TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

søndag 25. april 2010

Eit syn av den Heilage Antonios!

St. Antonios av Alexandria var ein ørkenfader som vart født på slutten av 200-talet og døydde i 365 e.Kr. i det som idag kallast Egypt. Kort tid etter at han døydde, samla St.Athanasios av Alexandria den informasjonen som han kunne finne om St.Antonios, og skreiv biografien om livet hans. I 1991 vart boka for fyste gong oversett frå gresk til svensk. Mot slutten av biografien nemner St.Athanasios eit særs interessant syn som like gjerne kan skildre tilhøva i Kyrkja i dag som det skildrar samtida til St Antonius. Boka er forresten ei særs bra bok som eg skulle anbefale alle å lese. Innleiinga er full av liberale kommentarar sjølvsagt, men sjølve boka er bra, særskild når det gjeld læra om demonisk aktivitet, noko ørkenfedrane fekk meir erfaring av enn kanskje nokon andre Kristne i historia. (Boka heiter "Antonios Liv", og er utgjeve av Artos Bokförlag, andre utgåva kom i 2003 og oversettjinga er av Tomas Hägg og Samuel Rubenson.)

Utdrag frå boka:
Ein gong då han (Antonios) sat og arbeidde, fell han inn i ein slags ekstase og sukka tungt medan synet vara. Etter ei stund vende han seg til dei som var til stades, sukka, skolv, røyste seg og bad, bøygde seg ned på kne og vart sittjande lenge i same stilling. Til slutt røyste den gamle mannen seg gråtande. Dei som var til stades, som no hadde byrja å skjelve av skrekk, bad om å få vite kva det var, og gav seg ikkje før han endeleg svara dei. Med eit djupt sukk sa han: " Mine born, det skulle vere betre å få døy innan det som synet varslar om vert verkeleg." Då dei trygla han på nytt, braut han ut i tårar og sa: "Vreide kjem til å råke Kyrkja, og Ho kjem til å verte overgjeven i hendene på mennesker som er som sjelslause dyr. For eg såg bordet i Guds hus, og rundt ikring på alle sider stod det esel og sparka på det som var innanfor, slik som utemja dyr kan hoppa og sparka ikring seg. De la sikkert merke til korleis eg sukka. For eg høyrde ei røyst som sa: "Mitt Alter skal verte ein styggedom." 
             Dette sa den gamle, og to år seinare kom arianarane sitt angrep, som me no opplever (på Athanasios si samtid), og deira plundring av Kyrkjene, dei raska til og med til seg nattverdsbegeret med vald og let heidningane bere det vekk, dei tvinga heidningane som arbeidde i verkstadane å delta på møta deira, og framfor andleta deira gjorde dei kva dei ville på Altera. Då innsåg me alle at esela som sparka varsla Antonios på førehand om det som arianarane gjer idag, sjelslause som dyr.
            "Ver ikkje motlause, mine born. Slik som Herren har utaust sin vreide, slik skal Han og helbrede att. Kyrkja skal snart få attende si pryd og stråle som Ho brukar å gjere. De skal få sjå at dei forfylgde skal få gjenoppretting, gudløysa dreg seg attende til sine holer og den rette trua forkynnast med full fridom på alle stader. Sjå berre til at de ikkje skitnar dykk ut med arianarane. Den læra er ikkje frå Apostlane, men kjem frå demonane og far deira, djevelen. Nei, ho er utan frukt og ufornuftig, ho saknar rett innsikt, nett som esela utan sjeler."
(1.bilete: St. Antonios, 2.bilete: St. Athanasios)

2 kommentarer:

Følgere


Vitjarar