TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

torsdag 15. juli 2010

Dauden, ferie og p-piller!

Det er ikkje like greitt å få tid til å blogge i ferien. Kvardagsrutinane er ikkje som dei brukar. Ein gjer andre ting, familie og vener kjem på vitjing eller du vitjar dei.. Bøner og lesestunder vert ei utfordring, og har ein menneske rundt seg som ikkje er Katolikkar, merkar ein fort korleis djevelen brukar dei imot deg. Det kan vere små ting.. som familiekalas på fastedagar, at dei berre må prate med deg eller ha hjelp med noko når du skal be, at ein byrjar å diskutere andre ting når det gjeld trua enn det som er konstruktivt, eller at ein berre byrjar samtalene på heilt feil plass. Kvifor diskutere pedofile novus ordo "prestar" når ein ikkje ein gong er med i sekta sjølv? Korleis skal ein få nokon til å forstå seg på algebra om dei ikkje kan multiplikasjonstabellen ein gong? For meg er det alltid ei utfordring med måltida. Som mange lutherske familiar, brukar min å syngje for maten fyst. Og no kan eg ikkje be med dei, då eg ikkje trur på avguden deira. Så eg gjer Krossteiknet for meg sjølv og dei stirar undrande på meg, den stae songfuglen, som brått ikkje syng for maten med dei. Det er dei kvardagslege utfordringane som kan verke so vanskelege i augeblinken. Freistingane til å inngå kompromiss om noko viktig som gjeld det kristne livet. Det går bra og det går mindre bra.
             I dag fekk eg høyre om ein 25-åring eg kjende littegrann i tenåra som drukna på ferie i går. Drog meg ned på jorda igjen. Dauden ligg og lurar, like gjerne på ein fin feriedag med slekta i våre beste år som han gjer når ein ligg gammal og sjuk i senga. Alle kompromiss er eit spel med dauden, tenk om han kom i dag? Me MÅ sette vår eiga frelse fyst, uansett kva andre rundt oss tykkjer. Ei jente eg kjende døydde brått og uventa for nokre år sidan. Ho hadde god helse og ei dotter i skulealder. Og so berre døydde ho, framleis i 20-åra. Dødsårsaka? P-piller. Jasmin trur eg pillene heitte. Ein liten blodpropp i foten tok livet av henne. Berre ei påminning om den stygge synda det er å bruke prevensjon og dei konkrete fylgjene det kan få allereie no, her i livet. Me kan ikkje utsette til ein annan dag det som kan gjerast i dag. Vent ikkje med omvende deg frå syndige livsstilar til du vert gamald, ikkje vent med å konvertere til den Sanne Kyrkja til ei meir "passande" tid. Tida er no. Den 25-åringen som drukna i går mista ikkje berre livet, han tapte sjela si. Me snakkar om evige eldloger og demonar. Korleis kan eg døme han? Fordi han ikkje var med i den Sanne Kyrkja. Det er alt eg treng å vite. Det er ikkje frelse utanfor Kyrkja. Og Vår Frue synte borna i Fatima korleis sjeler dagleg rasar ned i helvetet som snø! So mange er dei som taper sine sjeler! Tenk på det..  

5 kommentarer:

  1. Om du ser på saka frå eit subjektivt perspektiv so forstår eg kva du meiner. Men eg er Katolikk fordi eg forkastar subjektiviteten når det gjeld tru og moral. Eg går til Kyrkja med alle slike spørsmål. Det er religiøs fanatisme om du vil, men sanninga er "fanatisk" og eg er ikkje redd for å stå for det. Det handlar om å ta til seg eit svart og kvitt verdsperspektiv. Filosofien handlar mykje om å finne dei rette spørsmåla. Eg er ute etter svar, ikkje spørsmål. Mange snakkar om Guds nåde, men ikkje om Guds rettvise og dom. Eg har dessutan historia på mi side. Lat meg få tipse deg om historikaren Hillaire Belloc. Veldig interessanne bøker.
    mvh Iselin

    SvarSlett
  2. Ja han ser ut til å være noe for deg. Men det ser ut som han var i stand til å skrive godt, så hvem vet. Kanskje jeg skal sjekke han ut.

    SvarSlett
  3. Eg tykkjer yndlingssalma mi passar godt, sjølv om han kanskje er litt protestantisk:

    Jeg råde vil alle i ungdommens dager at de dog i tide må tenke seg om.
    Man kan ikke kalle de dager tilbake, man ikke vite når Gud holder dom.

    Omkved: Når lyset blir utslukt og himlens dør blir lukt, når dagen er omme og natten vil komme, da er det for sent til å tenke seg om.

    I dag når du hører den lokkende stemme,
    Han ber deg å komme til Faderens favn.
    Du ofte i hjertet Hans røst kan fornemme,
    Han kaller deg stille og nevner ditt navn.

    Omkved

    Se, tiden den skrider og dagen den lider,
    og solen alt rødmer mot tidenes kveld.
    Det gjelder for alle på Herren å kalle,
    det gjelder å gripe den salige del.

    Omkved

    SvarSlett
  4. Ja, eg kan den salmen og. Problemet er at luthersk teologi- om ein då fylgjer den og ikkje har sin eigen versjon som stort sett alle protestantar har, skulle seie at denne salmen gjeld dei som ikkje har teke steget fullt ut ved å bli ein "kristen," og ikkje dei som lever det kristne livet. Luther sa då at ein skulle synde med frimod, då Kristi død betalte for alt likevel. Bl.a. difor er Luther ein vranglærar..

    SvarSlett

Følgere


Vitjarar