TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

onsdag 5. mai 2010

Nordpol-Prefekturet! Nord. Ugeblad 1887

Dette blogginnlegget handlar om korleis Katolsk misjon og verksemd igjen får fotfeste i Noreg på midten av 1800-talet, etter at det i eit par hundre år har vore forbode med Katolisisme i landet. Det heile får ei vending då den franske konsulen skal ha barnedåp, og Noreg godkjenner at dei for fyste gong på eit par hundre år får feire Messe på norsk jord.
B. Bernard, Apostolisk Prefekt emerit. for Noreg.- Nord. Ugeblad 1887!

Via eit skriv frå Propaganda-Kongregasjonen, datert mars månad, har Hans Høgerværdigheit Msgr. B.Bernard fått innvilga si avgåing, etter å ha søkt fleire gonger om dette, grunna den langvarige og alvorlege sjukdomsståa han har fått slite med. Ein har slik- utan førebuing- og i Noreg fått kjenne på kor tungt det er å verte skild frå ein Kyrkjeleg overhyrding, særskild då Msgr. Bernard som gjennom sin personlegdom har vunne ei uvanlege høg grad av eidel kjærleik og er høgt lova hjå dei mange.
            Prestevigd i året 1846, i ein alder av 24 år, vart han snart høgt skatta på heimetraktene i Bispedøme Rheims. Det vekte difor ikkje lite oppsikt då Abba Bernard etter 10 år med ihuga arbeid, gjorde kjent si avgjerdsle om at han ville slutte seg til den vetle skare som skulle leggje grunnsteinen for Jorda sin nordlegaste misjon.
            Det var på Pontifikatdagen til Pius IX, den 8.desember 1854, at planar om ein misjon i Polargrenda vart framlagde for Hans Heilagdom. Den 3.desember året etter vedkjende og opphøga han misjonen til eit Apostolisk Prefektur, som, då det fyst og framst gjelde dei områda som låg nord for polarsirkelen, fekk namnet "Præfektura apostolica Poli arcici." (Nordpols-Prefekturet.)
             For Noregs vedkommande, hamna sørlandet under det Apostoliske Vikariatet i Sverige, som allereie hadde tekje hand om Kristiania og slått seg ned i Bergen. I 1842 hadde då Pastor Montz komme til Kristiania i høvet av ein barnedåp hjå den franske Konsulen. Omlag 60 Katolikkar sende då inn ein søknad om at dei måtte få løyve til å halde ei Gudsteneste etter forskriftene frå vår Heilage Kyrkje. (Les: Etter at Noreg, som var eit Katolsk land, vart okkupert av danskekongen på 1600-talet, slik at han kunne leggje hendene på alt Kyrkjegullet vårt etter å ha ruinert seg på gambling, hadde all Katolsk verksemd vore forbode i landet og vart bytt ut mot protestantismen.) Dette vart innvilga ved det Kongelege Resolut den 6.mars 1843. To år seinare vart "Dissenterlova" vedtekje, som bana veg for større religionsfridom. Ein vart ikkje lenger uverkande, og allereie i 1856 kunne St. Olavs Kyrkje innvigast i Kristiania.
             Same dagen byrjar det nygrunna Nordpols-Prefekturet sitt virke, ved å opprette ein stasjon i Alta i Finnmark, og mellom desse finn me den nyankomne Geistlige Abbe Bernard. Han vart verande her, til han vart flytta til Island, som saman med Færøyane og Shetlandsøyane kom under Nordpols-Prefekturet. Etter eit dekret frå Propaganda Kongregasjonen den 16.november 1860, vart Nordpols-Prefekturet utvida og krava vart høgre. Under kritiske tilhøve hadde dei stor stønad og von om framsteg i den arbeidsame Abbe Bernard, som den gongen verka på Wick (Caithness) på Shetlandsøyane. Omlag i same stunda hende det ulike uventa lagnadstunge høve i det nyskipa Prefekturet, og det vart naudsynt at Roma greip inn, og slik vart Abbe Bernard utnemnd til administrator for Nordpols-Prefekturet. Ein betre kvalifisert mann kunne ein vanskeleg ha funne, og det synte seg med det same, då han vann tiltru og kjærleik hjå alle som han kom i kontakt med. Då han vart unemnd, hadde verksemda til Prefekturet utbreidd seg til "Altengård" og Tromsø i Nord-Noreg, Reykjavik på Island, Thorshamn på Færøyane og Lerwick og Wick på Shetlandsøyane.
             Den store avstanden og samtida sine kommunikasjonsmiddel vanskeleggjorde i høg grad høve til å imøtekomme desse fjerntliggjande misjonsstasjonane sine interesse. Prefekt Bernard flytta difor til Kjøpenhavn, då denne byen låg betre til rette for reisekommunikasjonen til Island, Shetland, Færøyane samt Noreg. Han vert difor og sikkert hugsa av mange frå hovudstaden i Danmark, då han busette seg på den sokalla "Solitude" på Nørrebro. Men vanskane vart berre noko forminska, og forsvann fyst i 1869, då den noverande Prefekturordninga for dei tre nordiske landa tredde i kraft, og Noreg vart eit eige, sjølvstendigt prefektur.
              Den 5.september 1869 fekk ein høyre i Kristiania at Prefekt Bernard den 29.juli same år vart utnemnd til apostolisk Prefekt for Noreg. Utnemninga vart helsa med glede og den Katolske Kyrkjelyden i Kristiania tok Palmesundag 1870 imot den nye overhyrdingen, med von om at Herren ville gje han ei lang og signa tenestetid i landet. I si stilling som Prefekt fekk Msgr. Bernard rik bruk for sin iver. Snart kunne han med glede sjå korleis den heilage Trua breidde seg ut på fleire stader, då nye misjonsstasjonar vart grunna. Fredrikshald og Bergen fekk snart deira Kyrkje, som vart innvigde med stor høgtid. Samstundes vaks misjonsverksemda i Trondheim, der ei Kyrkje til ære for Jesu Heilage Hjarte vart innvigd. Og for berre nokre år sidan kom misjonsverksemda til Fredrikstad og til den delen av prefekturet som ligg lengst nord, i Hammerfest.
            Til denne misjonsverksemda ved grunninga av misjonsstasjonar, knyter seg St. Josefssystrene si verksemd. Under Prefekt Bernard omsorg vart dette arbeidet utvida til skulen ved St. Josefs Instituttet i Kristiania og til skulen i Trondheim og for 3 1/2 år sidan til eit sjukehus i Kristiania, som han kunne opne den 21.november 1883. Ein må heller ikkje gløyme den signa verksemda til St. Elisabeth-systrene i Hammerfest ved St. Vincents Hospital. På trass av dei mange vanskar som heimsøkte misjonen, og som Msgr. Bernard i si utsette stilling måtte kjempe imot, fekk han likevel under Prefekten si leiing ei stadig utvikling. Ho kan lettast bedømmast ved at ein jamfører misjonsståa i dag med ståa i 1869.
          Uansett kor mykje Roma helst ville sjå at Msgr. Bernard held fram, so har dei til slutt gått med på å innvilge avskjedssøknaden, som han so mange gongar har sendt. I den sorga som på dette viset har vorte Katolikkar i Noreg til del, har dei endå den gleda at det samstundes vert utnemnd ein etterfylgjar i Msgr. Fallize, som er vanta å komme den 8. eller 9.mai. Han vert teken imot med udelt glede, sjølv om det er med blanda vemodige kjensler at saknet av Prefekt Bernard vil stå friskt i minne. Han som med takksemd og kjærleik vert ledsaga frå Noreg, der han alltid vil verte hugsa i Katolikkane sine bøner og som alltid vil leve våre minne som den fyste apostoliske Prefekt i Noreg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Følgere


Vitjarar