TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

fredag 4. juni 2010

LILJA! Del 1:Dikt av Eysteinn Ásgrímsson død 1361, (Utval, oversetjing frå Norsk Lyrikk, 1929)

Eg fann nokre fine Kristne dikt frå 1300-talet, fulle av framifrå Katolsk teologi. Fyst litt bakgrunnsinformasjon:
Forfattaren, Eysteinn Ásgrímsson (født ca. 1310, død 1361) var ein islandsk skald. Han skreiv "Lilja", som er det mest kjende dømet på religiøs lyrikk fra Island i middelalderen, og som av mange og reknast som det beste innan sjangeren. Tittelen "Lilja" er ein allegorie for Maria Møy, henta ifrå Bibelen, t.d. Høgsongen.
Anger og miskunn er sentrale tema i Lilja. Oddverja Annal seier at Eystein dikta Lilja som bot og i anger etter at han hadde dikta nid om biskop Gyrd.
                Tittelen Lilja er eit vanleg Maria-epitet. Diktet er ei dråpa (hyllingsdikt med stev) på 100 strofer til Maria, men i forma er diktet eit frelseshistoriedikt som fortel den kristne verdshistoria frå skapinga til den siste dommen. Skalden byrjar med å be den treeinige Gud og Maria om hjelp til å dikte (str. 1–5), så blir det fortalt om skapinga, Lucifers fall, syndefallet og at Gud bestemmer seg for å la sonen sin fødast av Maria (str. 6–25). Vidare blir det fortalt om bodskapen til Maria, Kristi fødsel og oppvekst, Lucifers svikplanar, Kristi undergjerningar, sviket frå Judas og korsfestinga (str. 26–50). Så følgjer skildring av Kristi liding og død på korset og Marias liding under korset, nedstiginga til dødsriket, oppstoda, utsendinga av Den Heilage Ande og den siste dommen (str. 51–75). I den siste delen av diktet sannar skalden syndene sine og bed Gud og Kristus om miskunn (str. 76–85), deretter vender han seg til Maria i lovprising og bed om hennar forbøn (str. 86–96). Til slutt dediserer skalden diktet til Kristus og Maria og gjer diktet namn, og kvadet endar som det byrjar ved at strofe 100 og strofe 1 er identiske.
              Lilja er på nokre måtar ei tradisjonell norrøn dråpa. Men versemålet drottkvætt, som hadde vore det vanlegaste skaldeversemålet i hyllingsdikt, er bytt ut med versemålet hrynhent. På grunn av Lilja vart dette versemålet så populært at det vart omdøypt til liljulag. Diktet er bygd opp strengt symmetrisk, og gjennom komposisjonen kjem det til syne ein kristen talsymbolikk. Dei 100 strofene står for dei 100 ord i Ave Maria. Ved at første og siste strofe er identiske, utgjer diktet ein sirkel, som er symbol for æva. Den norrøne dråpa var tradisjonelt tredelt med innleiing (inngangr), midtparti med stev (bálkr) og avslutningsdel (slæmr). Tre-talet står i kristen symbolikk for den treeinige Gud, og trekanten i sirkelen, den triangulære sirkel, er symbol for inkarnasjonen. Lilja er tredelt (25 + 50 + 25 strofer), men Eystein bryt den tradisjonelle dråpaforma ved å dele midtpartiet i to like lange delar. Det oppnår han ved å gje dei to halvdelane i midtpartiet ulike stevstrofer, og midt i diktet, som skildrar korsfestinga og Kristi liding på korset, stiller han to stevstrofer inntil kvarandre (strofe 50 og 51). Denne komposisjonen markerer Kristus på korset som det sentrum all tilbeding og bøn skal rettast mot. Samstundes blir den tradisjonelt tredelte dråpa også delt i fire. Fire-talet står for jorda og materien. Tre-talet og fire-talet som kviler i kvarandre, viser at det guddommelege er til stades i det jordiske, Gud har vorte menneske gjennom Maria. Diktet er eit djupt personleg religiøst dikt og ein summa theologiæ av ein lærd teolog på same tid. Det tradisjonelle norrøne skaldespråket er langt på veg erstatta av eit kriste biletspråk, lysmetaforikken har stor plass. Skalden tek eksplisitt avstand frå reglane i det gamle skaldespråket, som kunne gjere det vanskeleg å forstå innhaldet i diktet. Målet for Eystein er at bodskapen i diktet skal kome fram klart og tydeleg.
(Ein link til heile artikkelen.. http://www.snl.no/.nbl_biografi/Eystein_%C3%85sgrimsson/utdypning)

So til sjølve diktet: (Fann berre ei bokmålsoversetjing)
LILJA - Innleiingsbøn..
Gud Allmektige!
Du, som styrer englenes kor og alle mennesker,
uten trang til tid eller sted,
hvilende i ditt stillhetsvælde,
fyldende altet, favnende altet,
åpnende avgrunnen, løftende blået -
Du være priset, Du Sanne, Du Rene
Livets Kilde! Tre-enige Ene!

Til din store miskunn jeg længes,
søker den av et ydmykt hjerte,
sikker på at det ikke gives,
lykke uten fra deg, min dronning!
Lys du opp i mitt sinn og lån meg
levende ånd, så kvadets bygning
høy og fast gjennom tanken strever -
Styrk meg! Gi meg viede lepper!

Fedrene, som nøye kjendte
hedenholdets høye frasagn,
kvad til sine kongers ære
fagert i den danske tunge.
Jeg, som mere enn noen annen
skylder å love Kongenes Konge,
løfter modermålets toner
til den høyeste av troner.
(Det er interessant å lese korleis han ber til dronninga, Maria Møy, og bekjenner at lukke kjem frå henne. Det er og henne han bed om ljos i sinnet og levande ande for å kunne prise Gud i tanken..Ikkje mykje protestantisme her, nei!)

forts. fylgjer

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Følgere


Vitjarar