TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

onsdag 5. januar 2011

Ei julepreike av St. Bernard av Clairvaux (1090-1153)

Den Heilage Bernard, Abbed av Clairvaux, er ein fransk teolog som levde på slutten av 1000-talet. Me kan vere takksame i Norden for denne heilage Abbeden, som og sende mange munkar til Sverige på si tid. Han er mellom anna kjend for alle preikene sine, og i motsetnad til mange av dei tidlegare Kyrkjefedrane, preika han mykje til menneske som allereie var vel grunnfesta og kunnige i den Kristne Trua, noko som kjem vel fram i djupa av preikene hans. Han var dessutan usedvanleg dugeleg i ord, og prisa som den mest veltalande av teologane, og jamført med dei latinsk- og gresktalande fedrane. Det som særpregar alle skriva åt St. Bernard er den konstante siteringa av Guds Ord. Denne Abbeden kunne då HEILE BIBELEN UTANTIL, og ein mann som er meir oppfyld av Guds Ord skal ein leite lengje etter. I tillegg til å ha delteke ved fleire Kyrkjemøte, er han og kjend for å ha preika mykje om dei Heilage Krosstoga etter oppmoding frå Paven. Desse preikene som han held vart akkompagnerte av store teikn og mirakel, og mange gjekk med i kampen mot det onde. Då det andre Krosstoget ikkje enda som ein hadde von om, forsvara St. Bernard Krossfararane og forklara at han aldri hadde lova siger, og at det var for folket sine SYNDER, nett som med hebreearane, at Gud ikkje hadde gjeve ein krossande siger. (Henta frå the Catholic Encyclopedia)

 Nett denne fantastiske julepreika er henta frå "St. Bernard's Sermons for the Seasons and Principal Festivals of the year, vol.1"  
TREDJE PREIKE FOR JULEDAGEN:
OM STADEN, TIDA OG ANDRE TILHØVE FOR KRISTI FØDSEL! 

"Og Ordet vart kjøt og feste bu hjå oss." -Joh 1:14

Om Kristi fødsel, mine brør, er me nøydde til å granske to tilhøve av saka, to tilhøve som ikkje berre er distinkte frå kvarandre, men og særs ulike. Til den fyste høyrer fødselen av eit Barn som i sanning er Gud; bevaringa av møydomen åt Mor hans; og den smertefrie fødselen som ho fødde han med. Til det same: det nye ljoset frå Himmelen som lyste i myrkre; Engelen som kom med bod om ei stor glede; ein stor, himmelsk skare som song lov og pris til Kongen deira; Ære være Gud i det høgste og fred på jorda åt menneske av god vilje; hyrdingane som skunda seg til Betlehem, der dei fann Ordet som vart forkynt dei, og korleis dei fortalte dette til andre; forundringa og beundringa hjå alle som høyrer. Desse, og alle slike hendingar, mine kjære brør, er eit verk av Gudoms kraft, ikkje av menneskeleg svakheit. Dei er, slik det var, fat og kar av sølv og gull, som til og med dei fattige får ete og drikke av i dag ved Guds bord, grunna denne store høgtida. Men me har ikkje noko løyve til å ta dei vekk: det er ikkje gullkar og beger som er gjeve oss, men maten og drikken som dei inneheld. "Når du set deg ned for å ete med ein prins," seier den Vise Mannen, "sjå då nøye etter kva som vert sett fram for deg."
               Men- for å komme til det andre tilhøve av saka- Ser eg på det som i sanning mi eiga, tida og staden for denne fødselen, den skjøre Lekamen åt Spedbarnet, tårane og gråten åt den Vesle; og fattigdomen og nattemyrkret åt hyrdingane som fyst fekk høyre om Frelsaren som var født. Desse sakene, seier eg, er mine; dei tener til fordel for meg, dei er maten som er sett fram for meg; dei er gjeve meg til rettleiing og trøyst. Kristus vart født om vinteren, og Han vart født om natta. Skal me då gå ut ifrå, kjære brør, at det var tilfeldig og utan noko særskild tanke at Han, som natta og dagen tilhøyrer, sumar og vinter, kom inn i verda under den umildaste årstida og i bekmyrkre? Andre spedborn veljer ikkje tida for sin eigen fødsel, då dei i denne byrjinga av livet, enno ikkje har lært seg skjøn eller har høve til å gjere frie val, eller kraft til å vege saker opp mot kvarandre. Men Kristus, sjølv om Han ikkje vart menneske innan sin eigen Inkarnasjon, var likevel "Med Gud i opphavet" og "var Gud," som eigde den same visdomen og makta som no, då Han alltid var Guds Visdom og Makt. Fylgjeleg, då Guds Son skulle fødast inn i denne verda, hadde Han privilegiumet å velje den årstida som Han ville. Og valet Han gjorde var den mest uvelkomande tida, særskild for eit lita Barn, Sonen av ei fattig Mor, som mesta ikkje hadde filler å sveipe Han i, og inga vogge å leggje Han i men berre ei krybbe. Ikkje nokon stad kan eg sjå at det vert nemnd pels for Hans bruk, sjølv om det i sanning skulle trengjast. Den fyste Adam kledde seg i klede av skinn; den andre Adam i fattige sveipefiller. Slike tilhøve, mine brør, er ikkje i samsvar med verda sin visdom. Difor er enten Jesus Kristus sjølv bedregen, eller verda tek feil. Men det er umogeleg at Han som er Guds Visdom skulle kunne lurast. Rettvist vert då klokskapen åt kjøtet- som er dauden- kalla "Guds fiende," og verda sin visdom for "ein dårskap." For berre tenk over det. Kristus, som dømer ufeilbarlege domar, har vald for Seg sjølv det som er uvelkomande av naturen. Dette må då, fylgjeleg, vere betre, meir høveleg, meir ynskjeleg enn det som gleder kjøtet. Og skulle einkvan lære ut eller fremje ei anna lære, unngå han då som ein forførar.   
               Frelsaren valde og natta som tidspunktet for sin eigen fødsel. Kvar er no dei som skammeleg ynskjer å gå i parade for seg sjølve? Kristus veljer det som Han dømer å vere til størst nytte. De veljer det som Han avviser. Er dykker visdom større enn Hans? Er dykker domar sannare enn Hans? Er dykkar avgjerdsler betre å setje sin lit til enn Hans? Kristus held fred, Han prisar ikkje Seg sjølv. Han opphøger ikkje eller forkynner ikkje seg sjølv; og sjå ein Engel forkynte Han, mens ei mengd av ein himmelsk skare feira Hans kome. Gjer du difor, min bror, om du vil fylgje Kristus, det same og gøym skatten som du har funne. Elsk å vere ukjent. Lat munnen åt ein annan prise deg, men aldri din eigen. Vidare vart Kristus født i ein stall og lagt i ei krybbe. Men er det ikkje Han som seier "Jorda er Mi og all hennar fullnad."? Kvifor veljer Han då ein stall? Tydelegvis for å forkaste æra av denne verda, for å fordøme fåfengda åt menneska. Og slik er Hans tunge tyst, men alt anna som tilhøyrer Han ropar ut, forkynner, evangeliserar. Til og med lemmane i Kristi Spedbarnslekam har makta til å tale. I alt kritiserar, går i mot og attendeviser Han domane av denne verda. For kven mellom menneska, om dei fekk velje, skulle ikkje heller velje ein sterk kropp og fullt utvikla lemmer enn den skjøre  og hjelpelause spedbarnskroppen?  Å Visdom "dregen fram frå den løynde staden", som den Heilage Job seier! Å Guds Visdom i sanning Inkarnert og sløra under kjøtet! For i sanning, mine brør, dette Barnet er Den Vesle lova oss i gamle tider av Jesaja, som skulle: "vite å nekte det onde og å velje det gode." Kroppsleg komfort må difor vere av det onde, og kjøtleg liding må vere av det gode, då den vise Vesle, dette SpedbarnsOrdet veljer det siste  og avviser det fyste. For "Ordet vart kjøt," svakeleg kjøt, spedbarns kjøt, skjørt kjøt, svakt kjøt, kjøt inkapabelt til å gjere noko, til å utføre krafttak.
               Og sanneleg, mine brør, "Ordet vart kjøt og feste bu (i kjøtet) hjå oss." Sjølv om "Han var hjå Gud i opphavet. Han dvelte i "utilgjengeleg ljos," og der var ingen som kunne utstå glansen hjå Han. "For kven har kjendt Herrens tankar? Eller kven har gjeve Han råd?" Den kjøtlege mannen oppfattar ikkje desse tinga som er av Guds Ande. Men no kan til og med den kjøtlege mannen oppfatte, då Ordet har vorte kjøt. Om han ikkje kan skjøne seg på noko anna enn det kjøtlege, sjå då er Ordet no kjøt: Lat han då høyre Ordet når det er i kjøtet. Å menneske, Guds Visdom vert halde fram for deg i kjøtet. Den Visdomen som tidlegare har vore løynd, sjå no er han "dregen fram frå løynde stader," og stadfestar Seg sjølv til og med for dine kroppslege sansar. Han ropar ut til deg, må eg få seie, på eit vis som er forståeleg til og med for dei med verdslege tankar. "Avsky nytingar, for dauden sit nære nyteporten. Gjer bot for gjennom botgjerningar kjem Himmelriket nære." Dette, mine brør, dette er det som stallen forkynner til oss, dette er kva krybba so tydeleg uttrykkjer, det som spedbarnslemmane utan tvil annonserar, det som desse tårane og gråten ropar høgt ut. Kristus gret, men ikkje slik som andre born brukar å gråte, eg meinar, ikkje av same årsak. For det er kroppslege lidingar som får andre å ta til tårar, mens Kristi tårar strøymer frå ei kjærleg medkjensle.  Andre spedborn gret for si eiga lidings skuld, Kristus gret for vår. Dei syrgjer for den tunge børa som vert lagt på alle Adams born, Han syrgjer for syndene som gjer ureine alle Adams born. Og for dei som Han no feller tårar, skal Han seinare utgyte sitt Blod. Å, den harde flinten i mitt forherda steinhjarte! Gje at Gud måtte gjere det, som Ordet, til kjøt! Du, å Herre, har då lova dette gjennom Profeten Din Esekiel, som sa: "Eg vil ta vekk frå dei steinhjarta frå kjøtet, og Eg vil gje dei eit hjarte av kjøt."   
                   Brør, Kristi tårar overvelda meg med skam og beven og sorg. Eg leika utanfor på gatene, mens dødsdomar vart sagt over meg i skuggen av det kongelege domar-kammaret. Men den einborne Sonen åt Kongen fekk høyre om det. Og kva gjorde Han? Han gjekk ut or palasset, la ned diademen Sin, kledde Seg i striesekkar, strødde aske på hovudet, gjekk berrføtt med gråt og klage for at Hans fattige slave var dømt til dauden. Eg møter Han uventande i denne syrgjelege ståa. Eg vert forbløffa over den klagande endringa i Han og spør kva som har skjedd? Han fortel meg det heile. Kva skal eg gjere no? Skal eg helde fram med å leike og håne tårane Han fell? I sanning er eg utan skjøn eller kjensler om eg ikkje heller fylgjer etter Han og blandar mine tårer med Hans. Dette er grunnen for skamma mi. Skal eg dele med deg grunnen for mi sorg og beven? Det er det faktum at eg anslår veldet av den enorme fara eg står i frå posisjonen av botemiddelet. Eg hadde inga aning om kor desperat situasjonen min var. Eg trudde at eg var ved god helse. Og sjå, Sonen åt Møya, Sonen åt den Høgste, er sendt etter, og bod er vorte gjeve om at Han skal slaktast, slik at mine sår kan verte lækte gjennom balsamen av Hans dyrebare Blod! Innsjå, å menneske, kor alvorlege såra dine er, ettersom det var naudsynt at Kristus skulle sårast for at dei skulle verte lækte. Om ikkje skadene dine hadde vore dødelege, ja, om dei ikkje leidde til evig død, so hadde aldri Guds Son heller døydd som botemiddel. Det var då skam for oss, kjære brør, å svikte eller forsømme desse såra våre, som ein slik Høg Majestet har manifistert so mykje medkjensle for. Guds Son miskunnar Seg over vår naud og gret for oss, og skal me som lid nauda, berre le åt det? Slik fyller tankane på det dyrebare botemiddelet sjela mi opp med sorg og beven. 
               Uansett, det faktum at dette botemiddelet er so dyrebart vert og ei kjelde av trøyst, om eg er trufast i å utføre Lækjaren sine instruksjonar. For om, på den eine sida, bruken av slik kosteleg medisin gjer meg klar over alvoret i sjukdomen min, so gjev det meg på den andre sida grunn til å tru at eg ikkje er ukurerleg. For i sanning skulle ein Lækjar som er so Vis, nei, ein Lækjar som er Visomen Sjølv, ikkje applisere i fåfengd, ikkje kaste vekk eit lækjemiddel av uvurderleg høg verdi. Det manifesterar og at det ikkje skulle sløsast vekk på meg om ein kur lett kunne oppdrivast frå anna hald, men og, kor mykje skulle det heller ikkje sløsast vekk på meg om det skulle vere umogeleg å kurere meg sjølv med dette dyrebare lækjemiddelet. Difor har vona som eg har fanga opp og drive meg til å gjere bot, og med kraft tenner det ein eld i meg som brenn etter å verte lækt. Og eg kjem fram til ei auka trøyst frå Englevitjinga og orda gjeve til dei vakande hyrdingane. "Ve til dykk som er rike, for de har fått dykkar trøyst" frå dei jordiske tinga, og er difor uverdige til å motta den himmelske trøysta! Kor mange av høg rang, etter kjøtet, kor mange mektige og kor mange vise av denne verda kvilte ikkje på sine mjuke senger i den timen, og ikkje ein ende av dei vart funne verdige til å skoda det nye ljoset, eller til å høyre det frydefulle bodet om ei stor glede, eller til å høyre korleis englane song i lufta, "Ære være Gud i det Høgste." Frå dette må me lære at dei som "ikkje vert funnen i arbeidsskaren" som Salmisten seier, ikkje fortener å få vitjing av englar. Me må og lære oss kor det behagar innbyggjarane i Himmelen å sjå arbeidstaka åt han som har reine og andelege intensjonar, ettersom dei ærar med tiltale, ja med tale som er reint herleg, sjølv dei som strevar og arbeider for å underhalde kroppen sine verdslege behov, og fordi det er naudsynt for å overleve. For på dette viset syner dei si respekt for lova som er lagt på menneskeslekta av Gud, då Han sa til Adam, "Med sveitte i andletet skal du ete ditt brød."
              Eg formanar dykk, brør, at de med stor oppmerksemd tek til dykk kor mykje Gud har gjort for dykk til rettleiing og til frelse. Elles skal Hans Ord verte funne fruktlaust i dykk, Hans Ord so "levande og gagnlege," so "trufaste og verde til å verte motteke" og uttrykte meir gjennom strevet frå handlingar enn av pusten frå munnen. Utgår de ifrå, mine brør, at det berre vert ei minimal nedslåing for meg om eg fekk høyre at desse orda som eg no rettar åt dykk fekk lagnaden å døy i hjarta dykkar utan å bere noko frukt? Og kven er eg eller kva er orda mine? Om då ein mann av slik liten konsekvens, ja, utan konsekvensar i det heile, syrgjer når han ser "strevet av leppene hans," ubetydelege som dei måtte vere, utlagde til inga nytte, kor mykje større grunn har ikkje Vreden åt Herren den Høgste Majesteten til å verte tend mot oss, om me gjennom forsømming eller forherding av hjarta, gjer til inkje dei mektige verka Han har oppnådd for vår frelse si skuld? Måtte Han, som for å frelse oss, var villig til å ta på seg ein tenars skapnad, måtte Han gje oss å vakte oss fattige Gudstenarar frå ein slik grusom ulykkelagnad, for Han er den Einborne av Faderen og er over alle ting Gud velsigna i all eve. Amen.   
                      

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Følgere


Vitjarar