TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

fredag 25. mars 2011

Skilnader mellom det som hender innanfor og utanfor den Katolske Kyrkja!

Her kjem nokre passande sitat i desse forvirra, pavelause tider, der mange so kalla tradisjonelle grupperingar sender menneske hit og dit for å ta imot sakrament, der kjettarane spring vilt og der nestan ingen som kallar seg Kristne held på ei sann tru.
         Alle sitat er henta frå boka "Communicatio in Sacris- The Roman Catholic Church against Intercommunion with non-Catholics." av William J. DeTucci, 2008

"Når desse tilhøva (intensjon av Ordning) er til stades, kan Sakramentet delast ut av enten den gode eller den onde, den trufaste eller den kjetterske, innanfor eller utanfor Kyrkja: men innanfor Kyrkja vert dei utdelte både faktisk og med verknad, mens utanfor, sjølv om dei faktisk vert utdelte vert dei utan verknad."
-St. Bonaventure

"Me veit at denne frelsa tilhøyrer den eine Kyrkja, og at ingen utanfor den Katolske Kyrkja og Trua har høve til å ta del av Kristus, eller til å verte frelste. (...) Lat ingen kalle desse menneska Kristne eller velje å ha kommunion med dei; for det er ikkje tillete, då Offeret ikkje vert forretta av det heilage Huset og heller ikkje vert Han offra som kommunion åt dei utanfor (Kyrkja)."
-St. John Chrysostom (347-407 e.Kr) i Patrologia Graeca, vol.LIX, col.725 `On Pascha,´ Homily 1

"De må vite at dette er den eine Katolske Kyrkja grunnfest gjennom heile verda, og med henne må de verte verande i urokkeleg kommunion. Der er sanneleg andre so kalla "kyrkjer" som de ikkje kan ha noko kommunion med. (...) Desse "kyrkjene" opphøyrer å vere heilage, då dei vart førte på villspor av djevlelærer til å tru og oppføre seg annleis enn det som Kristus og den Apostoliske Tradisjonen baud dei."
-St.Niceta av Remesiana (335-414 e.Kr.) i "Ei forklaring av Truvedkjenninga: De symbolo"

"Tallause kjettarlærer, som vender seg vekk frå det Kristne styret, vittnar om at dei menneska ikkje får løyve til å komme til sakramental kommunion, som trur og freistar å overtyde andre om å tenkje annleis om Gud Faderen, (...) for dei som me ikkje godkjenner læra åt, har ikkje del i våre sakramentale riter."
-St. Augustine av Hippo (354-430 e.Kr.) i "St. Augustine, Of the True Religion"

"Utanfor den Katolske Kyrkja kan ein finne alt utanom frelsa. Ein kan finne ordineringar (diakonar, presteskap og biskopar) og sakrament, dei syng kanskje Halelujah og svarar Amen, ein held (rører) kanskje ved Evangeliet, ein har og forkynner kanskje i namnet åt Faderen, Sonen og den Heilage Ande, men ingen stad utanom i den Katolske Kyrkja kan ein finne frelse."
-Patrologia Latina, Vol. 43, ss. 689-698

"Om liv og død heng på vår sanning av Tru, er det døden me vel. Me skal aldri på noko vis eller uansett grunn gå inn i kommunion (Eukaristisk) med fiender av Guds Kyrkje og deira meiningslause anathemaer; då skal me heller med Guds hjelp halde på den apostoliske trua "som me står i og rosar oss av vona om Guds herlegdom." (Rom 5:2)"
-St. Sabbas (439-532 e.Kr), i Cyril of Scythopolis, The lives of the Monks of Palestine.

"(2273) Hald urokkeleg fast ved og tvil aldri i det minste på at Dåpssakramentet har høve til å eksistere ikkje berre innanfor den Katolske Kyrkja, men og hjå kjettarar som døyper i namnet åt Faderen, og Sonen, og den Heilage Ande; men utanfor den Katolske Kyrkja kan det ikkje gagne dei, nei, nett som det innanfor Kyrkja vert gjeve frelse gjennom Dåpssakramentet åt dei som trur rett, so er det og slik at dei som er utanfor Kyrkja, om dei ikkje vender attende til Kyrkja, so går det mot total ruinering for dei som vart døypte av den same Dåpen. For det er einskapen i den Kyrkjelege felleskapen som fører til frelsa, slik at ein mann ikkje vert frelst av Dåp om han ikkje mottok denne på den staden der det var naudsynt å ta imot han."

"(2274) Hald urokkeleg fast ved og tvil aldri i det minste på at ingen person som er døypt utanfor den Katolske Kyrkja kan verte ein medarving til det evige livet om han ikkje, innan han døyr, har vend attende til og vorte innlemma i den Katolske Kyrkja."
-St. Fulgentius av Ruspe (468-533 e.Kr) i: The Rule of Faith (kap79,80) in Migne, Patrologia Latina Vol. 65, ss.671-706

"Noko anna den velsigna mannen lærte ut og insisterte på hjå alle var å aldri ved noko høve i det heile verte rekna hjå kjettarane og, framfor alt, å aldri ta imot den Heilage Kommunionen hjå dei, "sjølv om," sa den heilage mannen, "..det skulle vere slik at du vert verande utan kommunionen heile livet ditt, då du grunna stressa tilhøve ikkje kan finne eit samfunn av den Katolske Kyrkja." "For dersom me, etter lovleg å ha gifta oss med ei kone i denne verda etter kjøtet, vert forbydde av Gud og av lova å overgje henne og verte sameina med ei anna kvinne, sjølv om me vert nøydde til å tilbringe ei lang tid adskild frå henne i eit fjerntliggjande land, og skal motta straffa om me bryt lovnadane våre, korleis skal me då, som har vorte sameina med Gud i den rette trua og den Katolske Kyrkja, som apostelen seier: "Eg trulova dykk med ein mann, so eg kunde stella fram for Kristus ei rein møy" (2Kor 11:2), korleis skal me kunne unngå å få del av straffa som i den komande verda ventar kjattarar, dersom me skitnar ut den rette og heilage trua gjennom utru kommunion med kjettarar?
             "For "kommunion", sa han, "vert kalla for nett dette då han som har "kommunion" har noko felles med og er einig med dei som han har kommunion med. Difor bønnfell eg dykk born, å aldri gå nære oratoriuma åt kjettarane for å ta imot kommunion der."
-St. John the Almsgiver (550-616 e.Kr) i "The Three Byzantine Saints."

"Med all vår styrke, lat oss difor aldri ta imot kommunion frå, eller gje han til kjettarar; "Gje ikkje det som er heilagt til hundane," sa Herren "og kast ikkje perlar for svin," (Matt 7:6); slik at me ikkje vert delaktige i deira vanære og fordømming."
-St. John Damascene (676-749 e.Kr.)

"Den heilage universelle Kyrkja lærer at det ikkje er mogeleg å tilbe Gud i sanning utanom i henne og forsikrar at alle som er utanfor henne ikkje kjem til å verte frelste."
-Moralia, Lib.XIV, Kap. V, n.5, Patrologia Latina, Tom.LXXV, col. 1043 

fredag 18. mars 2011

Den vesle skaren av dei som vert frelste, del 3/3

Gud ynskjer at alle menneske skal verte frelste!

 På hundrevis av stader i den Heilage Skrifta, fortel Gud oss at Han i sanning ynskjer at alle menneske skal verte frelste. "Er det Min vilje at ein syndar skal døy, og ikkje at han skulle verte omvend frå vegen sin og leve?...Eg lever, seier Herren Gud. Eg ynskjer ikkje syndarens død. Omvend dykk og lev." Når nokon vil noko særs mykje, vert det sagt at han døyr av begjær; det er ei overdriving. Men Gud ville og vil framleis frelse oss so mykje at Han døydde grunna dette ynskjet, og Han leid dauden for å gje oss liv. Denne viljen til å frelse alle menneske er difor ikkje berre ei berørt, ytleg og tilsynelatande Guds vilje, det er ei verkeleg, effektiv og gagnleg vilje; for Han gjev oss alt me treng som gagnar oss mest for at me skal verte frelste. Han gjev oss ikkje dette for at me ikkje skal nå målet; Han gjev oss dette med ei sannferdig vilje, med intensjonen at desse gåvene skal oppnå det dei vart gjeve for. Og om dei ikkje oppnår målet, Syner Han seg såra og fornærma over det. Han befalar sjølv dei fordømde til å ta dei bruk for å kunne verte frelste; Han formanar dei til dette; Han pålegg dei dette; og om dei ikkje gjer dette, syndar dei. Difor, lat dei gjere dette og slik verte frelste.

Enno meir, då Gud ser at me ikkje kunne nytte reiskapane som Han har gjeve oss utan Hans nåde, utan Hans hjelp, so gjev Han oss anna hjelp; og om denne hjelpa vert verande utan framgong, er det vår eigen feil; for med desse same hjelpemiddela kan ein misbruke dei og verte fordømd med dei, mens ein annan kan gjere rett og verte frelst; han vert kanskje til og med frelst med mindre kraftfulle hjelpemiddel. Ja, det kan hende seg at me misbrukar ein større nåde og vert fordømde, mens andre samarbeidar med mindre nåder og vert frelste.

Sankt Augustinus utbryt, "Om difor nokon då vender seg vekk frå rettferda, vert han boren vekk av sin frie vilje, leia av si eiga bøying til synd, forført av si ega overtyding." Men for dei som ikkje skjønar seg på teologi, so er det dette eg vil seie åt dei: Gud er so god at når Han ser ein syndar springande mot si eiga forderving, spring Han etter han, ropar på han, går med han like til helvetesporten. Kva vil Han ikkje gjere for å omvende han? Han sender han gagnleg inspirasjon og heilage tankar, og om dette ikkje ber frukt, vert Han sint og indignert, Han fylgjer etter han. Vil Han slå han? Nei. Han slår i lufta og tilgjev han. Men syndaren omvender seg framleis ikkje. Gud sender han ein dødeleg sjukdom. Den er i sanning slutten for han. Nei, brør, Gud botar han; syndaren vert sta og ond, og Gud ser i si miskunn etter ein annan veg; Han gjev han enno eit år, og då dette året er over, gjev Han enno eit år. Men syndaren ynskjer framleis å kaste seg sjølv ned i helvetet på trass av alt dette, so kva skal Gud gjere? Overgjev Han syndaren? Nei. Han tek han i handa, og mens han har ein for i helvetet og ein utanfor, held Han fram med å forkynne for han, Han naudbed han om ikkje å misbruke all denne nåden. No spør eg deg, om den mannen vert fordømd, er det ikkje sant at Han vert fordømd utan at det var Guds vilje og på grunn av at han sjølv ynskjer å verte fordømd? Kom og spør meg no: Om Gud ynskja å fordømme meg, kvifor skapa Han meg då? 

Utakksame syndar, lær i dag at om du vert fordømd, er det ikkje Gud som skal ha skulda, men du og din eigen vilje. For å overtyde deg om dette, gå ned til sjølve djupa i avgrunnen, og der skal eg syne deg ein av dei onde, forbanna sjelene som brenn i helvetet, slik at denne kan forklare sanninga for deg. Her har du ein no: "Sei meg, kven er du?" "Eg er ein stakkars avgudsdyrkar, fødd i eit ukjent land; eg fekk aldri høyre om Himmelen eller helvetet, eller om det som eg no lid av." "Fattige stakkar! Gå din veg, det er ikkje deg eg leitar etter." Ein annan kjem, der er han. "Kven er du?" "Eg er ein skismatikar frå endane av Tartaria; eg levde alltid på usivilisert vis, visste knappast at der er ein Gud." "Du er ikkje den eg leitar etter; far attende til helvetet." Her kjem enno ein. "Og kven er du?" "Eg er ein stakkars kjettar frå Nord. Eg vart født under Polaren og såg aldri verken solljos eller ljoset frå Trua." "Det er ikkje deg eg som eg leitar etter heller, far attende til helvetet." Brør, hjarta mitt brest når eg ser desse stakkarane som aldri kjende den Sanne Trua no mellom dei fordømde. Vit likevel at domen til fordøming vart utropa mot dei og dei fekk høyre, "Di fordømming kjem frå deg." Dei vart fordømde fordi dei ville det. Dei fekk so mykje hjelp frå Gud for å verte frelste! Me veit ikkje kva dette var, men dei veit det sjølve so altfor godt, og no ropar dei ut, "Å, Herre, Du er rettvis... og Dine domar er rettvise."

Brør, de skal vite at den eldste trua er Guds Lov, og at me alle ber henne rundt innskrive i hjarta våre; slik at ho kan lærast utan ein lærar, og at det er nok å ha ljoset frå sunn fornuft for å kunne vite om alle boda i Lova. Dette er grunnen til at til og med barbarar gøymde seg når dei begjekk synder, då dei visste at dei handla feil; og dei vert fordømde for å ikkje ha fulgt den naturlege lova skrive i hjarta deira; for hadde dei halde henne skulle Gud heller ha lete eit mirakel hende enn å late dei verte fordømde. Han skulle ha sendt dei nokon som kunne lære dei og hadde gjeve dei andre hjelpemiddel, som dei sjølve gjorde seg uverdige til å motta gjennom å ikkje leve i samsvar med inspirasjonen frå deira eigne samvite, som aldri svikta i å åtvare dei om det gode dei burde gjere og det onde som dei måtte unngå. Slik er det deira eige samvite som klagar dei ved Guds Domstol, og det held fram med å gjere dette utan oppehald i helvetet, "Di fordømming kjem frå deg sjølv." Dei veit ikkje kva dei skal svare og vert nøydde til å sanne at dei fortener denne lagnaden. Då so, om desse utruande ikkje har noko orsaking, vil der verte ei for ein Katolikk som hadde so mange sakrament, so mange preike, so mange hjelpemiddel til sin disposisjon? Korleis skal ein slik våge å seie, "Om Gud skulle fordømme meg, kvifor skapa Han meg då?" Korleis skal han våge å tale på dette viset, når Gud gjev han so mange hjelpemiddel for å verte frelst? So lat oss halde opp med å forvirre han.

De som lid i avgrunnen, svar meg! Er der mange Katolikkar hjå dykk? "Det er det i sanning!" Kor mange? Lat ein av dei koma hit! "Det er umogeleg, dei er for langt nede, og å få dei til å koma opp hit skulle vende heile helvetet opp og ned; det skulle vere enklare å stogge ein av dei i den stunda han fell ned." So talar eg då til dykk som lever i vanen av dødssynd, i hat, i gjørma av lasta av ureinskap, og som kjem nærare helvetet for kvar dag som går. Hald opp og vend om; det er Jesus som kallar dykk og som, med Sine sår, ropar åt dykk, "Min son, om du vert fordømd har du berre deg sjølv å skulde: 'Di fordømming kjem frå deg sjølv.' Lyft opp augene dine og sjå alle nåder som eg har gjeve deg i rike mengder for å sikre di evige frelse. Eg kunne ha laga det slik at du vart født i ein skog i Barbari; det er dette eg gjorde åt mange andre, men eg let deg verte født i den Katolske Trua; eg let deg oppsedast av ein slik god far, slik ei ypperleg mor, med dei reinaste instruksar og lærer. Om du på trass av alt dette vert fordømd, kven sin feil kjem det til å vere? Din eigen, Min son, din eigen: 'Di fordømming kjem frå deg sjølv.'

"Eg kunne ha kasta deg i helvetet etter at du begjekk den fyste dødssynda, utan å vente eit sekund: Eg gjorde det mot so mange andre, men Eg hadde tolmod med deg, Eg venta på deg i mange, lange år. Eg ventar framleis på deg i boten. Om du er fordømd på trass av alt dette, kven har skulda? Du sjølv, Min son, du sjølv: "Di fordømming kjem frå deg sjølv." Veit du kor mange som har døydd framfor dine eigne auge og vart fordømde? Det var ei åtvaring åt deg. Veit du kor mange andre Eg sette attende på rett veg som eit døme for deg? Hugsar du kva den framifrå bekjennaren fortalte deg? Det var Eg som bad han om å seie det åt deg. Oppmoda han deg ikkje til å endre på livet ditt, og å gjere ei god skriftehandling? Det var Eg som inspirerte han. hugsar du den preika som rørde ved hjarte ditt? Det var Eg som leidde deg dertil. Og kva har funne stad mellom deg og Meg i det løynde i hjartet ditt,... det kan du aldri gløyme.

"Dei indre inspirasjonane, den klare kunnskapen, den kontinuerlege angeren i samvitet, skulle du våge å fornekte dei? Alle desse var so mange hjelpemiddel frå Min nåde, då Eg ynskja å frelse deg. Eg nekta å gje dei til mange andre, og Eg gav dei til deg då Eg elska deg djupt. Min son, Min son, om Eg tala til dei so mjukt som Eg talar åt deg idag, kor mange andre sjeler vender attende til den rette vegen! Og du... du vender Meg ryggen. Høyr på det Eg har å seie deg, for dette er Mine siste ord: Du har kosta Meg Blodet Mitt; om du vil verte fordømd på trass av Blodet som Eg felde for deg, legg ikkje skulda på Meg, du har berre deg sjølv å skulde, og gjennom all eve, gløym ikkje at om du vert fordømd på trass av Meg, vert du fordømd fordi du ynskjer å verte fordømd: 'Di fordømming kjem frå deg sjølv.' "

Å min gode Jesus, sjølve steinane skulle dele seg om dei høyrde desse orda, slike mjuke uttrykk. Er der nokon her som ynskjer å verte fordømde, med so mange nåder og hjelpemiddel? Om der er ein, lat han høyre på meg, og lat han so stå imot om han kan.

Baronius fortel at etter Julian Apostaten sitt vidkjende fråfall, fekk han slikt voldsomt hat mot den Heilage Dåpen at han dag og natt søkte etter vegar å utslette sin eigen. Grunna dette førebudde han eit bad av geiteblod åt seg og sette seg i det, med ynskje om at det ureine blodet frå eit offer konsekrert åt Venus skulle slette ut den heilage karaktæren av Dåpen frå hans eiga sjel. Slik oppførsel verkar avskyeleg for dykk, men om planen åt Julian hadde lukkast er det sikkert at han skulle ha lide mykje mindre i helvetet.

Syndarar, rådet eg ynskjer å gje deg kjem heilt sikkert til å verke underleg for deg, men om du skjønar det rett, har det tvert imot sitt opphav i mi medkjensle for deg. Eg naudbed deg på mine kne, ved Kristi Blod og ved Maria Hjarte, endre livet ditt, kom attende til vegen som leier til Himmelen og gjer alt du kan for å tilhøyre den vesle skaren av dei som vert frelste. Om du istadenfor dette, ynskjer å halde fram på vegen som leier til helvetet, finn i det minste eit vis å utslette dåpen din på. Ve til deg om du tek Jesu Heilage Namn og den heilage karaktæren av den Kristne inngravert på sjela med deg ned i helvetet! Di plage vil berre verte større. So kva råder eg deg til å gjere: Om du ikkje vil omvende deg, gå på denne dagen og be din eigen pastor om å utslette namnet ditt frå dåpsregisteret, slik at ikkje eit ende minne om at du ein gong var ein Kristen finnst att; naudbed Skyddsengelen din om å utslette frå nådeboka si kvar inspirasjon og hjelp som han har gjeve deg på Guds bod, for ve til deg om Han kjem dei i hug! Sei til Vår Herre at Han skal ta Trua si attende, dåpen Hans og sakramenta Hans.

Vert du fylt av gru når du tenkjer på dette? Vel, kast då deg sjølv ned framfor Jesu Kristi føter og sei åt Han med tårevåte auge og eit botferdig hjarte: "Herre, eg sannar at fram til no har eg ikkje levd som ein Kristen. Eg er ikkje verdig å verte rekne mellom dine utvalde. Eg innser at eg fortenar å verte fordømt; men Din nåde er stor, og full av tiltru til di Miskunn seier eg deg at eg ynskjer å frelse sjela mi, sjølv om eg må gje opp formuen min, æra mi, livet mitt, berre eg vert frelst. Om eg fram til no har vore utru, so angrar eg, eg er lei meg, eg hatar min utruskap, eg bed Deg audmjukt om forlating for syndene mine. Tilgjev meg, gode Jesus, og styrk meg og, slik at eg kan verte frelst. Eg bed Deg ikkje om rikedomar, æra og framgong; eg bed Deg berre om dette eine, å frelse sjela mi."

 Og du, Å Jesus! Kva seier Du? Å Gode Hyrding, sjå dei vekkvandra sauene som vender attende til Deg; omfemn den angrande syndaren, velsign kvart eit sukk og kvar ein tåre han kjem med, eller velsign desse menneska som er so veldisponerte og som ikkje ynskjer noko anna enn å frelse sjelene sine. Brør, ved Vår Herre sine føter, lat oss halde fram at me ynskjer å frelse sjelene våre, uansett kva det skulle koste oss. Lat oss alle seie åt Han med tårevåte auge, "Gode Jesus, eg ynskjer å frelse sjela mi," Å velsigna tårar, Å velsigna sukk!

Konklusjon!

Brør, eg ynskjer å sende dykk alle trøysta heim att idag. So om de spør meg om mine eigne kjensler når det gjeld talet på dei som vert frelste, kjem det no: Enten det er mange eller få som vert frelste, so seier eg at kvar den som ynskjer å verte frelst, vert frelst; og at ingen kan verte fordømd om han ikkje sjølv ynskjer å verte det. Og om det er sant at særs få vert frelste, er det grunna at so få lever vel. Angåande alt det andre, jamfør desse to syna; det fyste hevdar at fleirtalet av Katolikkar vert fordømde, det andre hevdar det motsatte, at majoriteten av Katolikkar er frelste. Sjå for deg ein engel sent frå Gud for å stadfeste det fyste synet, som kjem for å fortelje deg at ikkje berre vert dei fleste Katolikkar fordømde, men at av heile denne kyrkjelyden som er samla her, er det berre ein som vert frelst. Om du lyder Guds Bod, om du foraktar korrupsjonen i denne verda, om du omfemner Jesu Kristi Kross med ein botferdig ande, då kjem du til å verte den eine som vert frelst.

Sjå no for deg den same engelen vende attende til deg for å stadfeste det andre synet. Han fortel deg at ikkje berre vert majoriteten av Katolikkar frelste, men at ut av heile denne kyrkjelyden er det berre ein som vert fordømd, og alle dei andre vert frelste. Om du etter dette held fram med utnyttinga, hemneaksjonane dine, dine kriminelle handlingar, din ureinskap, so vert det i sanning du som vert fordømd.
Kva nytte har me av å vite om det er mange eller få som vert frelste? Sankt Peter seier oss "Strev etter å gjere di utveljing sikker med gode gjerningar." Då Sankt Thomas Aquinas syster spurte han kva ho måtte gjere forå komme til Himmelen, sa han, "Du vert frelst om du ynskjer å verte det." Eg seier det same åt deg, og her er bevis for orda mine. Ingen vert fordømde utan at dei fyst begår ei dødssynd; dette er av trua. Og ingen begår dødssynd utan at han vil det: dette er ein udiskutabel teologisk proposisjon. Difor er det ingen som hamnar i helvetet utan at han sjølv vil det; konsekvensen er sjølvklår. Er ikkje dette nok til å trøyste deg? Gråt over tidlegare synder, gjer gode skriftemål, synd ikkje meir i framtida, og du vil verte frelst. Kvifor plagar du deg sjølv slik? For det er sikkert at du er nøydd til å begå ei dødssynd for å hamne i helvetet, og for å begå ei dødssynd må du sjølv ville det, og fylgjeleg er det ingen som hamnar i helvetet utan at han sjølv ynskjer det. Dette er ikkje berre mi oppfattning, dette er ei unekteleg og særs trøystande sanning; måtte Gud gje deg å skjøne dette, og måtte Han velsigne deg. Amen.

mandag 14. mars 2011

Den vesle skaren av dei som vert frelste, del 2/3

Frelsa i dei ulike livsverva!


Men å, eg ser at gjennom å tale generelt om alle på dette viset, kjem ikkje poenget mitt fram. So lat oss applisere denne sanninga på ulike livsverv, og de vil sjå at ein enten vert nøydd til å forkaste fornufta, erfaringa og vitet åt dei trufaste, eller sanne at fleirtalet av Katolikkar er fordømde. Er der noko verv i verda som favoriserar uskulda, der frelsa verkar lettare og som menneska gjer seg høgare tankar om enn prestane, Guds løytnantar? Ved fyste augekast, kven skulle ikkje tenkje at dei fleste av dei ikkje berre er gode, men perfekte; likevel vert eg forferda når Sankt Jerome erklærer at sjølv om verda er full av prestar, so lever knappt ein av hundre på eit vis som samsvarar med vervet deira; når eg får høyre ein Guds tenar vitne om at han har fått vite gjennom openberring at talet på prestar som fell ned i helvetet kvar dag er so stort, at det verka umogeleg for han å sjå for seg at der er nokon att på jorda; når eg får høyre Sankt Chrysostom utbryte med tårar i augene, "Eg trur ikkje at mange prestar vert frelste; eg trur det motsatte, at antalet som vert fordømde er større."

Sjå endå lenger oppover, og sjå prelatane åt den Heilage Kyrkja, pastorar som har ansvar for sjelene. Er talet på dei som vert frelste av desse større enn antalet som vert fordømde? Høyr på Cantimpre; han vil dele ei hending med dykk, og de kan sjølve dra dykkar eigne konklusjonar. Der vart halde eit konsilium i Paris, og eit stort antal prelatar og pastorar som hadde ansvar for sjeler deltok; kongen og prinsar kom og for å kaste glans over samlinga gjennom sitt oppmøte. Ein kjend forkynnar vart invitert for å forkynne. Då han held ei preike, openberra ein grusom demon seg for han og sa, "Legg ned boka di. Om du vil halde ei preike som er til gagn for desse prinsane og prelatane, nøy deg med å sei til dei frå oss; 'Me prinsar av myrkret takkar dykk, prinsar, prelatar og pastorar av sjeler, for grunna dykkar vanskjøtsel vert fleirtalet av dei trufaste fordømde; og me sparar ei beløning åt dykk for denne tenesta, til de kjem ned til oss i helvetet."

Ve til dykk som kommanderar andre! Om so mange vert fordømde på grunn av dykk, kva vil då hende med dykk sjølve? Om få av dei som kjem fyst i Guds Kyrkje vert frelste, kva vil hende med dykk? Ta alle verv, båe kjønna, kvar ståe: ektemenn, koner, enkjer, unge kvinner, unge menn, soldatar, kjøpmenn, handverkarar, rike og fattige, eidle og låge. Kva skal me seie om alle desse menneska som lever slike dårlege liv? Den fylgjande forteljinga frå Sankt Vincent Ferrer vil syne dykk kva de skal tenkje om saka. Han fortel at ein erkediakon i Lyons gav opp vervet sitt og drog seg attende til ein aude stad for å gjere bot, og han døydde på same dag og i same stunda som Sankt Bernard. Etter sin død, openberra han seg for biskopen sin og sa åt han, "Vit, Biskop, at i den same timen som eg døydde, var det og trettitre tusen andre menneske som døydde. Av dette talet fór Bernard og eg til Himmelen utan forsinkingar, tre fór til Skjærselden og alle dei andre hamna i helvetet."

Vår historie fortel oss om ei enno meir forferdeleg hending. Ein av brørne våre, vidkjend for doktrina og heilagdomen sin, forkynte i Tyskland. Han la fram styggedomen av synda ureinskap med slik kraft at ei kvinne fell om død av sorg framfor alle. Då kom ho attende til livet, og sa, "Då eg vart stilt framfor Guds Domstol, var det seksti tusen menneske som kom til same tida frå alle delar av verda; ut av dette antalet var det tre som vart frelste ved å gå til Skjærselden, og alle dei andre vart fordømde." Å avgrunn av Guds domar! Av trettitusen var det berre fem som vart frelste! Og av sekstitusen var det berre tre som kom til Himmelen! De syndarar som høyrer på meg, i kva for kategori kjem du til å verte rekna?...Kva seier du?... Kva trur du?...

Eg kan sjå at mesta kvar ende av dykk bøyer hovudet, fylde av forbausing og gru. Men lat oss leggje vår apati til sides, og istadenfor å smikre oss sjølve, lat oss freiste å finne gagn i frykta vår. Stemmer det ikkje at der er to vegar som leier til Himmelen; uskulda og angeren? Då so, om eg syner dykk at særs få tek nokon av desse to vegane, som rasjonelle menneske kjem de til å konkludere med at særs få vert frelste. Og for å nemne bevis; i kva alder, sysselsettjing eller ståe finn du ikkje at talet på onde ikkje er hundre gonger større enn talet på gode, og du kan seie, "Dei gode er so sjeldne og dei onde er so mange i talet"? Me kan seie om vår eiga samtid det som Salvianus sa om si: Det er enklare å finne ein uteljeleg skare av syndarar innlemma i all slags synder enn det er å finne nokre få uskuldige menn. Kor mange tenarar er heilt ærlege i pliktene sine? Kor mange kjøpmenn er rettvise og rimelege i handelen; kor mange hantverkarar eksakte og sannferdige; kor mange handelsmenn utan eigne interesser og oppriktige? Kor mange av lova sine menn forsakar ikkje rettvisa? Kor mange soldatar trampar ikkje på uskulda; kor mange herrar held ikkje urettvist attende løna åt dei som tener dei, eller søkjer ikkje etter å dominere underståttane sine? Til alle stader er dei gode eit sjeldent syn og dei onde kjem i store tal. Kven er det som ikkje kjenner til at i dag er det so mykje lausskap mellom modne menn, friheit hjå unge jenter, fåfenge hjå kvinner, tøyleslause hjå adelen, korrupsjon i middelklassen, oppløysing mellom folket, uforskammelegheit mellom dei fattige, at ein kan seie som David sa om si eiga tid: "Alle har vandra vekk frå vegen... der er ikkje nokon som er gode, ikkje ein ende."

Gå ut på gater og torg, til palass og hus, til byar og landsbygder, til domstolar og rettshus, og inn i Guds tempel. Kvar finn du dygda? "Akk!" gret Silvanus, "utanom ein særs liten skare som flyktar frå det onde, kva er den Kristne kyrkjelyden om ikkje ei søkkjande bør? Alt me ser til alle stader er egoisme, ambisjonar, frotsing og luksus. Er ikkje den største delen av menneska utskitna av ureinskapsbøra, og har ikkje Sankt Johannes rett når han seier, "Heile verda- om det er det noko so stygt kan kallast- "er sett i ondskap?" Det er ikkje eg som seier dykk dette; fornufta tvingar dykk til å tru at av dei som lever so dårleg, er det særs få som vert frelste.

Men du seier: Kan ikkje bot gagnleg reparere tapet av uskulda? Det er sant, det skal eg innrømme. Men eg veit og at botgjeringar er so vanskeleg å gjennomføre, me har mista denne vana so fullstendig, og den er so voldsomt misbrukt av syndarar, at dette åleine skulle rekke for å overtyge dykk om at særs få vert frelste gjennom denne vegen. Å, kor bratt, smal, tornete, grusom å sjå til og vanskeleg å klatre opp den er! Til alle stader der me ser, er det berre blodspor og ting som gjev oss triste minne. Mange veiknar berre ved synet av han. Mange trekk seg attende allereie i byrjinga. Mange fell midt på vegen grunna at dei vert trøytte, og mange gjev usselt opp ved enden. Og kor få er dei som held ut til døden! Sankt Ambrose seier at det er lettare å finne menn som har halde på uskulda si enn å finne nokon som har gjort høveleg bot.

Dersom de vurderer botssakramentet, tenk på at der er so mange forvrengde skriftemål, so mange studerte orsakingar, so mange løgnaktige angrarar, so mange falske lovnader, so mange målsettjingar som ikkje ber frukt, so mange ugyldige absolusjonar! Skulle du rekne som gyldig skriftemålet åt nokon som skuldar seg sjølv for synder av ureinskap og framleis gjev høve for at det skal hende igjen? Eller nokon som skuldar seg sjølv for tydeleg urettvise handlingar og som ikkje har intensjonen å gjere opp for dette på noko vis? Eller nokon som med det same fell i same synder igjen, rett etter skriftemålet? Å, forferdelege misbruk av eit slikt fantastisk sakrament! Ein sannar for å unngå ekskommunisering, ein annan for å få seg eit rykte som ein angrande person. Ein gjer seg av med synder for å roe ned sin anger, ein annan løyner dei grunna skam. Ein legg fram skulda si ufullstendig av ondskap, ein annan avsløyer henne berre av vane. Ein har ikkje det sanne endemålet åt sakramentet i tanke, ein annan har ikkje den naudsynte sorga, og enno ein annan har ikkje eit fast formål. Stakkars skriftemålarar, kva krefter legg de ikkje ned på å bringe fleirtalet av dei botferdige til dei korrekte avstandstakingane og handlingane, då skriftemålet vert vanhelga utan dette, absolusjonen vert ei fordømming og botgjeringa ein illusjon?

Kvar er dei no, dei som trur at talet på dei som vert frelste av Kristne er større enn dei som vert fordømde og som, for å gje autoritet til si eiga meining, resonerar slik: Majoriteten av Katolske vaksne døyr i sengene sine, vel utrusta med Kyrkja sine sakrament, difor må dei fleste av Katolske vaksne verte frelste? Å, for eit fint resonement! De må seie nett det motsatte. Dei fleste av Katolske vaksne sannar dårleg i dødsstunda, difor vert dei fleste fordømde. Eg seier "enno meir sikkert er dette," då ein døyande person som ikkje har sanna syndene sine vel då han var ved god helse, kjem til å ha endå vanskelegare for å gjere dette når han ligg til sengs med eit nedtyngd hjarte, eit ørt hovude, tåkete tankar; når han møter motstand på mange vis frå framleis levande objekt, frå stadig fornya høve, frå tillempa vanar, og framfor alt frå djevlar som freistar på alle vis å kaste han ned i helvetet. Då so, om du til alle desse falske angrande syndarane legg til alle dei andre syndarane som døyr uventa i synd, grunna lækjarane sin ignorans eller grunna sine eigne slektningar si skuld, som døyr av forgifting eller av å verte gravlagde i jordskjelv, frå eit hjarteinfarkt, frå eit fall, eller på slagfeltet, i ein nevekamp, fanga i ei felle, trefte av lynet, brende eller drukna, vert du ikkje nøydd til å konkludere med at fleirtalet av Kristne vaksne er fordømde? Dette er resonementet åt Sankt Chrysostom. Denne Helgenen seier at dei fleste Kristne går på helvetesvegen heile livet igjennom. Kvifor er du då overraska over at fleirtalet hamnar i helvetet? For å kome til ei dør, må du gå på vegen som fører dertil. Kva har du for svar å gje til denne mektige resoneringa?

Svaret, seier du meg, er at Guds nåde er stor. Ja, for dei som fryktar Han, seier Profeten; men stor er Hans rettvise over dei som ikkje fryktar Han, og ho fordømmer alle stae syndarar.

Då seier du kanskje åt meg: Vel, kven er Paradiset tiltenkt, om ikkje for Kristne? Det er for Kristne, sjølvsagt, men for dei som ikkje vanærar sin eigen karaktær og som lever som Kristne. Dessutan, om du til talet av Kristne vaksne som døyr i Guds nåde, legg til den uteljelege skaren av born som døyr etter dåpen og innan dei når fornuftsalderen, er det ikkje overraskande at Sankt Johannes Apostelen når han talar om dei som vert frelste seier, "Eg såg ein stor skare som ingen mann kan telje."

Og dette er det som forfører dei som latar som om talet på dei som vert frelste av Katolikkar er større enn dei som vert fordømde... Om du til dette talet, legg til dei vaksne som har halde på uskuldskappa, eller som etter å ha skitna henne ut, har vaska henne i botstårar, er det sikkert at fleirtalet vert frelste; og dette forklarar Sankt Johannes sine ord, "Eg såg ein stor skare," og desse andre orda åt Vår Herre, "Mange vil kome frå aust og frå vest, og skal halde gjestebod med Abraham og Isak og Jakob i Himmelriket," og dei andre figurane som vanlegvis vert rekna opp til fordel for dette synet. Men om du talar om vaksne Kristne, so samstemmer både erfaring, fornuft, autoritet, anstendigheit og Skrift i å bevise at dei fleste vert fordømde. Tru ikkje at grunna dette er Paradiset tomt; tvert imot, det er eit særs folkerikt kongerike. Og om dei fordømde er "tallause som sanden i havet," so er dei frelste "so talrike som stjernene på himmelen," det vil seie at både den eine og den andre er tallaus, sjølv om det er i heilt ulike proporsjonar.
Ein dag då Sankt Johannes Chrysostom preika i katedralen i Konstantinopel og tenkte på desse proporsjonane, kunne han ikkje stå seg for å skjelve av gru og spurje, "Ut av denne store kyrkjelyden, kor mange trur de kjem til å verte frelste?" Og, utan å vente på svar, la han til, "Av so mange tusen menneske, finn me at ikkje meir enn hundre vert frelste, og eg tvilar på om det vert hundre ein gong." For ein grusom ting! Denne store Helgenen trudde at av so mange menneske, skulle knappt nok hundre verte frelste; og sjølv då var han ikkje sikker på at taøet vart so stort. Kva vil hende med dykk som høyrer på meg? Mektige Gud, eg kan ikkje tenkje på det utan å skake! Brør, problemet med frelsa er ei vanskeleg sak; for i fylgje domane åt teologane, når ein ende krever store krafttak, er det få som oppnår denne.

Dette er kva Sankt Thomas, den Englelike Doktaren, etter å ha vegd alle resonement for og imot i sin enorme lærdom, til slutt konkluderte med at det store fleirtalet av Katolske vaksne vert fordømde. Han seier, "Då evig sele overgår den naturlege ståa, særskild då ho har vorte frårøva den opphavelege nåden, er det særs få som vert frelste."
Ta då vekk augebindet som forblindar dykk med eigenkjærleik, det som hindrar dykk frå å tru den sjølvsagte sanninga ved å gje dykk falske idear om Guds rettferd. "Rettvise Fader, verda har ikkje kjent Deg," sa Vår Herre Jesus Kristus. Han seier ikkje "Allmektige Fader, so god og full av nåde." Han seier "rettvise Fader," for at me skal skjøna at av alle eigenskapane åt Gud, er det ingen som er mindre kjende enn Hans rettvise, for menneska nektar å tru på det som dei er redde for å utsettjast for. Difor, ta då vekk augebindet som tekkjer for augene dykkar og sei med tårar: No ser eg! Det store fleirtalet av Katolikkar, det store fleirtalet av dei som lever her, kanskje til og med av dei som er samla her, vil verte fordømde! Kva anna sak skulle fortene tårane dykkar meir?

Då Kong Xerxes stod på ein haug og skoda ut over sin armè av hundre tusen soldatar kledde for slag, og tenkte på korleis det om hundre år ikkje skulle vere ein ende att av dei i live, kunne ikkje stå seg for å gråte. Har ikkje me større grunn til å gråte når me tenkjer på at av alle Katolikkar vert dei fleste fordømde? Skulle ikkje denne tanken få elvar av tårar til å renne frå augene våre, eller i det minste få fram i hjarta våre den same kjensla av medynk som ein Augustinarbror, Ven. Marcellus av St. Dominic fekk? Ein dag då han mediterte over dei evige plagene, synte Herren han kor mange sjeler som gjekk til helvetet i den stunda og fekk han til å sjå ein særs brei veg der tjuetotusen fordømde sprang mot avgrunnen, mens dei støytte inn i kvarandre. Guds tenar vart omtåka av synet og utropte. "Å, for ein skare! For ein skare! Og enno fleire kjem. Å Jesus! Å Jesus! For ein galenskap!" Lat meg gjenta med Jeremias, "Kven vil gje vatn til hovudet mitt, og ei fontene av tårar til augene mine? Og eg vil gråte dag og natt for dei som er nedslakta av dottera åt folket mitt."

Stakkars sjeler! Korleis kan de springe so hastig mot helvetet? For miskunna si skuld, stopp og høyr på meg ei lita stund! Enten skjønar de kva som meinast med å verte frelst og fordømd i all eve, eller so gjer de det ikkje. Om de skjønar og på trass av dette bestemmer dykk for å ikkje endre på liva dykkar i dag, gjere eit godt skriftemål og trakke på verda, med eit ord, gjere alt de kan for å verte rekna til den lille skaren av dei som vert frelste, so seier eg dykk at de ikkje har Trua. De har ei betre orsaking om de ikkje skjønar dette, for då må ein seie at de er heilt vitlause. Å verte frelste til eveleg tid, å verte fordømde til eveleg tid, og å ikkje gjere alt ein kan for å unngå det eine og å sikre seg det andre, er heilt ufatteleg.
Guds Godheit!

Kanskje de ikkje trur på dei forferdelege sanningane som eg nett har lært dykk. Men det er dei mest høgakta teologane, dei mest strålande av Fedrane som har tala til dykk gjennom meg. Då so, korleis kan de stå imot argument som er støtta av so mange døme og ord i Skrifta? Om de framleis nølar på trass av alt dette, og om tankane dykkar lutar mot det motsette synet, får ikkje blotte tanken på alt dette dykk til å skake? Å, det syner berre at de ikkje bryr dykk mykje om dykkar eiga frelse! Tenk over denne viktige saka, og tenk på korleis ein mann med vit reagerer, når han får bevis som syner at der er ein aldri so liten risiko for at han skal ruinerast i noko der sjela ikkje er involvert. Ein av brørne våre, den Velsigna Giles, hadde for vane å seie at om berre ein mann kom til å verte fordømd, so skulle han gjere alt han kunne for å forsikre seg om at han ikkje vart den mannen.

So kva må me gjere, me som veit at det store fleirtalet kjem til å verte fordømde, og ikkje berre av alle Katolikkar? Kva må me gjere? Me må bestemme oss for å høyre til den vesle skaren som vert frelste. De seier: Om Kristus vil fordømme meg, kvifor skapa Han meg? Hysj, utemja tunge! Gud skapa ingen for å fordømme dei, men kvar den som vert fordømd, er fordømd fordi han ynskjer å verte det. Difor kjem eg ikkje til å streve for å forsvare Guds godheit og frikjenne henne frå all skuld: det vert temaet i mitt andre poeng.

Innan me held fram, lat oss samle på eine sida alle bøkene og kjettarlærene åt Luther og Calvin, og på den andre sida bøkene og kjettarlærene åt Palagianarane og Semi-Pelagianarane, og lat oss brenne dei. Nokre av dei øydelegg nåde, andre fridom, og alle er overfylde av vranglærer; so lat oss kaste dei inn i elden. All dei fordømde ber på si eiga panne oraklet av profeten Hoseas, "Di fordømming kjem frå deg sjølv," slik at dei skal skjøne at kvar den som vert fordømd, vert fordømd på grunn av sin eigen ondskap og på grunn av at han ynskjer å verte fordømd.

Fyst, lat oss take desse to unektelege sanningane som grogrunn: "Gud ynskjer at alle menneske skal verte frelste," og "Alle treng Guds nåde." Om eg då syner dykk at Gud vil frelse alle menneske, og at det er på grunn av dette Han gjev dei sin nåde og alle andre naudsynte reiskapar for å oppnå denne himmelske enden, so vert de nøydde til å sei dykk einige i at kvar den som vert fordømd må skulde dette på sin eigen ondskap, og at om det store fleirtalet av Kristne er fordømde, er dei det fordi dei vil vere det. "Di fordømming kjem frå deg sjølv, di hjelp er berre i Meg."

onsdag 9. mars 2011

Den vesle skaren av dei som vert frelste! del 1/3 pluss heile lydfila.

Her kjem byrjinga av ei preike frå 1600-talet som handlar om ei lære i den Katolske Kyrkja som mange ikkje vil akseptere. Den Katolske Kyrkja har nemleg alltid lært at det ikkje berre er majoriteten av menneska som hamnar i helvetet. Nei, Kyrkja lærer faktisk at majoriteten av KATOLIKKAR hamnar i helvetet. Det er difor det er so viktig å arbeide på frelsa si med frykt og beven. I dag er det Askeonsdag, og kva passar ikkje betre på denne fyste fastedagen før Påske enn å vende tankane våre mot dette ofselege faktum at me ikkje vert frelste automatisk, men at trua utan gjerningar er død. Og at du og mest sannsyleg er på veg til fortapinga i denne stunda. So no er tida for bot og betring, omvend deg før det er for seint!

(For dei som vil høyre heile preika i dag, so har eg lagt ho ved innlese på engelsk av Ken Bird. Han tilhøyrer CMRI, som er ein organisasjon som fornektar at det berre finnst frelse i den Katolske Kyrkja og som oppmodar til so kalla "Naturleg familieplanlegging". Dette er båe grove kjettarlærer, men utanom det har han ein interessann youtube kanal..)



Den vesle skaren av dei som vert frelste!

av St. Leonard av Port Maurice (1676-1751)

Sankt Leonard av Port Maurice var ein særs heilag fransiskanarbror som levde i klosteret åt Sankt Bonaventure i Roma. Han var ein av dei største misjonærane igjennom kyrkjehistoria. Han brukte å forkynne for tusenvis på dei opne torga i kvar ende by og bygd. So brilliant og heilag var han i vel valde ord at ein gong, då han held ein to vekers misjon i Roma, kom Paven og alle Kardinalane for å høyre han. Den Lytelause Avlelsen åt den Velsigna Møya, tilbedinga av det Heilage Sakramentet og venerasjonen av det Høgheilage Jesu Hjarte var krosstoga hans. Han var i stor grad ansvarleg for defineringa av den Lytelause Avlelsen som fann stad litt over 100 år etter at han døydde. Det var og han som gav oss dei "Gudomelege Lovprisningane" (The Divine Praises) som vert sagt på slutten av Velsigninga. Men Sankt Leonard sitt mest kjende verk var andakta han hadde til Krosstasjonane. Han døydde ein særs heilag død i sitt syttifemte år, etter tjuefire år av kontinuerleg forkynning.

Ei av Sankt Leonard av Port Maurice sine kjendaste preiker var "Den vesle skaren av dei som vert frelste." Det var henne han sette sin lit til for omvendinga av store syndarar. Preika, som dei andre skriva han kom med, kom under kanonisk gransking under kanoniseringsprosessen av han. I preika granskar han dei ulike livsståene åt Kristne og konkluderer med at ein særs liten skare vert frelst, jamført med kor mange menneske som eksisterer. Den lesaren/lyttaren som mediterer over dette i teksten, kjem til å innsjå at dette er ei heilt logisk hevding, som har fortent Kyrkja si godkjenning. Her kjem denne store misjonæren si levande og rørande preike.

Innleiing

Takk til Gud, talet på læresveinane åt Utfriaren er ikkje so lite at ondskapen åt dei skriftlærde og farisearane maktar å triumfere over dei. Sjølv om dei streva etter å baktale uskulda og å føre mengdene på villspor med sine forræderske sofisteri, gjennom å sjå ned på læra og karakteren åt Vår Herre, leitande etter mørke flekkar på sjølve sola. Men mange sannar framleis at Han er den sanne Messias, og uredde for både tukt og trusslar, held dei seg ope til Han. Var det slik at alle som fylgde Kristus fylgde etter Han til herlegheita? Å, dette er der eg ser til det djupe mysteriumet og stille ærar djupa av gudomelege forordningar, i stadenfor å bestemme meg i all hast for noko i ei slik viktig sak! Emnet eg kjem til å ta opp i dag er eit med mykje alvor i seg; den har fått sjølve søylene i Kyrkja til å skake, fylt den største Helgen med beven og befolka ørkenane med eremittar. Poenget med denne instruksjonen er å komme fram til om talet på Kristne som vert frelste er større enn talet på Kristne som vert fordømde; og eg vonar at det kjem til å produsere i dykk ein godarta beven for Guds domar.

Brør, då eg elskar dykk, skulle eg ynskje at eg kunne forsikre dykk om ei framtid av evig sele i frelsa for kvar og ein gjennom å seie til dykk: Det er sikra å komme inn i Paradiset; majoriteten av Kristne vert frelste, so de kjem og til å verte frelste. Men korleis kan eg gje dykk denne herlege forsikringa om de gjer opprør imot Guds bod som om de var dykkar eigne verste fiendar? Eg ser hjå Gud eit oppriktig ynskje om å frelse dykk, men eg ser i dykk ei fast bøying til fordømmelsen. So kva kjem eg til å gjere i dag om eg talar eit tydeleg språk? Eg kjem til å gje dykk ubehag. Men om eg ikkje talar, kjem eg ikkje til å behage Gud.

Difor kjem eg til å dele inn dette emnet i to delar. I den fyste delen, for å fylle dykk med forferding, kjem eg til å late teologane og Kyrkjefedrane bestemme i saka og erklære at den største delen av Kristne vaksne er fordømde; og, i stille tilbeding av dette forferdelege mysteriumet, vil eg halde mine eigne domar for meg sjølv. I den andre delen freistar eg å forsvare Guds godheit mot dei gudlause, gjennom å bevise for dykk at dei som vert fordømde vert fordømde av sin eigen ondskap, fordi dei ville verte fordømde. So ser me då her to viktige sanningar. Om den fyste sanninga skremmer dykk, hald det ikkje imot meg, som om eg vlle gjere vegen til Himmelen smalare for dykk, for eg ynskjer å halde meg nøytral i dette emnet, so hald det då heller imot teologane og Fedrane av Kyrkja som ynskjer å inngravere denne sanninga i hjarta dykkar med fornufta si kraft. Om illusjonen dykkar går i oppløysing av den andre sanninga, gje Gud takk for dette, for Han ynskjer berre ein ting; at de gjev hjarta dykkar heilt til Han. Til sist, om de pålegg meg å seie tydeleg kva eg tykkjer, kjem eg til å gjere det for dykkar trøyst skuld.

Læra åt Kyrkjefedrane!

Det er ikkje vekkasta nyfikenheit men prisverdige forholdsreglar å erklære frå preikestolen visse sanningar som so vakkert tener til å temje latskapens frigjeringar. Ein snakkar alltid om Guds nåde og om kor enkelt det er å omvende seg, når me lever innlemma i all slags synder og søv den djupe svevnen på vegen til helvetet. For å bryte illusjonen og dra dei ut av dvalen, lat oss idag granske dette spørsmålet: Er talet på Kristne som vert frelste større enn talet på Kristne som vert fordømde?

Pietistiske sjeler, de kan gå no; denne preika er ikkje for dykk. Hovudmålet med henne er å leggje band på stoltheita i friheita som menneska tek seg når dei kastar den heilage Gudsfrykta ut av sitt eige hjarte og slår seg i lag med djevelen, som etter orda åt Eusebius, forbannar sjeler gjennom å forsikre dei. For å ta vekk all tvil, lat oss ta alle Kyrkjefedrane, både dei greske og dei latinske, og plassere dei på ei side; på den andre sida, dei mest lærde teologane og historikarane; og lat oss settja Bibelen i midten for alle å sjå. No då, høyr ikkje på kva eg vil seie dykk - for eg har allereie sagt at eg ikkje ynskjer å tale ut av mitt eige eller å ta avgjerdsla i saka - men høyr på kva desse store tenkjarane har å seie dykk, dei som er fyrhus i Guds Kyrkje for å lyse for andre slik at dei ikkje går miste om himmelvegen. På dette viset, rettleia av det trefoldige ljoset av tru, autoritet og skjøn, kjem me til å kunne løyse dette alvorlege spørsmålet med største sikkerheit.

Legg nøye merke til her at det ikkje er spørsmål om den menneskelege rasen som ein einskap, og heller ikkje om alle Katolikkar utan utskiljing, men berre om Katolske vaksne, som har det frie valet og som difor er kapable til å samarbeide i denne store saka som er deira frelse. Lat oss fyst rådføre oss med teologane som er anerkjende for å granske ting med stor nøysemd og ikkje som dei som overdriv i læra si: Lat oss lytte til to lærde Kardinalar, Cajetan og Bellarmine. Dei lærer oss at den største delen av Kristne vaksne vert fordømde, og om eg hadde tid til å peike ut argumenta som dei byggjer på, skulle de og sjølve verte overtygde. Men eg skal avgrense meg til å sitere Suarez. Etter å ha rådført seg med alle teologane og sjølv studert saka nøye, skreiv han, "Den vanlegaste domen som vert halde fast på er at, mellom Kristne, er det fleire fordømde sjeler enn forutbestemte sjeler."

Til autoriteten åt dei greske og latinske Fedrane, legg og til teologane, og du vil sjå at omlag alle seier det same. Dette er konklusjonen til Sankt Theodore, Sankt Basil, Sankt Ephrem og Sankt John Chrysostom. Noko anna er, i fylgje Baronius, at det var ei vanleg oppfattning hjå dei greske Fedrane at denne sanninga konkret vart openberra for Sankt Simeon Stylites og at det var etter denne openberringa, for å sikre si eiga frelse, at han bestemte seg for å leve ståande på toppen av ein stolpe i førti år, utsett for været, som ein rollemodell for bot og heilagdom for alle. Lat oss no søkje råd hjå dei latinske Fedrane. De får høyre Sankt Gregorius seie tydeleg, "Mange tek imot trua, men få får ta imot det himmelske riket." Sankt Anshelm erklærer, "Der er få som vert frelste." Sankt Augustinus stadfester dette enno tydelegare, "So er det slik, at få vert frelste jamført med dei som vert fordømde." Den mest skremmande er likevel Sankt Jerome. Mot slutten av livet hans, framfor åsynet åt læresveinane sine, tala han desse skremmande orda: "Ut av hundre tusen menneske som alltid har levd dårlege liv, finn du knappt nok ein som er verdig avlat."

Orda åt Heilag Skrift

Men kvifor leite etter meiningane åt Fedrane og teologane, når Heilag Skrift fastset spørsmålet so tydeleg?
Sjå på det Gamle og Nye Testamentet, og du vil finne ei mengd figurar, symbol og ord som tydeleg peikar ut denne sanninga: særs få vert frelste. På Noah si tid gjekk heile menneskeslekta til grunne i Syndefloda, og berre åtte menneske vart frelste i arka. Sankt Peter seier: "Denne arka var eit føredøme på Kyrkja," mens Sankt Augustinus legg til, "Og desse åtte menneska som vart frelste skal syne oss at særs få Kristne vert frelste, for det er særs få som oppriktig avseier seg verda, og dei som avseier seg henne berre i ord kjem ikkje inn under mysteriumet som denne arka representerer." Bibelen fortel oss og at berre to hebrearar av to millionar fekk koma inn i det Lova Landet etter at dei gjekk ut frå Egypt, og at berre fire kom seg unna elden i Sodoma og dei andre brennande byande som gjekk til grunne ilag med denne. Med alt dette meinast at talet på fordømde som vert kasta inn i elden som strå er mykje større enn talet på dei som vert frelste, som den Himmelske Fader ein dag vil samle inn i løene Sine som verdifull kveite.

Eg skulle aldri få avslutte om eg skulle poengtere alle figurane som Heilag Skrift stadfester sanninga gjennom. Lat oss nøye oss med å høyre på det levande oraklet av Inkarnert Visdom. Kva gav Vår Herre som svar til den nyfikne mannen i Evangeliet som spurte Han, "Herre, er det berre nokre få som vert frelste?" Held han seg stille? Svara Han uklårt? Løynde Han tankane Sine av redsle for å skremme dei som var samla? Nei. Sjølv om det berre var ein som spurte, tala Han til alle dei som var til stades. Han sa til dei: "De spør meg om det berre er nokre få som vert frelste?" Her er svaret Mitt: "Strev etter å stige inn gjennom den trange porten; for mange, seier Eg dykk, skal freiste å stige inn og skal ikkje kunne gjere det." Kven er det som talar her? Det er Guds Son, Evig Sanning, som ved eit anna høve seier enno meir tydeleg, "Mange er kalla men få er utvalde." Han seier ikkje at alle er kalla og at av alle menneske, er få utvalde, men at mange er kalla; noko som tyder, som Sankt Gregorius forklarar, at av alle menneske, er mange kalla til den Sanne Trua, men av desse som er kalla er det få som vert frelste. Brør, dette er orda åt Vår Herre Jesus Kristus. Er dei tydelege? Dei er sanne. Sei meg no om det er mogeleg for dykk å ha tru i hjarta dykkar og ikkje beve?

fredag 4. mars 2011

Ukrainske "Katolikkar" krever ei kansellering av saligkåringsprosessen av Johannes Paulus II og av Assissi

Det var overraskande og særs gledeleg å oppdage denne websida: http://uogcc.org.ua/en/video/index.php/  frå Ukraina, drive av ei gruppe som kallar seg "the Ukrainian orthodox Greek-Catholic Church" (Den ukrainske Ortodokse Gresk-Katolske Kyrkja.) For dei som tykkjer at terminologien "ortodoks" og "katolsk" i same tittel er forvirrande, so kan eg forklare at dette historisk sett ikkje er austlege skismatikarar/kjettarar, men ei grein av den Katolske Kyrkja innanfor den greske riten som alltid har kalla seg ortodokse, som tyder "rett truande". I dag høyrer denne gruppa til under Novus Ordo og det II Vatikankonsiliumet si sekt, men ettersom dei ikkje har same kontakt med Roma som den latinske riten, har dei i større grad enn Novus Ordo i vest, halde fram som tidlegare med Messefeiring og teologi. Det er grunna at dei ikkje har full kjennskap til sedevakansen at dei tiltalar Benedict XVI som "pope/pave" og "your Holiness/hans Heilagdom"...
           Det som er so interessant er at 7 ukrainske biskopar frå denne riten no har byrja å vakne opp og innsjå at det som anti-pavane og Novus Ordo held på med bryt med sann Katolsk Tru. Dei har difor lagt opp ei rad med videoar og artiklar på internetsida si, der dei m.a. fordømmer saligkåringsprosessen av JPII som er sett i gong av Benedict XVI, dei fordømmer Assissi-konferansane arrangerte av Roma, dei utropar "anathema" over ei rekkje Novus Ordo "biskopar" og "kardinalar" rundt omkring i verda og mykje anna interessant. Dei nærmar seg den sedevakantistiske posisjonen med stormsteg, og eg har difor lyst til å leggje opp ein av videoane deira på bloggen min:



Ei tale til Pave Benedict XVI
Av Erkebiskop Elias
Av den ukrainske Ortodokse Gresk-Katolske Kyrkja
28. januar, 2011
(Ei samanfattning av innhaldet i videoen oversett til norsk)

Hans Heilagdom

På den fyste dagen i det nye året kom det bod om noko sjokkerande: Du stadfesta den apostatiske gesten i Assissi; du tenkjer å ta opp att og å kanonisere det.
Me siterer deg: "Til minne om den storarta historiske gesten utført av min forgjengar og for å høgtidsamt fornye engasjementet åt dei truande frå alle religionar om å leve ut si eiga religiøse tru i teneste for freden."

Hans Heilagdom, du må innsjå at gjennom å vedkjenne handlingane i Assissi, stilte du deg imot Kristus og imot Hans Mystiske Lekam, Kyrkja.

Denne so kalla "storarta historiske gesten" er eit totalt svik mot Kristendomen.
Å invitere avgudsdyrkarar som tilbed satan til Assissi og å settje dei til å leve ut deira eigne religiøse overtydingar er absurd. Å sette avgudsdyrking på lik linje med Evangeliet er fullstendig kjettersk.

Evangeliet og heile misjonstradisjonen åt Kyrkja vert slik fornekta.

Hans Heilagdom, Peter fornekta Kristus tre gonger, men den same natta synte han anger.

1) Du erklærte ei kjettarlære offentleg.
2) Du fastsette ein spesifik dato for saligkåringa av ein apostat.
3) Du bestemde deg for å utføre ein gest av fråfall frå Trua (apostasy) og å reise til Assissi i eigen person.

Under desse siste to åra, har bispesetet vårt gjentatte gongar oppfordra deg om å byrje å reformere Kyrkja.
Me har påpeika at denne kyrkjereforma ikkje kan settjast i gong utan offentleg botgjering for den apostatiske gesten frå Johannes Paulus II i Assissi.

Det er ironisk at i byrjinga av dette året so gjorde du nett det motsatte: Du fastsette ein dato for saligkåringsprosessen av ein apostatisk Pave: 1.mai, 2011.

Den dagen du saligkårar ein apostat kjem til å vere dagen då du ex-kommuniserar deg sjølv frå den Mystiske Lekamen åt Kristus.
Etter Epistelen åt Galatarane, Kapittel 1, vers 8 og 9, fell du då under Guds anathema, ei forbanning.

Om du då freistar å skape einskap med denne anti-krists ande i Assissi, vert du som ein som grev ei grav åt Kyrkja.
20 år etter sin død vart Pave Honorius I ex-kommunisert frå Kyrkja berre fordi han hadde halde seg tyst angåande kjetteri. På same vis gjeld det deg og di innstilling til Johannes Paulus II; du held deg i tystnad angåande kjetteri. Du og gjer ei historisk kjettersk handling.

Om du ikkje angrar deg, vert du ansvarleg for sjølvøydeleggjinga av den Katolske Kyrkja.
Hans Heilagdom, ta til vit og angre deg.
Korleis?
1) For det fyste, avlys det planlagte møtet i Assissi og gjer det motsatte. Det motsatte er offentleg botgjering for den kjetterske gesten åt Johannes Paulus II.

2) For det andre, avlys saligkåringsprosessen av Johannes Paulus II.

3) For det tredje, fjern alle apostatiske (dei som har falle ifrå trua) kardinalar og biskopar frå embeta deira. Vig sanne Katolske biskopar som vil utføre ei intern reformering av Kyrkja.
Dette er kva den blødande Kyrkja forventar av deg.
Dette er kva den lidande Hyrdingen åt Kyrkja, Jesus Kristus Sjølv, forventar av deg.

Han kjem snart til be deg om å gjere rekneskap for om du handla etter Hans profetiske ord.

Hans Heilagdom, sju biskopar frå bispesetet åt den ukrainske Ortodokse Greske-Katolske Kyrkja bed for deg.

Følgere


Vitjarar