TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

mandag 24. januar 2011

Visdomsord frå ein Benediktinarmunk

Ei andakt av Augustine Wirth, ein Benediktinarmunk.

"No, mine kjære Kristne, vil eg minna dykk om at når det gjeld å handsakas med verda, kjempar me som om me var i sjølve fiendeleiren. Me er som sjømenn i eit havsslag, tvinga til å gå ombord på fiendeskipet og kjempe ut slaget mot fienden på hans eige tømmer. Me er midt i verda, me andar inn ei verdsleg atmosfære, påverka av hennar levereglar, influerte av hennar trender, konstant gruppert etter hennar skikkar som går imot Guds Lov, imot Kyrkja og imot samvitet. Her må me sanneleg syne oss uredde i striden, her må me kjempe tappert, om me ikkje skal dragast inn i snåra åt den forræderske fienden, eller kompromisse våre fargar, senke vimpelen med Krossen, berre for ei kreativ lumsk bøn som stunda verkar å kreve av oss eller som kan gje oss vidare nytte og gagn. Det er ein tidsalder av so kalla "liberale Katolikkar;" og me har alt å frykte frå desse heltane av menneskeleg respekt, som so gjerne byter til seg kvar ende meining som den korrupte verda kjem med, istadenfor den eldgamle, uverdslege, uendrande Kyrkja, som har si æra i Krossen, i audmjukinga, den ynkelege fattigdomen åt hennar Krossfeste Make.
             Om Gud ikkje har gjeve oss nåden for ei religiøs ordenskalling, mine brør, då kan me ikkje unngå å komme i kontakt med desse fiendane som finnst overalt, med menn som er perverse, (som apostelen seier,) som fylgjer ugudelege prinsipp, bitne av denne verda, ja, av ei verd som er "plassert" i "misgjerning." Er det noko å undrast over, kjære Kristne, under desse tilhøva, at det er umogeleg å unngå alle freistingar? Å, akta dykk for denne verdsanden! Faste og be; vak dag og natt, for listig og ond og mektig er fienden som heng ved døra di. Ja, skulle du dra deg attende frå verda og det verdslege ho traktar etter, -skulle du, som dei gamle eremittane, flykte like inn i ørkenklostera, kjem satan til å fylgje etter deg like ut dit, og lekamen din, med sine korrupte tendensar og onde bøyingar, kjem til å starte ein nevekamp med vår Herre Jesu Kristi soldat. Fienden innanfor veggane- akk! er han ikkje ein lømmel, kanskje meir frykta enn nokon annan yttre fiende. Stoltheit og egenkjærleik har blinda mange, og har sendt fleire sjeler til fordervinga enn satan og verda samanlagt.
             Var det ikkje for bøyinga åt synda i kjøtet og for begjæra i ein korrupt natur, skulle verken djevelen eller verda so lett kunne lukkast i å dra mannen vekk frå Guds teneste, -frå den letta børa av Evangeliet, -inn i det infernalske slaveriet i helvetet. Kristne, særskild de som er av alvoret, og som ynskjer å frelse dykkar udøyelege sjeler, bli ikkje forundra om freistingar, sjølv dei voldelegaste, grusomaste og mest uanstendige angrip dykk. Me les i  Evangeliumet for i dag, at vår kjære Herre tillet seg sjølv, for vår rettleiings skuld å verte freista, til og med med den nedverdigande synda av avgudedyrking; for slik å syne oss, til vår oppmuntring, at ufrivillige freistingar ikkje er syndige, og at sjela som står i mot det onde ikkje har noko grunn til å frykte. Men om de vil verte sikra mot alle angrep frå dykkar andelege motstandarar, mine brør, då må de trufast og uthaldande ta i bruk dei reiskapane me har fått for å sigre over dei."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Følgere


Vitjarar