TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

fredag 26. februar 2010

FASTA

No har eg endeleg komme i gong med bloggen min. Det kjem nok til å drøye ei tid innan eg får lagt inn all informasjon på dei ulike sidene eg har oppretta, men slik er det å vere småbornsmamma; ting tek tid.
      FASTA er i gong for fullt. Ho byrja på oskeonsdagen den 17.februar og varer fram t.o.m. påskeafta den 3.april. Etter dei siste fasteinstruksjonane eg fann frå Danmark i 1904, er alle over 21 år som har helsa intakt pålagde å faste. Alle dagar utanom Sundagar, fordi det er Herren sin dag og han skal alltid feirast, er det berre tillete å ete 1 fullt mål mat midt på dagen, som ikkje skal innehalde kjøt eller egg. Det er lov å ete ein liten brødbit el.likn. om morgonen og kvelden, men desse 2 småmåla  skal ilag utgjere mindre mat enn hovudmålet. Mjølkeprodukt får ein berre drikke i samband med måltida. Denne fasta er i seg sjølv ei relativ mild faste når ein jamfører med det dei fyste kristne praktiserte. Dei åt berre ein gong om dagen, og då åt dei berre brød med urter og salt, dessutan drakk dei stort sett berre vatn. Dei som klarar å faste hardare burde definitivt køyre på, særskild med tanke på dei tidene me lever i, når nestan ingen gjer bot og offrar seg for syndarar lenger. Fasta er og ei tid der ein kan nytte høve å gjere bot på andre vis. Det er berre å vere kreativ. Alle kvinner har vel eit par verkande sko som berre gneg og plagar, kvifor ikkje gå med dei ei stund i laupet av dagen? Ein kan ta kalde dusjar, eller ikkje dusje meir enn 1 gong i veka. Eller kvifor ikkje sove på golvet ei natt eller fleire, noko som er ein bra idè for gifte par å gjere ilag. Stå opp etter ein kort nattesømn, et: kald mat eller mat du ikkje er spesielt glad i. Gå med ein tung sekk på ryggen når du skal ut og spasere. Be bønenen dine på verandaen ute i snøen. Dessutan oppmodar Kyrkja dei trufaste til å faste frå ekteskapssenga så mykje som mogeleg under fastetida. Noko anna ein kan ofre opp er f.eks å ikkje sjå på fjernsyn eller å ta pause ifrå favoritthobbyen sin i 7 veker.
       Å halde faste er altso ikkje noko ein kan velje vekk som Katolikk. På den eine sida er desse 40 fastedagane omlag tienda av tida vår dette året, og ho tilhøyrer Gud. Dessutan treng me alle å gjere bot for syndene våre og for andre sine synder. Fastetida er ei god hjelp for dette. Men der synda er stor er nåden endå større. Lat meg sitere ifrå openberringane som Sta Birgitta fekk på 1300-talet frå Herren sjølv:
"Kva skulle du ikkje fortene om du fornærma ein jordisk herre slik som du fornærmar Meg (Gud.)? Du skal vite at sjølv om Eg elskar deg av heile mitt hjarte, so handlar eg ikkje imot rettferda på eit einaste punkt. Difor, slik som du har synda med alle lemmar, so må du og gjere bot med alle lemmar. Men på grunn av din gode vilje og fordi du har sett deg som mål å forbetre deg, forvandlar Eg rettvisa mi til miskunn. i det Eg ettergjev deg harde straffer for berre ei lita botgjering si skuld. Omfamn difor villig denne lille møda, slik at du gjennom denne reinsinga måtte oppnå den store løna desto fortare. Brura bør nemlig for brudgomen si skuld slite i arbeidet, slik at ho med større von får kvile ut hjå Han." Eller som Vår Frue sa til borna i Fatima: De må ofre dykk opp for syndarar." Berre det skulle vere motivasjon, i ei tid der dei fleste berre forbind fastetida med fastelavensbollar.

Følgere


Vitjarar