Lat oss til desse teologiske bevisa leggje til andre logiske og fornuftige bevis. Om der ikkje var eit evig helvete, skulle Kristendomen forsvinne og dei moralske ordningane ville verte avskaffa. Denne sanninga om at straffa er evig, er essensielt samanbunde med dei store sanningane i religionen- mennesket sitt fall, Inkarnasjonen og Utløysinga- som logisk nok inneber stadfestinga av det same. Om der ikkje var noko helvete, kvifor skulle Jesus Kristus ha stige ned frå Himmelen, kvifor dette syrgesetet i krybba, kvifor denne uttømminga, lidinga og Offeret på Krossen? Denne overmåteleg store kjærleiken frå ein Gud som vart menneske for å kunne døy, skulle ha vore ei handling frårøva all visdom og dessutan uproporsjonerleg jamført med endemålet, om det berre hadde dreia seg om å frie oss frå ei timeleg, forbigåande straff, slik som i Skjærselden. Mennesket har difor då falle hjelpelaust i onde dagar, og vart fordømd til uendeleg skam, då berre ei Gudomeleg utløysing kunne røyse han opp att. Elles skulle me måtte seie at Kristus berre fria oss frå ei tidsavgrensa straff, som me og sjølve hadde kunna fria oss frå gjennom å gjere opp for brota våre på dei vis som me hadde makt til å gjere, og om dette var ståa, skulle ikkje då Kristi Blod vere overflødig? Det skulle ikkje lenger kunne kallast ei utfriing i ordet si rette meining: Jesus Kristus skulle ikkje vere vår Frelsar; og den uendelege takksemda og kjærleiken som me er skuldige Han, og som Han krever av oss, skulle i so fall vere eit overdrive og urettmessig krav. Gud-som vart menneske- skulle verte kasta ned frå truna i hjarta våre og frå vår tilbeding, og Kristendomen skulle verte openberre som ein bløff, og alle konsistente tenkjarar måtte då verte leidde til å avvise openberringa og Gud Sjølv.
Er der ikkje noko helvete, er der ikkje noko moralsk ordning. Fundamentet åt den moralske ordninga er den absolutte og essensielle skilnaden mellom godt og ondt. Det gode og det onde har ulik essens, då dei konkluderar ulikt og dei resulterar i motsette utkome; men, om me avskaffar den evige sanksjonen av straffa, når last og dygd same konklusjon. Kvar for seg, ved å nytte ulike hjelpemiddel, når det endelege målet, som er kvile og lukke framfor Guds Åsyn. Den same lagnaden vert gjeve åt dei som har vore reiskapar for det onde, som åt dei som heilt fram til slutten har vore uforgjengelege kar for det gode. Du seier kanskje: "Sant, men det vil verte tusen eller hundretusen år tidlegare for dei rettvise; tusen eller hundretusen år seinare for dei onde." Kva spelar det for rolle? Ei botstid, uansett kor lengje du trur at ho kjem til å vare, utgjer ikkje ein essensiell skilnad mellom lagnaden åt den eine og den andre. Under vårt flyktige, forgjengelege liv, då augneblinkar, etter at dei har gått forbi, aldri kjem att, utgjer ein periode på tusen eller hundretusen år ei viss meining. Men med det same eit menneske stig inn i eva, har tusen eller hundretusen år ikkje lenger noko meining; dei er mindre enn eit sandkorn i ørkenen, eller ein dråpe vatn i havet. Sjå for deg ei framtid sett saman av straff, so lengje du vil, legg på dobbelt so mange år, stable århundre etter århundre opp på kvarandre- so lengje som utkome er det same for alle, betyr ikkje fortida noko etterpå. Når ei straff er over vert lengda på plagene, jamført med eva, berre å likne med ei lita mengd, so ubetydeleg lita at det skulle vere som om ho aldri hadde eksistert.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar