TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

mandag 24. januar 2011

Visdomsord frå ein Benediktinarmunk

Ei andakt av Augustine Wirth, ein Benediktinarmunk.

"No, mine kjære Kristne, vil eg minna dykk om at når det gjeld å handsakas med verda, kjempar me som om me var i sjølve fiendeleiren. Me er som sjømenn i eit havsslag, tvinga til å gå ombord på fiendeskipet og kjempe ut slaget mot fienden på hans eige tømmer. Me er midt i verda, me andar inn ei verdsleg atmosfære, påverka av hennar levereglar, influerte av hennar trender, konstant gruppert etter hennar skikkar som går imot Guds Lov, imot Kyrkja og imot samvitet. Her må me sanneleg syne oss uredde i striden, her må me kjempe tappert, om me ikkje skal dragast inn i snåra åt den forræderske fienden, eller kompromisse våre fargar, senke vimpelen med Krossen, berre for ei kreativ lumsk bøn som stunda verkar å kreve av oss eller som kan gje oss vidare nytte og gagn. Det er ein tidsalder av so kalla "liberale Katolikkar;" og me har alt å frykte frå desse heltane av menneskeleg respekt, som so gjerne byter til seg kvar ende meining som den korrupte verda kjem med, istadenfor den eldgamle, uverdslege, uendrande Kyrkja, som har si æra i Krossen, i audmjukinga, den ynkelege fattigdomen åt hennar Krossfeste Make.
             Om Gud ikkje har gjeve oss nåden for ei religiøs ordenskalling, mine brør, då kan me ikkje unngå å komme i kontakt med desse fiendane som finnst overalt, med menn som er perverse, (som apostelen seier,) som fylgjer ugudelege prinsipp, bitne av denne verda, ja, av ei verd som er "plassert" i "misgjerning." Er det noko å undrast over, kjære Kristne, under desse tilhøva, at det er umogeleg å unngå alle freistingar? Å, akta dykk for denne verdsanden! Faste og be; vak dag og natt, for listig og ond og mektig er fienden som heng ved døra di. Ja, skulle du dra deg attende frå verda og det verdslege ho traktar etter, -skulle du, som dei gamle eremittane, flykte like inn i ørkenklostera, kjem satan til å fylgje etter deg like ut dit, og lekamen din, med sine korrupte tendensar og onde bøyingar, kjem til å starte ein nevekamp med vår Herre Jesu Kristi soldat. Fienden innanfor veggane- akk! er han ikkje ein lømmel, kanskje meir frykta enn nokon annan yttre fiende. Stoltheit og egenkjærleik har blinda mange, og har sendt fleire sjeler til fordervinga enn satan og verda samanlagt.
             Var det ikkje for bøyinga åt synda i kjøtet og for begjæra i ein korrupt natur, skulle verken djevelen eller verda so lett kunne lukkast i å dra mannen vekk frå Guds teneste, -frå den letta børa av Evangeliet, -inn i det infernalske slaveriet i helvetet. Kristne, særskild de som er av alvoret, og som ynskjer å frelse dykkar udøyelege sjeler, bli ikkje forundra om freistingar, sjølv dei voldelegaste, grusomaste og mest uanstendige angrip dykk. Me les i  Evangeliumet for i dag, at vår kjære Herre tillet seg sjølv, for vår rettleiings skuld å verte freista, til og med med den nedverdigande synda av avgudedyrking; for slik å syne oss, til vår oppmuntring, at ufrivillige freistingar ikkje er syndige, og at sjela som står i mot det onde ikkje har noko grunn til å frykte. Men om de vil verte sikra mot alle angrep frå dykkar andelege motstandarar, mine brør, då må de trufast og uthaldande ta i bruk dei reiskapane me har fått for å sigre over dei."

tirsdag 18. januar 2011

Kva fornufta lærer oss om evig fortaping! Av Charles-Marie-Antoine Arminjon, 1881

Forts. frå forrige blogginnlegg....
Lat oss til desse teologiske bevisa leggje til andre logiske og fornuftige bevis. Om der ikkje var eit evig helvete, skulle Kristendomen forsvinne og dei moralske ordningane ville verte avskaffa. Denne sanninga om at straffa er evig, er essensielt samanbunde med dei store sanningane i religionen- mennesket sitt fall, Inkarnasjonen og Utløysinga- som logisk nok inneber stadfestinga av det same. Om der ikkje var noko helvete, kvifor skulle Jesus Kristus ha stige ned frå Himmelen, kvifor dette syrgesetet i krybba, kvifor denne uttømminga, lidinga og Offeret på Krossen? Denne overmåteleg store kjærleiken frå ein Gud som vart menneske for å kunne døy, skulle ha vore ei handling frårøva all visdom og dessutan uproporsjonerleg jamført med endemålet, om det berre hadde dreia seg om å frie oss frå ei timeleg, forbigåande straff, slik som i Skjærselden. Mennesket har difor då falle hjelpelaust i onde dagar, og vart fordømd til uendeleg skam, då berre ei Gudomeleg utløysing kunne røyse han opp att. Elles skulle me måtte seie at Kristus berre fria oss frå ei tidsavgrensa straff, som me og sjølve hadde kunna fria oss frå gjennom å gjere opp for brota våre på dei vis som me hadde makt til å gjere, og om dette var ståa, skulle ikkje då Kristi Blod vere overflødig?  Det skulle ikkje lenger kunne kallast ei utfriing i ordet si rette meining: Jesus Kristus skulle ikkje vere vår Frelsar; og den uendelege takksemda og kjærleiken som me er skuldige Han, og som Han krever av oss, skulle i so fall vere eit overdrive og urettmessig krav. Gud-som vart menneske- skulle verte kasta ned frå truna i hjarta våre og frå vår tilbeding, og Kristendomen skulle verte openberre som ein bløff, og alle konsistente tenkjarar måtte då verte leidde til å avvise openberringa og Gud Sjølv.
                Er der ikkje noko helvete, er der ikkje noko moralsk ordning. Fundamentet åt den moralske ordninga er den absolutte og essensielle skilnaden mellom godt og ondt. Det gode og det onde har ulik essens, då dei konkluderar ulikt og dei resulterar i motsette utkome; men, om me avskaffar den evige sanksjonen av straffa, når last og dygd same konklusjon. Kvar for seg, ved å nytte ulike hjelpemiddel, når det endelege målet, som er kvile og lukke framfor Guds Åsyn. Den same lagnaden vert gjeve åt dei som har vore reiskapar for det onde, som åt dei som heilt fram til slutten har vore uforgjengelege kar for det gode. Du seier kanskje: "Sant, men det vil verte tusen eller hundretusen år tidlegare for dei rettvise; tusen eller hundretusen år seinare for dei onde." Kva spelar det for rolle? Ei botstid, uansett kor lengje du trur at ho kjem til å vare, utgjer ikkje ein essensiell skilnad mellom lagnaden åt den eine og den andre. Under vårt flyktige, forgjengelege liv, då augneblinkar, etter at dei har gått forbi, aldri kjem att, utgjer ein periode på tusen eller hundretusen år ei viss meining. Men med det same eit menneske stig inn i eva, har tusen eller hundretusen år ikkje lenger noko meining; dei er mindre enn eit sandkorn i ørkenen, eller ein dråpe vatn i havet. Sjå for deg ei framtid sett saman av straff, so lengje du vil, legg på dobbelt so mange år, stable århundre etter århundre opp på kvarandre- so lengje som utkome er det same for alle, betyr ikkje fortida noko etterpå. Når ei straff er over vert lengda på plagene, jamført med eva, berre å likne med ei lita mengd, so ubetydeleg lita at det skulle vere som om ho aldri hadde eksistert.
                 Det skulle faktisk vere rett å seie- ettersom det ikkje er noko merkbar skilnad mellom ei eve og ei anna- at synda ikkje hadde ført til noko skade på syndaren. Lat oss til dømes utgå frå at Gud, som straff for syndene mine, kastar meg inn i logene i nokre århundre. Eg har då denne trøysta: Eg veit at eg har sikra meg ein ultimat lagnad, eit lodd som kan målast matematisk, på same vis som hjå den rettvise. For eg har eva; på nett same vis som der er ei eve av glede og æra for den som har tent Gud og elska Han til døden, so er det og ei eve av glede og æra for den onde mannen som fryda seg i nytingar, mens han gjorde det onde, og heile tida forakta dei Gudomelege lovene og boda. Fylgjeleg, om desse to endelege utkoma er dei same; om det er slik at me gjennom å gå på den onde vegen som på den gode, uansett kjem til å nå det evige livet, vert konklusjonen uunngåeleg at dygd og kriminalitet er to vegar mot den same sikkerheita; at det er valfritt for mennesket om han vil fylgje den eine eller den andre vegen nett som han sjølv vil. Det fører til at dei skittnaste liva og dei reinaste liva fortener like mykje forteneste og verdigheit, då begge fører til den same perfeksjon og lukke. 
                  Om ei slik ordning vert gjeve, kjem moral, offentleg ordning og alt skin av oppriktigheit til å forsvinne frå jorda. Rettvisa vert fråteke si myndigheit, samvitet vert berre ei urimeleg lekkje for rimelege handlingar, dygder og offer representerer ei idiotisk antrenging. Ta vekk frykta for evig straff frå menneskeslekta og verda vil verte fylt av kriminalitet. Dei mest avkyelege misgjerningane vil verte ei plikt, berre dei kan utførast utan at ein risikerer fengsel eller sverdet. Helvetet vil berre hende tidlegare: I stadenfor å verte utsett til det komande livet, kjem det til å innvigast midt mellom menneskeslekta, i dette livet. Som ein moderne forfattar har sagt: "Der kan ikkje vere ein mellomveg for samfunnet- det er enten Gud eller geværet."                  
                       

onsdag 12. januar 2011

Evig fortaping! Av Charles-Marie-Antoine Arminjon, 1881

Henta frå boka "The end of the present world and the mysteries of the life to come," av Charles-Marie-Antoine Arminjon, 1881

 St. Ignatius av Loyola bruka å seie at han ikkje kjende til noko preike som var nyttigare og meir fordelaktig enn dei som handla om helvetet. Refleksjonar over det vakre i dygdene eller over gledene og attraksjonane i Gudomeleg kjærleik har liten innverknad på grove, kjøtlege menneske. Midt mellom dei høglytte livsgledene deira, dei forførande dårlege døma som vert sett framfor dei, og fellene og fallgropene plasserte under føtene på dei, vert trusselen om helvetet berre ein liten fortauskant som har kraft til å halde dei på pliktsvegen.
              At straffene i helvetet er evige er ei sanning formelt utlært i dei Heilage Skriftene; det er ein del av Kristen truvedkjenning; mange Kyrkjemøte har definert det som ein trusartikkel. St. Matteus, i kapittel 18 og St. Johannes, i kapittel 14 av Openberringsboka, når dei talar om plagene åt demonane og dei fordømde, seier at desse vil vere av det evige slaget. St. Markus, kapittel 9, og Jesaja, kapittel 66, seier at elden deira ikkje skal slokne, og at makken deira aldri skal døy. Når St. Augustinus siterer desse orda oppmerksamar han at sjølv om naturen åt denne makken og elden er open til diskusjon, so er det i sanning slik etter profetorda, at påkjenningane frå denne elden aldri modererast, og at torturen frå denne makken aldri minkar.
             Når Jesus Kristus talar om den endelege domen som Han ein dag kjem til å uttale, so held Han fast ved og stadfester same likestilling mellom rettferdiggjering og fordøming; verken i løna åt den rettvise eller i straffa åt den onde gjer Han nokon skilnad i grad eller tid: "So skal dei ganga burt til æveleg straff, men dei rettferdige til eit æveleg liv." (Matt 25:46) So er det då slik at evig liv ikkje har noko tidsbegrensning, og evig død vil og vere utan grense eller ende.
            Frå desse ymse vittnesbyrda veit me at nåde er ekskludert frå helvetet, og at der ikkje er noko rom for utløysing. Quia in inferno nulla est redemptio. Vidare skulle det berre finnast tre vis som dei fordømde og demonane skulle kunne løysast frå rettferda på, og oppnå fridom eller lindring frå plagene sine; gjennom ein sann og oppriktig anger; eller gjennom krafta frå bønene åt dei heilage og botgjeringar ofra opp av dei levande, eller gjennom øydeleggjinga av deira eksistens- med andre ord, då det er absolut umogeleg for Gud å ta dei til Seg, skulle Han verte nøydd til å utslette eksistensen deira heilt, og slik få ei avslutning på plagene deira. Men dei fordømde kan ikkje gjere bot. Gud har aldri gjeve forlating åt satan då satan aldri har angra seg. Det er mogeleg, seiere St. Thomas, for ein person å angre seg og hate si eiga synd på to vis: absolutt eller tilfeldigvis. Han som hatar synda si absolutt, hatar henne grunna den ibuande styggedomen og då det er eit lovbrot mot Gud. Han som hatar synda tilfeldigvis, hatar henne ikkje grunna kjærleiken til Gud, men grunna kjærleiken til seg sjølv: Med andre ord, so hatar han igrunn ikkje synda fullt ut, men berre si eiga smerta, det onde som det har ført med seg for hans del. Viljen åt dei fordømde er framleis bøyeleg til det onde, og deira forferding og gru over si eiga straff er verken anger eller bot. Dei vert utan tvil tæra av ynskjer og draumar; men objektet for desse draumane er deira eiga lukke, som dei ynskjer å oppfylle uavhengig av Gud. Slik er draumen åt demonane og dei fordømde, ein uendeleg gagnlaus draum som fortærer dei med uendeleg fortviling og raseri. So dei fordømte kan ikkje angre seg. Kan dei få del i bønene og fortenestene åt dei levande? Om dette var høvet, skulle Lucifer og dei falne englane ein eller annan gong i ei fjern framtid, få løyve til å vende attende til Guds favør: Fylgjeleg ville dei då verte heilage vesen att, verdige vyrdnad og kjærleik, på same vis som Kjerubane og Erkeenglane, som dei ein gong ville femne om i evig kommunion. Det skulle og medfylgje at Kyrkja ville vere pålagd å be for demonane. Demonane er i sanning våre verste fiendar, men prinsippa av nestekjærleik pålegg oss å be for alle fiendar utan unnantak. Kyrkja ber for dei som forfylgjer oss i denne verda, berre i dette livet, då dei framleis kan bere frukt som fører til sann anger: Men sjølv på Domedagen, då ho vert fylt av kjærleik og heilagdom, kjem ho ikkje til å be for dei som vert dømde av den rettvise Domaren til evige piner. Om dei fordømde kan forvente å ein dag verte frelste, so ikkje berre må Kyrkja be for dei, men i tillegg, so kan me ikkje sjå kvifor det skulle vere forbode for dei Trufaste å vyrde dei, og kvifor skulle ikkje Kyrkja då samle opp etterlevningane av ein Nero, ein Robespierre og ein Marat, for å æra desse på altaret, med same rett som aska åt ein Aloysius Gonzaga, ein Vincent de Paul og ein Francis de Sales.
                Kortfatta er det tydeleg at pina åt dei fordømde vil vere utan ende og at dei sjølve heller aldri vil verte øydelagde slik at dei opphøyrer å eksistere. Heilag Skrift skildrar deira stakkarslege tilstand ved å kalle det "secunda mors- ein andre død". St. Gregorius seier: "Det vil vere ein død som aldri vert oppslukt, ein ende alltid etterfylgd av ei ny byrjing, ei oppløysing som aldri fører med seg forsvinning." St. Augustinus uttrykkjer med like stor vigor og tydelegheit den triste ståa åt den døden som, mens han let sjela eksistere eveleg, let henne utstå plager og gru med den høgste intensitet: "Det kan ikkje seiast at sjela skal ha liv i helvetet, då sjela ikkje på noko plan får ta del i det evelege livet hjå Gud; det kan ikkje seiast at lekamen skal ha liv, då lekamen der vert eit rovbyte for all slags piner. Slik vert den andre døden mykje meir grusom enn den fyste då døden ikkje kan gjere slutt på alt.     

Forts. fylgjer....
          

onsdag 5. januar 2011

Ei julepreike av St. Bernard av Clairvaux (1090-1153)

Den Heilage Bernard, Abbed av Clairvaux, er ein fransk teolog som levde på slutten av 1000-talet. Me kan vere takksame i Norden for denne heilage Abbeden, som og sende mange munkar til Sverige på si tid. Han er mellom anna kjend for alle preikene sine, og i motsetnad til mange av dei tidlegare Kyrkjefedrane, preika han mykje til menneske som allereie var vel grunnfesta og kunnige i den Kristne Trua, noko som kjem vel fram i djupa av preikene hans. Han var dessutan usedvanleg dugeleg i ord, og prisa som den mest veltalande av teologane, og jamført med dei latinsk- og gresktalande fedrane. Det som særpregar alle skriva åt St. Bernard er den konstante siteringa av Guds Ord. Denne Abbeden kunne då HEILE BIBELEN UTANTIL, og ein mann som er meir oppfyld av Guds Ord skal ein leite lengje etter. I tillegg til å ha delteke ved fleire Kyrkjemøte, er han og kjend for å ha preika mykje om dei Heilage Krosstoga etter oppmoding frå Paven. Desse preikene som han held vart akkompagnerte av store teikn og mirakel, og mange gjekk med i kampen mot det onde. Då det andre Krosstoget ikkje enda som ein hadde von om, forsvara St. Bernard Krossfararane og forklara at han aldri hadde lova siger, og at det var for folket sine SYNDER, nett som med hebreearane, at Gud ikkje hadde gjeve ein krossande siger. (Henta frå the Catholic Encyclopedia)

 Nett denne fantastiske julepreika er henta frå "St. Bernard's Sermons for the Seasons and Principal Festivals of the year, vol.1"  
TREDJE PREIKE FOR JULEDAGEN:
OM STADEN, TIDA OG ANDRE TILHØVE FOR KRISTI FØDSEL! 

"Og Ordet vart kjøt og feste bu hjå oss." -Joh 1:14

Om Kristi fødsel, mine brør, er me nøydde til å granske to tilhøve av saka, to tilhøve som ikkje berre er distinkte frå kvarandre, men og særs ulike. Til den fyste høyrer fødselen av eit Barn som i sanning er Gud; bevaringa av møydomen åt Mor hans; og den smertefrie fødselen som ho fødde han med. Til det same: det nye ljoset frå Himmelen som lyste i myrkre; Engelen som kom med bod om ei stor glede; ein stor, himmelsk skare som song lov og pris til Kongen deira; Ære være Gud i det høgste og fred på jorda åt menneske av god vilje; hyrdingane som skunda seg til Betlehem, der dei fann Ordet som vart forkynt dei, og korleis dei fortalte dette til andre; forundringa og beundringa hjå alle som høyrer. Desse, og alle slike hendingar, mine kjære brør, er eit verk av Gudoms kraft, ikkje av menneskeleg svakheit. Dei er, slik det var, fat og kar av sølv og gull, som til og med dei fattige får ete og drikke av i dag ved Guds bord, grunna denne store høgtida. Men me har ikkje noko løyve til å ta dei vekk: det er ikkje gullkar og beger som er gjeve oss, men maten og drikken som dei inneheld. "Når du set deg ned for å ete med ein prins," seier den Vise Mannen, "sjå då nøye etter kva som vert sett fram for deg."
               Men- for å komme til det andre tilhøve av saka- Ser eg på det som i sanning mi eiga, tida og staden for denne fødselen, den skjøre Lekamen åt Spedbarnet, tårane og gråten åt den Vesle; og fattigdomen og nattemyrkret åt hyrdingane som fyst fekk høyre om Frelsaren som var født. Desse sakene, seier eg, er mine; dei tener til fordel for meg, dei er maten som er sett fram for meg; dei er gjeve meg til rettleiing og trøyst. Kristus vart født om vinteren, og Han vart født om natta. Skal me då gå ut ifrå, kjære brør, at det var tilfeldig og utan noko særskild tanke at Han, som natta og dagen tilhøyrer, sumar og vinter, kom inn i verda under den umildaste årstida og i bekmyrkre? Andre spedborn veljer ikkje tida for sin eigen fødsel, då dei i denne byrjinga av livet, enno ikkje har lært seg skjøn eller har høve til å gjere frie val, eller kraft til å vege saker opp mot kvarandre. Men Kristus, sjølv om Han ikkje vart menneske innan sin eigen Inkarnasjon, var likevel "Med Gud i opphavet" og "var Gud," som eigde den same visdomen og makta som no, då Han alltid var Guds Visdom og Makt. Fylgjeleg, då Guds Son skulle fødast inn i denne verda, hadde Han privilegiumet å velje den årstida som Han ville. Og valet Han gjorde var den mest uvelkomande tida, særskild for eit lita Barn, Sonen av ei fattig Mor, som mesta ikkje hadde filler å sveipe Han i, og inga vogge å leggje Han i men berre ei krybbe. Ikkje nokon stad kan eg sjå at det vert nemnd pels for Hans bruk, sjølv om det i sanning skulle trengjast. Den fyste Adam kledde seg i klede av skinn; den andre Adam i fattige sveipefiller. Slike tilhøve, mine brør, er ikkje i samsvar med verda sin visdom. Difor er enten Jesus Kristus sjølv bedregen, eller verda tek feil. Men det er umogeleg at Han som er Guds Visdom skulle kunne lurast. Rettvist vert då klokskapen åt kjøtet- som er dauden- kalla "Guds fiende," og verda sin visdom for "ein dårskap." For berre tenk over det. Kristus, som dømer ufeilbarlege domar, har vald for Seg sjølv det som er uvelkomande av naturen. Dette må då, fylgjeleg, vere betre, meir høveleg, meir ynskjeleg enn det som gleder kjøtet. Og skulle einkvan lære ut eller fremje ei anna lære, unngå han då som ein forførar.   
               Frelsaren valde og natta som tidspunktet for sin eigen fødsel. Kvar er no dei som skammeleg ynskjer å gå i parade for seg sjølve? Kristus veljer det som Han dømer å vere til størst nytte. De veljer det som Han avviser. Er dykker visdom større enn Hans? Er dykker domar sannare enn Hans? Er dykkar avgjerdsler betre å setje sin lit til enn Hans? Kristus held fred, Han prisar ikkje Seg sjølv. Han opphøger ikkje eller forkynner ikkje seg sjølv; og sjå ein Engel forkynte Han, mens ei mengd av ein himmelsk skare feira Hans kome. Gjer du difor, min bror, om du vil fylgje Kristus, det same og gøym skatten som du har funne. Elsk å vere ukjent. Lat munnen åt ein annan prise deg, men aldri din eigen. Vidare vart Kristus født i ein stall og lagt i ei krybbe. Men er det ikkje Han som seier "Jorda er Mi og all hennar fullnad."? Kvifor veljer Han då ein stall? Tydelegvis for å forkaste æra av denne verda, for å fordøme fåfengda åt menneska. Og slik er Hans tunge tyst, men alt anna som tilhøyrer Han ropar ut, forkynner, evangeliserar. Til og med lemmane i Kristi Spedbarnslekam har makta til å tale. I alt kritiserar, går i mot og attendeviser Han domane av denne verda. For kven mellom menneska, om dei fekk velje, skulle ikkje heller velje ein sterk kropp og fullt utvikla lemmer enn den skjøre  og hjelpelause spedbarnskroppen?  Å Visdom "dregen fram frå den løynde staden", som den Heilage Job seier! Å Guds Visdom i sanning Inkarnert og sløra under kjøtet! For i sanning, mine brør, dette Barnet er Den Vesle lova oss i gamle tider av Jesaja, som skulle: "vite å nekte det onde og å velje det gode." Kroppsleg komfort må difor vere av det onde, og kjøtleg liding må vere av det gode, då den vise Vesle, dette SpedbarnsOrdet veljer det siste  og avviser det fyste. For "Ordet vart kjøt," svakeleg kjøt, spedbarns kjøt, skjørt kjøt, svakt kjøt, kjøt inkapabelt til å gjere noko, til å utføre krafttak.
               Og sanneleg, mine brør, "Ordet vart kjøt og feste bu (i kjøtet) hjå oss." Sjølv om "Han var hjå Gud i opphavet. Han dvelte i "utilgjengeleg ljos," og der var ingen som kunne utstå glansen hjå Han. "For kven har kjendt Herrens tankar? Eller kven har gjeve Han råd?" Den kjøtlege mannen oppfattar ikkje desse tinga som er av Guds Ande. Men no kan til og med den kjøtlege mannen oppfatte, då Ordet har vorte kjøt. Om han ikkje kan skjøne seg på noko anna enn det kjøtlege, sjå då er Ordet no kjøt: Lat han då høyre Ordet når det er i kjøtet. Å menneske, Guds Visdom vert halde fram for deg i kjøtet. Den Visdomen som tidlegare har vore løynd, sjå no er han "dregen fram frå løynde stader," og stadfestar Seg sjølv til og med for dine kroppslege sansar. Han ropar ut til deg, må eg få seie, på eit vis som er forståeleg til og med for dei med verdslege tankar. "Avsky nytingar, for dauden sit nære nyteporten. Gjer bot for gjennom botgjerningar kjem Himmelriket nære." Dette, mine brør, dette er det som stallen forkynner til oss, dette er kva krybba so tydeleg uttrykkjer, det som spedbarnslemmane utan tvil annonserar, det som desse tårane og gråten ropar høgt ut. Kristus gret, men ikkje slik som andre born brukar å gråte, eg meinar, ikkje av same årsak. For det er kroppslege lidingar som får andre å ta til tårar, mens Kristi tårar strøymer frå ei kjærleg medkjensle.  Andre spedborn gret for si eiga lidings skuld, Kristus gret for vår. Dei syrgjer for den tunge børa som vert lagt på alle Adams born, Han syrgjer for syndene som gjer ureine alle Adams born. Og for dei som Han no feller tårar, skal Han seinare utgyte sitt Blod. Å, den harde flinten i mitt forherda steinhjarte! Gje at Gud måtte gjere det, som Ordet, til kjøt! Du, å Herre, har då lova dette gjennom Profeten Din Esekiel, som sa: "Eg vil ta vekk frå dei steinhjarta frå kjøtet, og Eg vil gje dei eit hjarte av kjøt."   
                   Brør, Kristi tårar overvelda meg med skam og beven og sorg. Eg leika utanfor på gatene, mens dødsdomar vart sagt over meg i skuggen av det kongelege domar-kammaret. Men den einborne Sonen åt Kongen fekk høyre om det. Og kva gjorde Han? Han gjekk ut or palasset, la ned diademen Sin, kledde Seg i striesekkar, strødde aske på hovudet, gjekk berrføtt med gråt og klage for at Hans fattige slave var dømt til dauden. Eg møter Han uventande i denne syrgjelege ståa. Eg vert forbløffa over den klagande endringa i Han og spør kva som har skjedd? Han fortel meg det heile. Kva skal eg gjere no? Skal eg helde fram med å leike og håne tårane Han fell? I sanning er eg utan skjøn eller kjensler om eg ikkje heller fylgjer etter Han og blandar mine tårer med Hans. Dette er grunnen for skamma mi. Skal eg dele med deg grunnen for mi sorg og beven? Det er det faktum at eg anslår veldet av den enorme fara eg står i frå posisjonen av botemiddelet. Eg hadde inga aning om kor desperat situasjonen min var. Eg trudde at eg var ved god helse. Og sjå, Sonen åt Møya, Sonen åt den Høgste, er sendt etter, og bod er vorte gjeve om at Han skal slaktast, slik at mine sår kan verte lækte gjennom balsamen av Hans dyrebare Blod! Innsjå, å menneske, kor alvorlege såra dine er, ettersom det var naudsynt at Kristus skulle sårast for at dei skulle verte lækte. Om ikkje skadene dine hadde vore dødelege, ja, om dei ikkje leidde til evig død, so hadde aldri Guds Son heller døydd som botemiddel. Det var då skam for oss, kjære brør, å svikte eller forsømme desse såra våre, som ein slik Høg Majestet har manifistert so mykje medkjensle for. Guds Son miskunnar Seg over vår naud og gret for oss, og skal me som lid nauda, berre le åt det? Slik fyller tankane på det dyrebare botemiddelet sjela mi opp med sorg og beven. 
               Uansett, det faktum at dette botemiddelet er so dyrebart vert og ei kjelde av trøyst, om eg er trufast i å utføre Lækjaren sine instruksjonar. For om, på den eine sida, bruken av slik kosteleg medisin gjer meg klar over alvoret i sjukdomen min, so gjev det meg på den andre sida grunn til å tru at eg ikkje er ukurerleg. For i sanning skulle ein Lækjar som er so Vis, nei, ein Lækjar som er Visomen Sjølv, ikkje applisere i fåfengd, ikkje kaste vekk eit lækjemiddel av uvurderleg høg verdi. Det manifesterar og at det ikkje skulle sløsast vekk på meg om ein kur lett kunne oppdrivast frå anna hald, men og, kor mykje skulle det heller ikkje sløsast vekk på meg om det skulle vere umogeleg å kurere meg sjølv med dette dyrebare lækjemiddelet. Difor har vona som eg har fanga opp og drive meg til å gjere bot, og med kraft tenner det ein eld i meg som brenn etter å verte lækt. Og eg kjem fram til ei auka trøyst frå Englevitjinga og orda gjeve til dei vakande hyrdingane. "Ve til dykk som er rike, for de har fått dykkar trøyst" frå dei jordiske tinga, og er difor uverdige til å motta den himmelske trøysta! Kor mange av høg rang, etter kjøtet, kor mange mektige og kor mange vise av denne verda kvilte ikkje på sine mjuke senger i den timen, og ikkje ein ende av dei vart funne verdige til å skoda det nye ljoset, eller til å høyre det frydefulle bodet om ei stor glede, eller til å høyre korleis englane song i lufta, "Ære være Gud i det Høgste." Frå dette må me lære at dei som "ikkje vert funnen i arbeidsskaren" som Salmisten seier, ikkje fortener å få vitjing av englar. Me må og lære oss kor det behagar innbyggjarane i Himmelen å sjå arbeidstaka åt han som har reine og andelege intensjonar, ettersom dei ærar med tiltale, ja med tale som er reint herleg, sjølv dei som strevar og arbeider for å underhalde kroppen sine verdslege behov, og fordi det er naudsynt for å overleve. For på dette viset syner dei si respekt for lova som er lagt på menneskeslekta av Gud, då Han sa til Adam, "Med sveitte i andletet skal du ete ditt brød."
              Eg formanar dykk, brør, at de med stor oppmerksemd tek til dykk kor mykje Gud har gjort for dykk til rettleiing og til frelse. Elles skal Hans Ord verte funne fruktlaust i dykk, Hans Ord so "levande og gagnlege," so "trufaste og verde til å verte motteke" og uttrykte meir gjennom strevet frå handlingar enn av pusten frå munnen. Utgår de ifrå, mine brør, at det berre vert ei minimal nedslåing for meg om eg fekk høyre at desse orda som eg no rettar åt dykk fekk lagnaden å døy i hjarta dykkar utan å bere noko frukt? Og kven er eg eller kva er orda mine? Om då ein mann av slik liten konsekvens, ja, utan konsekvensar i det heile, syrgjer når han ser "strevet av leppene hans," ubetydelege som dei måtte vere, utlagde til inga nytte, kor mykje større grunn har ikkje Vreden åt Herren den Høgste Majesteten til å verte tend mot oss, om me gjennom forsømming eller forherding av hjarta, gjer til inkje dei mektige verka Han har oppnådd for vår frelse si skuld? Måtte Han, som for å frelse oss, var villig til å ta på seg ein tenars skapnad, måtte Han gje oss å vakte oss fattige Gudstenarar frå ein slik grusom ulykkelagnad, for Han er den Einborne av Faderen og er over alle ting Gud velsigna i all eve. Amen.   
                      

Følgere


Vitjarar