TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

mandag 19. april 2010

Sankta Monika! Del 4: Artikkel frå "Nordisk Ugeblad for Katholske Kristne 1887"

Monika arbeidde med stort alvor for å vinne sonen for Gud, og slik har ho vorte eit mønsterdøme for alle mødre. Ho var overtygd om at han ikkje levde, ja, at den ståa han var i var langt meir ynkeleg enn om han aldri skulle ha vorte til, so lenge som han ikkje levde for H a n som hadde skapt han og som var den ende sanne lukka og endemålet. Ho freista heile tida å overtyde han med nydeleg klårskap og med hjelp av ein sunn og djup filosofi, i samtalar som ho hadde med han og med venene han hadde, og i tida etter at han hadde omvendt seg. Augustinus sjølv har samla og skrive ned fleire av desse samtala i skriftene sine, for å heidre minnet hennar. Det at ho held ut so lenge i tårer og bøn for at han skulle omvende seg, kunne ikkje unnlate å bære frukt, fordi ho bad med oppriktig tillit til Gud, med reine intensjonar og ei heilag livsføring, og fordi ho nytta alle dei middel som stod til hennar disposisjon, alt for å leie han attende til plikta. Forgjeves smigra fleire mødre seg med, ved å påstå at dei gjennom sine lange andaktsstunder oppfyllde dette vanskelege vervet. Dei er då og pliktige til å støytt vake over borna sine, å gje dei eller å leggje til rette for at dei får opplæring i det som høyrer Himmelen til, å gå framfor dei med eit godt døme, og å gjere bruk av- når det er naudsynt- irettesettelsar og tukt, sjølv om det alltid skal vere med mildskap og heilt utan spor av raseri. Desse tinga lukkast kun for dei som har vunne siger over seg sjølv. Hovmoda og eigenkjærleiken er alltid utolmodig og syner seg alltid ved slike høve. Og når dette syner seg, flammar alt opp som eld og gjev brennved til ondskapen, istadenfor å lækje det såra hjarte. Monika omvende Patrisius og gjorde eit djupt inntrykk på Augustinus midt i alle utskeielsane han hadde, fordi ho irettesette utan desse lytene. Men når sjølv Monika, som underviste full av visdom og med vakande omsorg, endå ikkje kunne forhindre at Augustinus ramla i hendene på dårlege vener, kor nøye må ikkje då me som foreldre vake over borna våre for å beskytte dei uerfarne ungdommane frå å strande på desse syrgelege klippene?
            Me kunne ikkje avslutte skildringane av livet til den Heilage Monika, utan grundig å oppmode alle Kristne koner endå ein gong til å verte medlemmar i Mødreforeininga, i det me legg til ei kort forteljing om korleis det heile byrja og om skipinga av laget.
             Det var i mai månad 1850, at nokre mødre i Paris uroa seg for borna si frelse, og bestemte seg for å be ei felles bøn til ære for den Lytelause Møya og smertefulle Gudsmora. Dei vona at under hennar beskyttelse og gjennom hennar forbøn skulle dei med større visse løyse den Kristne mora si edlaste og høgste oppgåve, å fremje den evige lukka for borna og familien. Dette vakre laget av bedande mødre auka snart i omfang. Ein nidkjær prest, Fader Th. Ratisbonne, tok på seg den andelege leiinga av desse mødrene, og samla dei til ei månadleg Gudsteneste. Den Heilage Fader Pave Pius IX, signa foreininga, og denne signinga bar vakre frukter, for frøet som vart sådd i Paris, vaks fort og vaks seg på kort tid til eit stort tre, som breidde greinene sine utover heile Frankrike. Då no fleire biskopar uttalte seg grundig om Mødreforeininga, vart det slik at den Heilage Faderen i året 1855 opphøga henne til eit brorskap og benåda henne med avlat. No for tida er foreininga utbreidd i alle kristelege land og har tusenvis av medlemmar. Desse talrike medlemmar frå alle verdsdelar kjenner ikkje kvarandre, men likevel ber dei for kvarandre kvar ende dag, for dei andre sine familiar, for borna deira og ektefellane deira. Dei kan ikkje ein gong namnet på sine medsystrer, men likevel offrar dei opp den Heilage Kommunionen for dei. Dei spør ikkje etter rang og stand, men kvar månad på mange stader let dei bere fram Messeofferet for dei høge og dei låge, dei rike og dei fattige. Det er berre ein ting som dei veit om kvarandre; dei er MØDRE. Men dette eine ord "moder" som inneheld so mykje, som i seg inneber både kjærleik og oppoffringar, glede og smerte, lukke og sorg, dette eine ord er nok for å tenne ein eld i hjarte til ihuga bøn for kvarandre. Er det då noko å undrast over, at mødre, so snart dei fekk høyre om dette velsigna laget, skunda seg å verte ein del av det heile? Vil du og, Kristne mor, gå inn i det same, so må du fylgje desse lovene:
1) Ein let seg skrive inn i Mødreforeininga, som vart grunna i St. Ansgars Kyrkje i Kjøpenhamn og den 28. oktober 1880 er agregert Erkebrorskapet i Paris.
2) Ein ber dagleg underståande korte foreiningsbøn.
3) Ein vitjar so ofte som det er mogeleg den Heilage Messa som vert feira den fyste tysdagen i månaden i St. Ansgars Kyrkje, og ofrar opp om det er mogeleg, den Heilage Kommunionen for foreininga, eller i det minste tek del i den andelege Kommunionen med denne avsikta.
Der er mange Kristne lag, men for den Kristne mora er der utan tvil ikkje noko lag som er viktigare enn Mødreforeininga. Fordi ho fyst og framst er MOR, må ho ein dag framfor Domaren gje rekneskap for borna sine. Dei burde difor få fysteprioritet når det gjeld hennar omsorg. Ho må heile tida grunne på korleis ho gjennom god Kristen oppseding kan fremje deira timelege og viktigast av alt, evige lukke. Og då det er slik at menneske berre kan så og plante, men det er Gud som signar, so må ho aldri slutte med å vende seg til Han for å få ljos og hjelp i dette viktige verv og å dagleg be for borna sine. Men det som gjev dette laget ei særskild kraft, er det fine tilhøvet at dagleg so ber tusenvis av mødre, og mange av dei er fromme og dygdsame mødre, som ikkje berre bed for seg sjølve men og for alle medlemmane i laget. Og på dette vis vert borna til og med bedt for etter at mødrene døyr. Er det då ikkje ein trøystande tanke for henne å vite at det vert bedt so mange bøner for borna hennar, at so mange Heilage Kommunionar vert offra opp for henne og hennar familie, so mange Messeoffer, når ho er medlem i dette laget? Dessutan kan desse mødrene og i særskilde tider, t.d. når borna er ekstra sjuke, henvende seg til heile laget sine forbøner.
          Dessutan må me rette merksemda mot at sjølv om laget fyst og framst er for mødre i bokstaveleg meining, enten dei no lever i ekteskapet eller som enkjer, so kan og koner som ikkje har eigne born likevel slutte seg til laget. Dei og er då husmødre og har liknande, viktige plikter som dei kan få hjelp til å utføre når dei tek del av dei Heilage Messeofferet og offrar opp på same vis som dei andre medlemmane i laget, og når dei bed om nåde for seg sjølve og for alle dei andre. Gud har då gjeve desse barnlause endå større plikter i sine oppgåver. Difor handlar foredraga på dei månadlege møta ikkje berre om kvardagslege Kristenplikter, men og dei særskilde pliktene som ikkje berre gjeld for mødrer, men og for gifte koner. Til slutt skal me likevel merke oss, at mødre som bur i område der laget enno ikkje er stifta, kan la seg innskrive i Køpenhamn, for å få del i Erkebrorskapet sine bøner, gode gjerningar og avlat

  LAGSBØN: (som alle medlemmar skal be kvar dag)
O Lytelause Møy og smertefulle Moder Maria! Ber fram borna våre til Jesu Tilbedingsverdige Hjarte, som ikkje nektar Mor si noko. Bed for dei.
Heilage Skytsengel, be for dei.
Heilage Josef, du mektige beskyttar, bed for dei.
Heilage Anna, du Mor til Maria, bed for dei.
Heilage Aloysius, bed for dei.
Heilage Augustinus, bed for dei.
Heilage Monika, bed for dei og for oss. Amen.
      

2 kommentarer:

Følgere


Vitjarar