TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

onsdag 12. januar 2011

Evig fortaping! Av Charles-Marie-Antoine Arminjon, 1881

Henta frå boka "The end of the present world and the mysteries of the life to come," av Charles-Marie-Antoine Arminjon, 1881

 St. Ignatius av Loyola bruka å seie at han ikkje kjende til noko preike som var nyttigare og meir fordelaktig enn dei som handla om helvetet. Refleksjonar over det vakre i dygdene eller over gledene og attraksjonane i Gudomeleg kjærleik har liten innverknad på grove, kjøtlege menneske. Midt mellom dei høglytte livsgledene deira, dei forførande dårlege døma som vert sett framfor dei, og fellene og fallgropene plasserte under føtene på dei, vert trusselen om helvetet berre ein liten fortauskant som har kraft til å halde dei på pliktsvegen.
              At straffene i helvetet er evige er ei sanning formelt utlært i dei Heilage Skriftene; det er ein del av Kristen truvedkjenning; mange Kyrkjemøte har definert det som ein trusartikkel. St. Matteus, i kapittel 18 og St. Johannes, i kapittel 14 av Openberringsboka, når dei talar om plagene åt demonane og dei fordømde, seier at desse vil vere av det evige slaget. St. Markus, kapittel 9, og Jesaja, kapittel 66, seier at elden deira ikkje skal slokne, og at makken deira aldri skal døy. Når St. Augustinus siterer desse orda oppmerksamar han at sjølv om naturen åt denne makken og elden er open til diskusjon, so er det i sanning slik etter profetorda, at påkjenningane frå denne elden aldri modererast, og at torturen frå denne makken aldri minkar.
             Når Jesus Kristus talar om den endelege domen som Han ein dag kjem til å uttale, so held Han fast ved og stadfester same likestilling mellom rettferdiggjering og fordøming; verken i løna åt den rettvise eller i straffa åt den onde gjer Han nokon skilnad i grad eller tid: "So skal dei ganga burt til æveleg straff, men dei rettferdige til eit æveleg liv." (Matt 25:46) So er det då slik at evig liv ikkje har noko tidsbegrensning, og evig død vil og vere utan grense eller ende.
            Frå desse ymse vittnesbyrda veit me at nåde er ekskludert frå helvetet, og at der ikkje er noko rom for utløysing. Quia in inferno nulla est redemptio. Vidare skulle det berre finnast tre vis som dei fordømde og demonane skulle kunne løysast frå rettferda på, og oppnå fridom eller lindring frå plagene sine; gjennom ein sann og oppriktig anger; eller gjennom krafta frå bønene åt dei heilage og botgjeringar ofra opp av dei levande, eller gjennom øydeleggjinga av deira eksistens- med andre ord, då det er absolut umogeleg for Gud å ta dei til Seg, skulle Han verte nøydd til å utslette eksistensen deira heilt, og slik få ei avslutning på plagene deira. Men dei fordømde kan ikkje gjere bot. Gud har aldri gjeve forlating åt satan då satan aldri har angra seg. Det er mogeleg, seiere St. Thomas, for ein person å angre seg og hate si eiga synd på to vis: absolutt eller tilfeldigvis. Han som hatar synda si absolutt, hatar henne grunna den ibuande styggedomen og då det er eit lovbrot mot Gud. Han som hatar synda tilfeldigvis, hatar henne ikkje grunna kjærleiken til Gud, men grunna kjærleiken til seg sjølv: Med andre ord, so hatar han igrunn ikkje synda fullt ut, men berre si eiga smerta, det onde som det har ført med seg for hans del. Viljen åt dei fordømde er framleis bøyeleg til det onde, og deira forferding og gru over si eiga straff er verken anger eller bot. Dei vert utan tvil tæra av ynskjer og draumar; men objektet for desse draumane er deira eiga lukke, som dei ynskjer å oppfylle uavhengig av Gud. Slik er draumen åt demonane og dei fordømde, ein uendeleg gagnlaus draum som fortærer dei med uendeleg fortviling og raseri. So dei fordømte kan ikkje angre seg. Kan dei få del i bønene og fortenestene åt dei levande? Om dette var høvet, skulle Lucifer og dei falne englane ein eller annan gong i ei fjern framtid, få løyve til å vende attende til Guds favør: Fylgjeleg ville dei då verte heilage vesen att, verdige vyrdnad og kjærleik, på same vis som Kjerubane og Erkeenglane, som dei ein gong ville femne om i evig kommunion. Det skulle og medfylgje at Kyrkja ville vere pålagd å be for demonane. Demonane er i sanning våre verste fiendar, men prinsippa av nestekjærleik pålegg oss å be for alle fiendar utan unnantak. Kyrkja ber for dei som forfylgjer oss i denne verda, berre i dette livet, då dei framleis kan bere frukt som fører til sann anger: Men sjølv på Domedagen, då ho vert fylt av kjærleik og heilagdom, kjem ho ikkje til å be for dei som vert dømde av den rettvise Domaren til evige piner. Om dei fordømde kan forvente å ein dag verte frelste, so ikkje berre må Kyrkja be for dei, men i tillegg, so kan me ikkje sjå kvifor det skulle vere forbode for dei Trufaste å vyrde dei, og kvifor skulle ikkje Kyrkja då samle opp etterlevningane av ein Nero, ein Robespierre og ein Marat, for å æra desse på altaret, med same rett som aska åt ein Aloysius Gonzaga, ein Vincent de Paul og ein Francis de Sales.
                Kortfatta er det tydeleg at pina åt dei fordømde vil vere utan ende og at dei sjølve heller aldri vil verte øydelagde slik at dei opphøyrer å eksistere. Heilag Skrift skildrar deira stakkarslege tilstand ved å kalle det "secunda mors- ein andre død". St. Gregorius seier: "Det vil vere ein død som aldri vert oppslukt, ein ende alltid etterfylgd av ei ny byrjing, ei oppløysing som aldri fører med seg forsvinning." St. Augustinus uttrykkjer med like stor vigor og tydelegheit den triste ståa åt den døden som, mens han let sjela eksistere eveleg, let henne utstå plager og gru med den høgste intensitet: "Det kan ikkje seiast at sjela skal ha liv i helvetet, då sjela ikkje på noko plan får ta del i det evelege livet hjå Gud; det kan ikkje seiast at lekamen skal ha liv, då lekamen der vert eit rovbyte for all slags piner. Slik vert den andre døden mykje meir grusom enn den fyste då døden ikkje kan gjere slutt på alt.     

Forts. fylgjer....
          

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Følgere


Vitjarar