TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

fredag 15. oktober 2010

Fatima, kommunismen og Vatikanum II!

Openberringa av Guds Moder i Fatima, Portugal 1917 må reknast som ei av dei viktigaste hendingane i Europa på 1900-talet. Den Velsigna Maria Møy forutsa at kommunismen kom til å breie seg ut over heile verda og at ein andre verdskrig ville komme om menneska ikkje slutta å leve slike syndige liv. Vår Frue lova fred i verda om menneska fylgde hennar plan av bøn, botgjering og forbetring av livsføringa vår. Bodskapen i Fatima vart ignorert av både Katolske lekmenn og presteskapet. Dei tomme Kyrkjene på den fyste laurdagen i månaden, det låge talet Katolikkar som dagleg ber rosenkransen, dei få preikene som inneheld bodskapen frå Fatima, alt vittnar om at Katolikkar har svikta denne Himmelske åtvaringa.
             Den Velsigna Møya openberra seg ved 6 ulike høve i Fatima, Portugal året 1917. Denne landsbyen ligg omlag 145 km frå Lisboa, Portugal. Dei tre borna som var vittne til openberringane var Lucia Dos Santos (10 år), Fransisco Marto (9 år) og Jacinta Marto (7 år).

Ei kort summering av openberringane:  
(Henta frå boka Mother of Christ Crusade.)

-13.mai, 1917: "Vær ikkje redde for meg, eg er ikkje her for å skade dykk. Eg har komme frå Himmelen. Eg ber dykk om å komme den 13. dagen av kvar ende månad. Då skal eg fortelje dykk kven eg er og kva eg vil. Be rosenkransen kvar dag for å få fred i verda og ei ending på krig."

-13.juni, 1917: Den Velsigna Møya openberra seg for dei tre borna ved nonstid. 70 menneske var då tilstades. Vår Frue ba om at denne bøna: "Å min Jesus, forlat oss våre synder, redd oss frå helvetes eldloger, miskunna deg over sjelene i skjærselden," skulle leggjast til etter kvar ende dekade i rosenkransen. "Gud ynskjer å etablere andakt til det Lytelause Maria Hjarte i verda."

-13.juli, 1917: "Offre opp dykk sjølve for syndarar; og sei ofte, særskild kvar gong de offrar opp noko: "Min Jesus, dette er i kjærleik til Deg, for omvending av syndarar, og som botgjering for synder som er gjorde mot det Lytelause Maria Hjarte.""
               Borna fekk so eit syn om helvetet. Dette synet er omtala som den fyste løyndomen i Fatima.
"Me såg som eit hav av eld, og nedsokke i denne elden var djevlar og sjeler i menneskeleg skapnad, som om dei var gjennomsiktig svart eller bronserav som flaut i elden og svaia i flammane som kom opp frå dei, saman med skyer av røyk som fell på kvar side, nett som gnistar som fell i store bål, utan vekt eller jamvekt. Alt dette midt i klagerop og skrik av smerte og fortviling som forferda og skaka oss med forferding. Me kunne skilje ut djevlane grunna deira forferdelege og kvalmande framtoningar av øydeleggjande og ukjende dyr, men gjennomsiktige som den svarte kolen i ein eld."
            Maria tala til borna med desse orda: "De har sett helvetet der sjelene av stakkarslege syndarar går. For å frelse dei (andre sjeler) ynskjer Gud å grunne ei andakt til mitt Lytelause Hjarte i heile verda."
             "Om menneske gjer som eg ber dykk, kjem mange sjeler til å verte frelste og der vil verte fred. Krigen kjem til å opphøyre. Men om dei ikkje sluttar å fornærme Gud, kjem ein ny og mykje verre krig til å bryte ut under styretida til Pius XI. Når de ser eit ukjent ljos, vit då at dette er eit teikn frå Gud om at Han kjem til å straffe verda. For å forhindre dette ber eg om at Russland må konsekrerast til mitt Lytelause Hjarte og om Kommunion som (reparerer)stiller alt til rette att vert halde på dei fem fyste laurdagane." (Dette ukjende ljoset vart sett gjennom heile verda den 25.januar, 1938.)
              "Om dei gjer som eg ber kjem Russland til å verte omvend og der vil verte fred. Om ikkje, kjem Russland til å spreie ut hennar vranglærer i heile verda, framprovosere krigar og forfylgjing av Kyrkja. Dei gode vert martyrar, den Heilage Faderen vil lide mykje, og ulike nasjonar vert utsletta. Til sist vil mitt Lytelause Hjarte triumfere. Den Heilage Faderen vil konsekrere Russland til meg, som kjem til å verte omvend, og ei fredstid vert gjeve til verda. (Denne konsekreringa vart ikkje gjort i rett tid, og heller ikkje av både Paven og alle biskopane ilag, og profetien vart difor ikkje oppfylt.)

-13.august, 1917: Borgarmesteren i Ourem arresterte dei tre borna mens 15 000 menneske kom til Cova Da Iria. Dei som kom dit såg ulike overnaturlege hendingar sjølv om borna ikkje var til stades.

-19.august, 1917: Vår Frue openberra seg til borna i Valinhos, ein liten landsby i nærleiken av Fatima og sa at dei måtte be rosenkransen kvar dag. " I oktober kjem til å utføre eit mirakel slik at alle må tru... Be! Be mykje og offre opp offer for syndarar, for mange sjeler går til helvetet då dei ikkje har nokon som ber og offrar for dei."

-13.september, 1917: 30 000 menneske var samla på openberringsplassen. Vår Frue sa: "Lat menneska halde fram å be rosenkransen kvar dag for å oppnå ei ending på krigen."

-13.oktober, 1917: Detaljane om denne openberringa og det fylgjande mirakelet vart rapportert av avisa O Dia og O Seculo og av mange andre nyhendingsinstansar. Regn byrja om morgonen klokka 10 og held fram gjennom heile morgonen som eit voldsomt støytevatn. Dei 70 000 menneska som var samla var gjennomvåte inn til huda. Den Velsigna Møya ba om at eit kapell skulle byggjast og sa: "Eg er Frua av Rosenkransen." Lucia spurte då om vår Frue kunne bote visse individ. Vår Frue svara: "Dei må rette til liva sine og be om tilgjeving for syndene sine. Fornærm ikkje Vår Herre meir, for Han er allereie særs fornærma."
          SOLMIRAKELET vart vittna av 70 000 menneske, truande og ateistar side om side. Det som hende denne dagen vert ikkje gløymd. Sola byrja å spinne voldsomt, og sende ut alle regnbogens fargar. Då brått forlet sola si akse og byrja å stupe ned mot jorda, mens ho gav ifrå seg ein intens varme. Folkemenga vart heilt forferda og tusenvis fell på kne mens andre la seg ned flate på marka og naudba Gud om å spare dei. Då den forferda folkemassa igjen såg opp, oppdaga dei at sola hadde vendt attende til sin normale posisjon. Til deira store overrasking innsåg dei at både dei og marka under dei var knusktørre, sjølv om dei alle hadde våre heilt gjennomvåte. Dette mirakelet vittna om sanninga i openberringane. Borna sjølve såg ikkje dette mirakelet, men fekk samstundes sjå Kristus og St. Josef som velsigna verda; Vår Frue av Sorg og Vår Frue av Karmelfjellet dukka og opp framfor augene deira..  

-20.februar, 1920: vår Frue av Fatima openberra seg for Jacinta Marto på sjukehuset i Lisboa, Portugal. Jacinta fortalte fylgjande til Moder Godinho: "Dei syndene som sender flest menneske til helvetet er kjøtlege synder. Særskilde motar vert introduserte som kjem til å fornærme Vår Herre stort... om menneska berre forstod kva eva var, skulle dei gjere alt dei kunne for å endre på liva sine. Menneske taper sjelene sine fordi dei ikkje tenkjer på Vår Herre Kristi død og fordi dei ikkje gjer bot. Mange ekteskap er ikkje bra; dei behagar ikkje Vår Herre og er ikkje av Gud."

-13.juni, 1929: Syster Lucia såg eit syn om den Heilage Treeinigheita og Vår Frue av Fatima i det Dorotheanske Klosterkapellet i Tuy, Spania. Hennar skriftefader, Fdr.Goncalves ba henne skrive ned openberringa. Vår Frue sa: "Stunda har komme då Gud ber den heilage Faderen (Paven), i einskap med alle Biskopane i heile verda, om å konsekrere Russland til mitt Lytelause Hjarte, og lovar å frelse henne gjennom dette. Der er so mange synder som den Rettvise Gud fordømmer på grunn av synder mot meg, og difor har eg komme og bede om botgjering: Offre opp dykk sjølve for denne intensjonen og be!"
          Vår Herre sa: "Dei ynskja ikkje å gje akt på mitt ynskje. Som Kongen i Frankrike, kjem dei til å angre seg og gjere dette, men det vil vere seint. Russland kjem allereie til å ha spreidd ut hennar vranglærer i heile verda, framprovosere krigar og forfylgjingar av Kyrkja. Den Heilage faderen (Paven) kjem til å lide stort."

Desember 1941: Lucia la til dei fylgjande orda til den andre løyndomen i Fatima: "I Portugal kjem alltid dogma til trua å verte bevara." Desse orda er rekna som byrjinga på den tredje løyndomen..
Synet om helvetet og andakta til det Lytelause Maria Hjarte vert rekna som den fyste og andre løyndomen i Fatima. Den tredje løyndomen skreiv Lucia til Biskopen av Leiria, men Vår Frue sa at den skulle ikkje gjerast kjend for resten av verda før i 1960. Då Kardinal Ottaviani skreiv til Syster Lucia og spurde kvifor ein skulle vente heilt til 1960, svara ho: "Fordi då kjem det til å verte klårare."
             1960 var det året Johannes XXIII byrja å endre på liturgien og skapa store tumultar i Kyrkja sine lærer. -Om det hadde vore ein glad bodskap, skulle me ha fått vite det tidlegare, sa Kardinal Cerejeira i Portugal. Johannes XXIII ignorerte Vår Frue sitt bod om å openberre løyndomen i 1960. Paul VI leste løyndomen og gav ordre til Kardinal Ottaviani om at løyndomen ikkje skulle openberrast. Johannes Paulus II ville heller ikkje gå inn på løyndomen og sa berre at alle skulle halde fram med å be rosenkransen. Og til slutt fabrikerte Vatikanet ein løyndom i etterkant, der dei sa at oppfyllinga av profetien var at Paven skulle verte dødeleg såra og mirakuløst overleve, og at dette hende då JP II vart skoten og overlevde. Der har og vore ei bedragarkvinne som etter Lucia sin død har gjeve seg ut for å vere henne, og for å stadfeste at dette var den tredje løyndomen. Sjølv om alt som Lucia sjølv hinta om, tydde på at løyndomen handla om fråfall frå trua og om krig og vranglærer. ho uttala at ho uroa seg over at menneske ikkjegjorde som Vår Frue ba om, og at mange sjeler gjekk tapt. "Men straffa frå Himmelen vil verte voldsom." sa Lucia. "Den tredje løyndomen er å finne i Evangelia og i Openberringsboka. Les dei, særskild Op. kapittel 8 og 13."

Med tanke på når det II Vatikankonsiliumet vart halde, er det ikkje utruleg at det var nett dette som Vår Frue openberra. Og då er det heller ikkje so merkeleg at anti-pavane ikkje ville dele det med resten av verda, då dei sjølve stod bak denne hendinga.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Følgere


Vitjarar