TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

torsdag 15. april 2010

Sankta Monika! Del 2: Artikkel frå "Nordisk Ugeblad for Katholske Kristne 1887"

Augustinus vart født i November 354. Etter kvart som han vaks til, gjorde Monika det ho kunne for å lære han om Gudsfrykt og eit fromt liv. Men, utan sjølv å merke det, ramla ho i den grøfta at ho trakta for mykje etter å sjå han glimre i all slags kunnskapar, sjølv om ho sa til seg sjølv at det berre var for at han betre skulle kunne verte til heider og nytte for Gud og Kyrkja. Hennar ektemann hadde og ambisjonar om at sonen skulle glimre i vetenskapeleg kunne, då han tykte at det var beste viset å komme seg fram her i verda på. Frå barndomsåra hadde Monika lete sonen verte innskriven som ein av katekumenane, og under ein farleg sjukdom som han ein gong vart heimsøkt av , vart alt gjort klart for at han skulle døypast, men dåpen vart utsett endå ein gong.  Den Heilage Monika sin ektemann, Patrisius, døydde i året 371. Augustinus, som då berre var 17 år, held fram med studiane sine i Kathago, der han i 373 vart forført av Manikearane og dregen inn i villfaringane deira. Då Monika fekk høyre om sonen og denne ulykka, vart hjarte hennar fylt opp av ei mykje bittrare sorg for sonen sin andelege daude, enn det verdslege mødrer kjenner på når dei ser sine born verte bore til grava. Ho ville heller ikkje late han bu heime lengre, eller late han ete ved hennar bord. "Du har høyrd bønene hennar," seier den Heilage Augustinus når han vender seg til Gud "..og Du har ikkje ringeakta hennar tårar, for ho utauste dei for Ditt Åsyn i strie straumar, alle stader, når ho bar fram sine bøner for Deg." Den miskunnsame Gud gav henne visse i ein draum om at ho skulle verte bønhøyrd. Ho såg for seg at ho stod på ei trefjøl med eit sorgtyngd hjarte, og at ein ung mann i strålande klede spurde henne kvifor ho var so sorgtyngd? Han ba henne om å tørke tårane og sa "Son din er hjå deg." Og då ho kasta blikket mot den plassen som den strålande varelsen peika på, såg ho at Augustinus stod med henne på fjøla. Ho fortalte sonen om draumen, og då han meina at ho burde dra konklusjonen at ho kom til å komme over til den sida som han var på, og verte samd med han i det som gjelde religion, svara ho han: "Nei, det vart ikkje sagt meg at eg var hjå deg, men at du var hjå meg." Dette svaret gjorde eit djupt inntrykk på Augustinus, som etter si omvending såg på saka som ei gudommeleg påminning. Monika sjølv kjende stor trøyst i synet, at ho endå ein gong let sonen bu og ete hjå seg i huset hennar. Dette hende mot slutten av året 377, omlag 9 år før han omvende seg, i 386. Under denne lange tida held Monika fram med å be for sonen, at han skulle omvende seg, og ho sukka og gret for han, heilt til tårane vart tørka då han vart døypt i Majland. Ho oppmana fromme og lærde andelege personar til å snakke med sonen. Ein av dei, som sjølv hadde vorte oppseda i Manikearane sine villfaringar , men som seinare hadde omvendt seg, gjennom å studere sekta sin eigen litteratur, orsaka seg, i det han sa: "Hjarta til ungdommen er no altfor uimottagelege for rettleiing, men Guds time kjem. Berre hald ut i bøn slik som du har gjort, det er då umogeleg at eit barn som det har vorte uttømt so mange tårar for, skulle gå til grunne." Desse orda trøysta den Heilage Monika, og ho såg på dei som eit innskot ovanifrå. Augustinus var 29 år gammald då han bestemde seg for å flytte til Roma, for å byrje å undervise i retorikk. Ho prøvde å få han vekk frå desse tankane, då ho var redd for at det skulle verte til hinder for sonen si omvending. Ho vart med han til kysten, for enten å føre han attende til heimen eller å bli med han til Italia. Augustinus lata som om han hadde lagt ifrå seg å reise, slik at han på denne måten kunne frigjere seg frå mora sitt påtvungne selskap. Men medan ho tilbragte natta i bøn i St. Cyprians Kapell, segla han i stilla ut frå hamna. "Eg skuffa henne med ei lygn," seier den Heilage Augustins i sine bekjennelsar. "Medan ho ba og gret for meg. Og kva anna ba ho Deg om, min Gud, enn at Du ikkje måtte late meg reise? Men i Din nåde bønhøyrde du hennar hovudynskje, at eg måtte komme til å tene Deg, og Du nekta henne det bønesvaret ho bad om, for å gje henne det som ho alltid hadde bede om." Då Monika neste morgon gjekk ned til strandkanten og innsåg at han allereie hadde segla i veg, vart ho gripen av ei useieleg stor sorg og smerte. Men sjølv om Gud og straffa henne med skuffelse og sorg for hennar overdrive menneskelege ømheit, so laga Han det og slik i sin uendelege visdom, at sonen sin store verdshug førte han til ein plass, der han ifylgje Guds råd skulle verte helbreda frå det.
               Etter at han kom fram til Roma vart han voldsomt sjuk, og då han vart frisk att var han overtygd om at helbredinga kom på grunn av mora sine bøner, sjølv om ho ikkje kjende til ståa. Gud såg i nåde på grunn av all moderleg forbøn og let han ikkje visne vekk utan å vere botferdig fyst. Frå Roma la han i veg til Majland for å undervise i retorikk. Her vart han overtyga av den Heilage Ambrosius om at han var med i ei villfaringssekt, men utan å komme til erkjennelse av sanninga, so han held fram med å leite med eit vaklande sinnelag. Monika segla etter sonen so snart ho kunne. Ein heftig storm blåste opp på havet, men ho trøysta og oppmuntra sjøfolka og forsikra dei om at Gud hadde lova henne at dei skulle komme trygge til hamna. I Majland traff ho sonen, og fekk no høyre frå hans eigen munn at han hadde forkasta Manikearane sine villfaringslærer. Men ho fordobbla alle sine tårer og bøner til Gud, for at han skulle omvende seg heilt. Ho såg på den Heilage Ambrosius som den andelege lækjaren for sjela til sonen, og kjende stor glede og trøyst når ho lytta til dei vakre talane han kom med.
              St. Ambrosius hadde i Majland forbode den gamle seden, å ta med seg brød og vin til martyrane sine graver, og Monika som gjekk dit med gåvene sine vart stogga av dørvoktaren. Då ho slik fekk høyre at seden hadde blitt forbode, laga ho ikkje noko nummer av det, men underkasta seg i barnsleg lydnad det Biskopen hadde sagt, utan å spørje kvifor han hadde oppheva ein slik gammald tradisjon. Istadenfor gåver, tok ho med seg eit reint, fromt og vyrdnadsfullt hjarte til dei Heilage sine graver og gøymde gåvene til eit anna høve. For å gje henne ro i sjela, spurde Augustinus den Heilage Ambrosius om råd ang. laurdagsfasta. Ho var van med å faste denne dagen, slik som det var skikk og bruk å gjere i Kyrkja i Tagaste og i Roma, men i Majland fasta dei ikkje denne dagen. Ho kom difor i tvil om kva ho skulle gjere. Den Heilage Ambrosius svara henne slik: "Når eg oppheld meg i Majland fastar eg ikkje på laurdag, men eg fastar når eg er i Roma. Gjer du det same, og fylg alltid skikkane og reglane som herskar i dei Kyrkjene der du oppheld deg." Den Heilage Monika fekk oppleve gleda å sjå sonen Augustinus fullkomen omvendt i August 386. Ho hadde tenkt ut eit godt parti til han, som skulle hindre han i å falle attende i dei gamle utskeielsane, men fekk til si store glede høyre at han hadde bestemt seg for å ltene Gud i evig kyskheit. Då vinhausten kom og skulane fekk ferie drog Augustinus og nokre vener seg attende ute på landet. Mor hans vart med dei og tok ivrig del i dei lærde samtalane deira. Ho kunne, på grunn av sitt naturlege talent og sin djupe relasjon med Gud, leggje overnaturleg djupne og dømekraft for dagen. St. Augustinus har samla og sitert mange av hennar fromme og skarpe observasjonar i fleire av skriftene sine.
Forts. fylgjer..

8 kommentarer:

  1. Hej!

    Tack för en bra blogg!
    Jag prenumererar på Adoremus in Aeternum och jag skriver i den ibland. Jag blev tipsad att titta på denna blogg av redaktören.

    Min blogg: http://labarum.wordpress.com/

    SvarSlett
  2. JMJ

    Hej Iselin, var har du fått tag i de gamla artiklarna från Nordisk Ugeblad? Minns att jag sett dem inbundna i årgångar i en fd. katolsk församling i Sverige. Mycket bättre än den vedervärdiga "S:t Olav". Mvh MR

    SvarSlett
  3. Hej!
    Jag köpte 15 000 sidor av en dansk Katholsk Tidsskrift från et antikvariat i Sverige, Lyktan tror jag det var, Böcker, innbundna i årgångar som du säger, dom flesta från 1887-1907, allt på danska, som jag översätter till nynorsk själv till min blogg. Om du vet om en artikel du vil läsa kann jag scanna inn och skicka något till dig på mail..mvh Iselin

    SvarSlett
  4. Till dig som har blogg: http://labarum.wordpress.com/
    Tackar för tipset. Har faktisk tittat på din blogg förut. Men jag undrar på varför du linkar till SSPX? Jag har också en link till deras nätBibel, men jag tar avstånd ifrån dom som organisasjon, då jag tycker att dom också vilseledar människor..

    SvarSlett
  5. JMJ

    Tack, dessa artiklar och mängder av andra från NU kanske vore något för adoremus i framtiden?

    SvarSlett
  6. Säkert.
    Jag hinner inte att läsa så mycket för tiden, men nästa gång jag hittar något som skulle passa adoremus kann jag skicka det till dig.
    mvh Iselin

    SvarSlett
  7. Watch out this might be opus dei.

    SvarSlett

Følgere


Vitjarar