Handlinga er henta frå år 1084 i England. Og så dukkar det opp ein trønder etter kvart!
Optio Productions, 2017.
Ein tradisjonell Katolsk blogg
Eg oppdaga denne filmen om kristninga av Noreg og syns at den var vel verd å publisere på bloggen.
Ein kan finne meir interesann informasjon på kanalen hennar.
Gode Jesus, eg fell audmjukt ned for Dine føter og bed Deg ved Dine Heilage Sår og ved Ditt Dyrebare Blod som Du let renna ut for heile verda, om å miskunna Deg over dei skandinaviske folka. Villeia for fleire hundre år sidan, er dei no avskilde frå Di Kyrkje og utestengde frå dei uvurderlege godene av Din Lekam og ditt Blod, og dessutan frå mange andre nådemiddel som Du har innstifta for å trøyste Dine Trufaste i liv og i død. Hugs på, Du Verda sin Frelsarmann, at for desse sjelene og let du utrenna Ditt Dyrebare Blod og har halde ut i useielege lidingar. Gode Hyrding, lei desse Dine sauer attende til dei gagnlege beitemarkene i Di Kyrkje, slik at dei kan verte ein flokk i lag med oss under din Vikar her på jorda -Den Romerske Biskopen, som i den Heilage Apostelen Peters stilling fekk i oppdrag frå Deg å ta seg av både lamma og sauene. Høyr, Å Miskunnsame Jesus, desse våre bøner, som me ber fram for Deg, fulle av tiltru til den kjærleik som ditt Høgheilage Hjarte har for oss.