

Denne den ytterste av Nordens landsendar var, på same vis som fleire avgrensa land, i fordoms tid fanga i heidensk overtru. Mens dei slik gjekk seg vill frå sanningsvegen, synte dei forakt for Gud og oppførte seg voldsomt mot grannane sine. Men etter dei to strålande ljosa, dei heilage helgena kong Erik av Sverige og Ærkebiskop Henrik av Uppsala, omlag det nådefulle år 1155 gjennom Guds ord og forkynning og- då deira bodskap om fred vart forkasta- gjennom sine sigersrike våpen underla Finland den Kristne Trua og Sveriges Rike, byggde kyrkjer, tilsette prestar og forvandla folket som byrja, ja, i større grad enn andre, å syne stor flid i allslags dygder, særskild i gavmilde og gjestmilde, som dei med største velvilje utøva mot nyankomme framandfolk. I sitt omgjenge seg imellom er dei vennlege, saktmodige og seine til vrede; men om ein asar dei opp over lengre tid, vert hemnen deira berre so mykje verre, dess lenger den vert utsett. Dei bur i grender, fordela på sokner og heimar. Dei har stautelege Kyrkjer og syner stor vilje til å settje opp nye slike. Sine prestar syner dei den største vyrdnad og gjev dei tiende av alle ting. Til gjengjeld får dei av desse, oftast formidla via ein tolk som assisterer dei på preikestolen, motta ei slik grundig undervisning i den Gudomelege lova, at dei vert grundig fria frå sine eigne villfaringar, og etterpå- utrusta som dei er av naturen med eit eidelt sinnelag, vert dei opptende med ein brennande hug som strevar etter alt godt. Dei liknar slik innbyggjarane i Vesterbotten som, sjølv om dei saknar religionsundervisning, etter den naturlege lova har lært seg å avsky børene og streve etter dygda. For dei har innsett at dei menneska som lever rettvist og ikkje skadar nokon, i rikt mått vert velsigna med alt godt, mens dei som praktiserer avskyelege synder som hor og ekteskapsbrot, steling og mord, ofte opplever at det fører til store konsekvansar for brota; at fuglar og firbeinte dyr forlet skogane deira, og fiskane vattendraga deira, og har ikkje vendt attende før den rasande Gudomen vert blidgjort gjennom prestane sine bøner og velsigningar. Dette skal me tale grundigare om i den 16.boka, der eg og skal gjere greie for ulike metodar nytta mot ulike overgrep på menneske, vanhelging av kyrkjer og dei fattige sin rett.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar