TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

fredag 29. oktober 2010

Utdrag 1- Historia om dei Nordiske folka- av Ærkebiskop Olaus Magnus, 1555

Olaus Magnus Gothus, født i Linköping 1490 og død i Roma 1557, var Katolsk Ærkebiskop av Uppsala, og vert i Sverige rekna som den siste Ærkebiskopen. Det spesielle var at sjølv om han hadde fått tildelt vervet av Paven, so kunne han ikkje praktisere embetet på plassen, men vart verande ein Ærkebiskop i exil. På 1520-talet utførte han diplomtiske oppdrag for Kong Gustav Vasa, men braut samarbeidet med Kongen då denne ville innføre lutherdomen i Sverige, og vart tvinga inn i ei langvarig landsflykt. Han vandra lengje rundt i Europa, innan han slo seg ned i Italia i 1537, der han held på med mykje vetenskapeleg arbeid og starta eit trykkeri i Roma, i den Heilage Birgitta sitt hus. Han vart ein stor historisk forfattar, og utgav m.a. i 1555 verket "Historia om dei Nordiske folka", som var skrive som ei gåve til Herr Adolph av Schauenberg, det Romerske Riket sin Ærkekansler i Italia. Den vyrdsame Schauenberg deltok på Kyrkjemøtet i Trient og synte ei stor interesse for dei nordiske folka, som vart sett på som eit isolert, ukjent folk i utkanten av verda. Olaus Magnus sitt storverk på 1087 sider, fordelte på 22 bøker er fullt av hans eigne illustrasjonar og skisser, og tek for seg alt frå religøst liv til idrettsaktivitetar, været, insekt, skikkar og gamle segn. Her kjem eit fyste utdrag frå dette historiske verket, som vart oversett til svensk fyst langt ut på 1900-talet:

~Om Nord- og Aust Finland si omvending og om innbyggjarane si store gjestmilde! (Bok 4, kapittel 18)
Denne den ytterste av Nordens landsendar var, på same vis som fleire avgrensa land, i fordoms tid fanga i heidensk overtru. Mens dei slik gjekk seg vill frå sanningsvegen, synte dei forakt for Gud og oppførte seg voldsomt mot grannane sine. Men etter dei to strålande ljosa, dei heilage helgena kong Erik av Sverige og Ærkebiskop Henrik av Uppsala, omlag det nådefulle år 1155 gjennom Guds ord og forkynning og- då deira bodskap om fred vart forkasta- gjennom sine sigersrike våpen underla Finland den Kristne Trua og Sveriges Rike, byggde kyrkjer, tilsette prestar og forvandla folket som byrja, ja, i større grad enn andre, å syne stor flid i allslags dygder, særskild i gavmilde og gjestmilde, som dei med største velvilje utøva mot nyankomme framandfolk. I sitt omgjenge seg imellom er dei vennlege, saktmodige og seine til vrede; men om ein asar dei opp over lengre tid, vert hemnen deira berre so mykje verre, dess lenger den vert utsett. Dei bur i grender, fordela på sokner og heimar. Dei har stautelege Kyrkjer og syner stor vilje til å settje opp nye slike. Sine prestar syner dei den største vyrdnad og gjev dei tiende av alle ting. Til gjengjeld får dei av desse, oftast formidla via ein tolk som assisterer dei på preikestolen, motta ei slik grundig undervisning i den Gudomelege lova, at dei vert grundig fria frå sine eigne villfaringar, og etterpå- utrusta som dei er av naturen med eit eidelt sinnelag, vert dei opptende med ein brennande hug som strevar etter alt godt. Dei liknar slik innbyggjarane i Vesterbotten som, sjølv om dei saknar religionsundervisning, etter den naturlege lova har lært seg å avsky børene og streve etter dygda. For dei har innsett at dei menneska som lever rettvist og ikkje skadar nokon, i rikt mått vert velsigna med alt godt, mens dei som praktiserer avskyelege synder som hor og ekteskapsbrot, steling og mord, ofte opplever at det fører til store konsekvansar for brota; at fuglar og firbeinte dyr forlet skogane deira, og fiskane vattendraga deira, og har ikkje vendt attende før den rasande Gudomen vert blidgjort gjennom prestane sine bøner og velsigningar. Dette skal me tale grundigare om i den 16.boka, der eg og skal gjere greie for ulike metodar nytta mot ulike overgrep på menneske, vanhelging av kyrkjer og dei fattige sin rett.   

lørdag 23. oktober 2010

Bier og flaggermus!

Utan å gjere meg sjølv til noko samtidsprofet, so må eg seie at me lever i ei uvanleg tid av historien, ei tid i ekstrem overflod for vår del. Me kan gå i butikkane og velje mellom frukt og grønt frå heile verda, gjerne mange alternativ av kvar ende sort. Men me er ein uvanleg generasjon. For berre 70 år sidan fekk bestemor mi for fyste gongen smake ei appelsin som ein onkel hadde med seg då han kom att frå ei internasjonal sjøreise. Ho kan og fortelje om korleis ho etter kvart fekk sjå ein tomat for fyste gongen,då ho reiste til Bergen med båten. Sjølv levde dei mest på sild og poteter til kvardags, mens mjølka og smøret som dei produserte vart selde til meieriet, det var ikkje sjølvsagt at dei sjølve skulle få smake på desse godene. Kva det er som gjer at vår generasjon har det so sutelaust i matvegen er det vanskeleg å svare på. Men at det berre er ei velsigning er ikkje so sikkert. Me er til dømes ein særs kunnskapslaus generasjon. Dei fleste av oss kan verken jakte, flå og stykke opp dyr, tørke skinn, dyrke mark, ja, mange av oss kan ikkje ein gong rense fisk. Me veit ikkje kva som kan etast i naturen, me kan ingenting om urter og plantar sine medisinske eigenskapar lenger, me kan ikkje overleve utomhus ettersom me ikkje har peiling på slikt og me kan ikkje ein gong sy klede. Me er den generasjonen som er minst skikka for dårlege tider, og då særskild for større katastrofer. Me litar på at staten skal ta hand om oss i alle høve, og at dette velorganiserte, sosialdemokratiske samfunnet skal kome sigrande gjennom alt og halde fram i framgong, brorskap og tryggleik. Det er me som er givarane, dei som kan hjelpe andre land når dei råkar ille ut.
                    At Vår Herre har hinta for oss om at alt ikkje er so stabilt og sikkert går ikkje alltid inn på folk. Alle har vel lagt merke til dei aukande værkatastrofane rundt omkring. Ein høyrer om flaumane, skogsbrannane, olje og kjemikalieutsleppa, grashoppesvermane, syklonane, jordskjelva, tørkene, jordrasa, pestane som kjem etterpå.. Og tenkjer ikkje på kva for konsekvensar dette får for det internasjonale jordbruket. Enorme avlingar og naturressursar har vorte øydelagde av desse faktorane. Mange av dei aller største mateksportørlanda i verda er hardast råka. Desse landa sluttar å eksportere for å klare seg sjølve med mat. Men mange av dei største importørlanda er og råka, og etterspørselen etter mat får prisane til å stige. Siste rapportering eg høyrde var at risprisen i verda har stige med 7 % på kort tid, mais med 40 % og kveite med 60 %! Nøtter har i butikkane stige med 70 % på mange plassar den siste tida. Samstundes legg småbøndene både i og utanfor Noreg ned verksemdene sine. Dei kan ikkje konkurrere med storbøndene. Dyrka mark vert gjort om til juletreplantager og byggjefelt. EU konsentrerer produksjonen av visse varer til visse land. Det er då ikkje tilfeldig at stort sett all paprika t.d. no kjem frå Holland og Spania, og ein sjeldan gong frå Tyrkia og Ungarn. Det er slik det fungerar no.
                 All slags frø og plantar, ja, til og med dyr- i heile verda vert genmodifiserte, patenterte og prioriterte. GMO...Me går inn i ei genmodifisert tid. Men kven veit korleis desse spesialdesigna produkta kjem til å klare seg når uventa faktorar slår inn? Nye sjukdommar, værforandringar osv.. Ingen veit.
Ein interesann link om GMO er:
http://foodfreedom.wordpress.com/2010/08/18/3247/

Og so var det eit anna hint som er ekstremt interessant! Der er to element i naturen som er særs viktige for pollinering, grøder og økosystemet generelt. Eg tenkjer på BIER og FLAGGERMUS. I USA kan ein no konstatere ei ny krise. Det er noko som skjer med desse to slaga. Dei døyr i hopetal. Honningbia som pollinerer 90 sortar av alle kommersielle avlingsslag over heile verda, og all slags frukt, grønsaker og nøtter.. denne bia berre forsvinn. Amerikanske agronomar anslår at amerikanarar kan takke bia for vel 1 av 3 bitar med mat som dei et..I England reknar ein med at arbeidet bia gjer finansierer 200 000 000 pund med mat kvart år. Skulle biene døy ut, vert verda ei fargelaus, kjøtlaus, bomullslaus, blomelaus verd. Kva skulle hende med alle fuglane? Økosystema skulle på mange stader kollapse. Bier pollinerer m.a. eple, pærer, appelsiner, jordbær, løk, gulerøtter, gresskar, agurkar, squash, kirsebær, avocado, brokkoli og mandlar. Dei pollinerer nøtter (opp imot 80 %), solsikker og ulike oljefrøslag. Kaffi, soyabønner, alfalfa frø (som eindel kveg får foret sitt frå, særskild dei som står for mjølkeproduksjonen), blåbær, solbær og tranebær. Og tenk på bomullsindustrien.. Visst vert kveite og mais spreidde av vinden, men at biene er viktige er ikkje til å stikke under ein stol. Einstein sa ein gong at dersom honningbiene forsvinn har menneskeslekta berre vel 4 år att å leve. Det han meina var sikker at økosystem er skjøre saker og at kvar art er særs avhengig av kvarandre for å klare seg. Men interessant er det.
            Det merkelege er at ein ikkje kan finne ein felles faktor for kvifor biene døyr eller rett og slett berre forsvinn sporlaust, ja, at dei overlet bidronninga til seg sjølv, noko ein aldri har sett før. Der er ikkje eit felles virus eller ei bakterie som årskarar det heile. Visse skuldar på at klimaet svekkar immunsystemet deira. Men ein annan teori er ubalansen i jorda sitt magnetfelt, noko som er påvist dei siste åra. Dette magnetfeltet beskyttar oss ikkje berre frå solstormar. Bier navigerar ved hjelp av dette systemet. Ein kan sjå døme på bier som rett og slett begår sjølvmord i garagar og kontorsbygningar, berre fordi elektromagnetiske element forvirrar dei. Dei forsvinnande biene er ikkje berre eit USA fenomen. Det er og observert i noko mindre skala i England, Tyskland og Holland. I Noreg ligg framleis bi-døden på vel 10 %, noko som er vanleg, men og norske birøktarar er urolege for utviklinga i utlandet.
http://www.guardian.co.uk/environment/2010/may/02/food-fear-mystery-beehives-collapse
http://blog.targethealth.com/?p=58

Og so var det flaggermusene.. USA har den seinaste tida opplevd at dødelegheita i flaggermuskoloniar brått har gått opp. Ein sjukdom som set seg som eit kvitt lag på vengjer og andlet, og som angrip fettlagera i kroppen og resulterar i at flaggermusene svelt i hel, har svepa gjennom landet. Døyelegheita i dei koloniane som vert råka er frå 80-100%.. Over tusen gonger høgre enn andre sjukdommar som har råka arten, og smitta spreier seg fort over kontinentet og ut mot kysten.
             På same vis som bier, er flaggermus særs viktige for spredninga av pollen. Dei er livsnaudsynte for frukter som papaya, mango, fiken og ville bananer. Dei er og hovudpollinatorar for fleire sortar kaktus som er særs viktige i fleire amerikanske økosystem. Ei flaggermus et dessutan frå 60-100% av si eiga kroppsvekt i insekt kvar dag, og er difor uhorveleg viktige for jordbruket. Eit døme er jordbruksregionen San Luis Valley i Colorado, der flaggermus fjernar vel 100 000 kg insekt frå lufta kvart år.
http://www.dailyfinance.com/story/bat-die-off-could-devastate-us-agriculture/19669951/?icid=main%7Chtmlws-main-n%7Cdl8%7Csec3_lnk3%7C177136

At bier og flaggermus, to artar med ganske like eigenskapar i naturen, vert råka so hardt samtidig er særs interessant. Noko anna vel verdt å leggje merke til er at mange av dei nasjonane som har vorte råka hardast av naturkatastrofar den siste tida er tidlegare Katolske nasjonar. Mange av dei byane som har hatt jordskjelv og flaumar har Katolske namn, helgennamn. Muslimane vert og straffa. Norden har enn so lengje ikkje vorte so hardt råka. Me har enno att å sjå om vulkanutbrotet på Island får langtidseffektar på været og avlingane framover eller ikkje. Men uansett er varselsignala i verda mange. Farar lurer, farar som sosilademokratiet ikkje kan gjere so mykje åt. Og dei syndarar som ikkje vert straffa her på jorda vert berre straffa endå meir i etterlivet, so det er ingen grunn til å slappe av, sjølv om butikkane framleis er fulle av varer. Det er då heller ikkje framgongsteologi me trur på. "Den som held ut til enden skal verte frelst" sa Jesus. Eller som Vår Frue i Fatima sa: "Og straffa skal verte intens!"

onsdag 20. oktober 2010

Dei Sju Sorgene åt den Velsigna Maria Møy!

Festdagen åt Vår Frue av Sju Sorger er den 15.september.

Pave Pius VII godkjende enno ei rekkje bøner for å æra dei Sju Sorgene og for dagleg meditasjon den 14.januar 1815:
-5 års avlat for dei som ber og mediterer over desse bønene.
-7 års avlat kvar dag i september.
-Fullstendig avlat ein gong i månaden etter Skriftemål, Messedeltaking og Nattverdsdeltaking om desse bønene vert sagt dagleg. (Henta frå Raccolta- Katolsk offisiell bønebok med imprimatur frå 1951, bøn 383 s.277, 2004-utgåva)
Den Velsigna Maria Møy openberra for Sankta Birgitta av Sveriga (1303-1373) at sju nåder vert give til dei sjeler som dagleg ærar henne ved å seie 7 Hill deg Maria mens dei mediterar over hennar tårer og smerter.

1) Eg vil gje fred til familiane deira.
2) Dei vil verte opplyste om dei Gudomelege mysteriuma.
3) Eg vil trøste dei i smertene deira og vil støtte dei i arbeidet dei gjer.
4) Eg vil gje dei so mykje som dei ber om, so lengje det ikkje går imot den gode viljen til min Gudomelege Son eller heilaggjeringa av deira eigne sjeler.
5) Eg vil forsvare dei i den andelege kampen dei står i mot den djevelske fienden og eg vil gje dei vern til kvar ei tid i liva deira.
6) Eg vil synleg hjelpe dei i dødsstunda deira, dei vil sjå andletet åt Mor deira.
7) Eg har fått denne nåden frå min Gudomelege Son, at dei som held fram for andre denne andakta til mine tårer og smerter, vil verte tekne direkte frå dette jordelivet til evig sæle, då alle syndene deira vert tilgjevne og Son min og eg skal vere deira evige trøyst og glede.

Bøner for å æra dei Sju Sorgene åt den Velsigna Maria Møy.
Å Gud, kom og vær til stød for meg, Å Herre, skunda Deg å hjelpe meg. Ære være Faderen og Sonen og den Heilage Ande, slik som det var av opphavet, no er og være skal, frå eve til eve. Amen

1.Eg syrgjer for deg, Å Maria mest nedtyngde av sorger, for lidinga i ditt ømme hjarte grunna profetien frå den heilage og aldrande Simeon. Kjære Moder, av ditt hjarte som leid slik, oppnå for meg audmjukedygda og Gudsfryktsgåva. Hill deg Maria..

2. Eg syrgjer for deg, Å Maria mest nedtyngde av sorger, for pina i ditt mest elskverdige hjarte under flykta til Egypt og oppehaldet der. Kjære Moder, av ditt hjarte som vart uroa slik, oppnå for meg gavmildedygda, særskild mot dei fattige, og fromheitsgåva. Hill deg Maria...

3.Eg syrgjer for deg, Å Maria mest nedtyngde av sorger, for den angsten som prøva ditt uroa hjarte då du mista din kjære Jesus i tempelet. Kjære Moder, av ditt hjarte so fylt opp av kvaler, oppnå for meg kyskheitsdygda og kunnskapsgåva. Hill deg Maria..

4.Eg syrgjer for deg, Å Maria mest nedtyngde av sorger, for den forferdinga som fylte ditt hjarte då du møtte Jesus då Han bar på Krossen sin. Kjære Moder, av ditt hjarte som vart uroa slik, oppnå for meg tolmodsdygda og motsgåva. Hill deg Maria...

5.Eg syrgjer for deg, Å Maria mest nedtyngde av sorger, for martyrskapet som ditt gavmilde hjarte utstod då du stod nære Jesus i kvalene Han leid på Krossen. Kjære Moder, av ditt hjarte so ille plaga, oppnå for meg måtehaldsdygda og rådsgåva. Hill deg Maria...

6.Eg syrgjer for deg, Å Maria mest nedtyngde av sorger, for såringa av ditt medkjenslefulle hjarte då Jesu side vart gjennombora av ei lanse innan Lekamen Hans vart nedteken frå Krossen. Kjære Moder, av ditt hjarte som slik vart gjennombora, oppnå for meg brorkjærleiksdygda og skjønsgåva. Hill deg Maria...

7.Eg syrgjer for deg, Å Maria mest nedtyngde av sorger, for riene som reiv i ditt kjærleiksfulle hjarte under Jesu gravleggjing. Kjære Moder, av ditt hjarte nedsokke i bitter overgivning, oppnå for meg flidsdygda og visdomsgåva. Hill deg Maria...

Be for oss, Å Heilage Guds Moder, at me må verte gjorde verdige Kristi lovnader.
Lat oss be:

Lat forbøn verte gjort for oss, me ber Deg, Å Herre Jesus Kristus, no og i vår dødstime, framfor Di nådetrune, av den Velsigna Maria Møy, Di Moder som fekk si heilage sjel gjennombora av eit sverd av sorg under Din bitre lidingstime. Gjennom Deg, Å Jesus Kristus, Frelsaren for verda, som saman med Faderen og den Heilage Ande lever og råder i all eve. Amen.

Hill deg Maria full av sorg, den Krossfeste er med deg. Tåraugd er du av kvinner og tåraugd er livsfrukta di Jesus. Heilage Maria, Mor åt den Krossfeste, gjev tårar til oss, din Sons Krossfestarar, no og i vår dødsstund. Amen.

*Avlat tilsvarar delvis eller fullstendig fullført botgjering for synder som allereie er tilgivne i Skriftemålet- eller, om ein ikkje har høve å gå og skrifte for ein Prest, etter å ha gjort ei handling av perfekt anger. (Finnst under "Bøner" i sidemenyen.) Den som mottek fullstendig avlat rett før han døyr, treng ikkje å vere i Skjærselden. Den som får delvis avlat får kortare tid i Skjærselden. Avlat kan berre appliserast på menneske som er døypte, som er i ei ståe av nåde og som ikkje er exkommuniserte frå Kyrkja. Avlat kan ikkje oppnåast for andre på jorda, berre for den som sjølv ber bøna. Ein kan derimot ofre opp avlaten for dei i Skjærselden. Dersom den fullstendige avlaten er bunden til ein særskild dag i året, t.d. Allehelgensafta, må ein ha gått til Skrifte og Messe tidlegast dagen innan, og seinast på den 8.dagen etter den gjeldande dagen for avlaten.

fredag 15. oktober 2010

Fatima, kommunismen og Vatikanum II!

Openberringa av Guds Moder i Fatima, Portugal 1917 må reknast som ei av dei viktigaste hendingane i Europa på 1900-talet. Den Velsigna Maria Møy forutsa at kommunismen kom til å breie seg ut over heile verda og at ein andre verdskrig ville komme om menneska ikkje slutta å leve slike syndige liv. Vår Frue lova fred i verda om menneska fylgde hennar plan av bøn, botgjering og forbetring av livsføringa vår. Bodskapen i Fatima vart ignorert av både Katolske lekmenn og presteskapet. Dei tomme Kyrkjene på den fyste laurdagen i månaden, det låge talet Katolikkar som dagleg ber rosenkransen, dei få preikene som inneheld bodskapen frå Fatima, alt vittnar om at Katolikkar har svikta denne Himmelske åtvaringa.
             Den Velsigna Møya openberra seg ved 6 ulike høve i Fatima, Portugal året 1917. Denne landsbyen ligg omlag 145 km frå Lisboa, Portugal. Dei tre borna som var vittne til openberringane var Lucia Dos Santos (10 år), Fransisco Marto (9 år) og Jacinta Marto (7 år).

Ei kort summering av openberringane:  
(Henta frå boka Mother of Christ Crusade.)

-13.mai, 1917: "Vær ikkje redde for meg, eg er ikkje her for å skade dykk. Eg har komme frå Himmelen. Eg ber dykk om å komme den 13. dagen av kvar ende månad. Då skal eg fortelje dykk kven eg er og kva eg vil. Be rosenkransen kvar dag for å få fred i verda og ei ending på krig."

-13.juni, 1917: Den Velsigna Møya openberra seg for dei tre borna ved nonstid. 70 menneske var då tilstades. Vår Frue ba om at denne bøna: "Å min Jesus, forlat oss våre synder, redd oss frå helvetes eldloger, miskunna deg over sjelene i skjærselden," skulle leggjast til etter kvar ende dekade i rosenkransen. "Gud ynskjer å etablere andakt til det Lytelause Maria Hjarte i verda."

-13.juli, 1917: "Offre opp dykk sjølve for syndarar; og sei ofte, særskild kvar gong de offrar opp noko: "Min Jesus, dette er i kjærleik til Deg, for omvending av syndarar, og som botgjering for synder som er gjorde mot det Lytelause Maria Hjarte.""
               Borna fekk so eit syn om helvetet. Dette synet er omtala som den fyste løyndomen i Fatima.
"Me såg som eit hav av eld, og nedsokke i denne elden var djevlar og sjeler i menneskeleg skapnad, som om dei var gjennomsiktig svart eller bronserav som flaut i elden og svaia i flammane som kom opp frå dei, saman med skyer av røyk som fell på kvar side, nett som gnistar som fell i store bål, utan vekt eller jamvekt. Alt dette midt i klagerop og skrik av smerte og fortviling som forferda og skaka oss med forferding. Me kunne skilje ut djevlane grunna deira forferdelege og kvalmande framtoningar av øydeleggjande og ukjende dyr, men gjennomsiktige som den svarte kolen i ein eld."
            Maria tala til borna med desse orda: "De har sett helvetet der sjelene av stakkarslege syndarar går. For å frelse dei (andre sjeler) ynskjer Gud å grunne ei andakt til mitt Lytelause Hjarte i heile verda."
             "Om menneske gjer som eg ber dykk, kjem mange sjeler til å verte frelste og der vil verte fred. Krigen kjem til å opphøyre. Men om dei ikkje sluttar å fornærme Gud, kjem ein ny og mykje verre krig til å bryte ut under styretida til Pius XI. Når de ser eit ukjent ljos, vit då at dette er eit teikn frå Gud om at Han kjem til å straffe verda. For å forhindre dette ber eg om at Russland må konsekrerast til mitt Lytelause Hjarte og om Kommunion som (reparerer)stiller alt til rette att vert halde på dei fem fyste laurdagane." (Dette ukjende ljoset vart sett gjennom heile verda den 25.januar, 1938.)
              "Om dei gjer som eg ber kjem Russland til å verte omvend og der vil verte fred. Om ikkje, kjem Russland til å spreie ut hennar vranglærer i heile verda, framprovosere krigar og forfylgjing av Kyrkja. Dei gode vert martyrar, den Heilage Faderen vil lide mykje, og ulike nasjonar vert utsletta. Til sist vil mitt Lytelause Hjarte triumfere. Den Heilage Faderen vil konsekrere Russland til meg, som kjem til å verte omvend, og ei fredstid vert gjeve til verda. (Denne konsekreringa vart ikkje gjort i rett tid, og heller ikkje av både Paven og alle biskopane ilag, og profetien vart difor ikkje oppfylt.)

-13.august, 1917: Borgarmesteren i Ourem arresterte dei tre borna mens 15 000 menneske kom til Cova Da Iria. Dei som kom dit såg ulike overnaturlege hendingar sjølv om borna ikkje var til stades.

-19.august, 1917: Vår Frue openberra seg til borna i Valinhos, ein liten landsby i nærleiken av Fatima og sa at dei måtte be rosenkransen kvar dag. " I oktober kjem til å utføre eit mirakel slik at alle må tru... Be! Be mykje og offre opp offer for syndarar, for mange sjeler går til helvetet då dei ikkje har nokon som ber og offrar for dei."

-13.september, 1917: 30 000 menneske var samla på openberringsplassen. Vår Frue sa: "Lat menneska halde fram å be rosenkransen kvar dag for å oppnå ei ending på krigen."

-13.oktober, 1917: Detaljane om denne openberringa og det fylgjande mirakelet vart rapportert av avisa O Dia og O Seculo og av mange andre nyhendingsinstansar. Regn byrja om morgonen klokka 10 og held fram gjennom heile morgonen som eit voldsomt støytevatn. Dei 70 000 menneska som var samla var gjennomvåte inn til huda. Den Velsigna Møya ba om at eit kapell skulle byggjast og sa: "Eg er Frua av Rosenkransen." Lucia spurte då om vår Frue kunne bote visse individ. Vår Frue svara: "Dei må rette til liva sine og be om tilgjeving for syndene sine. Fornærm ikkje Vår Herre meir, for Han er allereie særs fornærma."
          SOLMIRAKELET vart vittna av 70 000 menneske, truande og ateistar side om side. Det som hende denne dagen vert ikkje gløymd. Sola byrja å spinne voldsomt, og sende ut alle regnbogens fargar. Då brått forlet sola si akse og byrja å stupe ned mot jorda, mens ho gav ifrå seg ein intens varme. Folkemenga vart heilt forferda og tusenvis fell på kne mens andre la seg ned flate på marka og naudba Gud om å spare dei. Då den forferda folkemassa igjen såg opp, oppdaga dei at sola hadde vendt attende til sin normale posisjon. Til deira store overrasking innsåg dei at både dei og marka under dei var knusktørre, sjølv om dei alle hadde våre heilt gjennomvåte. Dette mirakelet vittna om sanninga i openberringane. Borna sjølve såg ikkje dette mirakelet, men fekk samstundes sjå Kristus og St. Josef som velsigna verda; Vår Frue av Sorg og Vår Frue av Karmelfjellet dukka og opp framfor augene deira..  

-20.februar, 1920: vår Frue av Fatima openberra seg for Jacinta Marto på sjukehuset i Lisboa, Portugal. Jacinta fortalte fylgjande til Moder Godinho: "Dei syndene som sender flest menneske til helvetet er kjøtlege synder. Særskilde motar vert introduserte som kjem til å fornærme Vår Herre stort... om menneska berre forstod kva eva var, skulle dei gjere alt dei kunne for å endre på liva sine. Menneske taper sjelene sine fordi dei ikkje tenkjer på Vår Herre Kristi død og fordi dei ikkje gjer bot. Mange ekteskap er ikkje bra; dei behagar ikkje Vår Herre og er ikkje av Gud."

-13.juni, 1929: Syster Lucia såg eit syn om den Heilage Treeinigheita og Vår Frue av Fatima i det Dorotheanske Klosterkapellet i Tuy, Spania. Hennar skriftefader, Fdr.Goncalves ba henne skrive ned openberringa. Vår Frue sa: "Stunda har komme då Gud ber den heilage Faderen (Paven), i einskap med alle Biskopane i heile verda, om å konsekrere Russland til mitt Lytelause Hjarte, og lovar å frelse henne gjennom dette. Der er so mange synder som den Rettvise Gud fordømmer på grunn av synder mot meg, og difor har eg komme og bede om botgjering: Offre opp dykk sjølve for denne intensjonen og be!"
          Vår Herre sa: "Dei ynskja ikkje å gje akt på mitt ynskje. Som Kongen i Frankrike, kjem dei til å angre seg og gjere dette, men det vil vere seint. Russland kjem allereie til å ha spreidd ut hennar vranglærer i heile verda, framprovosere krigar og forfylgjingar av Kyrkja. Den Heilage faderen (Paven) kjem til å lide stort."

Desember 1941: Lucia la til dei fylgjande orda til den andre løyndomen i Fatima: "I Portugal kjem alltid dogma til trua å verte bevara." Desse orda er rekna som byrjinga på den tredje løyndomen..
Synet om helvetet og andakta til det Lytelause Maria Hjarte vert rekna som den fyste og andre løyndomen i Fatima. Den tredje løyndomen skreiv Lucia til Biskopen av Leiria, men Vår Frue sa at den skulle ikkje gjerast kjend for resten av verda før i 1960. Då Kardinal Ottaviani skreiv til Syster Lucia og spurde kvifor ein skulle vente heilt til 1960, svara ho: "Fordi då kjem det til å verte klårare."
             1960 var det året Johannes XXIII byrja å endre på liturgien og skapa store tumultar i Kyrkja sine lærer. -Om det hadde vore ein glad bodskap, skulle me ha fått vite det tidlegare, sa Kardinal Cerejeira i Portugal. Johannes XXIII ignorerte Vår Frue sitt bod om å openberre løyndomen i 1960. Paul VI leste løyndomen og gav ordre til Kardinal Ottaviani om at løyndomen ikkje skulle openberrast. Johannes Paulus II ville heller ikkje gå inn på løyndomen og sa berre at alle skulle halde fram med å be rosenkransen. Og til slutt fabrikerte Vatikanet ein løyndom i etterkant, der dei sa at oppfyllinga av profetien var at Paven skulle verte dødeleg såra og mirakuløst overleve, og at dette hende då JP II vart skoten og overlevde. Der har og vore ei bedragarkvinne som etter Lucia sin død har gjeve seg ut for å vere henne, og for å stadfeste at dette var den tredje løyndomen. Sjølv om alt som Lucia sjølv hinta om, tydde på at løyndomen handla om fråfall frå trua og om krig og vranglærer. ho uttala at ho uroa seg over at menneske ikkjegjorde som Vår Frue ba om, og at mange sjeler gjekk tapt. "Men straffa frå Himmelen vil verte voldsom." sa Lucia. "Den tredje løyndomen er å finne i Evangelia og i Openberringsboka. Les dei, særskild Op. kapittel 8 og 13."

Med tanke på når det II Vatikankonsiliumet vart halde, er det ikkje utruleg at det var nett dette som Vår Frue openberra. Og då er det heller ikkje so merkeleg at anti-pavane ikkje ville dele det med resten av verda, då dei sjølve stod bak denne hendinga.

torsdag 7. oktober 2010

Fleire bevis mot novus ordo og Joseph Ratzinger!

Etter å ha bevist punkt 8); at Joseph Ratzinger fornekta dogmer innan si påståtte ”upphøging til pontifikatet”. Som kjettar og ikkje-Katolikk kunne han difor aldri bli Pave,

            ...tenkte eg å gå vidare med neste sak; at Benedictus XVI og kan bevisast å vere ein kjettar om han, etter at han vart "opplyfta" til det "petrinske embetet", enten direkte manifesterar ei kjettersk lære eller at han manifesterar det indirekte gjennom å lære ut noko som skulle utelukke sanninga i ei Katolsk dogme. Vidare lova eg å gå nærmare inn på punkt 9); å bevise at novus ordo ikkje kan være den Katolske Kyrkja, då dei lærer tvert imot tidlegare definerte dogmer. Ettersom Kyrkja ikkje kan ta feil, eller sanninga endrast – fylgjer det at novus ordo ikkje er den Katolske Kyrkja.

So lat oss då byrje med å setja fokuset på nokre andre kjettarlærer. Der er mykje ein kunne anmerke innan novus ordo. Kva skal ein t.d. seie om at den arianske truvedkjenningsformelen har hamna i "den fjerde eukaristiske bøna" i novus ordo si "messeordning?"
"Ja, det er skikka å takke deg, HEILAGE FADER, det er sanneleg rett å forherlige deg, FOR DU ÅLEINE ER DEN SANNE OG LEVANDE GUDEN." (For dei som måtte undre er dette faktisk ein grov heresi, ettersom det ikkje stemmer at det berre er Faderen som er Gud, men og Sonen og den Heilage Anden.)

No tykkjast det kanskje absurd å seie at novus ordo er arianar, men det var heller ikkje det som var poenget med å ta opp dette sitatet. Den Katolske messa er per se ufeilbar, og dei Katolske messebønene er trusnormer. Lex orandi, lex credendi (slik som me ber, slik trur me). At novus ordo messa ordrett siterer den arianske biskopen Wulfila si truvedkjenning, ei truvedkjenning som meinar at "Faderen åleine er den sanne og levande Guden" er berre enno eit bevis på at den Heilage Ande ikkje leiar novus ordo. Den sanne Katolske Kyrkja skulle aldri kunne uttrykkje noko slikt. Slik kunne ein ha halde fram ad absurdum, so nedanfor skal me berre ta for oss eit par saker til som ein kan fundere på- saker som er særs representativt for den nye anti-kyrkja.

I 1999 samla leiarane for novus ordo seg med dei ulike toppane for luthedomen og skreiv under på ein kjettersk deklarasjon om rettferdiggjering. Nett slik som dei opphevde exkommuniseringa av dei austlege kjettarane (sjå forrige blogginnlegg), so opphevde dei anathemaane frå Trient mot den protestantiske vranglæra "sola fide" (trua åleine). Igjen, eg seier ikkje at novus ordo står for sola fide, men det er ei lære som ikkje lenger er fordømt av dei.

 Felles erklæring med lutheranarane om rettferdiggjering, 31.oktober 1999, del 41:
(Joint Declaration With the Lutherans on Justification)

"Slik vert dei doktrinære fordømmingane frå 1500-talet (dvs. frå kyrkjemøtet i Trient), i den grad som det gjeld doktrina om rettferdiggjering, sett fram i eit nytt ljos: DEI LUTHERSKE KYRKJENE SI LÆRE PRESENTERT I DENNE ERKLÆRINGA FELL IKKJE UNDER FORDØMMINGA FRÅ KYRKJEMØTET I TRIENT."
Dette betyr altso at dei lutherske lærene som vart lyfta fram i "the joint declaration" ikkje lengre er formål for fordømming frå Trient. Spørsmålet vert då kva for lutherske lærer det er som vert lyfta fram i "the joint declaration?"
Henta frå vaticancatholic.com og vatican.com

1 Joint Declaration With the Lutherans on Justification, 31 oktober 1999 "I fylgje luthersk forståing, rettferdiggjer Gud syndaren gjennom TRUA ÅLEINE."

2) Joint Declaration With the Lutherans on Justification, 31 oktober 1999, del 21: ”I fylgje luthersk lære er MENNESKE UKAPABLE TIL Å SAMARBEIDE PÅ SI EIGA FRELSE, for som syndarar motset dei seg aktivt Gud og dei frelsande handlingane Hans."

3) Joint Declaration With the Lutherans on Justification, 31 oktober 1999, stycke 26: ”…Lutheranar…ynskjer heller å uttrykkje at RETTFERDIGGJERING held fram å være fria frå menneskeleg samarbeide og IKKJE ER AVHENGIG AV FORNYANDE LIVSEFFEKT GJENNOM NÅDE I MENNESKE."
4) Joint Declaration With the Lutherans on Justification, 31 oktober 1999, stycke 29: ”LUTHERANAR FORSTÅR KRISTNE SI STODE SOM Å VERE BÅDE RETTVISE OG SYNDARAR SAMSTUNDES. Truande er heilt rettvise, i det at Gud tilgjev dei syndene deira gjennom Ord og Sakrament og gjev dei rettferdiggjering i Kristus som dei tek del av i tru. I Kristus, anerkjenner dei at dei held fram med å vere totale syndarar."

5) Joint Declaration With the Lutherans on Justification, 31 oktober 1999, stycke 29 : ”..Lutheranar seier at rettferdiggjorde personar og er syndarar og at deira opposisjon mot Gud sanneleg er synd, DEI FORNEKTAR IKKJE, DENNE SYNDA TIL TROSS, AT DEI IKKJE ER SKILDE FRÅ GUD  og at denne synda er ei "herska (ruled)" synd.

Alle desse proposisjonane er altso ikkje lenger fordømde i fylgje novus ordo. Dette på trass av at Kyrkjemøtet i Trient ex cathedra forklara desse lærene for å vere kjetterske. Ein må enno ein gong velje, her mellom det den Katolske Kyrkja seier i Trient og det novus ordo seier. Der er ingen mellomveg, ein kan ikkje ha både og. Enten er desse lærene fordømde, eller so er dei det ikkje. Lat oss sjå kva den sanne Kyrkja seier om saka:

1) Pave Paul III, Konsiliet i Trient, session 6, kapittel 10, ex cathedra: ”De ser, at ein mann er rettferdiggjord av gjerningar og IKKJE AV TRUA ÅLEINE. (Jak 2:24)
(You see, that by works a man is justified and NOT BY FAITH ALONE)

2) Pave Paul III, Konsiliet i Trient, session 6, kanon 4, ex cathedra: ”OM NOKON SKULLE SEIE AT MENNESKET SIN FRIE VILJE, RØRD OG VEKT AV GUD, IKKJE SAMARBEIDAR ved å godta Gud som rører opp og kallar, og som let det inneha og førebuer det til å oppnå nåde til rettferdiggjering, og at det ikkje kan gå imot dette om det vil, men som noko livlaust ikkje gjer noko i det heile og berre er i ei passiv stode: LAT HAN VERE ANATHEMA (fordømd)."
("IF ANYONE SHALL SAY THAT MAN’S FREE WILL MOVED AND AROUSED BY GOD DOES NOT COOPERATE by assenting to God who rouses and calls, whereby it disposes and prepares itself to obtain the grace of justification, and that it cannot dissent, if it wishes, but that like something inanimate it does nothing at all and is merely in a passive state: LET HIM BE ANATHEMA.”)

3) Pave Paul III, Konsiliet i Trient, session 6, kanon 1, ex cathedra: "OM NOKON SKULLE SEIE AT MENNESKET KAN VERTE RETTFERDIGGJORD for Gud av sine eigne gjerningar som er gjorde enten etter hans eige naturlege krefter, eller gjennom Lova si lære, og UTAN GUDOMMELEG NÅDE GJENNOM KRISTUS JESUS: LAT HAN VERE ANATHEMA (fordømd)."
(”IF ANYONE SHALL SAY THAT MAN CAN BE JUSTIFIED before God by his own works which are done either by his own natural powers, or through the teaching of the Law, and WITHOUT DIVINE GRACE THROUGH CHRIST JESUS: LET HIM BE ANATHEMA.”)

4) Pave Paul III, Konsiliet i Trient, session 5: "FOR I DEI SOM ER FØDDE PÅ NY, hatar GUD ingenting, FOR DER ER INGA FORDØMING, for dei som i sanning er gravlagde med Kristus i dåpen til døden. (Rom 6:4) som ikkje lever etter kjøtet (Rom 8:1), men som ved å leggje av det gamle mennesket og ikle seg ein ny som er skapa etter Gud (Ef 4:22, Kol 3:9) ER VORTE GJORT USKULDIGE, LYTELAUSE, REINE, SKULDLAUSE og elska søner av Gud, Guds sanne arvingar, men medarvingar med Kristus. (Rom 8:17), slik at der ikkje er noko i det heile til å hindre deira inntrede i Himmelen."
(”FOR IN THOSE WHO ARE BORN AGAIN, GOD hates nothing, because ’THERE IS NO CONDEMNATION, to those who are truly buried together with Christ by baptism unto death’ (Rom. 6:4), who do not ’walk according to the flesh’ (Rom. 8:1), but putting off ’the old man’ and putting on the ’new, who is created according to God’ (Eff 4:22; Kol 3:9), ARE MADE INNOCENT, IMMACULATE, PURE, GUILTLESS, and beloved sons of God, ’heirs indeed of God, but co-heirs with Christ’ (Rom. 8:17), so that there is nothing whatever to retard their entrance into Heaven.”)

5) Pave Paul III, Konsiliet i Trient, session 6, kapittel 15, ex cathedra: "...doktrina av Gudommeleg lov som ekskluderar frå Guds rike ikkje berre dei som ikkje trur, men og dei trufaste som er horkarar, ekteskapsbrytarar, unaturleg feminine, lygnarar for menn, tjuvar, havesjuke, fyllebytter, ranglarar, utpressarar (1 Kor 6:9) og alle andre som begår DØDSSYNDER, som dei kunne ha halde seg vekke frå med hjelp av Guds nåde og som DIFOR NO ER ADSKILDE FRÅ GUDS NÅDE."
(”…the doctrine of divine law which excludes from the kingdom of God not only the unbelievers, but also the faithful who are fornicators, adulterers, effeminate, liers with mankind, thieves, covetous, drunkrds, railers, extortioners (1 Kor. 6:9), and all others who commit DEADLY SINS, from which with the assistance of divine grace they can refrain and FOR WHICH THEY ARE SEPARATED FROM THE GRACE OF GOD.”)

Dette har altso novus ordo/II Vatikankonsilium-sekta fullstendig forkasta. Dei opphever bullene mot grunnkjernene i protestantismen, dei tykkjer at Luther var ein heilt grei teolog, dei prisar avlidde sektgrunnarar som om dei skulle vere i Himmelen no, og motset seg alle former for konverteringar då det er "saue-røveri!" Og tru ikkje at antipaven Benedictus XVI ikkje aksepterer "the joint declaration" berre fordi han ikkje var til stades og skreiv på henne i 1999. Ved fleire høve har han hylla denne erklæringa. Ja, ikkje berre hylla han henne, men og OPPMODA andre sekter om å skrive under på den same.

Antipaven Benedictus XVI, i ein offentleg tale til metodistar, 9. desember 2005 (L’Osservatore Romano, dec 21 s.5)
"EG HAR VORTE OPPMODA AV INITIATIVTAKARANE som vil ta inn medlemmane i Verds Methodist Rådet (World Methodist Councilinto) under den FELLES ERKLÆRINGA OM RETTFERDIGGJERINGSDOKTRINA, UNDERSKRIVE AV DEN KATOLSKE KYRKJA og den Lutherske Verds Federasjonen i 1999."

Vidare kjem eit sitat som må vere noko av det mest kjetterske eg har sett. Sitatet er henta frå andre vatikankonsiliumet sin "dogmatiske konstitusjon" om Kyrkja kapittel II, del 16:

"Det Gudommelege forsynet nektar heller ikkje å gje dei naudsynte hjelpemidla til berging for dei som utan skuld enno ikkje har nådd fram til ein utrykkjeleg KUNNSKAP OM GUD, MEN SOM LIKEVEL MED HJELP AV DEN GUDOMMELEGE NÅDEN STREVAR ETTER Å LEVE EIT RETT LIV."

Dette handlar ikkje om "dei som ikkje veit noko om Kristi evangelium og Hans Kyrkje, men er utan skuld i dette" -som er ei kjettersk lære i seg sjølv...Nei, dette handlar om dei som IKKJE HAR NOKON KUNNSKAP OM GUD i det heile teke, altso ateistar, som mange kommentatorar har tolka det. Ein novus ordo "prest" eg har vore i kontakt med hadde ei ekstrem tolkning av dette, men ei tolkning som framleis illustrerte at dette i botn og grunn handlar om ateistar. Den tolkninga han hadde gjekk ut på at dette ikkje BERRE handlar om ateistar som, utan eiga skuld, aldri har kunna gjere seg kjende med evangeliet, men ifylgje han gjelde dette og dei ateistar som pga. at dei hadde vorte skandalerte av "truande" eller grunna at dei ikkje hadde fått høyre ein bodskap som var grundig nok, hadde vald å ikkje tru på Gud..

I same stykkje som eg siterte ovanfor kan du lese fylgjande kjettarlære: ”MEN FRELSESPLANEN OMFATTAR OG DEI SOM SANNAR SKAPAREN, FRAMFOR ALT MUSLIMANE. Dei sannar at dei har Abraham si tru OG TILBER MED OSS DEN ENDE OG MISKUNNSAME GUDEN, som skal döme menneska på den siste dagen."

Der er so mange kjetteri i desse to setningane at det er vanskeleg å bestemme seg for kvar ein skal byrje. For det fyste, so sannar ikkje muslimane "DEN ENDE OG MISKUNNSAME GUDEN". Muslimar har alltid vorte rekna som utruande heidningar av den Katolske Kyrkja. (Lat meg syne til Pave Gregorius XVII sitt brev, St. Francis av Assisi si krønike mm.) Men det mest illustrative er likevel det faktum at Kyrkja i bønene sine alltid har omtala muslimane som "infidels" (utruande.) Bøneregelen er trusregelen; Lex orandi, lex credendi. Me har i våre Messer bedt om at Gud skal omvende dei heidenske muhammedanarane i mesta 1400 år. Seier orda "missa contra paganos" (messe mot heidningane) nokon eit eller anna? Det er slik Kyrkja alltid har sett på muslimane. Der er fleire bevis, men ei ufeilbar bøn burde vere nok:
Til dømes i kollektbøna for St. Raymund Nonnatus (31.august) ber me fylgjande, som altso er ex cathedra:
   "Deus, qui in liberándis fidélibus tuis ab impiórum captiváte, beátum Raymúndum Confessórem tuum mirábilem effecisti: ejus nobis intercessione concede: ut, a peccatorum vinvulis absoluti, quae tibi sunt placita, liberis mentibus exsequamur. Per Dóminum."

Hevdinga at muslimar skulle tilbe Gud er og fordømd. Tidlegare har St. Gregorius den Store vorte sitert (sjå ovanfor), men det er og ei dogme at ein umogeleg kan behage Gud utan den Katolske Trua. Dette var noko som og vart tydeleg poengtert av Kyrkjemøtet i Trient heilt i byrjinga av 5.sessionen:

"AT VÅR KATOLSKE TRU, SOM DET ER UMOGELEG Å BEHAGE GUD UTAN, måtte, då vranglærer er reinsa vekk, halde fram i sin perfekte og lytelause integritet, og at Kristne menneske ikkje må verte kasta hit og dit med kvar ende doktrinære vind; som den gamle ormen, den evige fienden til menneskeslekta, midt i alle desse onder som Guds Kyrkje i desse dagar vert plaga med, og har rota opp ikkje berre nye, men og gamle strider ang. arvesynd, og botemiddelet for dette...
(”THAT OUR CATHOLIC FAITH, WITHOUT WHICH IT IS IMPOSSIBLE TO PLEASE GOD, may, errors being purged away, continue in its own perfect and spotless integrity, and that the Christian people may not be carried about with every wind of doctrine; whereas that old serpent, the perpetual enemy of mankind, amongst the very many evils with which the Church of God is in these our times troubled, has also stirred up not only new, but even old, dissensions touching original sin, and the remedy thereof..”)

Er det mogeleg for Kyrkja å ex cathedra faststille at noko som er mogeleg er umogeleg? I fylgje novus ordo er det mogeleg. Spørsmålet vert fylgjeleg om muslimane har den Katolske Trua? Svaret er kort og greitt nei. Muslimane delar ikkje den Katolske Trua, dei delar ikkje ein gong dei essensielle mysteriuma som katekumenar må ha kjennskap til innan dei kan verte døypte. Dei fornektar inkarnasjonen, dei fornektar at Gud kan vere tre personar, dei fornektar at Jesus er Guds Son og Gud, dei fornektar at Gud kan vere Fader, dei fornektar at Gud kan vere Heilag Ande, dei fornektar Guds uforanderlegheit. Korleis i alle dagar kan novus ordo meine at muslimane ikkje berre "tilber"(noko ingen kan gjere på rett vis utanfor Kyrkja), men og at dei trur på "same" Gud, og at Han inkluderar dei i frelsesplanen sin? Då skulle evangeliet verte heilt meiningslaust. Då skulle Jesus Kristus verte ein lygnar som seier at "den som trur og vert døypt skal verte frelst, men at den som ikkje trur allereie er dømd." Novus ordo kjem ikkje med eit ende hint om at desse heidningane treng å omvende seg.
Der er verken plass eller tid for å gå igjennom alle dei kjetteri som andre vatikankonsiliumet og dei anti-pavar som på falskt vis har utgjeve seg for å vere Kristi vikarier. Mykje meir skulle t.d. kunne seiast om det faktum at novus ordo sannar at forlating for syndene eksisterar utanfor Kyrkja (unitatis redentigratio 3) fordømt av Bonifacius VIII, at det ikkje finnst ikkje-Katolske Kristne (unitatis redentigratio 1), at Kyrkja si lære til tider er feilaktig (unitatis redentigratio 6), at mennesket er sentrum for alt (gaudum et spes 12), at austlege kjettarar kan ta imot kommunion med Katolikkar (orientalium ecclesiorum 27), at Kristne framleis søkjer etter sanninga (gaudium et spes 16), at protestantar er Kristi læresveinar (apostolicam actuositatem 15), at Kyrkja sine disipliner til tider er feilaktige (unitatis redentigratio 6) - fordømd av Pius VI, at buddismen opplyser (nostra aetate 2), at økumenisme bidrar til einskap (unitatis redentigratio 4), religiøs fridom (dignitatis humanae 12), at den sanne religionen ikkje er den Katolske Kyrkja (unitatis redentigratio 4, dignitatis humanae 1), at staten ikkje kan forby ikkje-Katolske religionar (dignitatis humanae 2,3), at jødane ikkje er forkasta av Gud (nostra aetate, 4) – fordømt av Pave Adrian I, at ein skal ta imot hjelp av protestantar ved Bibeloversettjingar (dei verbum, 22), dei menneskelege rettigheitane ”over alt anna” (dignitatis humanae 15), at pluralisme er noko positivt (gravissimum educationis 6,7) mm in absurdum.

Ei ende kjettarlære skulle vere nok for å bevise at Joseph Ratzinger ikkje er ein sann Pave, no har me sett fleire. Me har og sett at novus ordo ikkje er den Katolske Kyrkja, då Kyrkja ikkje kan moteie seg sjølv. Kyrkja skulle like lite den eine dagen hevde at Ho er Kristi Kyrkje for å dagen etter seie noko anna, som at Ho skulle kunne hevde den eine dagen at Jesus er Gud for å dagen etter seie noko anna. Likevel står me i ein situasjon der den sekta som mange sannar som den Katolske Kyrkja gjer nett dette på mange punkt. Og om desse kjetterske menn er av Kyrkja og "leier" Henne, då er ikkje berre dei som fylgjer henne som er kjettarar, nei, då har sanneleg vår Skapar og kjettersk spotta som sa at "helvetes portar aldri skal stå seg mot Henne," ein lovnad som har vorte definert av Kyrkja å referere til kjettarar. Det er ikkje eg som seier at desse kjettarar og deira kjettarlærer er Katolske, det er novus ordo. Skal de no late som ingenting eller kjettersk hevde at Kyrkja kan ta feil?

Lat oss då kort summere enno ein gong kva som har vorte bevist i desse 5 blogginnlegga:
1) At dogmer skal forståast slik som dei alltid har vorte definerte,
2) me er samde om at ein er ein kjettar om ein so berre skulle fornekte ei ende dogm!
3) det er mogeleg å fornekte ei dogm i opposisjon imot definisjonen, eller ved å halde på eit syn som utelukkar definisjonen.
4) Kjettarar er ikkje ein del av Kyrkja.
5) Ein kjettar kan ikkje gyldig veljast til Pave, sjølv om so heile kardinalkollegiet er samde om det og uansett kor lang tid det har gått.
6) Ein Pave som fell i kjetteri/heresi, fell og i kraft av dette utanfor Kyrkja og opphøyrer difor å vere overhovudet for ein lekam som han ikkje lenger er ein del av.
7) Ipso facto latae sentiae exkommuniseringar treng ikkje ein deklarasjon for å ha verkande kraft.

8) Joseph Ratzinger fornekta dogmer innan si påståtte ”upphøging til pontifikatet”. Som kjettar og ikkje-Katolikk kunne han difor aldri bli Pave.
9) Me har og sett at novus ordo ikkje kan være den Katolske Kyrkja, då dei lærer tvert imot tidlegare definerte dogmer. Ettersom Kyrkja ikkje kan ta feil, eller sanninga endrast – fylgjer det at novus ordo ikkje er den Katolske Kyrkja.

Dette er saka si kjerne. Om Ratzinger er ein kjettar, noko han heilt utvilsomt er- so kan han ikkje vere Pave. Punktum. Det er ei dogme at kjettarar ikkje er av Kyrkja. Distinksjonen mellom materiell og formell kjettar gjeld ikkje når kjetteriet er manifestert og offentleg. Og sjølv utan å at ein visste dette, so fornektar Joseph Ratzinger grunnleggjande dogmer som ein Katolikk ikkje kan vere ignorant om utan å då og opphøyre å vere ein Kristen. Den Apostoliske truvedkjenninga er dei absolutte grunnane som den Katolske trua kan reduserast til. Eit menneske som ikkje sannar desse grunnane saknar den trua som gjer oss til Kristne. Det er utanom all tvil at Ratzinger fornektar mange av desse aller mest grunnleggjande Kristne dogmene, t.d. Kyrkja sin einskap. Uansett om han gjer det med vilje eller i ukunne, so er sluttresultatet det same, han er ikkje ein Kristen og kan difor aldri vere overhovudet for den Kristne Kyrkjelyden. Gjer han det med vilje, so motseier han ei definert dogme og er då ein kjettar som ipso facto (automatisk) finn seg utanfor Kyrkja. Skulle han, imot alle odds, på trass av at han har fleire doktargrader og hevdar at han er Peter sin etterfylgjar ikkje kjenne til og tru på eit av Kyrkja sine fire merke, ja saknar han den trua som i det heile gjer oss til Kristne, so kan han heller ikkje vere overhovude for Kyrkja. Me snakkar altso ikkje om djupare teologiske spørsmål enn dei som me alle av Gudommeleg lov må kjenne til for å verte frelste, som Pave Pius X seier i Acerbo Nimis 15. april 1905:  
"Og slik hadde vår forgjengar, Benedictus XIV, ein rettvis grunn for å skrive: "Me erklærer at ein stor del av dei som vert fordømde til evig straff lid den evige pina PÅ GRUNN AV IGNORANSE OM DEI TRUSMYSTERIUMA SOM MÅ KJENNAST TIL OG VERTE TRUDD PÅ for å kunne verte rekna mellom dei utvalde.""
 (“And so Our Predecessor, Benedict XIV, had just cause to write: ‘We declare that a great number of those who are condemned to eternal punishment suffer that everlasting calamity BECAUSE OF THE IGNORANCE OF THOSE MYSTERIES OF FAITH WHICH MUST BE KNOWN AND BELIEVED in order to be numbered among the elect."")

Då er det nett ein slik ignoranse som Kyrkja IKKJE kan formidle til verda, ein ignoranse om dei essensielle mysteriuma-  men det er nett det Ratzinger gjer som det har vorte bevist ovanfor. Kyrkja formidlar ikkje død, men liv. Om novus ordo er Kyrkja, då har Kyrkja ikkje gjort noko anna dei siste 50 åra enn å leie menneske til helvetet, ei hevding som er like absurd og kjettersk som ho høyrest ut.
Pave Leo X under det femte laterankonsiliet definerte fylgjande i session 11:
 “"For, regulars and seculars, prelates and subjects, exempt and non-exempt, BELONG TO THE ONE UNIVERSAL CHURCH, outside of which no one at all is saved, and they all have one Lord and ONE FAITH."
Det er altso de fide at det finnst ei tru i Kyrkja. Med andra ord så kan du ikkje vere med i den Katolske Kyrkja og ikkje dele trusform med Henne og Hennar Pave. Det er ei dogme at Kyrkja har EI TRU. Dei som ikkje deler tru med (den sanne) Kyrkja og med (den sanne) Paven- når me har ein, og med alle dei sanne Pavane som har vore gjennom tida, dei kjem då til å brenne i helvetet. So omvend dykk før det er for seint, kom dykk vekk ifrå novus ordo og bli med i den Katolske Kyrkja!

(Som eg skreiv i byrjinga på innlegg 1, so er desse 5 siste blogginnlegga baserte på og oversett frå ein svensk debatt mellom sedevakantistar og medlemmar av novus ordo. Mykje har eg oversett direkte frå ei kjelde som førebels ynskjer å vere anonym. Eg har redigert vekk ein del og lagt til visse kommentarar, men har altso ikkje sjølv forfatta alt dette.)

tirsdag 5. oktober 2010

Bevis som avsløyer II Vatikankonsiliumet og Joseph Ratzinger!

Etter tre omfattande innlegg om Katolske lærer angåande dogmer, kjettarar og Paveembetet, er me endeleg komme fram til den store spørsmålet. I dette fjerde innlegget skal me endeleg kikke på bevisa for at det II Vatikankonsiliumet var eit kjettersk røvarkonsilium, og fyst og framst bevisa for at Joseph Ratzinger (Benedictus XVI) ikkje er noko anna enn ein kjettar og ein apostat. Gløym ikkje at det ende eg treng å gjere for å syne at Ratzingers hevding om at han er Pave er falsk, er å presentere EIT ENDE BEVIS. Det som skal bevisast er at A) Joseph Ratzinger innan han vart vald til "Pave" enten direkte lærde ein heresi som er fordømd av Kyrkja og /eller at han trusmessig skreiv under på noko som om det skulle vere sant, og slik indirekte utelukkar sanninga i ei Katolsk dogme. B) Benedictus XVI kan og bevisast å vere ein kjettar om han, etter at han vart "opplyfta" til det "petrinske embetet", enten direkte manifesterar ei kjettersk lære eller at han manifesterar det indirekte gjennom å lære ut noko som skulle utelukke sanninga i ei Katolsk dogme. Me hoppar rett inn i oppgåva:

A) Ratzinger sine kjetterske lærer INNAN HAN VART VALD TIL (anti)PAVE del 1- Einskapen i Kyrkja.
     (Les: Ratzinger og konsiliumet han fylgjer trur og lærer at Kyrkja ikkje lenger er ein einskap, og at ho vart delt i fleire delar etter dei fyste århundra, sjølv om det er ei dogme og ein av dei 4 kjenneteikna i Katolsk Tru at Ho alltid er EIN. Ei, Heilag, Katolsk, Apostolisk Kyrkje.)

Joseph Ratzinger, Principles of Catholic Theology (1982), s. 148: "Kanonen av Heilag Skrift kan sporast attende til dei, eller, i det minste, til den UDELTE KYRKJA FRÅ DEI FYSTE ÅRHUNDRA som dei var representantar for."

Joseph Ratzinger, Principles of Catholic Theology (1982), s. 147: ”Me kan no seie at Fedrande var dei teologiske lærarane av den UDELTE Kyrkja.."

Joseph Ratzinger, Principles of Catholic Theology (1982), s. 145-146: ”Det er Fedrane som er lærarar i den DÅ ENNO UDELTE KYRKJA."    

Joseph Ratzinger, Co-workers of the truth: meditations for every day of the year (1990) s. 29: "Då me låner Congar si tvingande frase, skulle det være både dumskap og perverst å identifisere EFFEKTA AV DEN HEILAGE ANDE MED ARBEIDET AV DET KYRKJELEGE APPARATET. DETTE BETYR AT SJØLV ETTER KATOLSK TRU ER EINSKAPEN I KYRKJA FRAMLEIS I FORMASJONSPROSESSEN; AT DEN VIL VERTE FULLSTENDIG OPPNÅDD BERRE VED EASCHATONEN (ENDEN).."

For å syne at dette ikkje er isolerte hendingar, men berre eit lite halmstrå frå ei velde med liknande sitat som er særs representative for kva V-II står for, kan me jo ta å kikke på kva øvrige delar av Novus Ordo (Vatikan II-sekta) seier innan me kommenterar det samla innehaldet.

USA Konferansen av Katolske Biskopar (United States Conference of Catholic Bishops) publiserte fylgjande kjetterske dokument for omlag eit år sidan. 18. september 2009: http://www.usccb.org/comm/archives/2009/09-182.shtml

Ti Saker å Vite om Arbeide for Kristen Einskap

1. Bodet om Kristen Einskap kjem frå Kristus sjølv. Den natta innan Kristus døydde, ba Han "Måtte dei alle vere eitt.. slik at verda skal tru." (Joh 16:21 og framover). Kristus ba for det. Me må arbeide og be for det og.
2. Den største støytesteinen for truverdet til Evangeliet er ei Delt Kyrkje. Det er trist å sjå korleis det moderne samfunnet ikkje ser med gode auge på religion generelt og særskild på Kristendomen. Ettersom verda har vorte meir sekulær, er eit av hovudargumenta som menneske brukar mot Kristendomen at me rett og slett ikkje har kontroll over situasjonen. Me er nøydde til å endre på dette synet om me vil verte tekne på alvor.

3. Å arbeide for Kristen einskap er ein integrert del i det Kyrkjelege Livet. Apostelen Paulus arbeida og ba konstant for einskap i Kyrkja. Dette må og dagens Katolikkar gjere. I rundskrivet (encyclikaen) Ut Unum Sint, sa (anti)Pave Johannes Paulus II: "Å fremje Kristen einskap, er ikkje berre eit slags "etterord" som er lagt til den tradisjonelle aktiviteten i Kyrkja. Økumenisme er ein organisk del av Hennar liv og arbeide, som fylgjeleg gjennomsyrar alt Ho er og gjer..."

4. "Konvergens" og ikkje "kompromiss" er nykkelen til Kristen einskap. Å arbeide for Kristen einskap er ikkje å gje opp det som er essensielt for Katolsk Tru berre for å komme overens med andre Kristne. Det er då heller søken etter vegar å uttrykke evangeliesanningane. For Kristne er Sanninga ikkje noko, men NOKON, og det er Jesus Kristus. Som eit vagnhjul med Kristus i midten og kvar ende Kristen som spolane, på leiting etter sanning. Jo nærmare me kjem Kristus, jo nærmare kjem me kvarandre.
5. Økumenikk hender på mange nivå. Økumenikk kan hende i eit ekteskap der partane kjem frå ulike Kristne tradisjonar, eller gjennom eit program mellom eit sokn og ein lokal Orthodox, Protestantisk eller Evangelisk kyrkjelyd. Eller det kan vere innan eit bispedømme, på nasjonalt eller internasjonalt plan.

6. Det fyste arbeidet for einskap er bøn. Kristne kan og bør be ilag for einskap. Når me sameinar våre bøner for einskap med Kristi bøner, då vert einskap mogeleg. Dette er eit teikn på den sanne, men uperfekte kommunionen som me deler i vår felles dåp. Men, då me ikkje er i fullstendig kommunion, skal Katolikkar ikkje ta imot Eukaristin i andre kyrkjer og omvendt.

7. Det andre arbeidet for einskap er felles arbeid og vittnesbyrd. Å arbeide ilag i område av felles interesse er eit kraftfullt steg mot einskap. Det me kan gjere ilag, bør me gjere ilag, særskild når det gjeld miskunnsgjerningar. Mange sokn og kyrkjesamfunn arbeidar ilag for å drive matstasjonar, sosialt arbeide, medisinklinikkar og fystehjelpsutrykking.

8. Det tredje arbeide sor einskap er dialog. Når Kristne fyst har bedt og arbeida ilag, er det naturleg å utforske trusovertydingar, praksisar og doktriner som me har felles. Dialog byrjar med ein søken etter å kjenne den andre og ofte er det meir som sameinar oss enn som separerar oss. Når me skjønar kvar me er einige, kan me på enno ærlegare vis utforske dei teologiske og praktiske dilemma som framleis delar oss.

9. Apati og proselytisme (evangelisering) går imot einskapen. Me lever i ei priviligert tid. Fiendskapen som kalla fram ein oppdelt Kristendom er ikkje lenger til stades. Me kan likevel ikkje settje oss ned og gjere ingenting. På same vis er evangelisering, eller det å målretta angripe ein annan Kristen eller ei anna Kristen gruppe berre for å få dei til å forkaste deira eigen kyrkje for å verte med i ei anna, er ikkje tillete. Visse menneske kan kjenne seg kalla i sitt eige samvite til å byte frå ein tradisjon til ein annan, men "saue-røving" er ikkje akseptabelt.
10. Å oppnå einskap kjem til å ta ei lang, lang tid. Me har levd i ein oppdelt Kristendom i nestan 1000 år. Kristen einskap vert ikkje oppnådd over natta. Men om me ber ilag, arbeidar i lag og engasjerar oss i godarta, frambore dialog, kan me arbeide med Den Heilage Ande slik at Kristi bøn under det siste måltidet "at alle må vere eitt..slik at verda skal tru" kjem til å bere frukt.

Johannes Paulus II, Homilia, Dec 5, 1996 – når me snakkar om felles bøn med ikkje-Katolikkar: "Når me ber ilag, gjer med det med ei lengsle AT DER MÅ VERTE EI SYNLEG GUDS KYRKJE, EI KYRKJE SOM I SANNING ER UNIVERSELL og sendt ut i heile verda, slik at verda kan verte omvend til Evangeliet og slik verte frelst, til Guds æra." (sitat frå Unitatis Redintegratio, 1.).”

Me ser her heilt tydeleg korleis Novus Ordo lærer ut ting som går heilt imot den niceno-konstantinopolitanske truvedkjenninga,då dei seier at Kyrkja manglar eit av hennar fire merke, nemleg einskapen. For å rekapitulere; Joseph Ratzinger underviste allereie innan  han vart "pave" at "Fedrane er lærarane av den ENNO IKKJE DELTE KYRKJA." Denne siste meininga tyder på at Kyrkja kjem til å verte delt. Men når vart Ho delt og kven skal gjennopprette einskapen i fylgje dei? Om denne sekta meiner at eit av dei fire kjenneteikna til Kyrkja har gått tapt, so meiner sekta i praksis at den Kyrkja som Kristus grunna ein gong i tida har slutta å eksistere. Det er på grunn av dette at anti-pave Wojtyla kunne seie i sitatet ovanfor at han "lengtar etter denne einskapen." Med andre ord lærer Novus Ordo at mist eit av dei fire kjenneteikna til Kyrkja ikkje eksisterer. Punktlista ovanfor frå den amerikanske Biskopskonferansen sannar, som ein konsekvens av at anti-kyrkja ikkje trur at Kyrkja er ei, at ho jobbar fram imot ein slik einskap. Kvar gong Novus Ordo på slikt vis sannar truvedkjenninga, so gjer dei det utan substans, det er ei lygn og ein farse, ein formel utan meining. Dette skilljer seg heilt frå kva den Katolske Kyrja lærer ang. Kyrkja sine merke..
Den niceno-konstantinopolitanska truvedkjenninga 381, ex cathedra: ”Me trur på… Ei Helig Katolsk och Apostolisk Kyrkje,”

Pave Leo XIII, Satis Cognium, 29. juni 1896: ”Kyrkja, når det gjeld EINSKAPEN, høyrer til kategorien av det som er UDELELEG etter naturen.." ("The Church in respect of its UNITY belongs to the category of things INDIVISIBLE by nature…”)

Pave Leo XIII, Satis Cognitum, 29. juni 1896: ”Denne EINSKAPEN KAN IKKJE ØYDELEGGJAST, og heller ikkje kan den EINE LEKAMEN VERTE OPPDELT VED SEPARASJONEN AV HENNAR BESTANDDELAR" ("This UNITY CANNOT BE BROKEN, nor the ONE BODY DIVIDED BY THE SEPARATION OF ITS CONSTITUENT PARTS.”)

Pave Pius XI, Mortalium Animos, 6. jan, 1928: ”....her verkar det passande å avsløye og attendevise ei viss feil oppfattning.. For dei er av den oppfattninga AT EINSKAPEN AV TRU OG STYRE, SOM ER EIN DEL AV DEN EINE SANNE KYRKJA, FRAM TIL DENNE TID NESTAN IKKJE HAR EKSISTERT, OG EKSISTERER IKKJE I DAG" (… "here it seems opportunate to expound and to refute a certain false opinion..For they are of OPINION THAT THE UNITY OF FAITH AND GOVERNMENT, WHICH IS A NOTE OF THE ONE TRUE CHURCH, HAS HARDLY UP TO THE RESENT TIME EXISTED, AND DOES NOT TODAY EXIST.”)

Kyrkja kan ikkje både lære at einskapen i Henne ikkje kan brytast, og samstundes lære at denne einskapen har slutta å eksistere. Ein vert her tvinga til å velje mellom det den Katolske Kyrkja lærer og novus ordo. Valet står mellom det alle pavar alltid har lært fram til det andre vatikankonsiliumet og det som antipavane byrja å undervise med det andre vatikankonsiliumet som start.Ein kan ikkje både tru at misjon er "saue-røveri" og eit naudsynt steg for menneske si frelse.

 A) Ratzingers sine kjetterske lærer INNAN HAN VART VALD TIL (anti)PAVE . del 2 – Messias.

Joseph Ratzinger, The Jewish People and their Sacred Scriptures in the Christian Bible. 2001: ”Jødisk MESSIANSK FORVENTNING ER IKKJE FORGJEVES.."

Joseph Ratzinger, The Jewish People and their Sacred Scriptures in the Christian Bible. 2001: ”…å lese Bibelen slik jødedomen gjer det, involverar fylgjeleg ei underforstått akseptering av alle presupposisjonar, det vil seie, den fulle aksepteringa av kva jødedomen er, særskild då autoriteten frå skriftene og rabbinske tradisjonar, SOM EKSKLUDERAR TRUA PÅ JESUS SOM MESSIAS OG GUDS SON...KRISTNE KAN OG BØR INNRØMME AT DET JØDISKE VISET Å LESE BIBELEN PÅ ER EIT MOGELEG VIS..."

Joseph Ratzinger, God and the World, 2000, s.209: ”DET ER SJØLVSAGT MOGELEG Å LESE DET GAMLE TESTAMENTET SLIK AT DET IKKJE PEIKAR PÅ KRISTUS; DET PEIKAR DÅ IKKJE BERRE HEILT OG FULLT PÅ KRISTUS. Og om jødane ikkje kan sjå at løfta har vorte oppfylde i han, so er dette ikkje berre dårleg vilje hjå dei, men mest fordi tekstane er uklare...DER ER DIFOR REINT GODE GRUNNAR FOR Å FORNEKTE AT DET GAMLE TESTAMENTE REFERERAR TIL KRISTUS, OG FOR Å SEIE AT NEI, DET VAR IKKJE DETTE HAN SA. Og der er og gode grunnar for å referere til han- det er dette usemja mellom jødar og kristne handlar om."

Det skulle vere unaudsynt å måtte informere om at trua på Kristus som Messias er ei grunnleggjande dogme i Kristendomen. Ein kan ikkje kalle seg for Kristen og samstundes ikkje akseptere denne dogma. Dette siste utsegnet var eit godt døme på å utelukke ei Kristen dogme indirekte. Antipaven meiner at det ikkje berre er mogeleg, men og at det Gamle Testamentet MED GODE GRUNNAR kan lesast og tolkast som at det ikkje refererer til Jesus. Han pratar her naturlegvis om dei messianske profetiane. Alle Katolikkar burde kunne kjenne lukta av kjetteri på lange vegar. Kjettarar med sine dårlege viljer kjem sjølvsagt alltid til å leite etter vegar å vekkforklare det som er tydeleg. Desverre.
A) Ratzinger sine kjetterske lærer INNAN HAN VART VALD TIL (anti)PAVE . del 3 – Skriften.

Joseph Ratzinger, God and the World, 2000 s. 153: ”Det er noko anna å sjå på Bibelen som ein heilskap av Guds Ord, der alt relaterer til alt anna, og der alt vert avsløya etter kvart. Det er sjølvsagt slik at verken kriteriane for inspirasjon eller ufeilbarheit kan appliserast mekanisk. DET ER HEILT UMOGELEG Å VELJE UT EIN ENDE SETNING OG SEIE; JA, DENNE SETNINGEN FINN DU I GUDS STORE BOK, OG DIFOR ER DEN NØYDD TIL Å VERE SANNING I SEG SJØLV..."

Joseph Ratzinger, A New Song For the Lord, 1995, s.86: ”DEI HEIDENSKE SKAPELSESHISTORIANE SOM DEN BIBELSKE VERSJONEN DELVIS BASERAR SEG PÅ, endar utan unnantak i skipinga av ein kult, men kulta i dette høvet tek plass i syklusen av do ut des."

Sett i kontrast til kva Kyrkja alltid har lært:
Pave Pius IX, Vatikankonsiliumet, Sess III, kap 3, ex cathedra: ”Vidare, av Gudomeleg Katolsk Tru, MÅ ALT INNEHALD OG DET SOM STÅR SKRIVE I GUDS ORD VERTE TRUDD PÅ, og i tradisjonen, og på alt det som vert halde fram av Kyrkja, enten i ei einskild uttaling eller i Hennar ordinere og universelle læremakt, for å verte trudd på som Gudommeleg openberra."
("Further, by divine and Catholic faith, ALL THOSE THINGS MUST BE BELIEVED WHICH ARE CONTAINED IN THE WRITTEN WORD OF GOD and in tradition, and those which are proposed by the Church, either in a solemn pronouncement or in her ordinary and universal teaching power, to be believed as divinely revealed.”)

Pave Leo XIII, Providentissimus Deus, 18. november, 1893: ”FOR ALLE BØKER SOM KYRKJA TEK IMOT SOM HEILAGE OG KANONISKE, ER SKRIVE HEILT OG FULLT, MED ALLE DEIRA DELAR, ETTER DIKTERING FRÅ DEN HEILAGE ANDE: og so langt er det frå å vere mogeleg at ein feil kan sameksistere med inspirasjon, at inspirasjon ikkje berre er usameineleg med feil, men ekskluderar og avviser det som absolutt og naudsynt, då det er umogeleg at Gud Sjølv, den overlegne Sanninga, kan yttre noko som ikkje er sant. DETTE ER DEN URGAMLE OG UENDRANDE TRUA TIL KYRKJA, HØGTIDSAMT DEFINERT UNDER KYRKJEMØTA I FLORENSE OG TRIENT, og til slutt stadfesta og enno meir utførleg formulert av Kyrkjemøtet i Vatikanet."
("FOR ALL THE BOOKS WHICH THE CHURCH RECEIVES AS SACRED AND CANONICAL, ARE WRITTEN WHOLLY AND ENTIRELY, WITH ALL THEIR PARTS, AT THE DICTATION OF THE HOLY GHOST: and so far is it from being possible that any error can co-exist with inspiration, that inspiration not only is essentially incompatible with error, but excludes and rejects it as absolutely and necessarily as it is impossible that God Himself, the supreme Truth, can utter that which is not true. THIS IS THE ANCIENT AND UNCHANGING FAITH OF THE CHURCH, SOLEMNLY DEFINED IN THE COUNCILS OF FLORENCE AND OF TRENT, and finally confirmed and more expressely formulated by the Council of the Vatican.”)

Skrifta kan ikkje vere både ufeilbar i sin heilskap, dvs. ned til den minste iota (prikk) som Herren seier, og samstundes vere open for feil og lånetekstar frå heidenske myter. Den Heilage Anden treng ikkje å ta hjelp ifrå "heidenske" forteljingar for å redigere ei "skapelsesmyte", og dei gongane heidenske forfattarar vert siterte i Bibelen, so står det utrykkjeleg nemnd og fyller alltid ein funksjon. Me har difor her eit døme på ei mesta ordrett fornekting av det Kyrkja lærer om Heilag Skrift. Ratzingers kjetterske lærer går ikkje berre imot sjølve Skrifta, men gjennom å undergrave Skrifta sitt truverde og autoritet, so underdriv han indirekte det vittnesbyrdet som Skrifta formidlar om Herren Jesus Kristus.

A) Ratzinger sine kjetterske lærer INNAN HAN VART VALD TIL (anti)PAVE . del 4 – Det Petrinska embetet.

Joseph Ratzinger, Principles of Catholic Theology (1982), s.198: ”DET ER HELLER IKKJE MOGELEG, PÅ DEN ANDRE SIDA, FOR HAN Å VERTE REKNA SOM DEN ENDE MOGELEGE FORMA, OG DIFOR, SOM BINDANDE FOR ALLE KRISTNE DEN FORMA SOM PAVEDØMET HAR TEKE PÅ 1800- OG 1900-TALET. Den symbolske gesten av Pave Paulus VI, og særskild då han knebøygde framfor representanten for den Økumeniske Patriarken (kjettaren Athenagoras), var eit forsøk på å uttrykkje nett dette..."

Joseph Ratzinger, Principles of Catholic Theology (1982), s. 198-199: ”Med andre ord, ROMA MÅ IKKJE KREVE MEIR FRÅ AUST NÅR DET GJELD PAVEEMBETET ENN DET SOM HADDE VORTE FORMULERT OG VART LEVD ETTER I DET FYSTE MILLENIUMET. Då Partiarken Athenagoras den 25. juli 1967, i samband med at Paven hadde planar om å vitje Phanar, peika ut han som ettertredaren av St. Peter, som den høgst vyrde iblant oss, som ein som går framfor i miskunnsgjerningar, UTTRYKTE DENNE STORE KYRKJELEIAREN DET KYRKJELEGE INNHALDET AV DOKTRINA OM PAVEEMBETET SLIK SOM DET VAR KJENT UNDER DET FYSTE MILLENIUMET. ROMA SPØR IKKJE ETTER MEIR.

Set dette i kontrast med det som den Katolske Kyrka lærer:

Pave Pius IX, Mortalium Animos, 6 januari 1928: "MELLOM DEI (kjettarane og skismatikarane) ER DER VERKELEG NOKRE, SJØLV OM DEI ER FÅ, SOM GJEV DEN ROMERSKE PAVEN DET LEIARSKAP AV ÆRA eller berre ein viss jurisdiksjon eller makt, men dette ser dei ikkje på som noko som har sitt opphav i den Gudommelege lova, men berre etter einigheit hjå dei trufaste."
(”AMONG THEM (heretikerna och schismatikerna) THERE INDEED ARE SOME, THOUGH FEW, WHO, GRANT TO THE ROMAN PONTIFF A PRIMACY OF HONOR or even a certain jurisdiction or power, but this, however, they consider not to arise from the divine law but from the consent of the faithful.”)

Pave Pius IX, Vatikankonsiliet, ex cathedra: "...alle dei trufaste av Kristus MÅ TRU at den Apostoliske Kyrkja og den Romerske Paven held overlegenhet over heile verda...Dette er doktrina til den Katolske Sanninga som ingen kan forkaste og samstundes behalde trua si og frelsa."
(”….all the faithful of Christ MUST BELIEVE that the Apostolic See and the Roman Pontiff hold primacy over the whole world…This is the doctrine of Catholic truth from which no one can deviate and keep his faith and salvation.")

Pave Bonifacius VIII, Unam Sanctam, 18. november 1302:, ex cathedra: "...me erklærer, me proklamerar, me definerar at det er absolutt naudsynt for frelsa at kvart menneske underordnar seg den Romerske Paven."
(”…we declare, we proclaim, we define that it is absolutely necessary for salvation that every human creature be subject to the Roman Pontiff.”)

 For dei som skulle undre på om ein risikerar si eiga frelse ved å ikkje tru at Benedictus XVI er Pave, so er svaret enkelt. Nei, ikkje ein gong i fylgje Ratzinger sjølv! Ratzinger tryr ikkje ein gong på at me hadde ein Pave med den myndigheit som me tilskriv ein slik i dag for 1800 år sidan. Ratzinger trur, i opposisjon mot Vatikan I, at det ikkje i det haile teke er naudsynt å underkaste seg ein legitim Pave for å verte frelst. Benedictus XVI motseier bulla Unam Sanctum og berre av den anledninga kan ein ikkje akseptere han som Pave. Ettersom Unam Sanctum er ufeilbar, eit dokument som seier at ALLE MÅ UNDERKASTE SEG PAVEN FOR Å FRELSAST, so kan ikkje Ratzinger kome og seie noko anna. Ein må difor velje mellom Unam Sanctum og Ratzinger/Benedictus XVI.
            Eit anna bevis for at Ratzinger og foregjengarane hans ikkje aksepterte innehaldet i Unam Sanctum er faktumet at novus ordo oppheva exkommuniseringane av dei austlege kjettarane den 7. desember 1965, og har etter denne tida kalla desse for "hyrdingar i Kristi Kyrkje." der er heller ikkje noko som heiter "partiell kommunion" i Kyrkja. Ein er enten i full kommunion eller ikkje i kommunion i det heile teke med den Katolske Kyrkja. Poenget er i alle høve at anti-kyrkja lyfter vekk exkommuniseringane frå 1054, men utan at desse austlege kjettarane har forkasta sine mange kjetterske lærer ikring Pavedømet, og heller ikkje i spørsmål som rører seg om t.d arvesynd. Kvifor vart dei eigentleg exkommuniserte? Dei trudde då og på Peter som Kristi Vikarie? Jaudå, men dei forkasta Petri universelle jurisdiksjon- ein jurisdiksjon som dei framleis forkastar i dag. So spørsmålet blir igrunn kvifor i alle dagar novus ordo opphevde exkommuniseringa? I ljos av Vatikan II og det Benedictus XVI lærer ovanfor, so er det klart at ein ikkje lenger ser det som naudsynt for heile verda å underkaste seg det Petrinske embetet. Ein trur heller ikkje at dagens Paveembete er det det ein gong var, og Ratzinger hevdar kjettersk at dogmene som utkrystalliserte seg på 18- og 1900 talet ikkje har vorte uttrykte tidlegare og difor ikkje treng å aksepterast av kjettarar...

A) Ratzinger sine kjetterske lærer INNAN og etter at HAN VART VALD TIL (anti)PAVE . del 5 – Protestantisme.

Joseph Ratzinger, Theological Highlights of Vatican II, 1966 s. 61,68: ”...Samstundes HAR DEN KATOLSKE KYRKJA INGEN RETT TIL Å ABSORBERE ANDRE KYRKJER... EIN GRUNNLEGGJANDE EINSKAP-  AV KYRKJER SOM FORBLIR KYRKJER, MEN SOM SKAL VERTE EI KYRKJE- MÅ BYTE UT IDÉEN OM OMVENDING."

Joseph Ratzinger, Principles of Catholic Theology (1982), s. 263: ”DET SOM I LUTHER GJER ALT ANNA MOGELEG Å BÆRE, ER GRUNNA HANS STORE OG INDERLEGE ANDELEGHEIT..."

Joseph Ratzinger, Principles of Catholic Theology (1982), s. 304: ”…Taize (protestantisk ”kloster”) har utan tvil vore det leiande dømet for økumenisk inspirasjon...LIKNANDE TRUSSAMFUNN (sic!) OG FELLES BUFORHOLD BØR ETABLERAST PÅ ANDRE STADER.."

Antipåve Benedict XVI, 17. august 2005 angåande den avlidne ”broder” Roger Shutz (den protestantiske grunnaren av eit kjettersk økumenisk ”kloster”): ”BRODER ROGER SHUTZ er no i hendene på evig godheit, evig kjærleik; HAN HAR KOMME FRAM TIL EVIG GLEDE.."

Antipåve Benedictus XVI, I sin tale till protestantar under verdsungdomsdagen 19. august 2005: ”Og me spør no: Kva meinast med å GJENOPPRETTE EINSKAPEN HJÅ ALLE KRISTNE?... DENNE EINSKAPEN BETYR IKKJE DET ME SKULLE KALLE ØKUMENIKK AV GJENVENDELSE: ALTSO Å FORNEKTE OG AVVISE EINS EIGEN TRUSHISTORIE. ABSOLUT IKKJE!"

Det skulle vel ikkje vere naudsynt å ta opp att St. Gregorius den Stores maxim: "Den Heilage universelle Kyrkja lærer at det ikkje er mogeleg å tilbe Gud i sanning utan at ein er i Henne OG FORSIKRAR OM AT ALLE SOM ER UTANFOR HENNE IKKJE VERT FRELSTE."
(”The holy universal Church teaches that it is not possible to worship God truly except in her AND ASSERTS THAT ALL WHO ARE OUTSIDE OF HER WILL NOT BE SAVED.”)

Det er ikkje slik at alle som er katolikkar vert frelste, nei, ein majoritet av dei taper og sine sjeler ettersom dei ikkje praktiserer det som Kyrkja deira lærer. Men om det er vanskeleg å verte frelst som Katolikk, so er det umogeleg å verte frelst som ikkje-Katolikk! Eg må likevel få poengtere at for einkvan som har akseptert Vatikanum II, skulle det vere heilt meiningslaust å evangelisere for ein protestant. Benedictus XVI motset seg heilt tydeleg ein slik tanke. Han tykkjer ikkje berre at Luther var ein stor teolog, men han ber ilag med protestantar, han deler ut kommunion til dei, han er aggressiv imot all form for aktiv misjonsevangelisering og konverteringar. Sjå t.d. korleis han behandla dei 400 000 anglikanarane som nylig ville slutte seg til den "Katolske Kyrkja." Han ba dei oppriktig om å bli att i den anglikanske sekta for å ikkje "gjere skade på den økumeniske dialogen". Det er difor vanvittig for nokon i novus ordo å freiste å konvertere ein protestant, eller nokon frå ein annan religion for den saks skuld..

Dette innlegget byrjar jo allereie å verte langt, og då har eg ikkje gått inn på meir enn ein brøkdel av all galenskap som desse lirar av seg. Benedictus har manifesterte kjetterilærer som spreier seg frå kor vidt udøpte born vert frelste eller ikkje til Sakramenta. Eg har heller ikkje gått særskild mykje inn på punkt B): alt som han har sagt og gjort etter at han vart vald til "pave."

Eg legg ut dette som det er no, og oppdaterar kanskje med litt meir "kjetteri-knask" i neste innlegg. Poenget er jo at ein Katolikk som underordnar seg noko(n) som ikkje er Katolsk vert sjølv ein kjettar. Tenk på det og kom dykk ut av novus ordo anti-kyrkja snarast!

Me har jo allerie bevist punkt 1-7:
1) At dogmer skal forståast slik som dei alltid har vorte definerte, og 2) me er samde om at ein er ein kjettar om ein so berre skulle fornekte ei ende dogm! 3) det er mogeleg å fornekte ei dogm i opposisjon imot definisjonen, eller ved å halde på eit syn som utelukkar definisjonen. 4) Kjettarar er ikkje ein del av Kyrkja. 5) Ein kjettar kan ikkje gyldig veljast til Pave, sjølv om so heile kardinalkollegiet er samde om det og uansett kor lang tid det har gått. 6) Ein Pave som fell i kjetteri/heresi, fell og i kraft av dette utanfor Kyrkja og opphøyrer difor å vere overhovudet for ein lekam som han ikkje lenger er ein del av. 7) Ipso facto latae sentiae exkommuniseringar treng ikkje ein deklarasjon for å ha verkande kraft.

Og i dette innlegget har me bevist at 8) Joseph Ratzinger fornekta dogmer innan si påståtte ”upphøging til pontifikatet”. Som kjettar og ikkje-Katolikk kunne han difor aldri bli Pave. Hans noverande kjettarlærer har me enno berre nemnd kort.
9) Me har og sett at novus ordo ikkje kan være den Katolske Kyrkja, då dei lærer tvert imot tidlegare definerte dogmer. Ettersom Kyrkja ikkje kan ta feil, eller sanninga endrast – fylgjer det at novus ordo ikkje er den Katolske Kyrkja. (punkt 9 skal eg prøve å gå enno meir inn på i neste innlegg..)

fredag 1. oktober 2010

Kan ein Pave verte ein kjettar, og kva med ipso facto?

Innan me går vidare på denne tredje delen om kjettarar og Paveembetet kan eg jo kort summere kva me har bevist i dei to fyste blogginnlegga: 1) At dogmer skal forståast slik som dei alltid har vorte definerte, og 2) me er samde om at ein er ein kjettar om ein so berre skulle fornekte ei ende dogm! 3) det er mogeleg å fornekte ei dogm i opposisjon imot definisjonen, eller ved å halde på eit syn som utelukkar definisjonen. 4) Kjettarar er ikkje ein del av Kyrkja. 5) Ein kjettar kan ikkje gyldig veljast til Pave, sjølv om so heile kardinalkollegiet er samde om det og uansett kor lang tid det har gått.

Det som eg freistar å bevise i denne teksten er: 6) Ein Pave som fell i kjetteri/heresi, fell og i kraft av dette utanfor Kyrkja og opphøyrer difor å vere overhovudet for ein lekam som han ikkje lenger er ein del av. 7) Ipso facto latae sentiae exkommuniseringar treng ikkje ein deklarasjon for å ha verkande kraft.

Lat oss då byrje med om ein Pave kan verte ein kjettar.. Eit vis å bevise at han faktisk kan det, er å vise til den kanoniske lova frå 1917.
               Katolske Kyrkja si kanoniske lov frå 1917, kanon 188, n. 4:
"Der er visse årsaker som effekterer i den stilltiande resignasjonen av eit verv, og der resignasjonen (avgåinga) vert akseptert på førehand i kraft av den verkande lova, OG DIFOR VERT SETT I KRAFT UTAN NOKO ERKLÆRING. Desse årsakene er:...4) om han offentleg har avvike frå den Katolske Trua." (”There are certain causes which effect the tacit resignation of an office, which resignation is accepted in advance by operation of law, AND HENCE IS EFFECTIVE WITHOUT ANY DECLARATION. These causes are: ...4) if he has publicly defected from the Catholic faith.”)

For dei som skulle ha tilgong til den latinske utgåva, so kan dei kikke i margen og sjå at denne kanonen syner til nett Cum Ex Apostolatus Officio (som me nemnde i forrige blogginnlegg) frå 1559. Denne kanonen stadfester fylgjande; at ein kan miste eit Kyrkjeleg embete utan noko erklæring. Når? Jau, når ein på eit manifestert vis har avvike ifrå den Katolske Trua. Legg merke til her at denne kanonen ikkje gjer skil på embete og på materiell, respektiv formell heresi/kjetteri. Faktum er at i manifisterte kjetterske handlingar, som t.d. å kysse koranar, be i synagogar og moskèar, so reknast det som at det mennesket, sjølv om han hevdar å vere "paven" sjølv, har falle ifrå trua, til og med i det interne forumet. Sjå t.d. kommentaren til denne kanonen og til kanon 2242 i "A practical commentary on the code of canon Law" av Stanislaw Woywood, O.F.M. 1957. Ein annan kanon som er verd å leggje merke til er kanon 2314 §1:
"Alle apostatar frå den Kristne Trua og KVAR ENDE KJETTAR ELLER SKISMATIKAR pådreg seg dei fylgjande straffa:
(”All apostates from the Christian faith and EACH AND EVERY HERETIC OR SCHISMATIC incur the following penalties: )

1) ipso facto (automatisk) exkommunisering...
1) ipso facto excommunication...

3) om dei har slutta seg til ei ikkje-Katolsk sekt eller offentleg har fylgt ei slik, pådreg dei seg ei ipso facto (automatisk) vanæra. Og om dei er prestevigde og formaninga om å omvende seg ikkje har bore frukt, skal dei verte degraderte. Kanon 188, n. 4, fortel vidare at den prestevigde som offentleg avvik frå den Katolske Trua mister kvart ende Kyrkjeleg embete ipso facto og utan noko erklæring. (Si sectae acatholicae nomen dederint vel publice adhaeserint, ipso facto infames sunt et, firmo praescripto can. 188, n. 4, clerici, monitione incassum praemissa, degradentur).”
((3) if they have joined a non-Catholic sect or have publicly adhered to it, they incur ipso facto infamy. And if they are clerics and the admonition to repent has been fruitless, they shall be degraded. Canon 188, n. 4, provides, moreover, that the cleric who publicly abandons the Catholic faith loses every ecclesiastical office ipso facto and without any declaration.)
At dette og inkluderar nokon som har vorte vald til Pave var kanonistane heilt klart samde i. Slik skriv t.d. Vernz- Vidal 1943 i Ius Canonicum:
"Gjennom notoriske og opne avslørte kjetteri, vert den Romerske Paven, dersom han fell i kjetteri, av dette faktumet (ipso facto) ansett å ha gått miste om krafta av jurisdiksjon SJØLV INNAN EIN ERKLÆRANDE DOM... Ein Pave som fell i offentleg kjetteri vil opphøyre... å vere hovud for Kyrkja."
(”Through notorious and openly divulged heresy, the Roman Pontiff, should he fall into heresy, by that very fact (ipso facto) is deemed to be deprived of the power of jurisdiction EVEN BEFORE ANY DECLARATORY JUDGMENT... A pope who falls into public heresy would cease… to be head of the Church.”)

Veermerch skriv fylgjande i Epitome Iuris Canonici 1949:
"Krafta til den Romerske Paven opphøyrer ved døden, frivillig avgåing (som er gyldig utan at det er naudsynt med anna akseptering, c.221), sikker og utan tvil sinnssjukdom, OG NOTORISK KJETTERI. I det minste i fylgje den vanlege læra, kan ein Romersk Pave som ein privat lærar falle i manifestert kjetteri. SLIK ER DET AT UTAN NOKO ERKLÆRANDE SETNING (for den overlegne Paven vert ikkje dømd av nokon), vil han automatisk (ipso facto) falle ifrå ei kraft som han... ikkje kan eige."
(”The power of the Roman Pontiff ceases by death, free resignation (which is valid without need for any acceptance, c. 221), certain and unquestionably perpetual insanity, AND NOTORIOUS HERESY. At least according to the more common teaching, the Roman Pontiff as a private teacher can fall into manifest heresy. THUS WITHOUT ANY DECLARATORY SENTENCE (for the supreme See is judged by no one), he would automatically (ipso facto) fall from a power which he…is unable to possess.”)

Caesar Badii lærte i Institutionis Iuris Canonici frå 1921 fylgjande:
c)" Lova som no verkar for valet av ein Romersk Pave er avgrensa til desse punkta... Avstengde som ukapable til å verte legitimt valde er fylgjande personar: kvinner, kjettarar og skismatikarar...Opphøyring av paveleg makt: denne makta opphøyrer.. (d) GJENNOM NOTORISK OG OPE AVSLØRT KJETTERI. EIN OFFENTLEG KJETTERSK PAVE VIL IKKJE LENGER VERE.. HENNAR HOVUDE."
((c) "The law now in force for the election of the Roman Pontiff is reduced to these points... Barred as incapable of being validly elected are the following: women, children who have not reached the age of reason, those suffering from habitual insanity, the unbaptized, heretics and schismatics... Cessation of pontifical power: this power ceases... (d) THROUGH NOTORIOUS AND OPENLY DIVULGED HERESY. A PUBLICLY HERETICAL POPE WOULD NO LONGER BE…ITS HEAD.”)

No stemmer det for so vidt at ein kan finne visse teologar som seint på 1800-talet og tidleg på 1900-talet fornekta at ein regjerande, legitimt vald pave kunne falle i kjetteri, men desse var i minoritet og aksepterte alle sjølve prinsippet at ein kjettar ikkje kan velgjast til Pave. Dei var alle samde i at ein kjettar ikkje kan velgjast til Pave og at ein Pave ikkje kan vere ein kjettar. Difor var det visse av dei som påstod at Paven hadde ein særskild karisma som verna han frå å falle i kjetteri, men dette var ei meining som aldri vart akseptert av teologane. Tvert imot held dei fleste fast på at det ikkje berre var umogeleg for ein kjettar å verte vald til Pave, men og som du ser ovanfor at ein Pave som fell ikjetteri ikkje kan halde fram med å vere Pave.
              Der eksisterar ikkje eit ende Kyrkjeleg dokument som bevisar at ein kjettar ikkje berre skulle kunne vere ein del av Kyrkja, men og skulle kunne vere Hennar overhovude. Det skulle innebere at den Katolske Kyrkja skulle motseie seg sjølv, og det veit me som Katolikkar er umogeleg.

Eit anna populært argument imot sedevacantisme som eit mogeleg senarium, er at Jesus Kristus sa at "helvetes portar aldri skulle stå seg imot Kyrkja", og visse hevdar då at Jesu ord ikkje skulle halde mål dersom ein Pave fall i kjetteri.. Men det andre konstantionpolitanske konsiliet fastlagde kva Kyrkja meinar med desse orda: "Då desse sakene har vorte gjennomgått med stor nøyaktigheit, legg me på minne kva som vart lova angåande den heilage Kyrkja og Han som sa at helvetes portar aldri skulle stå seg imot Henne (AV DETTE SKJØNAR ME AT DET GJELD DEI DREPANDE TUNGENE TIL KJETTARAR);"
 ((”These matters having been treated with thorough-going exactness, we bear in mind what was promised about the holy church and him who said that the gates of hell will not prevail against it (BY THESE WE UNDERSTAND THE DEATH-DEALING TONGUES OF HERETICS);”)
                Det er dette Kyrkja meiner med passagen, at kjettarar aldri skulle få øydeleggje Kyrkja.. Det er difor Kyrkja lærer at ein kjettar automatisk fell ifrå embetet han har. For å verne Kyrkja og den sanne Trua frå å verte "oppeten" av kjettarar.

Me har no gått igjennom korleis kanonisk lov (m.a.den frå 1917) behandlar kjettarar som har hatt kyrkjelege verv, nemleg at dei automatisk mistar vervet dei hadde. Men dette kan og bevisast på anna vis.
Det andre viset er å sjå på kva det universelle magisteriumet til Kyrkja har lært og trudd gjennom tidene. Lat oss byrje gjennom å sjå på eit utval av det som Kyrkja sine Helgenar har lært om saka:

St. Alphonsus Ligouri i Ouevres Completes 1787: "Om ein Pave nokon gong, som privarperson, fall i kjetteri, skulle han med det same falle ifrå pontifikatet."

St. Frans av Sales ca 1620 (finns i The Catholic Controversy): ”Om han (Paven) no eksplisitt er ein kjettar, fell han ipso facto frå vervet sitt og ut av Kyrkja.."

St. Antoninus 1459 er sitert i Actes de Vatican I: ”I saka om at Paven vert ein kjettar, skulle han finne seg sjølv, av det faktum åleine og utan nokon annan dom, adskild frå Kyrkja... Ein Pave som vert avskild frå Kyrkja grunna kjetteri, difor, skulle på grunn av dette faktum opphøyre å vere hovude for Kyrkja. Han skulle ikkje kunne vere kjettar og halde fram å vere Pave, då han er utanfor Kyrkja, og han kan ikkje inneha Kyrkja sine nyklar."

St. Robert Bellarmine i sitt Romano Pontifice: DET ER BEVIST, MED ARGUMENT FRÅ AUTORITET OG FRÅ SUNN FORNUFT; AT EIN MANIFESTERT KJETTAR IPSO FACTO VERT AVSETT. Argumentet frå autoritet er basert på St.Paulus (Ep. ad.Titum, 3), som gav ordre om at ein skulle halde seg vekke frå ein kjettar etter to åtvaringar, det er, etter at han syner seg å vere manifestert obstinat, SOM BETYR FØR EI EXKOMMUNISERING ELLER DOMAR SOM DØMER.

Og dette er kva St. Jerome skriv, då han legg til at "ANDRE SYNDARAR ER EKSKLUDERTE FRÅ KYRKJA ETTER EIN DOM AV EXKOMMUNIKASJON, MEN KJETTAREN SENDER SEG SJØLV I EKSIL OG SKILJER SEG SJØLV FRÅ KRISTI LEKAM... EIN PAVE SOM ER EIN MANIFESTERT KJETTAR OPPHØYRER AUTOMATISK Å VERE HOVUDE FOR KYRKJA, NETT SOM HAN OPPHØYRER Å VERE EIN KRISTEN OG EIN MEDLEM AV KYRKJA. På grunn av dette kan han dømast og straffast av Kyrkja. ALLE DEI TIDLEGE FEDRANE ER SAMDE I LÆRA OM AT MANIFESTERTE KJETTARAR MED DET SAME MISTER ALL JURISDIKSJON. St. Cyprianus, la særskild stor vekt ved dette punktet."

Pave Innocentius III 1198 sa fylgjande i ei av sine preiker: "Den Romerske Paven har ingen overordna utanom Gud. Som, difor (dersom ein Pave skulle miste sin dunst) skulle kunne kaste han ut eller trampe han under føtene sine- ettersom det er sagt om Paven; "samle flokken din inn i famna di."Sanneleg, han skulle ikkje smikre seg på grunn av denne makta si, og heller ikkje hastig sole seg i denne æra og høge byrda, for DESS MINDRE HAN ER DØMD AV MENN, DESS MEIR ER HAN DØMD AV GUD. Og endå mindre må den Romerske Paven æra seg då han kan verte dømd av menn, eller heller KAN VISE SEG Å ALLEREIE VERE DØMD, OM, TIL DØMES, HAN SKULLE VISNE VEKK I KJETTERI; FOR DEN SOM IKKJE TRUR ER ALLEREIE DØMD. Under slike høve skulle det seiast om han: "Om saltet mister si kraft, er det ikkje til gagn for noko utanom å verte kasta ut og trampa under føtene av menn."

Pseudosynoden i Pistoia hadde lagt fram mange kjetterske proposisjonar som Pave Pius VI fordømde den 28. august 1794 i ”Auctorem Fidei”. Ein av proposisjonerna lydde som fylgjer:

”Item, quae tradit, necessarium esse iuxta leges naturales et divinas, ut sive ad excommunicationem sive ad suspensionem praecedere debeat examen personale; atque adeo sententias dictas ipso facto non aliam vim habere, nisi seriae comminationis sine ullo actuali effectu: - falsa, temeraria, pernicosa, Ecclesiae potestati iniuriosa, erronea.”
Eller som Denzingers oversetjing går:
"På same vis, proposisjonen som lærer at det er naudsynt, i fylgje den naturlege og Gudommelege lova, for enten exkommunisering eller suspensasjon, AT EI PERSONLEG GRANSKING SKAL FOREGÅ, og at difor, domar kalla "ipso facto" ikkje har noko anna kraft enn ein alvorleg trussel utan noko faktisk effekt,- falskt, hastig, ondskapsfull, skadeleg for Kyrkja si makt, feilaktig."
(”Likewise, the proposition which teaches that it is necessary, according to the natural and divine laws, for either excommunication or for suspension, THAT A PERSONAL EXAMINATION SHOULD PRECEDE, and that, therefore, sentences called ”ipso facto” have no other force than that of a serious threat without any actual effect, - false, rash, pernicious, injurious to the power of the Church, erroneous.”)

Eg skulle kunne referere dykk til bokstaveleg tala nærmare eit 50-tals bøker i emnet som alle seier same sak. Men det som er sagt er nok, men dersom der er nokon der ute som vill lese meir om kva den Katolske Kyrkja verkeleg lærer om spørsmålet ang. kjetteri, so kan eg syne til fylgjande verk:
”The Ipso Facto Effected Dissmissal of Religious – A Historical Conspectus and Commentary” – Pfaler 1948
”Penal Legislation in the New Code of Canon Law” – Ayrinhac, H. A. 1936
”Manual of universal Chruch history” – 3 volymer Alzog, J.B. 1903
”Cooperation in Crime” - Eltz, 1942
”Judicial Procedure in Dismissal of Clerical Exempt Religious” - Michalicka 1923
”Ad Codicem Iuris Canonici Commentaria Minora” – Toso 1927

Dersom nokon heller vil lese på polsk eller tysk, kjenner eg til nokon som kan henvise dei til andre kjelder..
Me har no, for å igjen summere, på tre artiklar bevist fylgjande Kyrkjelege lærer:
1) At dogmer skal forståast slik som dei alltid har vorte definerte, og 2) me er samde om at ein er ein kjettar om ein so berre skulle fornekte ei ende dogm! 3) det er mogeleg å fornekte ei dogm i opposisjon imot definisjonen, eller ved å halde på eit syn som utelukkar definisjonen. 4) Kjettarar er ikkje ein del av Kyrkja. 5) Ein kjettar kan ikkje gyldig veljast til Pave, sjølv om so heile kardinalkollegiet er samde om det og uansett kor lang tid det har gått. 6) Ein Pave som fell i kjetteri/heresi, fell og i kraft av dette utanfor Kyrkja og opphøyrer difor å vere overhovudet for ein lekam som han ikkje lenger er ein del av. 7) Ipso facto latae sentiae exkommuniseringar treng ikkje ein deklarasjon for å ha verkande kraft.

Følgere


Vitjarar