TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

tirsdag 13. april 2010

Sankta Monika! Del 1: Artikkel frå "Nordisk Ugeblad for Katholske Kristne 1887"

Mødreforeininga feirar denne veka (4.Mai 1887) sin skytsmatron, den Heilage Monika sitt 1500-års jubileum. Det er då 1500 år sidan den fromme mora til Den Heilage Augustinus anda ut si reine sjel. At alle mødre vil ta del av denne festen, som vil finne stad i St. Ansgards Kyrkje klokka 08.15 og at dei gjennom den Heilage Kommunionen sameinar seg i bøn med alle Katolske mødre i heile verda, til æra for den Heilage Monika, er ein sjølvsagt ting. Tidlegare nytta me dette høvet til å oppfordre alle mødre som enno ikkje er medlemmar i foreininga til å melde seg inn i Mødreforeininga, til gagn for dei sjølve, for borna deira og for alle i heimen. Farane for borna sine timelege og evige goder aukar dagleg, på gater, i grender, på verkstader og hjå herskapar, i litteraturen og i media dukkar det heile tida opp nye og grømmelege snarer for dygda deira, og dei må i våre dagar sjå og høyre mykje som smigrar fåfenga, eigenkjærleiken og nytesykja. Stakkars mor! Kva skal du gjere? Du kan då ikkje berre overgje barnet ditt til verda og alle desse farane, som truar lukka i livet, og verdigheita i tida, og sjela si frelse for eva. Du kan be! Men Ve! Hjartet ditt svik deg når du tenkjer på denne syndefloda av farar- og på di svake, fattige bøn. Fatt mot, i Mødreforeininga finn du hjelp og stønad, der kan du finne dei som deler dine sorger, som bed med deg og for borna dine, 200 000 Mødre som ber den same vetle bøna, som du og dei andre medlemmane og bed for dei og for deira born. Bøna vert framboren saman med det Heilage Messeofferet ein gong i månaden for deg og dine, og i den Heilage Kommunionen sameinar Jesu Guddommelege Hjarte seg med ditt eige uroa hjarte, og Herrens Tenar gjev deg visdom i dine so altfor ofte vanskelege og tunge plikter. Han formanar deg, slik at ditt mot får nytt liv, og du igjen kan sjå for deg at du har ei himmelsk oppgåve å løyse, ei oppgåve som din Frelsar delar med deg; å breie ut Guds Rike på jorda og frelse sjeler for det evige Livet.
               Den Katolske Kyrkja står i dobbel skuld til den Heilage Monika: Ho er mor til den Heilage Augustinus og ho har av Gud fått nåde til å omvende han. Den Heilage Monika såg dagsljoset fyste gongen i år 332 i ein from familie og vart tidleg oppseda i Gudsfrykt. Barndomspliktene lærde ho seg frå ei dygdig tenestejente som foreldra tiltrudde oppsedinga av borna deira. Ho underviste dei i læra om fromheita, ho underkua kvar ende dragning til synda hjå dei, so snart ho synte seg, og med klokskap synte ho i ord og handling eit godt døme, slik at dei tidleg fekk pliktkjensle og kjærleik for alle dygder. Ho var so streng i oppfyllinga av vervet sitt, at ho ikkje berre med stor omsorg var særs nøye på at dei synte måtehald ved kvart måltid, men ho tillet dei ikkje ein gong å drikke vatn utanfor dei faste måltida, uansett kor tyste dei var. Ho brukte å seie "No hev du hug til å drikke vatn, men når du ein gong vert herre over (vin)kjellaren, kjem du til å forakte vatn, men drikkevana kjem du ikkje til å verte av med." Trass denne kloke omsorga fekk den unge Monika likevel ein sterk hug til vin, og når ho av foreldra sine, som ikkje såg noko fare, sende henne ned i vinkjellaren for å hente vin til familien, let ho sjeldan være å ta seg ein sup. I byrjinga drakk ho berre litt, utan å eigentleg vere so freista, eine og åleine av lettsam ungdom. Men etter kvart vart målet større. Ho drakk for nytinga si skuld heile, fulle glas når høvet bydde seg. Men Gud vakte over si tenarinne, for å førebu henne, og Han nytta difor den tidlegare nemnde tenestejenta, som beit seg merke i den unge jenta sine unotar, og fylgde etter henne ned i kjellaren. Ho tok henne på fersk gjerning og kalla henne for ei "fyllebytte." Dette kallenamnet gjorde so sterkt inntrykk på Monika at ho med stort alvor gjekk inn i seg sjølv og fordømde sine feil, og frå denne stunda byrja ho å førebetre seg på fullkomingsvegen. Ho mottok seinare den Heilage dåpen, og byrja å leve eit liv som var oppbyggjande for alle dei som kom i kontakt med henne.
             Etter ynskje frå foreldra vart ho gift i Tagaste med ein mann kalla Patrisius, som var ein særs høgt akta og æra mann, men som desverre var ein heidning. Ho lydde og tente han som sin herre, arbeidde med å vinne han for Gud, og gjennom kjærleik og lytelaus oppførsel freista ho å kaste børene av han. Gud gav dei to søner, Augustinus og Navigius, og ei dotter. Utan å bere nag, bar Monika ektemannen sine mange heidenske unotar .Han synte seg difor til somme tider som ein kjærleiksfull og skikkeleg kar, men til andre tider eksplosiv og full av vrede. Monika sette seg aldri opp imot han når ho såg at han var oppasa og sint, men når raseriet hadde lagt seg og han var av godt sinnelag, merksama ho han mildt på at han hadde oppført seg urettvist imot henne. Når ho såg korleis andre kvinner bar spor i andleta frå sine hissige, heidningeektemenn, og høyrde korleis dei snakka om mennene sin råskap og utskeielsar, bruka ho å svare dei: "De skulle heller skulde dykk sjølve og dei ilske tungene dykkar." Dømet ho kom med var eit vitnesbyrd i seg sjølv, for sjølv om hennar husbonde var ein rasande kar, so hadde han aldri slått henne, og ikkje ein ende gong skal der ha vore ein husleg krangel mellom dei, fordi ho bar alle utbrota han hadde med tolemod og tystnad. Ho gjengjelde han berre med med endå større godheit og om det var naudsynt nytta ho alltid eit høve når han var ved godt sinnelag til å varsamt ta opp urettvisa i oppførselen hans.
               Ei av dei søtaste fruktene som Monika oppnådde gjennom sitt tolemod, var ektemannen si omvending til Kristendommen. Han vart då kysk i ord og i handling, og synte seg å vere ein trufast Kristen i alle plikter og situasjonar. Han døydde året etter at han fekk ta imot den Heilage Dåpen. Gjennom sin milde hug, vann Monika og den bittre svigermor si for Frelsaren. Den Heilage Monika eigde eit stort talent i å stifte fred mellom naboar når dei kom i krangel med kvarandre, og det var tydeleg at det var Den Heilage Ande som gav henne denne oppoffrande hugen som ho synte ved slike høve. Å hjelpe dei fattige var hennar største glede. Ho stelte dei og synte omsorg for dei gjennom kjærleik og gavmilde. Ho kom dagleg for å skoda det Heilage Messeofferet, og gjekk dessutan alltid i Kyrkja to gonger om dagen, om morgonen og om kvelden. Ho var alltid på plass ved den offentlege Gudstenesta, lytta med stor merksemd på forkynninga av Guds Ord og hadde alltid eva framfor seg i tankane sine. Ho stunda etter å verte lik dei Heilage i gjerningar, dei som allereie hadde nådd saligheita, og fordi ho sette stor lit til deira forbøner, vitja ho Martyrane sine graver ofte. Ho visste godt at ein ikkje får sjå på visse ting som berre bagatellar eller uviktige, når det handla om Religionen og det Kristelege livet, og at sjølv dei minste gjerningane vert store når dei vert utførde i Gudskjærleik, med truskap og iver. Alle hennar andaktsøvingar hindra henne ikkje i å vake grundig over oppsedinga av borna, eit verv der Gud gav henne eit rikt høve til fortenester og lidingar, særskild når det gjelde Augustinus, berre for å krune hennar omsorg med desto større heder på slutten av livslaupet hennar.
Forts. fylgjer...

23 kommentarer:

  1. Pris deg lykkelig over at du lever i den tidsalderen du gjør! Vet du ikke at du sitter på historiens skuldre og kan takke dine kjetterske forfedre, for at du som kvinne i dag, på fullt lovlig vis har mulighet til og stille med denne bloggen???? Uansett hvor "hellig" du selv måtte se deg selv, dine ord og gjerninger....så hadde du blitt brent på bålet for bare noen 7 mils steg tilbake i historien. Hvorfor? Vel ikke fordi du sannsynligvis ikke forholder deg til den såkalt riktige doktrine. Men, fordi du er kvinne!

    SvarSlett
  2. Artig at du på noen bilder har valgt deg ut en tekst. Som selvfølgelig står i samråd med din religion. Men bildene er tatt av NASA!! Sitter og holder meg for munnen i skrivende stund.....er det mulig? I opplysningstidens tidsalder???
    Ja Ja, det er vel ikke Gud / Gudene som skaper menneskene. Men menneskene som skaper Gud / Gudene.

    SvarSlett
  3. Svar til "Anonym 1": Katolske Kyrkja har tallause kvinnelege Helgenar, som både menn og kvinner ber til kvar dag. Og ingen som har gått på jorda utanom Kristus sjølv vert akta so høgt som Maria Møy. Kvinner har alltid forsvara trua si sjølv om dei ikkje er prestar. Kva med Hildegaard von Bingen t.d. og all musikken ho skreiv? Eller Sta. Birgitta som skreiv kolossalt med Katolsk materiale og som er æra som ei av dei viktigaste og mest innflytelsesrike helgena?, eller Sta. Teresa av Avila og hennar skrifter?! Du avsløyer berre historisk ignoranse. Kyrkja har aldri brent nokon på bålet berre fordi dei var kvinner. Dessutan, om du ser ned på det kvinnelege, som moderskapet eller hennar talent til å ta seg av andre, so trakkar du på ekstremt mange generasjonar av duktige, prisverde mødre og koner. Ingenting er vel meir beundringsverd enn å oppoffre noko av seg sjølv for andre. Mange kvinner i dag lever visst berre for seg sjølve. Det verkar tomt og meiningslaust for meg. Og når dei vert gamle, so vert dei kanskje sittande der einsame på ein institusjon for gamlingar, utan Gudstru og von for framtida. Staten oppsedar dei 1,2 borna deira når kvinnene er unge og staten tek hand om dei når dei vert gamle.

    SvarSlett
  4. Svar til anonym 2: Eg utgår ifrå at dei fleste på Nasa ikkje skulle skrive same tittel på bileta. Men det er fordi dei ikkje vil sjå Guds fingeravtrykk på noko. Dei som trur at alt oppstod av seg sjølv må jo vere fullstendige idiotar! Ingenting møtte ingenting og vart alt dette. Kva er det for fablar dei kjem med eigentleg? Eit so komplekst univers, so systematisk og variert. Og ingen mellomledd mellom artane. Utanom "Lucy" kanskje, der kvart bein vart funne med nokre kvadratkilometers mellomrom. Veldig imponerande. Eg abonnerar på Illustrert Vetenskap og let meg sjokkere over kor lettlurte menneska er. Men lukke til, vonar du finn ut av det.

    SvarSlett
  5. Mener du kanskje også at evoludjonsteorien eller det vi gjerne kaller Darwinisme er oppspinn og falsk propaganda? Egentlig er svaret gitt. Jeg er ikke ut etter og få vite hvor du står. Det gir du ganske klart uttrykk for.
    Derimot så utfordrer jeg deg jo litt...Hvorfor i all verdens riker abonnerer du på Illustrert vitenskap? - Bare for ettertrykkelig og finne egne teorier i ditt hodet som skulle være med på og motbevise det som står der? For og på denne måten få mer "kjøtt" på beina til og stå bom fast på et punkt - nemlig din valgte tro. Ja Ja, to ting er sikkert for mennesket: 1. Vi dør. 2. Vi har den frie vilje. Hvorfor er vi skapt slik da?
    Unge frøken jeg vil bare opplyse deg om at vi lever i 2010. Ikke verken i middelalderen eller i 18hundre og klem åt.
    Ja verden og Universet er sannelig stor og mye og mangt finnes i den. Vet du hvorfor? Fordi Gud har skapt den slik.
    Bibelen kom ikke på telefaks fra himmelen. Den ble skrevet av folk og av mennesker ble det og bestemt hvilke ting som skulle få være med i den.
    Hardt og svelge kanskje - men jeg har kun en ørliten kaloris sjanse av et håp om at du vil ønske å også skaffe deg kunnskap min venn!

    Namaste ( Vet du ikke hva det betyr kan du jo bare google deg fram på nettet. I mellomtiden kan jeg gi litt opplysninger. Ordet stammer hovedsakelig fra India. Altså der hvor både Hinduismen og etter hvert Buddhismen har spredd seg. Og det er veeeeeeeldig mange mennesker som forholder seg til den eller disse religionene og skjønner du. Hvorfor? Fordi Gud har skapt oss slik. Med mangfold kjære du. Det er ikke så viktig hva du tror på, men kanskje at du tror på deg selv og kan være i stand til og se det magiske og åndelige i tilværelsen slik den er, vitenskapelig. Ok. Ordet betyr oftest: Det Guddomelige i meg, hilser eller bøyer meg for det Guddomelig i deg).

    SvarSlett
  6. "Anonym" Varför inte vara öppen med ditt namn istället för att slänga ur dig floskler om att vi "lever i 2010"? Vår heliga katolska tro är oändlig, odödlig och framför allt långt mycket heligare än din sk. "upplysningsteori"!

    SvarSlett
  7. Huffa meg....ikke rart det blir krig / er i verden....
    Nå prøvde jeg på mitt fattige vis og gjøre to ting på en gang: Forsøke og gi en intresse for andre synsvinkler. Og å strekke ut en hånd, for på den måten og vise at jeg fullt ut aksepterer enkelt menneskes rett til egne valg i tro, liv og levned. Så du den? ;0)
    Tok du i mot? Tror du vi kommer noen vei med og være bastante på hver vår haug?
    Min Gud/tro er bedre enn din?
    Hva er kristent/katolsk? Det som har blitt gitt deg i form av regler og rammebetingelser av kirken? Eller det du selv velger og tolke det som?

    SvarSlett
  8. Rettelse til ovenstående kommentar skrevet for litt siden.
    Jeg mente selvfølgelig i siste sprsm. og skrive: OG OGSÅ det du selv velger og tolke det som? (!)

    M. ;0)

    Namaste

    SvarSlett
  9. Såg jag handen? Visst, och jag kan ge dig ett enda alternativ!

    "The most Holy Roman Church firmly believes, professes and preaches that none of those existing outside the Catholic Church, not only pagans, but also Jews and heretics and schismatics, can have a share in life eternal; but that they will go into the eternal fire which was prepared for the devil and his angels, unless before death they are joined with Her; and that so important is the unity of this ecclesiastical body that only those remaining within this unity can profit by the sacraments of the Church unto salvation, and they alone can receive an eternal recompense for their fasts, their almsgivings, their other works of Christian piety and the duties of a Christian soldier. No one, let his almsgiving be as great as it may, no one, even if he pour out his blood for the Name of Christ, can be saved, unless he remain within the bosom and the unity of the Catholic Church."

    Papal Bull Unam Sanctam, by Pope Boniface VIII, 1302.

    SvarSlett
  10. ja ja. Hva skal man si til dette? Du mener kanskje at jeg som ikke katolikk havner i Helvete...men du som er det, selvfølgelig er "sikret"....
    Nå syns jo jeg det er både menneskefiendtlig, arrogant og svært lite nestekjærlig og kristent over sånne meninger jeg da. Samtidig som det vitner om en særdeless stor frykt. Frykt selger godt vet du. Og frykt tviholder.
    I norge var det en sang for flere år siden som var populær. Kanskje før din tid. Sangen het noe sånt som: "Finne seg sjel."
    Kanskje kan en sammenligne det med et annet utsagn: "Du må gå innover, før du kan gå utover." Det er fra Thomas evangeliet. Hooopz.....er ikke med i den "store klokeboken" det nei.

    Jeg skjønner ikke virkelighets oppfattningen din. Egentlig tror jeg ikke du skjønner helt hva, å det jeg skriver om. Derfor og alikavel men også selvfølgelig: Namaste.

    SvarSlett
  11. Jag är "bara" lydig min heliga tro och vägrar följa den moderna konciliesektens liberala framtoning. "Före min tid"? Väldigt längesedan då eftersom jag är 52.

    SvarSlett
  12. Till "anonym." ang evolusjonsteorien og at me faktisk lever i 2010!.. Vel. Du er so pass inndoktrinert i dagens mantra som alle repeterar, at du faktisk trur at du tenkjer sjølv. Vittig. Dessutan, det er berre Katolske Kyrkja som faktisk lærer at ikkje eingong fleirtalet av dei som kallar seg for Katolikkar vert frelste. Fordi du er aldri sikker før du faktisk når målet etter døden. Ein kan når som helst falle i dødssynd om ein ikkje passar seg. Denne religionen er ikkje nokon kosebamsereligion, den er på alvor og den er sann. Du trur du er so opplyst, fordi du er stolt og ser på deg sjølv som sentrum for alt som skjer. Du tilpassar Gud etter kva som passar deg, istadenfor å frykte Han som har makt til å kaste deg i helvetet, gjennom å underkaste deg Han. Og illustrert vitenskap har eindel interessanne artiklar, både om arkeologiske funn, teknologi, natur og forskning. Til og med dei vetenskapelege metodane er ofte korrekte. Det er berre visse konklusjonar som er riktig eventyrsoger. Ekstremt innovative er dei og. At du trur på dette er jo vanvittig, samstundes som det er eit vanleg mantra i dag. Men! Du er i mindretal om ein skal sjå globalt på det, og t.o.m. Darwin sjølv forkasta evolusjonsTEORIEN etter kvart.

    SvarSlett
  13. Ok. Deg går det IKKE og snakke med!
    Og si at jeg er sjokkert er en svært liten underdrivelse!

    Om det skulle være som sagt en ørliten kaloris sjanse for det, vil jeg anbefale deg alikavel og forsøke og gå i dybden av utsagnet: "Det er ikke Gud / Gudene som skaper mennesket. Men mennesker som skaper Gud / Gudene".

    Jeg har ettet hvert skjønt at du er i mindretall med synet ditt innenfor troa di.
    Så det er ikke så farlig egentlig.

    Namaste

    SvarSlett
  14. Velkommen til phsykiatrisk avdeling uten medisin ja.

    SvarSlett
  15. Trur de verkeleg at Gud skulle endre seg berre fordi Han får færre tilhengjarar? Stoda var like galen under Arianismen, men Kyrkja henta seg attende og overlevde. Og kva med alle dei millionane som døydde for Kristus lenge før du eksisterte, då døydde dei for ei lygn då.. Eller kva med Jesus, ein fattig snikkarson i verda sine auge som, etter å ha vorte avretta som ein kriminell av sitt eige folk, klarte å omvende heile Romarriket utan eit ende sverd gjennom 12 enkle fiskarar. Er ikkje det eit mirakel, so veit ikkje eg.

    SvarSlett
  16. Anonym: Tror du att du är lustig. Finns tillräckligt med politiskt korrekta typer för att förstå att du är en av flertalet som inte bryr sig om sin själs eviga frälsning.

    SvarSlett
  17. Jeg gir meg ende over....er det mulig? Ja, det er vist det! Jeg lovte meg selv og slutte og kommentere her på bloggen. Men du frister meg...og jeg faller for fristelsen. Begynner jo bli litt artig det her;0)

    Ja,jeg tror Gud endrer seg hvis Gud får både flere eller mindre tilhengere ja.
    Ja jeg tror at de som døde for kristus som du kaller det, døde for en løgn ja.
    Og ja mitt Jesus syn og opplevelse er radikalt annerledes enn deres ja.
    Hva jeg bryr meg om vet bare jeg;0)

    Hva dere velger er opp til dere. Jeg skjønner bare ikke at dere gidder og ha det sånn. Livet er så uenderlig stort og magisk og uten grenser og absolutter.

    Gled dere! Det er ikke meningen med det siste utsagnet og provosere. Jeg mener det virkelig!

    Namaste:0)

    SvarSlett
  18. Gud som Han har openberra seg, trur du ikkje på, men at livet er "magisk" det trur du. Det er berre Harry Potter som påverkar denne generasjonen. Trist. Korleis kan ein glede seg over dette livet om det er alt som er? Eg gledar meg over det evige livet som kjem, og det er verdt å "gidde å leve sånn" for å vinne ei uforgjengeleg krune. Ja, å ikkje leve med Gud skulle gjere meg ulukkeleg. Eg har funne den sanne lukka. Den sanne lukka er å tilbe den sanne Guden. Når du har fått smake på sanninga, so vert alt anna gradvis berre mugla mat..

    SvarSlett
  19. Trist at du har så liten tro på verden og menneskene som bor her. Hva det er som gjør at du på denne måten viser et behov for og heve deg over andre, kan man jo bare spekulere i. Har du blitt mobbet mye som barn? Eller opplevd andre traumatiske ting.....

    Som sagt så vitner det i stor grad her om at du velger og forholde deg til det faktum: At det du tror...ja, det blir sannelig min hatt synonymt med sannheten og det!

    Bare det at du i din selvfølgelighet lager "sannheter" om meg.....vitner i seg selv om akkurat det.

    Jeg vil ufravikelig utfordre deg til og tenke over hvorfor det finnes så mange religioner i denne verden, hvorfor det finnes så mange mennesker med like mange ståsted samt oppfattelser, hvorfor det finnes så utrolig utrolig utrolig mange FORSKJELLIGE kulturer i denne verden, m.a.o. variabler. Om det ikke var for at Gud hadde skapt oss slik og om det ikke skulle være en mening med akkurat dette mangfoldet????

    SvarSlett
  20. Å åtvare andre om at du veit at det finns ei sprengladning i eit kjøpesenter er rekna som moralsk rett og ei handling full av medkjensle. Men å åtvare mot ei andeleg sprengladning, der konsekvensane er evige, då er ein brått "stolt", "hevar seg over andre", utan medkjensle. Du misforstår alt. Hadde det ikkje vore for at eg ynskjer mest av alt at nokon skulle omvende seg, so hadde eg ikkje brukt tida mi på blogging. Eg har då ein travel kvardag eg og. Kjærleiken kjem i mange former, og om det er eit hardt ord som må til, ja, so får eg vel vere hard.

    SvarSlett
  21. Oi....som misstenkt. Du prøver med misjonering.

    Svaret ditt var ventet. Jeg har ikke mer og si deg.
    Du velger selv.

    Amor vincit omnia.
    Lev vel.
    Namaste!

    SvarSlett
  22. Watch out this might be opus dei.

    SvarSlett

Følgere


Vitjarar