busker. Frosten brende for det meste all grønske som våga seg fram i ljoset. Berre ulvar, bjørnar og andre ville dyr kunne trivast i dette trøystelause vinterland.
           So hende det seg ein dag at vår Frue ville sjå til korleis det såg ut på den jorda som hennar Gudomelege Son, høgt lova i all eve gjennom dei dyrebare blomsterfrøa, som han hadde teke med seg ned til menneska frå hagane i Paradiset, hadde forvandla frå eit ørkenland til ei fager roselund. Ho skoda ned frå Himmelen og vart forferda over synet av det ville vinterlandet, der ikkje den minste grønske ville vekse. Med hast stod ho opp og gjekk fram til den vakkert utsmykka himmeltruna åt Son sin, kasta seg ned på kne og sa: "O, Jesus, aller kjæraste Son min! Har du ikkje planta fagre blomar over alt på jorda? Kvifor ligg då landet i nord so aude?" Vår Herre vart rørd av ei so kjærleg og audmjuk bøn og sende til det kalde vinterlandet ein skikkeleg urtegartnar, som bar namnet Ansgarius. I byrjinga hadde han eit slitsomt arbeide for å få roser til å blomstre på harde heller og fagre liljer i vintersnøen. Men Ansgarius grov og pløya og sådde. Det var då frø frå Guds Paradis som han hadde tekje med seg, og til sist kunne han gjerde inn eit stykke jord til blomstergard, på trass av kulde og farlege værleikar. Men då det var vår Frue som hadde rørt vår Herre til å sende denne mannen opp til det framande landet, so gav han det nye plantefeltet namnet "Maria Møy Urtehage."
             Etter ei tid kom andre menn som og planta urter frå Paradis i audelandet. Sigfrid heitte ein, ein annan David, ein tredje Botvid og ein fjerde Eskil. I den vesle hagelunda byrja det å grønske og blomstre slik at det vart ei fryd å skode. Englane såg det frå Himmelen og prisa Gud, som let audemarka blomstre som ei lilje.
            Det kom so ein mektig mann som heitte Erik. Han braut ny mark for å kunne så dei nydelege blomane frå Himmelen rundt ikring i den frosne og harde jorda. Då mange år hadde gått og Vår Herre sitt plantefelt i det kalde landet vart berre større og fragrare, behaga det Han som er Miskunna å late ei tærne ved namn Birgitta verte fødd der oppe i det kalde nordlige landet. Ho skjøna seg på å plante nye blomar i den gamle rosebedda og over heile verda gjekk ord om hennar handelag. Lengje etter hennar død vaks og blomstra dei herlegaste urter som ho hadde sett ned i den grove fedrejorda. Maria Møy Urtehage stod so grøn og fager som aldri før.
             Då hende det seg at ein streng husbond fekk herreveldet i det avsidesliggjande landet. Han såg med ilske auge på alle rosebedda og liljelundane åt vår Frue, som låg so vel inngjerda mellom dei store skogane i riket hans. Som sløsar irettesette han dei menneska som dyrka blomer for hagane i Himmelen. Grunna dette braut han seg inn i dei nydelege urtehagen åt vår Frue og rykka opp dei herlege blomane som vaks der. Hug hadde han etter gull og sølv og difor forakta han dei fine blomane åt Himmelriket, som verken kunne kjøpast eller seljast. Men då hende det seg at alt folket som budde i landet hans, bittert byrja å sørge over tapet av dei fagre og lysande blomane. Dei sakna alle Maria Møy gamle urtehage. "Berre ein narr skulle gråte over slike forfalne og vanvørde steinrøyser, der berre torn og tistlar gror mellom steinane", svara då deira strenge herre.
            Det kom so, etter at han var død, andre menn som tykte at dei var tvungne å forsvare hans død. Og til slutt fekk dei alle menneska i vinterlandet til å tru at dei fagre urtehagane åt Maria ikkje hadde vore noko anna enn stein og tistlar. Men det forunderlege var at mange av dei aller fagraste blomane i plantefelta åt Vår Frue ikkje kunne utryddast. Her og der, på vekkgøymde plassar vaks dei godt og trutt og blomstra under snøen. Då so Vår Herre, som let si miskunn vare for alltid, for andre gongen sende ut sine tenarar for enno ein gong å gjerde inn hagar i vinterlandet, fann dei til si store glede kjære blomar frå Maria Møy Urtehage, som hadde trassa vinterfrosten og kulda i mange, mange år. Men dei skjøna at det var Hans vilje, som gjev vekst åt alt som vert sådd, at dei skulle samle og ta vare på alle dei blomar som ein gong hadde stått i den gamle urtehagen. Åt alle som elska dei fagre blomane i Guds plantefelt, gjev me i og med dette ein liten bukett frå Maria Møy Urtehage. Må me i sameining med vår søte Frue prise Gud i Himmelriket, som ein gong sådde so fagre blomar i vårt vinterland.   
        

fredag 4. februar 2011

Ei andakt av Thomas A. Kempis (1380-1471)

Denne andakta er henta frå verket "Om Kristi etterfylgjing, -fire bøker av Thomas A. Kempis." Thomas A. Kempis vart fødd i 1380 (evt. i 1379) i Kempen ved Rhen. Etter avslutta studier gjekk han med i augustinarkorherrane sin orden og vart seinare prior for klosteret Sankta Agnes ved Zwolle i Holland. Kempis var ein lærd teolog, men vart mest kjend for si enorme fokusering på å leve det sanne Kristne livet. Han skreiv heile tida ned små observasjonar og reflekteringar som han fekk i kvardagen, og samla på desse for å bruke dei i bøkene og traktatane sine. Verket "Om Kristi etterfylgjing" vart opphaveleg skrive på middelalderslatin, men har gjennom tidene vorte utgjeve i over 3000 ulike opplag på dei mest skilde språk. (Visse oversettjarar har desverre ikkje alltid halde seg til grunnteksten, men endra litt på innhaldet her og der for at det skulle passe inn med deira eigen konfesjon. Ei bra oversettjing er G.J.V. Ericsson si svenske utgåve med imprimatur frå 1918.) For høg og låg, lekmann og lærd vart dette ei andaktsbok som alle trong og trakta etter, og ho har, som fyst i rekkja etter Bibelen, vorte den mest leste og mest ikringspreidde oppbyggjingsboka som nokon sinne har eksistert. Thomas A. Kempis døydde den 26.juli 1471.

Bok 1, kapittel 18: "Om føredømet åt dei heilage fedrane!"

Sjå på det levande dømet åt dei heilage fedrane, der sann fullkomming og Gudsfrykt avspegla seg, og du skal sjå kor lite, ja, nestan inkje det er som me gjer. Akk, kva er vårt liv når det vert jamført med deira? Helgena og Kristi vener har tent Herren i svolt og tørste, i kulde og nakenheit, i arbeid og møa, i vake og faster, i bøner og heilage observasjonar, under forfylgjing og mange skuldingar.
              Å, kor mange og vanskelege kvaler leid ikkje Apostlane, martyrane, sannarane, møyene og alle andre som ville fylgje i Kristi fotspor! For i denne verda har dei hata sitt eige liv for å bevare det til det evige livet. (Jamfør Joh 12:25) Å, kva for eit strengt og forsakande liv levde ikkje dei heilage fedrane i ørkenen! Kor langvarige og vanskelege freistingar har dei ikkje fått utstå. Kor ofte vart dei ikkje plaga av fienden! Kor mange, kor brennande bøner har dei ikkje bore fram for Gud! Kva for ei streng avståing har dei ikkje utøva! Kor stor nit og alvor har dei ikkje hatt for si andelege fullkoming! Kor harde slag har dei ikkje kjempa seg gjennom for å kue børene! Kor rein og skikkeleg var ikkje deira stunding etter Gud? Dei arbeidde om dagen og om natta gav dei seg over til bøn utan oppehald, ja, sjølv under arbeidsdagen held dei fram med å oppmerksame bøna.
             All si tid nytta dei vel; kvar time som dei la ned i omgjenge med Gud verka som berre ei kort stund, og søte observasjonar fekk dei ofte til å gløyme vekk til og med dei mest naudsynte lekamlege forfriskningar. Dei forsaka alle rikedomar, vyrdnader og ærestillingar, vener og kjære; dei trakta ikkje etter noko av det som høyrde verda til, dei unna seg knappt nok det som er livsnaudsynt. Å måtte tene kroppen, sjølv om det berre var for det heilt naudsynte, smerta dei. Fattige var dei difor i jordiske ting, men rike i nåde og dygd. På utsida leid dei manglar, men på innsida vart dei oppfriska av Guds nåde og trøyst.
            For verda var dei framande, men Gud stod dei nære og dei var Hans betrudde vener. I eigne auge tykte dei å sjå seg som inkje og var forakta av verda, men i Guds auge var dei dyrebare og høgt elska. Dei utøvde sann audmjuke, dei levde i enkel lydnad, dei vandra i kjærleik og tolemod; difor vaks dei dagleg til i anden, og vann stor nåde hjå Gud. Dei er sette som eit føredøme for alle ordensmenn og burde sterkare oppmuntre oss til å gjere framsteg, som stilnar av dei lunka si von.
          Å, kor stor var ikkje alle desse ordensmenn si ihuge i byrjinga av deira heilage orden! For ei andakt i bøna! For ein konkurranse i dygda! For ei streng tukt! Kor stor vyrdnad og lydnad blomstra ikkje hjå dei for reglane åt ordensstiftarane deira! Framleis i dag vittnar fotspora som dei etterlet seg om at dei i sanning var heilage, fullkomne menn, som i sin harde kamp trampa verda under føtene sine. No (1400-talet) held ein den for stor, som ikkje bryt reglane, om han berre med tolemod lid det som han vert pålagd.
         Å, for ei lunka innstilling, å, for ei treigheit i vår ståe, at me so snart veik ifrå det tidlegare slitet og med lettheit og utan ork let oss leia i livet! Gud gjev, at forbetringsvegen ikkje måtte slumre heilt i deg, som so ofte har skoda dei Gudfryktige sitt føredøme!

onsdag 2. februar 2011

Sankt Ignatius av Antiokia brevvekslar med Maria Møy!

Her fylgjer livet åt Sankt Ignatius (døydde martyrdøden mellom år 110 og 118 e.Kr.), biskop, og fyst om tydinga av namnet hans.
Med namnet Ignatius meinast ein som lid og brenn, for han var femna og tend av den Gudomelege og brennande kjærleiken til Gud.
Om Sankt Ignatius etter dei Gyldne Legendane:
Sankt Ignatius var læresvein åt Sankt Johannes Evangelisten, og var biskop av Antiokia. Og etter dette, som det vert sagt, sende han eit brev til vår Frue eller ein epistel som lydde slik:
           "Til Maria Møya, som bar Jesus Kristus i sin eigen kropp, eg, audmjuke Ignatius, hennar tenar, sender ei helsing. Eg, som enno berre er ein nykomling i Trua og læresvein åt Jesus Kristus og åt Johannes din kjære ven, ynskjer å få oppmuntring og trøyst frå deg av innsikt og lære. For om Jesus din Son har eg høyrt om mange underverk, og eg gleder meg over berre å høyre om deg, som alltid var saman med Han. Du kjenner godt til dei løynde ynskja Han hadde, du har vorte tydeleg informert, og dei som framleis er unge i Trua ilag med meg set stor tiltru til å verte indoktrinerte av deg, og informerte om deira von og tru: Frue, helsa av Gud."
Og til dette brevet svara den ærerike Møya Maria slik:
             "Ignatius, gode læresvein åt Jesus Kristus og Hans spesielle ven, den audmjuke tenestekvinna åt Jesus Kristus sender deg helsingar. Eg vil understreke at alt som Johannes har sagt deg om Jesus Kristus og alt som du har lært deg frå han er sann doktrine og ei sikker sak. Gå alltid i god von, og tru og hald fast ved lovnaden frå di Kristne Tru, og gjer gjerningane dine etter same vis. Eg vil kome med Sankt Johannes for å vitje deg og andre Kristne menn som er ilag med deg. Hald deg alltid trufast i Trua og i gode gjerningar, og lat ikkje noko forfylgjing eller motgång som du skulle lide rikke deg frå Trua di eller frå vona di, men finn trøyst og kraft i Jesus Kristus din Frelsar." 
Dette var svaret han fekk på brevet sitt.

Sankt Ignatius var ein vel lærd mann, og den tredje biskopen etter Sankt Peter, Apostelen åt Kyrkja i Antiokia. Han hadde eit sterkt ynskje om å verte martyr for Trua på Kristus Jesus. Det hende at Trajan, som var keisar i Roma, reiste gjennom Antiokia, og Ignatius synte han og klaga han for at han forfylgde Kristne menn, og grunna dette let keisaren han leggjast i lekkjer og slik vart han ført til Roma av ti riddarar. Vel framme vart han stilt fram for keisaren og alle senatorane i Roma, og der freista dei å tvinge han med lovnader, med trugslar og med tortur, mange og voldsomme og grusomme, til å tilbe avgudane. Sankt Ignatius synte dei tydeleg at alle gudane deira hadde vore tjuvar, rebellar og menn av avskyelege og onde liv, at dei var fordømde i helvetet, og at dei hadde teke voldsomt feil då dei av slike forbanna menn hadde gjort seg gudar og tilbede djevlar, at dei slik hadde forsaka Gud som hadde gjort og skapt heile verda, og Hans velsigna Son som i menneskeleg natur hadde utløyst og frelst verda.
             Til slutt, etter dette, då han hadde vorte torturert med eld, med slag og med fengsel, let keisaren sende bod etter romarane på ein særskild plass, og der settje han Sankt Ignatius og henta to løver som skulle fortære han. Men han frykta ikkje døden og heller ikkje plagene, som han allereie hadde lidd mykje under, men fann alltid trøyst i det å kunne døy for kjærleiken til Jesus Kristus. Og han sa til sist: "Eg er kveiten åt Jesus Kristus, som burde malast mellom tennene åt desse beista, slik at eg vert reint brød som kan leggjast fram for min Herre." Og med det same kom løvene og straup han utan å rive av han kjøtet eller skade det, og då Trojan såg dette undra han seg mykje og gjekk der ifrå. Det er å lese om Sankt Ignatius i alle plagene og smertene som han leid som martyr, at tunga hans aldri held opp å seie Jesu Namn, og at då dei som torturerte han krevde at han skulle fortelje kvifor han sa dette namnet so ofte, svara han: "De skal sanneleg få vite at eg har dette Namnet skrive på hjarta mitt, og difor kan eg ikkje avstå frå å seie dette Namnet ofte." Det var på grunn av dette, etter at han var død, at dei som hadde høyrt desse orda tok og opna kroppen hans og drog ut hjarta og skar det ope, og inni fann dei namnet Jesus skrive med vakre bokstavar i gull, og grunna dette mirakelet var det mange som tok imot Trua på Jesus Kristus.  
            Om denne helgenen sa Sankt Bernard som kommentar til salmen "Qui habitat": "Sankt Ignatius, ærerik martyr av Gud, er av stor forteneste, som var læresvein av læresveinen som Jesus elska so høgt, og i sin epistel som han sende til den ærerike Maria Møy, helsa han henne som mor som har bore Jesus Kristus og ho helsa han attende, som teikn på at han var ein høgt akta person, av høg verdigheit og av stor autoritet. Lekamen vart med æra gravlagd av Kristne menn, til Jesu Kristi pris som er velsigna in secula seculorum. Amen."

Følgere


Vitjarar