TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

mandag 28. juni 2010

Å sanne syndene sine utan ein prest til stades!

I desse tider då ein gjerne ikkje har ein prest i nærleiken som ein kan gå til for å skrifte sakramentalt, vert det enno viktigare å sanne syndene sine dagleg. Kyrkja har utvikla ei bøn nett for slike høve. Etter at du har ransaka samvitet ditt og sanna syndene dine framfor Gud, kan du be ei bøn som på engelsk vert kalla for "The Act of perfect Contrition." (Ei handling av perfekt anger for synd.) Det er då sjølvsagt ikkje nok å berre ramse opp bøna med leppene. Tanken er at ein skal koma til Gud med eit angrande hjarte og be om tilgjeving og miskunn. Det er dessutan viktig at ein kjem til Gud med intensjonen å sanne dei same syndene sakramentalt hjå ein prest so snart høvet byr seg. Ei bønestund kan innleiast med desse orda:

Eg bekjenner til Allmektig Gud, til Velsigna Maria, evig Møy, til Velsigna Mikael Ærkeengelen, til Velsigna Johannes Døyparen, til dei heilage Apostlane Peter og Paulus og til alle Helgena at eg har synda i tankar, ord og gjerningar, av mi skuld, av mi skuld, av mi store, sorgfulle skuld.
           Difor tryglar eg deg Velsigna Maria, evig Møy, Velsigna Mikael Ærkeengelen, Velsigna Johannes Døyparen, dei heilage Apostlane Peter og Paulus og alle Helgenar om å be til Herren vår Gud for meg.
Måtte den Allmektige og evige Gud innvilge oss forlating, utløysing og utfriing frå alle våre synder.
Måtte den Allmektige Gud sjå i nåde til oss, tilgje oss alle våre synder og føre oss til det evige livet.
Å Heilage Ande, Min Gud; kom til mi hjelp, eg ein syndar. Hjelp meg å ransake samvitet mitt, å sanne alle syndene mine med perfekt anger og å rette til livet mitt. Amen

(Her kan du stoppe opp, lytte til samvitet ditt og sanne alt du kjem på. So bekjenner du alt høgt for Gud..
Eg sannar at eg har..osv..)
ETTER AT DU HAR SANNA SYNDENE DINE SEIER DU:
Å min Gud, eg er hjarteleg lei meg for at eg har fornærma Deg og eg foraktar alle mine synder, fordi eg fryktar tapet av Himmelen og plagene i helvetet. Men mest av alt fordi dei syndene eg har gjort fornærmar Deg, å min Gud, som er berre god og som fortener all min kjærleik. Eg har ein fast intensjon, med di store miskunns hjelp, å sanne syndene mine, å gjere bot og å forbetre livet mitt fullt og heilt. Amen

Problemet med at ein ikkje alltid har høve til å sanne syndene sine Sakramentalt hjå ein Prest, er at ein i slike høve må oppnå perfekt anger for å verte løyst frå synda. I skriftesakramentet er UPERFEKT anger nok for å verte løyst frå synda. Med "uperfekt anger" meinast at du ber om tilgjeving fordi du veit du har gjort feil og fryktar å hamne i helvetet og gå miste om Himmelen.
            Men PERFEKT ANGER er mykje vanskelegare å oppnå. Ein slik angrande syndar kjem til Gud med sorg fordi han har såra Gud, som han elskar so høgt. Angeren bottnar slik i kjærleiken til Gud og ikkje berre i den personlege frykta for smerte og død. Perfekt anger er naudsynt for å verte løyst frå synda utanom skriftesakramentet. Men det er ikkje umogeleg, då Gud er full av miskunn, og framleis ser til sine sauer i vanskelege tider. Ein må sanne syndene sine kvar dag, gløym ikkje det!

Ei bøn frå bøneboka "Raccolta" som er meir tydeleg når det gjeld perfekt anger er denne:
Min Gud, eg trur på Deg, eg vonar på Deg, eg elskar Deg over alle andre ting av heile mi sjel, av heile mitt hjarte og av all mi styrke; eg elskar Deg då du er uendeleg god og verdig å verte elska; og då eg elskar Deg, angrar eg av heile mitt hjarte at eg har fornærma Deg; sjå i nåde til meg ein syndar. Amen
(300 dagar med avlat)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Følgere


Vitjarar