TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

onsdag 12. mai 2010

Lars Vilks slått ned av muslimar i Uppsala

Då Lars Vilks, mannen som teikna karikaturane av anti-profeten Muhammed, skulle ha ei forelesing om "yttringsfridom" på Uppsala universitet, vart han slått ned av rasande galne muslimar. Det heile byrja då han sette på ein film der Muhammed vart framstilt som ein naken, homofil mann. Tankane mine gjekk då til kor provosert eg vert av liknande avskyelege utstillingar der Herren Jesus Kristus vert spotta og framstilt på liknande vis, ta t.d. "Ecce Homo" utstillinga. Fy, for ei skam, det er til å spy av. Eg vert ikkje noko glad av å sjå muslimar rase og rope høgt på sin avgud her i Norden. Men eg tykkjer om reaksjonen generelt, og hadde det vore Kristne som gjorde det same, hadde eg berre vore takksam. Me må verkeleg be bøner som bot for spott. Ein kan t.d. be bøner til Jesu Høgheilage Hjarte eller til Jesu Heilage Andlet. Eller bøna "the Golden Arrow" for dei som kan henne:
"May the Most Holy, Most Sacred, Most Adorable, Most Incomprehensible and Uneffeble Name of God be forever praised, blessed, loved, adored and glorified, in Heaven, on earth and under the earth by all the creatures of God and by the Most Sacred Heart of our Lord Jesus Christ in the Blessed Sacrament of the Alter. Amen"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Følgere


Vitjarar