TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

mandag 19. april 2010

Sankta Monika! Del 3: Artikkel frå "Nordisk Ugeblad for Katholske Kristne 1887"

Augustinus tok imot den Heilage Dåpen i påska 387, ilag med nokre vener som han held fram å bu ilag med ei tid. Den Heilage Monika tok seg av dei som om dei alle skulle ha vore hennar eigne born. Etter ei tid la dei ut på reise i lag, til den Heilage Augustinus sin heimebase, Tagaste i Afrika, men det hende på vegen at dei mista Monika då ho sjukna inn i Ostia og døydde. Før ho sjukna inn hadde ho ein dag ein samtale med sonen om den evige livslukka og om kor naudsynt det var å akte verda for inkje. Ho sa "Son min, der er ikkje noko som gjer meg glede her i verda meir. Kva har eg her å gjere lenger? All mi von har gått i oppfylling. Det ende som eg ynskja å leve for, var å sjå deg vende attende til den Katolske Kyrkja og verte eit barn av Himmelen. Gud har gjort endå meir, då Han har lete meg få sjå korleis du reknar den jordiske lukka for inkje og at du er heilt vigd til Guds heilage teneste. Kva verv skal no halde meg her lenger?" Ein annan dag, då ho og vener underheld seg med same emne, tala ho med slik fager glede om den lukka og sæla som dauden skulle føre med seg, at dei undrande spurde henne om ho ikkje var redd for å døy og verte gravlagd i eit framandt land, so langt frå heimen? "Ingen plass er langt vekke frå Gud," svara ho "og eg treng då heller ikkje å frykte for at Gud ikkje skal finne lekamen min for å oppvekkje meg frå dei døde ilag med dei andre.."
          Fem dagar seinare vart ho angripen av ein heftig feber. Ein dag då ho kjende seg verre enn vanleg, svima ho av og vart liggjande medvetslaus ei tid. Dei to sønene hennar skunda seg til sjukesenga hennar. Då ho kom til seg sjølv og vakna som ut av ein djup sømn, sa ho til dei: "De skal gravleggje mor dykkar her." Augustinus svara ikkje, men Navigius byrja å vone at ho kanskje ikkje skulle døy i eit framandt land, men heller i barndomsheimen. Då sa ho smilande: "Gravlegg denne lekamen ein eller annan plass, uroa dykk ikkje for det. Det ende som eg ynskjer meg frå dykk båe, er at de hugsar på meg framfor Herrens Alter, uansett kvar de skulle vere."
          Sjukdommen hennar vart verre og ho leid voldsomt. På den niande dagen vart ho endeleg fri frå plagene sine, og hennar fromme, Gudselskande sjel forlet lekamen.  Dette hende år 387, og ho var 56 år gammald. Den Heilage Augustinus, som då var 33 år, let att augene hennar, og sjølv om han sørgde stort, so held han tårane attende og meinte at det ikkje passa seg å gråte over hennar død, ho som ikkje døydde ulukkeleg og som heller ikkje var død i det heile når det gjelde den betre delen av henne, altso sjela. Liket førde dei til Kyrkja, og det Heilage Messeofferet vart bore fram for hennar sjel si kvile, slik som skikk og bruk var. Fram til no hadde Augustinus beherska seg og halde tårane attende, men då han no i Kyrkja vart minna i sitt stille sinn om hennar fromme og Gudsfryktige levesett og hennar mjuke kjærleik og omsorg for borna sine, og då han tenkte på at ho var teken ifrå han så brått, vart han overvelda av sorg og tårane rann i strie straumar. "Om det skulle vere slik at nokon meinar," skriv han i sine eigne sanningar "at det var ei synd at eg gret slik for mor mi i nestan ein time, og det for ei mor som hadde grete for meg i mange år slik at eg skulle leve for ditt åsyn, å Gud! lat han då ikkje spotte meg for dette, men lat han heller, om han har stor kjærleik, og gråte over mine synder framfor Deg." Augustin bed for henne i sine sannande skrifter, og naudbed Gud om at Han skal vekkje opp hjå alle som måtte lese denne boka, den fromme tanken, at dei skal minnast Monika og Patrisius framfor Herrens Alter. "Eg ber," skriv han "for syndene til mor mi; bønhøyr meg for våre sår sin læjkedom si skuld, som hang på Krossen, og som no sit ved Di høgre hand og bed for oss. Eg veit at ho synte miskunn og forlet alle sine skuldmenn av heile hjarta: Forlat no Du og hennar skuld som ho må ha samla på seg under alle desse åra som har gått sidan ho vart døypt. Forlat henne, Herre, eg naudbed Deg, forlat henne. Gå ikkje i rette med henne, Du har lova dei miskunnsame at du skal syne Dei miskunn. Ho krevde det ikkje av oss, men ho ynskte seg berre at me ikkje måtte gløyme henne framfor Ditt Alter, der ho tente Deg utan avbrott, då ho visste at det Heilage Offerlammet, som utsletta domen som var imot oss, skulle berast fram av dine innvigde tenarar."
              Den Heilage Monika sin lekam vart ført frå Ostia til Roma i 1430, under Pave Martin V, og kvilar no i den Heilage Augustinus Kyrkje. Om grava hennar skriv eit medlem i Mødreforeininga i 1877: "Allereie på reisa lengta me særs etter denne grava, og det fyste me gjorde når me kom til Roma var å oppsøkje den Heilage Monika si grav. Innan me visste ordet av det stod me utanfor den Heilage Augustinus Kyrkje med von om å finne den Heilage Monika sin kvilestad. Me vart vist fram til eit sideskip, og like etterpå knele ned ved kommunionsbenken framfor marmorkista under Altaret, som inneheld dei jordiske levningane til den Heilage Monika. Kva me kjende, tenkte og bad der er det umogeleg å skrive ned. Me fekk det for oss at her i Roma hadde me funne ei rik, mektig, inderleg elska moder, som me no kunne og skulle overrekke og anbefale alt me hadde i våre hjarte. Me knela lenge i tystnad og sokk vekk i djupe tankar ved minnet av den Heilage Monika. Til slutt bad me for oss sjølve, for borna og slektningane våre, og for alle mødre i Mødreforeininga og borna deira. Me fekk det for oss at me gjennom desse bønene hadde gjort ei stor teneste for alle dei som var heime, og me byrja difor å be for dei alle ein gong til. Endeleg røyste me oss opp og såg oss ikring i sidekapellet. Altertavla synte den Heilage Monika og son hennar Augustinus, og på veggane var der vakre Freskomåleri som synte episodar frå livet hennar. Ved ein sidevegg står ei gammald steinkiste, der den Heilage Monika sin lekam kvilte tidlegare, i Ostia. Me kjende oss sterkt gripne, då me fekk sjå at på veggen var der og eit bilete av den Heilage Navigius og den Heilage Perpetua, den Heilage Monika sine to andre born, og Patrisius, mannen hennar, som ho og førde til Himmelen. For ei lukke og glede den Heilage Monika må kjenne no, sa me til kvarandre, over at ho vann heile familien sin for Herren! Og me byrja endå ein gong å be til den Heilage Monika om at ho måtte be ned over oss og over alle foreldre hennar moderkjærleik og modertruskap. Under tida vår i Roma vitja me den Heilage Augustinus trivelege Kyrkje 3 gongar til, og då me skulle ta avskjed tykte me at det var reint vanskeleg å lausrive oss frå Den Heilage Monika si grav."
Forts. fylgjer...
               

2 kommentarer:

Følgere


Vitjarar