TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

onsdag 7. april 2010

MESSA- NOKO HEILT ANNA ENN PROTESTANTISKE SAMLINGAR!

Ei Katolsk Messe er noko heilt anna enn ei protestatisk "gudsteneste" eller eit anna "møte." Det er Gud sjølv som vel korleis Han vil bli tilbedt. Kvifor skulle Han elles varte so rasande når jødane held på å offre opp offer til Han (ikkje berre til baal og slikt alltid) på haugar rundt omkring i Israel i Gamletestamentet. Gjorde dei noko gale når dei ofra til Gud? JA. Fordi dei ikkje gjorde det der Gud hadde sagt at dei skulle gjere det. Fyst ville Gud bli forsona med menneske i Tabernaklet og seinare i Tempelet, men mange jødar held på med offer på sjølvbygde alter på haugane rundt omkring. Gud let seg ikkje tilbe slik. På same vis er det idag. Han let seg ikkje tilbe på feil plass, etter feil formel. Gud let seg berre tilbe slik som Han har sagt at Han vil bli tilbedt gjennom sine Apostlar. Og Han har sagt at me vert forsona med Han i Det Heilage Messeofferet. Ho er ei direkte oppfylling av det gamle jødiske tempelofferet som den Gamle Pakta sentrerte seg rundt og det som offeret peika fram imot. Me kan lese i det Gamle Testamente korleis jødar kom til presten i tabernaklet og seinare i tempelet med sauer, geiter, duer osv. for at presten skulle ofre opp blodoffer for dei som syndoffer, reinsingsoffer, fredsoffer.. Men desse dyra kunne ikkje i seg sjølve betale for menneska sine synder, for korleis kan eit lamm gjere opp for eit menneske? Dei peika fram på Guds Lamm som ber all verdsens synder. Me kan lese om profetien i Mal 1:11 "For frå solekoma til soleglad skal mitt namn verta stort millom heidningfolki, og på kvar ein stad skal dei brenna røykjelse og bera fram offergåvor for namnet mitt, reine offergåvor; for namnet mitt skal verta stort millom folkeslagi, segjer Herren, allhers Gud." Her ser me altso at heidningfolka, mellom folkeslaga, dei som ikkje er jødar, skal koma med OFFERGÅVER og brenna RØYKJELSE. Og det er nett det ei Katolsk Messe er, i motsetning til protestantiske greier som berre er song, bøn, preike, symbolske handlingar, evt underhaldning og sosialt samvære. Menneske er i sentrum. på den Katolske Messa vert røykjelse brend i samband med bøner, men det viktigaste med Messa er at Presten konsekrerar brød og vin, slik at det ikkje lenger er brød og vin, men vert Jesu Kjøt, Blod, Sjel og Guddom. (Transubstasjon.) Dette offeret tek presten og offrar opp på altaret for sine eigne synder og for syndene til Kyrkjelyden. Eit Offer og eit Sakrament kalla Eukaristin. Ikkje at Jesus døyr ein gong til, men at det same offeret som Jesus offra ein gong på Golgata kjem ned på altaret som eit mirakel, fordi Gud er utanom tid og rom og ingenting er umogeleg for Han. Dette offeret kallast eit "ublodig" offer, mens det blodige offeret er når Jesus døydde på Krossen den eine gongen. Presten står med ryggen til Kyrkjelyden, fordi han ber fram offeret framfor Gud, mens lekfolket, som allereie har skrifta for ein prest innan Messa, knelar ved kyrkjebenkane og sannar syndene sine og ber bøner som dei offrar opp for seg sjølve og andre. Gud er i sentrum, ikkje menneska, slik som ein opplever det i protestantiske kretsar. Det gjer ikkje noko at det er på latin om du ikkje kan latin, for presten gjer dette framfor Gud for di skuld, og mykje av det seier han til og med i tystnad, so du høyrer ikkje ein gong kva han seier. Din jobb er å be, meditere, ofre opp offer for deg og andre, tilbe og sanne synder. Preika er alltid på lokalpråket og all anna undervisning og trusopplæring er alltid på lokalspråket. Eukaristinen reinsar deg frå synder du har angra og sanna i skriftestolen, men og alle veniale eller svakheitssynder og slike mindre synder som du skulle ha gløymt å skrifte deg for, berre du ikkje har unnlete å gjere det med vilje. Ein kan finne spor av den Sanne Messa i t.d. den norske "kyrkja", sjølv om folk ikkje tenkjer over det sjølve. Ein har då framleis i visse kyrkjer ein ALTARRING, og det er fordi offer vert offra på nettopp ALTAR. Og brødet kallast framleis OBLAT, og ordet "oblat" tyder OFFER. Men berre på Katolske Messe vert brød og vin forvandla til Kristi Kjøt og Blod, fordi det vert gjort slik som Apostlane lærte Kyrkja det, og av menneske som har salvinga frå handspåleggelsen som kjem frå Apostlane. Gud vel sjølv korleis Han vil bli tilbedt. Dei som ikkje tek imot Eukaristin på ein verdig måte, altso etter å ha skrifta syndene sine Sakramentalt og med sann anger og bot, drikk ein dom over seg. Fordi det ER blod og kjøt i røynda! Ikkje berre symbolsk. 1.Kor 11: 27 Difor, den som et brødet og drikk Herrens kalk uverdigt, han vert skuldig i Herrens lekam og blod. 28 Men kvart menneske prøve seg sjølv, og so ete han av brødet og drikke av kalken! 29 For den som et og drikk, han et og drikk seg sjølv til dom når han ikkje gjer skil på Herrens lekam." Visse reagerar på at lekfolket berre tek imot "brødet" og ikkje "vinen", men begge deler vert alltid konsekrerte og presten tek del av begge. Anden/Kyrkja har openberra at både Kristi kjøt og blod finnst i Brødet, og det er difor nok å ta imot "brødet." Eit anna argument for at Den Kristne Messa handlar om eit ublodig offer, er at dei i urkyrkja vart beskulda for kannibalisme av heidningane. Og det var jo for so vidt sant. Dei et då Kristus kvar gong. Og so har du jo sjølvsagt dette med antikrist som skal sette seg i Herrens tempel og ta vekk det daglege offeret. korleis kan han ta vekk det daglege offeret, om det ikkje vert offra opp daglege offer på den tida når han kjem? Og det er ikkje Jødane sitt gammaltestamentlege offer i eit tredje tempel heller, for då skulle det ikkje vere HERRENS tempel, men eit avgudstempel til spott for sann Kristendom. Messeofferet er ekstremt viktig i Katolsk Tru, og til og med i Apostelgjerningane kan ein lese om korleis alle samlingane til dei fyste Kristne sentrerte seg rundt Messeofferet, eller "Brødsbrytelsen." som det og vert kalla. Under alle andre måltid er det maten som vert ein del av deg. Under dette måltidet er det du som vert ein del av maten, av Kristus sjølv.

2 kommentarer:

Følgere


Vitjarar