TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

søndag 29. august 2010

St. Augustinus om den Treeinige Gud! (Frå helgensamlinga "Dei Gyldne Legendane" samla av Jacobus de Voragine, Erkebiskop av Genoa, 1275)

Den Heilage Augustinus var son til den Heilage Monika, som eg har skrive om tidlegare på denne bloggen. I dei blogginnlegga står det mange detaljar om St. Augustinus si omvendig og eg kjem difor ikkje til å skrive dette ein gong til. Eg kan jo berre nemne at han vart omvend til Kristendomen i Carthage, Afrika av St. Ambrosius, etter å ha fylgt den Manikenske kjettarlæra over lengre tid. Han mottok til slutt den Heilage dåpen i Påska år 387 og han vart seinare både Biskop og Doktar av Kyrkja. St. Augustinus fordjupa seg m.a. i Treeinigheitslæra og skreiv mykje bra på dette emnet. Her kjem ein liten smakebit på noko av det han fekk lære seg:

Der heng eit bilete ved eit alter av St. Augustinus hjå Dominikanarordenen i Antwerpen som avbildar ei oppleving Helgenen hadde då han gjekk langs havsstranda i Afrika og funderte over den HeilageTreeinigheita. Dette var eit emne han hadde kontemplert seg sår i sinnet over, og det var i ei slik stund at dette hende. Der langs strandkanten fann han eit lite barn som hadde greve seg ei lita grop i sanden, og i handa hadde han ei lita skei. Med skeia tok han vatn ut frå det store havet og ausa det opp i den vetle sandgropa. St. Augustinus vart forbausa då han såg dette og spurte barnet kva det var han held på med? Barnet svara og sa: "Eg vil ta alt dette vatnet ut ifrå havet og opp i denne gropa." "Kva?!" svara Augustinus. "Det er umogeleg, korleis kan det gjerast når ein tenkjer på kor stort og gedigent havet er og kor lita gropa og skeia di er?"  "Ja, det er sant," svara barnet, "men det skulle vere lettare og snarare fullført å helle alt vatnet frå havet opp i denne gropa enn det skulle vere for deg å helle mysteriet om Treeinigheita og Hans Gudoms velde inn i di lille forståing, om ein skulle jamføre desse to: For mysteriet om Treeinigheita er større og veldigare samanlikna med ditt vit og din hjerne enn skilnaden er mellom havet og denne vetle gropa." Då dette var sagt forsvann barnet med eit blink. Lat då kvar mann ta lærdom av dette, slik at ingen- og særskild ikkje enkle og ulærde menn, freistar å forstå og lære ut dei høgste tinga som gjeld Guddomen, anna enn det som dei har fått lære av Kyrkja om trua, for denne trua skal rekke for oss.
         Lat oss då be til den Heilage Augustinus at han må gå i forbøn for oss hjå den Velsigna Treeinigheita, slik at me kan rette til og gjere bot for liva våre i denne forbifarande verda, slik at me, når me forlet henne, måtte komme inn i eveleg herlegdom. Amen

Eg tykte at denne opplevinga skildra vel den absurde tankegongen som so mange menneske i dag sit faste i. Dei tek alltid utgongspunkt hjå seg sjølve i si Gudsforståing. Slike argumentere med at dei berre kan tru på det som er logisk ut ifrå deira eigne tankar om moral og etikk. Dei kan ikkje tru på det som ikkje verkar rettvist ved fyste augekast, ettersom dei ikkje kan akseptere at Guds rettvise er djupare og høgre enn deira eiga innsikt i saka. Dei forkastar lett mirakel, ubesvara spørsmål og heng seg opp i det som dei oppfattar som "sjølvmotseiande" anten det er i skrift eller lære. Dette er ikkje fordi noko er gale med Kristendommen, men fordi desse menneska ikkje kan underkaste seg. Dei har ikkje nokon annan Gud enn sine eigne hjernar. Dei har ikkje trua som er vissa om noko ein ikkje ser.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Følgere


Vitjarar