TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

mandag 28. juni 2010

Vedkjenning av tru når ein skal konvertere frå ei falsk lære til Katolske Kyrkja.

Dette er ei skrift forfatta av Kyrkja sjølv i høve der nokon skal ta steget inn i den Katolske Kyrkja. Personen er nøydd til å avseie seg (abjuration) dei falske lærene sine fyst og å bekjenne ei tru på Den Sanne Kyrkja. Dette må gjerast framfor ein prest, men i tider som dette kan ein gjere dette sjølv framfor Gud, med intensjonen å gjere det framfor ein prest med det same høvet byr seg. Etter at ein har gjort dette vert ein Katolikk og kan ta del av Sakramenta og tilbedinga av den Eine Sanne Guden innanfor Kyrkja.  


SANNING AV TRU:
Eg .............(namn), no medan eg har dei heilage Evangelia framfor augene mine, som eg rører med handa mi, vel vitande om at ingen kan verte frelste utan den trua som den Heilage Katolske Romerske Kyrkja held på, trur og lærer, og som eg til mi store sorg har gjort urett imot, gjennom at eg har halde for å vere sanning og trudd på lærer som går imot Hennar lærer. (Ver gjerne spesifik og nemn dei heresiane som kjenneteiknar sekta du har vore med i.)
         Eg sannar no, med sorg og anger for mine tidlegare feilsteg, at eg trur at den Heilage Katolske Apostoliske Romerske Kyrkja er den ende og den sanne Kyrkja, grunnlagd på jorda av Jesus Kristus, som eg underkastar meg av heile mitt hjarte. Eg trur på alle trusartiklar som Ho openberrar for meg til tru, og eg avviser og fordømer alt som Ho avviser og fordømer, og eg er no klar til å fylgje alt som Ho byd meg å fylgje. Og særskild sannar eg at eg trur på:

Ein ende Gud i tre guddommelege Personar, distinkte frå og like til kvarandre- det vil seie Faderen, Sonen og Den Heilage Anden.

Den Katolske læra om Inkarnasjonen (at Gud vart menneske), lidinga, døden og oppståa til Jesus Kristus og den personlege samanskipinga av Jesu to Naturar- den guddommelege og den menneskelege, det gudommelege Moderskapet til den Høg Heilage Maria ilag med hennar lytelause møydom.

Det sanne, ekte og substansielle nærveret av Lekamen og Blodet, ilag med Sjela og Guddommelegheita av Vår Herre Jesus Kristus i Det Heilage Sakramentet Eukaristinen.

Dei sju Sakramenta innstifta av Jesus Kristus for vår frelses skuld, dvs: Dåp, Konfirmasjon, Eukaristin, Bot, Siste Salvinga, Heilage Ordinasjonar og Ekteskapet.

Skjærselden- for at dei døde skal stå opp att, evig liv, og at den romerske leiaren, Paven, er øvste styrande, ikkje berre i æra men og i utføring. Han er etterkomaren til St.Peter, Jesu Kristi Vikar, Prins av Apostlane.

Venerasjonen av alle Helgena og av deira avbilde. Autoriteten til den Apostoliske og Kyrkjelege Tradisjonen, til dei heilage Skriftene, som me må tolke og skjøne berre ut ifrå det som vår Heilage Moder den Katolske Kyrkja har helde fast og framleis held fast.

Og alt anna som har vorte definert og erklært av dei heilage Skriftsamlingane og av dei økumeniske Konsila (Kyrkjemøte som skal gjelde heile Kyrkja) frå Vatikanet, særskild av Kyrkjemøtet i Trident, og særskild det som omhandlar leiarposisjonen til den Romerske Paven og det ufeilbare læreembete som han har.

Med eit oppriktig hjarte, difor, og med urokkeleg tru, foraktar og avseier eg meg kvar ende vranglære, heresi og sekt som går imot alt som den Katolske og Apostoliske Romerske Kyrkja står for. Måtte Gud og desse Hans Heilage Evangelium som eg rører med handa mi hjelpe meg.

4 kommentarer:

  1. Må ein ikkje sende eit brev til biskopen óg?

    Skriv meir! Sjølv om eg er ramma av tvil, så
    meiner eg det same som du. Gjeng du i vanlege katolske Gudstenester og skrifter å ein vanlege, ordinerte prestar?

    Og eit siste spørsmål; kvifor ber du ikkje på latin?

    SvarSlett
  2. Hei!
    No veit eg ikkje om du har lese meir på sida om Novus Ordo og II VatikanKonsiliet og Sedevacantisme?
    Sjølv har eg aldri vore medlem i Novus Ordo, sjølv om eg gjekk der ei stund. Då eg og mannen min skulle konvertere til den gode, gamle katolske Kyrkja, reiste me til ein eldre Prest i Belgia som kunne engelsk. Han vart prestevigd for so lenge sidan at han hadde jurisdiksjon frå før 2.Vatikankonsilietida og han har aldri akseptert dette konsiliet, han er heller ikkje med i SSPX eller nokon anna merkeleg organisasjon. Han hadde kontakt med ein Biskop ang oss og me traff denne Biskopen då me konfirmerte oss.

    Eg og mannen min ber mykje på latin. Me har ikkje noko Kyrkje som me kan gå i her i landet, sjølv om me har reist til utlandet når høvet byr seg. Om sundagane les me Messa på latin heime og ber om å få delta andeleg i Eukaristinen då me sjølve ikkje kan ta imot dette Sakramentet på vanlege sundagar. Me ber og dagleg på latin Angelus, Rosenkransen og andre bøner.

    Me har få høve til å skrifte Sakramentalt for denne Presten i Belgia. Difor sannar me syndene våre dagleg til Gud og ber bøna "Act of perfect contririon" som eg har lagt ut på bloggen min under "bøner". Dette er ei bøn som Kyrkja har skrive særskild for dei som ikkje har ein prest å gå til. Men so snart me treff Presten sannar me desse syndene igjen Sakramentalt.

    Kva er det du tvilar på? Er det noko eg kan hjelpe deg med?
    mvh Iselin

    SvarSlett
  3. Er det ikkje å gå litt langt å seie at Paven er ein heretikar/kjettar, sjølv om han ikkje fordømmar Vatikankonsilet?

    Kan du ikkje skrive litt om dei andre sektene og tankane du har vore innom?

    Kvar er det du har lært dei skikkane og tradisjonane dei hadde i den katolske kyrkja før konsilet?

    SvarSlett
  4. No må du ikkje gløyme at desse anti-pavane ikkje berre unnlet å fordømme II Vatikankonsiliet. Det er dei som har laga det, kalla saman til det, promulgert det.. Dei er ikkje kven som helst. Dei skal vere det øvste hovudet til Kyrkja på jorda, Kristi Vikar. Dei er ikkje ignorante om slike grunnleggjande doktriner som kven som er innanfor og utanfor Kyrkja, at ein ikkje får be ilag med menneske frå andre religionar eller delta på avgudssermoniane deira, og dei veit at andre religionar ikkje ber tilber same Gud som Kyrkja gjer. Dei er fullt klar over dette, og ignorerar det fullstendig. Dei kan meir enn oss lekfolk. Difor er dei utan orsaking.
    Dei er dessutan frimurarar heile gjengen.. Eg kan ikkje som lekmann kaste ein overordna ut av Kyrkja. Men når dei offentleg begår heresiar i ord og gjerning,og i dokumenta som dei publiserar sjølve, noko dei gjer konstant, ja kvar ende dag i media kan du lese om det.. Då er det ikkje eg som exkommuniserar dei. Det er den Gudommelege lova som t.o.m.står over pavane. Dette kallast for å verte exkommunisert (kasta ut av Kyrkja) ipso facto. Og kvifor har Kyrkja laga denne ipso facto lova og sagt at ho KAN exkommunisere ein pave, om det ikkje var ein realitet at slike situasjonar kan oppstå? Lova finnst jo!!!

    Vil du lære deg trua, så har eg ei bokliste på bloggen min, i margen til høgre, under alle bileta.
    Eg ville anbefale deg å skaffe deg "The catechism of the council of Trent", "Denzinger" og bøneboka "Raccolta", for slik me ber, slik trur me. Ein bra regel og ein kan lære mykje av bøner.. Og so har du ei framifrå bokside på www.stathanasiuspress.com, du kan bestille bøker på www.vaticancatholic.com, på www.lulu.com/tradibooks og på www.tanbooks.com

    Når det gjeld kva sekter eg har vore med i eller gått i ei stund, så er det innanfor protestantismen. Norske kyrkja, kfuk, norsk luthersk misjonssamband, ulike messianske forsamlingar, baptistmenigheter, anglikanske kyrkja, novus ordo og kjenner og godt til lestherdianarane og livets ord.

    SvarSlett

Følgere


Vitjarar