TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

+ HUSMORTIPS

Graviditetskvalme!
Ja, ingen har vel sagt at det skal vere lett. Sjølv kan eg godt spy i 5 mnd. Rekorden er vel 18 gongar på ein dag. Men utanom dei få dagane der det berre ikkje er noko som hjelper, so er der mykje ein kan gjere for å klare seg.
          Mange spyr fordi dei har for lågt blodsukker. Dette i seg gjer at ein vert uvanleg trøytt og vraltar rundt i særdeles lågt tempo. Pulsen vert då lågare og du vert enno kvalmare. Ond sirkel m.a.o.
Gravide kvinner kan og oppleve at dei får ein overproduksjon av magesyre og det lille du et svir lett i magen. Difor er det lurt å ete noko som fungerar som ein oppsugingssvamp for magesyren. Mjuke loff- og kneipbrød er meist effektive. Det er jo berre å sjå for seg kva som absorberar best i suppetallerkenen og prøve det same for magen. På tom mage vil då det som absorberar minst vere vanskelegare og halde på; t.d. bananer og dei grovaste knekkebrøda. Det som er syrleg gjer og fort vondt verre grunna all magesyren; som nektariner, granateple, ananas, tranbær osv.  
           For mykje feitt kan og leie til meir kvalme. Prøv å byte ut mjølkeglaset med havremjølk eller rismjølk, det får blodsukkeret til å stige samstundes som det er fettfattig. Mildare juicer som katrinplommejuice, tomat- og grønsaksjuicar eller tropisk nektar og juicar utblanda med kokosvatn kan hjelpe. Men det er ikkje berre søtt som hjelper mot kvalme. Salt har og god effekt. Det er difor lakris er so effektivt. Gjerne ein mild mjuklakris utan salmiakk, som er bade salt og søt. Skinke har og same eigenskap, ettersom det ofte inneheld både sukkerartar og salt.
            Visse tykkjer at mint hjelper. Skal du ete mykje av det er det betre å finne noko utan mørk sjokolade. Mørk sjokolade er fort kvalmande i seg. Et litt for mange "after eight" og du skal få sjå kva eg meinar. Mariannedrops eller mentos er mildare og kan halde deg gåande lengre. Til og med fruktmentosen er mild og effektiv når du har lågt blodsukker. Ei mild småkake eller eit kjeks i veska er heller ikkje so dumt.
            Har du derimot høgt blodsukker skal du ete kanel. Det stabiliserar blodsukkeret på ein gong. Rør det ut i ein svak kaffelatte eller kakao, eller ha det på grauten. Har du lågt blodsukker kan kanel gjere vondt verre, og du kan rett og slett besvime.
            Når du ikkje har energi er faktisk cayennepeppar din beste ven. Den stabiliserar blodtrykket effektivt og er faktisk bra for magen sjølv om den er sterk. Cayennepeppar kan faktisk kurere magesår og tarm- og munn kreft. Den er dessutan veldig bra for livmora. Det beste er å blande 1/2 eller 1 ts i litt kaldt vatn og drikke på styrten. Det brenn berre ei kort stund i munnen og so går det over. Dette kan halde deg gåande ei god stund. Det ende problemet er at om du er so kvalm når du tek det at du veit at du kjem til å spy snart, so er det ikkje noko kjekt å spy opp cayennepeppar. Ta det ikkje på dei ubotelege dagane, og ikkje på tom mage heller.
           Hugs og at om du søv lite kjem ikkje noko av dette til å hjelpe. Du må prøve å sove. Legg deg og gjerne ned 10 eller 20 min etter ei anstrengning, før du tek til på neste oppgåve, som når har plukka opp leikar eller hengd opp klesvasken. Slike opp og ned rørelsar er særs kvalmande og kan øydeleggje resten av dagen om du ikkje kviler litt imellom øktene. Eg vonar noko av dette vert til hjelp for dei som kjempar med graviditeten sin.     

Oppskrifter for fasta!

Bland ulike bønner, f.eks elefantbønner, pinto bønner og kidneybønner i ei gryte med kaldt vatn og lat det liggje over natta. Kok dei so neste morgon i nytt vatn i eit par timar. (Ein kan koke store mengder og oppbevare i kjøleskåpet til fleire måltid og rettar.) Alle oppskrifter kan lagast med kokosfett om du ikkje har olje, dette er ein nyttig fettsort sjølv om han er meitta.

Bønnegryte med tomat!
1 boks hermetiserte tomatar
1 grønsaks- eller soppbuljong
litt kvitløk
rikeleg med paprikapulver, evt chilipulver etter smak
1 boks mais
1 stor løk
1 stor paprika
masse bønner, mengd etter som du vil
1 kopp vatn
litt olivenolje

Hakk opp i store bitar og fres i oljen løk, kvitløk og paprika, saman med alle krydder du vil ha i. Ta i dei hermetiserte tomatane, vatnet og buljongen. Kok opp under omrøring. Bland i bønner og mais. Serverast med ris eller pasta utan egg.

Bønnegryte med sojasaus!
2 koppar vatn
olje
1 stor løk
1-2 store paprika
kvitløk
sojasaus, mengd etter smak
1 brokkoli kvast (evt litt blomkål)
1-2 gullerot
maizena som kan hellast rett i kokande væske.
litt pepar
masse bønner, mengd etter som du vil

Hakk opp i store bitar og fres i oljen løk, kvitløk, paprika, gullerot og brokkoli.
Bland i vatnet og kok opp. Hell i sojasausen, ulik mengd etter kor sterk og salt soja du har. Den japanske som eg brukar treng 5-6 ss. Når det kokar heller du i majzenaen mens du rører med ein visp. Ta 1 ss om gongen til gryta vert so tjukk som du vil ha henne. (tips, lat det småkoke eit minutt mellom kvar ss, av og til tek det litt tid før sausen tjukknar.) Til slutt kan du ha i litt pepar etter smak.
Serverast med ris eller pasta utan egg.

Mungbønnesuppe!
Legg nokre dl mungbønner i vatn over natta. Kok dei neste dag i nytt vatn i vel 20 min, eller til dei vert mjuke.

3 dl kokte mungbøner
1 løk
2 tomatar
1-2 ts chilikrydder
1 ss ingefærkrydder
1 soppbuljong (evt. grønsaksbuljong)
1 ss olivenolje
1 ss eple eddik

Hakk opp i halvsmå bitar løk og tomatar. Fres desse i olje i ei tjukkbotna suppegryte saman med chili- og ingefærkrydderet. Bland i 8 dl vatn og buljong og kok opp. Ha i ein kork til med olivenolje og ein kork med eddik. Bland i dei kokte bønnene til slutt og la det putre nokre minutt. Serverast med rundstykke og margarin.

Raud Linsesuppe!
1 del raude linser
4 delar vatn
1 kork olivenolje
1 kork epleeddik
1/2 sitron eller 1 tørka lime
Laurberblad
Salviakrydder, masse er godt
evt litt timian eller rosmarin

Hell i alle ingrediensar i ei tjukkbotna gryte. Kok opp. Rør av og til. Lat det koke på middels varme i minst 20 min. (Dersom du brukar tørka lime eller sitron, må du stikke 3-4 hol i den med ein gaffel før du har han i. Brukar du fersk sitron pressar du safta rett i gryta.) Serverast med knekkebrød eller flatbrød og margarin.

Rekewok!
minst 500g skala reker
1 liter rispuffar
olivenolje
1 boks kikerter
1 stor løk
1 boks mais
rosmarin eller timian
sojasaus

Steik rekene i ei wokpanne og sil av vatnet. Ha i finhakka løk og steik vidare i litt olje. Hell i rispuffkorna og hell over nokre ss m olje, rör godt og la oljen trekkje inn i rispuffane. Bland i kikerter og mais, krydder og sojasaus etter smak. Serverast når alt er gjennomvarmt. (vil du spe på med mat, er ein pose fryste grønsaker, til dømes m. gullerot, blomkål og erter kjempe godt.)

Kålgryte!
1/2 kål
1 stor løk
2 gullerøter
1 kvast selleri
1 boks knuste tomatar
paprikakrydder eller chilikrydder (og muskatnøtt evt)
1 buljongterning (ikkje m kjøt i fasta)
so mykje kokte bønner som du tykkjer er godt
1 kopp vatn

Hakk opp grønsakene og fres dei ei stund i olje og krydder slik at dei mjuknar litt. Hell i tomatane, vatn og buljong og kok opp. Lat det putre 10-20 min. Hell på meir vatn om det tørkar ut og ta i bønnene mot slutten. Server med t.d. råris.

Følgere


Vitjarar