TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

fredag 21. mai 2010

Er Gud kompleks eller enkel..av Savonarola, 1497

(Denne teksten er henta frå boka "The Triumph of the Cross" av Fra Girolamo Savonorola i 1497, trykt på engelsk av Athanasius Press, http://www.stathanasiuspress.com/)
Gud er ikkje ein lekam, eller ei lekamleg form, og heller ikkje ein kompleks substans!

Ingen sann filosof tvilar i det heile på at Gud ikkje er ein lekam, eller ei lekamleg form, og heller ikkje ein kompleks substans. Det skulle vere umogeleg at Gud skulle vere ein lekam, når ein ser at Han er den urørlege Røraren av alle ting; for ein lekam, utan at han rører seg sjølv fyst, kan ikkje sette ein annan i rørsle. Og endå ein gong, då ande er av høgre rang enn lekam, Gud, om Han var ein lekam, skulle slik ikkje vere det høgste av alle vesen, og heller ikkje den Høgste Styraren, då lekamen er styrd av anden.
        Me må vidare innsjå , at Gud ikkje er ei lekamleg form, slik som sjela er forma til den menneskelege lekamen; dette fordi noko som eksisterar av seg sjølv er mykje høgre enn det som eksisterar i noko anna. Ergo, fordi Gud er det edlaste av alle ting, må Han eksistere i Seg Sjølv, og ikkje i ein lekam. Endå ein gong, ting som er samansette av materie og form er meir perfekte enn materie og form separat; rett og slett fordi heilheita alltid er meir perfekt enn dei einskilde delane. Om Gud då hadde vore ei lekamleg form, skulle der vere noko som var meir perfekt enn Han; for kombinasjonen av materie og form ville vere meir perfekt enn form åleine. Det skulle dessutan meine at Gud ikkje kunne handle ut ifrå Seg Sjølv, då, på same måte som form ikkje kan vere utan materie, kan form heller ikkje utføre ei handling utan materie. Difor, om Gud skulle trenge noko anna for å aktivt handle, skulle Han ikkje vere den Fyste Årsaka.
          Det er på same vis sjølvsagt at Gud ikkje er eit kompleks vesen, men Rein Handling og Enkel Substans; for kvart ende komplekse vesen er avhengige av andre, og samansette lekamer er avhengige av dei som er enkle. Det er då slik at Gud er den Fyste Årsaka, uavhengig av alle andre, og den Ende som alt anna er avhengig av. Han kan ikkje vere eit komplekst vesen, men må vere Enkel Handling. Endå ein gong, dersom Han var ein kompleks Substans, skulle Han ikkje vere det Fyste Høgste Vesenet i universet; for komplekse lekamer går ikkje framfor kvar einskild del, men er eit resultat av dei, og samanskipinga av desse delane kunne ikkje finne stad, om ikkje ei fyste årsak var til stades før dei. Me må difor konkludere med at Gud er Enkel Substans og Rein Handling. 

Min eigen bloggkommentar: Det er ei vanleg misoppfattning m.a. hjå protestantar at Gud er kompleks, og ikkje enkel. Slik kjem vranglærer som det at Gud openberrar seg i ulike religionar eller med varierte, tilpassa sanningar, eller at Han skulle endre seg med tida, slik modernistar tenkjer seg det. Når ein innser at Gud er Enkel Substans vert det lettare å sjå kvifor likningar som "Der er alltid 2 sider av samme mynt", eller "Tenk deg at Sanninga er ein elefant og du ser elefanten frå den vinkelen der du står, halen eller snabelen.." er feilaktige likningar. Gud er Ein og der er berre Ei Sanning!!!
         

1 kommentar:

  1. Jeg ante ikke at Savonarola virkelig var så til de grader inspirert av Ariastoteles.

    SvarSlett

Følgere


Vitjarar