TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

fredag 9. april 2010

Bilete for den ignorante!

Eg trur at ofte kan eit bilete seie meir enn tusen ord. So no har eg lasta opp ei lita samling av bilete der handlingane ifylgje Kanonisk Lov og Guddommeleg Lov fører til exkommunisering ifrå den Katolske Kyrka. Dette kan og gjerast Ipso Facto, altso automatisk exkommunisering etter Guddommeleg Lov og Kanonisk Lov, utan at nokon treng å seie det direkte. Dette gjeld m.a. Pavar som exkommuniserast, fordi dei ikkje har andre menneske over seg i rang, berre Den Guddommelege Lova. Dersom det ikkje hadde vore mogeleg med Ipso Facto exkommunisering, so hadde heller ikkje Kyrkja laga ei Lov som var slik. Noko å tenkje på kanskje.. Gløym heller ikkje at Kyrkja har forømt MODERNISME, tanken at Sanningar endrar seg med tida. Det er frimurarane i Vaticanet som har byrja med Modernismen. Men nok ord, til bileta:
Her kysser JPII boka som fornektar Treeinigheita, Inkarnasjonen, Kristi død og oppståe. Ein religion som er starta nettopp for å sverte Kristendomen.




Ratzinger tek imot ein koran. Han trur då at muslimar og Kristne tilbed den same Guden.

JPII på det ekumeniske bønemøtet han arrangerte i Assissi. Dei dekka over krusifixa i dei romma der andre religionar skulle be!! Og dei sette buddhastatuer på Katolske Alter!
Litt meir avgudsseremoniar med Ratzinger.

Novus Ordo gjev eukaristin til ein klovn
Ein Novus Ordo klovneprest hånar sakramentet.

Ratzinger med aboriginske avgudsdyrkarar.
Ratzinger i vennskap med buddhistiske munkar. Antipavane har då og kyssa Ghandi si grav og bedt der..
Ratzinger gjer eit satanisk teikn.
Ratzinger med Den Austlege heretikaren patriarken i Konstantinopel.
Ratzinger med ein av sjefsrabbinarane. Han deltok sjølv i synagogen i Jerusalem for ikkje so lenge sidan, og bøygde hovudet i lag med dei i bøn. Dette med dei som forkastar Jesus som Messias Guds Son.
JPII med ein woodooprest eller rettare sagt ein djevledyrkar, som han og hadde på det ekumeniske bønnemøtet sitt...

"Fader" Ray Tormenta tek wrestlingen inn i Kyrkja..

Rosa pantern messe
Homo-regnboge messe
Ja, er det so mykje meir å seie? Dessutan, orda rekk ikkje til i det heile. Ny Verds Ordning på gong i Vaticanet i alle høve.

6 kommentarer:

  1. Trur du verkeleg me let oss lura av slike bilete. Om ein ser nøye etter er det store feil når det gjeld særleg skugge og ljos. Ein ser og tabbar i klyppinga. Det er tydeleg at nokon er dyktige med Photoshop. Sjå på bileta. Ser du ikkje at Ratzinger og Ray Tormenta ikkje passar inn klyppingsmessig? Er det ein svertingskampanje du held på med?

    SvarSlett
  2. Nei, hadde det berre vore eit par bilete det var snakk om, so skulle eg vore samd i at det ikkje held mål utan fleire bevis. Men no finnst der 1000-vis av bilete der ute.. Men noko som er viktigare er alle dei vanvittige konferansar, som Assissi t.d., og skriv frå Vatikanet både under og etter II Vatikankonsiliet. Eg vil tipse deg om online DVDane på www.vaticancatholic.com om saka, eller lista deira: 202 heresies of the 2nd Vatican Council. Eller Pave Leo XIII bøn til Mikael Erkeengelen, Fatima åtvaringa frå Guds Moder sjølv eller Pave Pius sin "Oath against modernism." Sida NovusOrdoWatch, eller berre lesi Denzinger, Council of Trent eller kva som helst som er Katolsk og litt gammalt. Du vil då få sjå at det som er i Roma i dag er ein heilt ny religion..heilt utan apostolisk ankring.

    SvarSlett
  3. Jeg har sett de fleste bildene før, i litteratur fra SSPX og Fatima senter. De er korrekte. Men jeg er ikke enig med Iselin Sunniva om å være sede-vakantist. Jeg går bare i TLM, men jeg anerkjenner paven som min pave, men ser at han gjør av og til forkastelige ting. Det er derfor at SSPX protesterer imot ham i mange ting. Nettopp som St. Paul protesterte imot St. Peter, vår første pave, da han hyklet med jødene om at ikke spise med de hedenkristne. Jeg ser også at Pave Benedict XVI er i ferd med å snu trenden på mange måter. Gud velsigne ham for det.
    Situasjonen var lik på arianismens tid. Det var fullstgendig kaos i 80 år (ca.300-400)fordi pave Liberius skrev under en erklæring om at Kristus ikke var guddommelig. Da protesterte St. Athanasius, og ble ekskommunisert, men senere gjort til en helgen, fordi han hadde hatt rett.

    SvarSlett
  4. TLM..Traditional Latin Mass? Det er merkeleg. Visse personar tenkjer som protestantar. Berre at protestantar vil ha "trua åleine" og desse vil ha "Messa åleine." Som om alt er greit berre ein får gå på ei latinsk messe. Det er TRUA som er det viktige i Katolisismen og. Det som kjenneteiknar Katolikkar er EINSKAP I TRUA. Delar du ikkje trua med paven din er du ikkje medlem i Kyrkja med han. Katolsk Lov lærer oss at dersom du er heretikar før du vert vald til pave, så vert du ikkje pave. Ratzinger skreiv ekstremt mange bøker som kardinal. Du treng ikkje lese lenge før du ser at han ikkje var katolikk då heller. So han vart aldri pave. Går du på tridentinske messer arrangert av Novus Ordo, så er du UNA CUM med Ratzinger. Du ber for han som din pave. SSPX står med eit bein i Novus Ordo og eit i tradisjonen. Det er skismatisk. Hadde eg trudd at Novus Ordo var den sanne Kyrkja, so hadde eg gått på dei vanlege messene deira. Me er ikkje katolikkar pga latin men pga den sanne læra!! Dessutan vert hostier frå Novus Ordo messer og tridentinske Novus Ordo messer blanda. Du veit ikkje om du tek imot Jesus eller berre brød. Dessutan er Sakramenta utan verknad utanfor Kyrkja. Og Kanskje hostien er konsekrert av ein ugyldig vigt prest. Då tilber du berre brød, og det er avgudsdyrking. Gløym sekter som SSPX eller Novus Ordo. Under den Arianske skismen var vel 98% av alle biskopar arianar. Men Kyrkja overlevde. Det kjem ho til å gjere no og.

    SvarSlett
  5. watch out this might be opus dei.

    SvarSlett
  6. Iselin
    Jag har besvarat din uppmaning att läsa om din omvändelse: http://avemarisstella.blogspot.com/2010/08/ar-den-uppstandna-kroppen-immateriell.html?showComment=1283246537048

    Jag kan hålla med dig i din invändning mot attityden att allt blir frid och fröjd bara man håller sig till TLM.

    Allt gott!

    SvarSlett

Følgere


Vitjarar