TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

onsdag 28. juli 2010

St.Thomas Aquinas (1225-1294) Katekesinstruksar! Del 2 av 2

VELSIGNA ER DU AV KVINNER! Den velsigna Møya overgår Englane i reinheit. Ho er ikkje berre rein, men ho kan oppnå reinheit for andre. Ho er reinheita sjølv, heilt utan skuld for all synd, for ho pådrog seg aldri verken dødssynd eller svakheitssynd. Ho var difor og fria frå syndestraffa. Syndige menneske, derimot, pådreg seg ei trefaldig forbanning på grunn av synda. Den fyste fell på kvinna som avlar i synd, ber på barnet med plage og ber fram barnet i smerte. Den Velsigna Møya var heilt fri frå dette, då ho avla utan synd, bar behageleg på barnet og bar Han fram med glede: "Det skal slå knopp og blomstre, og skal fryde seg med glede og lov."
              Den andre straffa vart lagt på mannen gjennom at han skal tene for brødet med sveitte i panna. Den Velsigna Møya var immun frå dette og, for, som Apostelen seier, møyer er frie frå dei verdslege bekymringane og er berre opptekne med det som gjeld Herren..
               Den tredje forbanninga gjeld både mannen og kvinna, då begge ein dag skal verte som støv att. Den Velsigna Møya var fri frå denne straffa og, for kroppen hennar vart teken opp til Himmelen, og slik trur me at etter at ho døydde vart ho oppvekt og transportert inn i Himmelen: "Stå opp, O Herre, å gå inn til Di kvile, Du og arka som Du har helga." Då den Velsigna Møya var immun frå desse straffa, er ho "Velsigna av kvinner." Dessutan er det berre ho som slapp unna syndeforbanninga, som bar fram Kjelda av velsigning, og opna Himmelporten. Det er jammen passande at namnet hennar er "Maria", som er likna med HavsStjerna (Maria- Maris Stella), for nett som sjømenn vert leia i hamn av havsstjerna, so vert Kristne og leia til saligheita av Maria.
                 VELSIGNA ER DI LIVSFRUKT! Syndaren leitar ofte etter det han ikkje finn, men til den rettvise er det gjeve å finna det han søkjer: "Substansen av syndaren vert halde av til den rettvise." Slik som Eva søkte seg til frukta på treet (av godt og ondt), men ho fann ikkje det ho søkte i det. Men alt det Eva søkte vart gjeve til den Velsigna Møya. Eva søkte det som djevelen lygnaktig lova henne, nemleg det at ho og Adam skulle verte som gudar, med all kunnskap om godt og ondt. "De skal verte," sa lygnaren, "som gudar". Men han laug, for "han er ein lygnar og far til lygna". Eva vart ikkje lik Gud etter at ho åt av frukta frå treet, nei ho vart heller ulik Gud då ho gjennom synda trekte seg vekk ifrå Gud og vart drive ut frå Paradiset. Den Velsigna Møya derimot, og alle kristne, fann i Livsfrukta hennar Han som sameinar alle med Gud og gjer oss å likne Han, då me skal "sjå Han som Han er."
                   Eva ynskja å finne eiga glede i frukta frå treet då det var godt å ete av. Men ho fekk ikkje denne gleda og opplevde det motsette, då ho med det same innsåg at ho var naken og vart slegen med sorg. I livsfruka til den Velsigna Møya finn me søtnaden og frelsa: "Den som et mitt kjøt..eig det evige livet."
                   Frukta som Eva trakta etter var vakker å sjå til, men livsfrukta frå den Velsigna Møya er mykje vakrare, for til og med Englane stundar etter å sjå Han: "Du er nydeleg, meir enn menneskeborna." Han er prakta  av Faderen si æra. Eva søkte difor forgjeves dette i frukta frå treet, nett som syndaren vert skuffa i syndene sine. Me må søke i Livsfrukta frå skjødet til Maria Møy etter alt me stundar etter. Dette er Han som er Frukta velsigna av Gud, som har fyllt Han opp med all nåde som vert tømd ut over alle som tilber Han: "Velsigna være Gud og Faderen til vår Herre Jesus Kristus, som har velsigna oss med alle andelege velsignelsar i Kristus." Han er og æra av Englane: "Velsigning og herlegdom, skjøn og takkseiing, æra, allmakt og styrke til vår Gud." Han er æra av menneska: "Kvar tunge skal bekjenne at Herren Jesus Kristus er i Gud Faderens herlegdom." Den Velsigna Møya er velsigna, men mykje meir velsigna er Livsfrukta hennar: "Velsigna er Han som kjem i namnet åt Herren."
               

mandag 26. juli 2010

St.Thomas Aquinas (1225-1294) Katekesinstruksar! Del 1 av 2

UTDRAG FRÅ SKRIV OM MARIA MØY!

..Det passar seg ikkje for ein engel å gje æra til eit menneske, og slik har det vore heilt fram til den augneblinken då der kom einkvan som i den menneskelege naturen stod over englane på tre punkt som dei vanlegvis står over oss i; både i æra, i nærleik til Gud og i gudommeleg ljos og nåde- og dette var tilfellet med den Velsigna Møya. For å syne at ho overgjekk Englane i dette, ynskja Engelen å gje henne æra, og difor sa han "Ave (Hill)." 
             FULL AV NÅDE! Den Velsigna Møya stod over alle Englane i fullnad av nåde, og som ein indikasjon på dette gav Engelen henne æra gjennom å seie nett "Full av nåde". Dette er som om han skulle ha sagt: "Eg syner deg æra då du står overgår meg i fullnad av nåde."
            Den Velsigna Møya er sagt å vere full av nåde på tre vis. Fyst, når det gjeld sjela hennar er ho full av nåde. Det er to grunnar til at ho har motteke Guds nåde, nemleg for å gjere godt og for å unngå det onde. Den Velsigna Møya mottok difor nåde i den høgste og mest perfekte grad, fordi ho har halde seg vekke frå kvar ei synd i høgre grad enn noko anna Helgen etter Kristus. Difor er det sagt: " Du er nydeleg, Min hug, og der er ikkje lyte i deg." St. Augustin seier: "Om me om me kunne samle alle Helgenar og spurje dei om dei var heilt og halde utan synd, kvar og ein av dei, utanom den Velsigna Møya, skulle dei svare med eina røyst: " Om me seier at me er utan synd, lurar me oss sjølve og sanninga er ikkje i oss." Unnantaket, derimot, er denne heilage Møya som eg, på grunn av Guds æra, ynskjer å halde meg vekke frå all nemning av synd. For me veit at til henne var det gjeve nåde å sigre over all slags synd av Han som ho i dygda vann å unnfange og bære fram, og Han var absolut heilt utan synd.
            DEN VELSIGNA MØYA SINE DYGDER! Kristus overgjekk den Velsigna Møya i dette, at Han vart avla og født utan arvesynda, medan den Velsigna Møya vart avla i arvesynda, men var ikkje født med henne. (Obs! Dette var St. Thomas Aquinas si private tolkning innan Kyrkja definerte det som ei dogme at Maria ikkje berre vart fødd utan synd men og avla utan synd- Den lytelause avlelsen.) Ho utførde alle dygder, medan Helgena har framgong i utøvinga av visse, særskilde dygder. Slik overgjekk den eine dei andre i audmjuke, ein annan i kyskheit, ein i nådeverk, jå so langt at dei vert det beste dømet på nett denne dygda. Den Velsigna Møya er det framste dømet på alle dygdene.
             I henne er fullnaden av audmjukedygda: "Sjå, Herrens tenestekvinne." og enno ein gong;" Han har sett til admjukheita hjå tenestekvinna Hans." På same vis er ho og det beste dømet på kyskheitsdygda; "Då eg ikkje kjenner av mann." Og slik er det med alle dygdene, som det so tydeleg kjem fram. Maria var full av nåde, ikkje berre i utføringa av alt godt, men og i å halde seg vekke frå alt ondt. Som sagt, den Velsigna Møya var full av nåde i overflod, og dette verka i hennar kjøt eller kropp. For sjølv om det er ei framifrå sak i Helgena at den rike nåden heilaggjorde sjelene deira, so er det enno meir storarta at sjela hjå den heilage Møya var so fyllt opp av nåde at denne sjela gjennom den nåden som vart tømd ut i hennar kjøt kunne avle Guds Son. Hugh av St.Victor seier om dette: "Då kjærleiken til Den Heilage Ande sette hennar sjel i slike loger, gjorde Han eit underverk i kjøtet hennar, då det var gjennom hennar kjøt at Gud vart Menneske." "Og difor skal Den Heilage som vert født av deg verte kalla Guds Son."
              MARIA; KRISTNE SI HJELP! Den rike nåden i Maria var slik at effekta av ho flyt over på alle menneske. Det er ein stor ting i ein Helgen når han har nåde til å føre mange til frelsa, men det er enno meir fantastisk når nåden er so stor at det er nok for frelse for alle menneske i verda, og dette er sanninga når det gjeld Kristus og den velsigna Møya. Slik er det at "tusen skjold" det vil seie botemiddel mot farar "heng derifrå." På same vis, i kvart ende dygdeverk kan ein ha henne som sin hjelpar. Om henne er det sagt: "I meg er all nåde for vegen og for sanninga, i meg er all von om liv og om dygd." Difor er Maria full av nåde, ho overgår Englane i fullnad av nåden, og det passar difor å kalle henne "Maria" som tyder "opplyst i seg sjølv": "Herren vil fylle sjela di med ljosskin." Og ho vil lyse opp andre over heile verda, og er difor rettmessig samanlikna med sola og månen.
             HERREN ER MED DEG! Den Velsigna Møya overgår Englane i hennar nærleik til Gud. Engelen Gabriel indikerte dette då han sa: "Herren er med deg."- som om han sa: "Eg ærar deg då du er nærmare Gud enn eg er, fordi Herren er med deg. Med Herren meinar han Faderen, med Sonen og den Heilage Anden, som ikkje er med Englane eller noko anna ande på same vis: "Den heilage som skal fødast av deg skal verte kalle Guds Son." Gud Sonen var i hennar skjød: "Gled deg og lovsyng, O du Sions bustad: for stor erHan som er midt i deg, Den Heilage av Israel."
              Herren er ikkje med Engelen på same vis som Han er med den Velsigna Møya; for med henne er Han som ein Son, og med Engelen er Han Herren. Herren, den heilage Anden, er i henne som i eit tempel, slik som det er sagt: "Herrens tempel, heilagdomen til Den heilage Ande," for ho avla ved Den Heilage Ande. "Den Heilage Anden skal koma over deg." Den Velsigna Møya er nærmare Gud enn ein Engel er, for med henne er Herren faderen, Herren Sonen og Herren den Heilage Anden- i eit ord, Den Heilage Treeinige Gud. Det er difor om henne me syng: "den eidle kvila av til Treeinige Gud." "Herren er med deg" er dei mest prisverde orda som Engelen kunne ha kome med, og slik ærar han djupt den Velsigna Møya då ho er Guds Mor og vår Frue. Difor passar det framifrå at ho vert kalla "Maria", som på det Syrianske målet tyder "Frue."

onsdag 21. juli 2010

Uforgjengelege lekamer!

Uforgjengelege lekamer (incorruptible bodies), er eit fenomen innan Katolske Kyrkja, der heilage katolikkar, både menn og kvinner, etter at dei har døydd ein naturleg død eller martyrdøden ikkje går inn i den naturlege rottningsprosessen men vert mirakuløst verande som dei var i dødsstunda. Den eldste eg har sett er St. Silvanus som døydde martyrdøden gjennom å få halsen skoren av i år 310 e.Kr. Han kan du sjå i Dubrovnik, Kroatsia i dag.


Ei kvinne som verkeleg er eit syn, er St. Bernadette som døydde i 1879. Ho opplevde at den Heilage Maria Møy openberra seg for henne i Lourdes i Frankrike. Biletet du ser til høgre er ikkje ei animering, ei vaksdokke eller eit måleri, men eit fotografi av henne slik ho framleis ser ut i glaskista ho ligg utstilt i..


Me har og eit døme på eit slikt under på norsk jord. Då den Heilage Sunniva vart funnen under ei steinrøys i ei grotte på øya Selja, var ho og intakt og like fin etter å ha lege der død i omlag 30 år. Dei vitna om at ho såg ut som om ho berre låg og sov. Ho vart funnen av to storbønder, Tord Eigileivsson og Tord Jorunsson, på veg frå Firdafylke til Trondheim. Saman med henne låg beina til dei andre som hadde omkome i steinraset, og desse beina hadde ei vidunderleg lukt. Kong Olav Tryggvason reiste for å sjå dette underet og fekk henne lagt i eit skrin i 996 e.Kr. Det er jammen synd at ho ikkje ligg framme i dag so me kan sjå henne.. Dette underet spelte då ei viktig rolle i Kristninga av Noreg! Men protestantane ville ikkje ha noko med slike ting å gjere, som vanleg.

tirsdag 20. juli 2010

Maria Fødselsfest! (8.september) av Leonhard Goffine, 1687

Av alle heilage høgtider er Maria sine høgtidsdagar både storarta og til stor gagn, og kvar og ein av oss vert formana og oppmuntra til å gje henne stor vyrdnad, noko me og kan lære oss frå liva til dei Heilage. Kyrkja helsar Maria, i samsvar med namnet hennar, for HavsStjerna, som lyser for alle som ferdast i verda på sjela sitt farlige hav. Difor formanar den Heilage Bernhard oss med desse orda: "Vend ikkje ditt auge vekk ifrå denne glitrande stjerna, so framt du ikkje vil verte bylgjene sitt rovoffer. Når du vert plaga og stormen kjem over deg og prøver deg ned på djupet, eller når du vert kasta mot naud- og sorgtungeklippa, eller når tanken på Guds rettferd og denne komande domen fyller deg med beven og syndene dine skuldar deg og ropar etter di fordøming og andene i helvetet grip etter deg, for å styrte deg ned i avgrunnen; lyft då opp ditt auge og fest blikket på denne stjerna. Når du er i fare eller bedrøva, i all din angst må du kalle på den heilage Mora. Lat hennar namn vere på lippene dine og i hjarta ditt. Fylgjer du henne går du deg ikkje vill; ropar du på henne vert du ikkje motlaus; held du deg trufast til henne so fell du ikkje; vernar ho deg so har du ikkje noko å vere redd for; leier ho deg so finn du vegen og får erfare at HO er Maria, HavsStjerna."

  

mandag 19. juli 2010

Skandinaviske piratar!

Utdrag frå ei historieforelesning av Hillaire Belloc på Fordham Universitet i 1937.

...Desse fyste piratangrepa (vikingar) frå andre sida av havet byrja ganske tidleg.. Dei var allereie i full gong og ganske grove i hundreåret før Konstantin, og vart verre og verre fram til år 500. Resultatet vart at dei delane som framleis var Kristne i England vart avskåre frå Kontinentet og difor sokk samfunnet på øyane enno lenger og lenger ned. (på grunn av dei barbariske vikingane og deira levemåte..) Då styrka frå desse fyste piratherjarane som kryssa Nordsjøen tok av, sende Paven ut misjonærar for å omvende det austliggjande beltet av Brittania, der sivilisasjonen hadde forsvunne i stor skala samstundes som den kristne religionen som bar dei mista fotfeste. Paven si utsending, St. Augustin av Canterbury, med fylgje, kom over frå det heilt Kristne Frankrike rett før år 600, og innan århundret var omme hadde dei etablert Messa, skriftspråket og sett opp store byggnader og sivilisasjonen generelt i denne austlege regionen av Brittania som herjingane hadde etterlete i ruinar...
...Der vart seinare nye, voldsomme herjingar (i Storbrittania og Europa elles) av Skandinaviske piratar, sjølv om det ikkje vart ein ordentleg invasjon før etter Karl den Store sin død i 814. Men i tida under dei komande århundra, auka piratherjingane i styrke, og dei byrja å slå seg ned i små nybyggjarbyar på dei britiske øyane og Vest-Frankrike og langs elvebreddane i begge landa. Denne andre bylgja av morderiske pirattokter kom frå den sørliggjande delen av det som i dag vert kalla for Noreg og Sverige og frå dei danske traktene. Piratane gjekk i England under namnet "Danes" og på kontinentet for menn frå nord eller "Northmenn" som seinare vart kalla Normans. Nett som det hadde vore under den fyste bylgja av pirattokter, so var dei ikkje talrike- ein båt bar i gjennomsnitt ikkje meir enn femti stridsføre menn, og legg du ihop alle båtane dei hadde var dei likevel ikkje so mange.
           Desse piratane som kryssa Nordsjøen herja i England utan oppehald, og på same vis var det i Frankrike og. I Nord- Frankrike vart høvdingen deira, ein mann dei kalla Rollo, godteken av det Kristne Riket, som so mange av hans sort hadde vorte i fortida. Han fekk løyve til å ta over den lokale styringa, soldatane han hadde gifta seg med dei landeigarfamiliane langs nedre Seine, og ein ny lokal høvding tok over styret av provinsen som då heitte Det Andre Lyonnese, men som i dag heiter Normandy. Han regjerte frå Rouen og dei få tusen Skandinavarane som var der smelta sjølvsagt inn med dei Gallo-Romerske innbyggjarane, snakka det same språket, nordfransk, forgangaren til moderne fransk. Med andre ord, desse få inntrengjarane vart hurtig absorberte inn i den større sivilisasjonen.
            Piratherjingane mot Gaul opphøyrde difor lengje før tusenårsskiftet. Men dei held fram i England ei mykje lengre tid, og England, som var ein provins i den Romerske sivilisasjonen vart nestan overvelda av deira destruktive slagtokter. Men det Kristne folket på øyane kjempa under Alfred og etterkomarane hans, og sjølv om dei leid store tap etter piratslag, klara dei å omvende dei og halvvegs sivilisere dei. Til sist, etter år 1000, vart herjingane frå Skandinaviske piratkongar mot England gjort om til ei dynastisk rørsle. Dei var allereie halvvegs kristna heime, på same vis som utomlands...
           ...Me har sett korleis det Romerske riket vart angripe i nord og meir sentralt av barbarar, både frå sjø og frå land, menn utan kultur, bokstavar eller noko regjeringssystem som er verdt å nemne ved namn.  Riket vart tungt pressa og det held på i ei lang tid, men ei motrørsle røyste seg, slaget vart vunne og kristendomen sjølv gjorde sigrande framsteg mellom folkeslaga og inn på nye territorium som hadde vore i fiendehand.

torsdag 15. juli 2010

Dauden, ferie og p-piller!

Det er ikkje like greitt å få tid til å blogge i ferien. Kvardagsrutinane er ikkje som dei brukar. Ein gjer andre ting, familie og vener kjem på vitjing eller du vitjar dei.. Bøner og lesestunder vert ei utfordring, og har ein menneske rundt seg som ikkje er Katolikkar, merkar ein fort korleis djevelen brukar dei imot deg. Det kan vere små ting.. som familiekalas på fastedagar, at dei berre må prate med deg eller ha hjelp med noko når du skal be, at ein byrjar å diskutere andre ting når det gjeld trua enn det som er konstruktivt, eller at ein berre byrjar samtalene på heilt feil plass. Kvifor diskutere pedofile novus ordo "prestar" når ein ikkje ein gong er med i sekta sjølv? Korleis skal ein få nokon til å forstå seg på algebra om dei ikkje kan multiplikasjonstabellen ein gong? For meg er det alltid ei utfordring med måltida. Som mange lutherske familiar, brukar min å syngje for maten fyst. Og no kan eg ikkje be med dei, då eg ikkje trur på avguden deira. Så eg gjer Krossteiknet for meg sjølv og dei stirar undrande på meg, den stae songfuglen, som brått ikkje syng for maten med dei. Det er dei kvardagslege utfordringane som kan verke so vanskelege i augeblinken. Freistingane til å inngå kompromiss om noko viktig som gjeld det kristne livet. Det går bra og det går mindre bra.
             I dag fekk eg høyre om ein 25-åring eg kjende littegrann i tenåra som drukna på ferie i går. Drog meg ned på jorda igjen. Dauden ligg og lurar, like gjerne på ein fin feriedag med slekta i våre beste år som han gjer når ein ligg gammal og sjuk i senga. Alle kompromiss er eit spel med dauden, tenk om han kom i dag? Me MÅ sette vår eiga frelse fyst, uansett kva andre rundt oss tykkjer. Ei jente eg kjende døydde brått og uventa for nokre år sidan. Ho hadde god helse og ei dotter i skulealder. Og so berre døydde ho, framleis i 20-åra. Dødsårsaka? P-piller. Jasmin trur eg pillene heitte. Ein liten blodpropp i foten tok livet av henne. Berre ei påminning om den stygge synda det er å bruke prevensjon og dei konkrete fylgjene det kan få allereie no, her i livet. Me kan ikkje utsette til ein annan dag det som kan gjerast i dag. Vent ikkje med omvende deg frå syndige livsstilar til du vert gamald, ikkje vent med å konvertere til den Sanne Kyrkja til ei meir "passande" tid. Tida er no. Den 25-åringen som drukna i går mista ikkje berre livet, han tapte sjela si. Me snakkar om evige eldloger og demonar. Korleis kan eg døme han? Fordi han ikkje var med i den Sanne Kyrkja. Det er alt eg treng å vite. Det er ikkje frelse utanfor Kyrkja. Og Vår Frue synte borna i Fatima korleis sjeler dagleg rasar ned i helvetet som snø! So mange er dei som taper sine sjeler! Tenk på det..  

Følgere


Vitjarar