TANKEN BAKOM BLOGGEN MIN!

Dette er ei side på nynorsk om det å konvertere til katolisismen. Sjølv konverterte eg i 2007, etter ei kronglete reise mellom ulike tankar og sekter som alle kalla seg for kristne utan å ha noko koppling til den 2000 år gamle Kristendomen. Eg skulle ikkje ynskje nokon annan å måtte famle seg fram på same vis som eg var tvungen å gjere.

Me lever i ei tid då dei som utgjer seg for å vere den sanne Katolske Kyrkja i røynda er ei røvarsekt som ikkje er med på å fremje tradisjonell katolsk tru, men heller gjer alt dei kan for å myrkleggje den sanne læra som me har fått overgjeve ifrå Apostlane og fram til i dag.


I tillegg har over 400 år med protestantisme gjort at dei kristne røtene i Noreg er vel kamuflerte, og me har vorte proppa med Lutherpropaganda frå vogga til grava i fleire generasjonar. Historiske bøker og vitnesbyrd har vorte øydelagde, kyrkjer tekne over av andre, evangeliet utvatna, Bibelen feilaktig oversett i utallige utgåver og mennesket har hamna i sentrum istadenfor Gud. Og for ikkje å snakke, me har vorte overgjevne til den upålitelege subjektiviteten som gjer at ingen er samde om nokon ting, fordi me har skild oss frå den Sanne ModerKyrkja og den Apostoliske læra.

Denne bloggen har som mål å vere ei hjelp for dei som søkjer seg attende til det som ein gong var, og ei oppmuntring for dei som allereie er innanfor, men som kjenner seg isolerte og åleine imellom heidningar i eit land som er like kaldt i dag som det var innan det vart Kristna- like inn i sjela.

onsdag 20. oktober 2010

Dei Sju Sorgene åt den Velsigna Maria Møy!

Festdagen åt Vår Frue av Sju Sorger er den 15.september.

Pave Pius VII godkjende enno ei rekkje bøner for å æra dei Sju Sorgene og for dagleg meditasjon den 14.januar 1815:
-5 års avlat for dei som ber og mediterer over desse bønene.
-7 års avlat kvar dag i september.
-Fullstendig avlat ein gong i månaden etter Skriftemål, Messedeltaking og Nattverdsdeltaking om desse bønene vert sagt dagleg. (Henta frå Raccolta- Katolsk offisiell bønebok med imprimatur frå 1951, bøn 383 s.277, 2004-utgåva)
Den Velsigna Maria Møy openberra for Sankta Birgitta av Sveriga (1303-1373) at sju nåder vert give til dei sjeler som dagleg ærar henne ved å seie 7 Hill deg Maria mens dei mediterar over hennar tårer og smerter.

1) Eg vil gje fred til familiane deira.
2) Dei vil verte opplyste om dei Gudomelege mysteriuma.
3) Eg vil trøste dei i smertene deira og vil støtte dei i arbeidet dei gjer.
4) Eg vil gje dei so mykje som dei ber om, so lengje det ikkje går imot den gode viljen til min Gudomelege Son eller heilaggjeringa av deira eigne sjeler.
5) Eg vil forsvare dei i den andelege kampen dei står i mot den djevelske fienden og eg vil gje dei vern til kvar ei tid i liva deira.
6) Eg vil synleg hjelpe dei i dødsstunda deira, dei vil sjå andletet åt Mor deira.
7) Eg har fått denne nåden frå min Gudomelege Son, at dei som held fram for andre denne andakta til mine tårer og smerter, vil verte tekne direkte frå dette jordelivet til evig sæle, då alle syndene deira vert tilgjevne og Son min og eg skal vere deira evige trøyst og glede.

Bøner for å æra dei Sju Sorgene åt den Velsigna Maria Møy.
Å Gud, kom og vær til stød for meg, Å Herre, skunda Deg å hjelpe meg. Ære være Faderen og Sonen og den Heilage Ande, slik som det var av opphavet, no er og være skal, frå eve til eve. Amen

1.Eg syrgjer for deg, Å Maria mest nedtyngde av sorger, for lidinga i ditt ømme hjarte grunna profetien frå den heilage og aldrande Simeon. Kjære Moder, av ditt hjarte som leid slik, oppnå for meg audmjukedygda og Gudsfryktsgåva. Hill deg Maria..

2. Eg syrgjer for deg, Å Maria mest nedtyngde av sorger, for pina i ditt mest elskverdige hjarte under flykta til Egypt og oppehaldet der. Kjære Moder, av ditt hjarte som vart uroa slik, oppnå for meg gavmildedygda, særskild mot dei fattige, og fromheitsgåva. Hill deg Maria...

3.Eg syrgjer for deg, Å Maria mest nedtyngde av sorger, for den angsten som prøva ditt uroa hjarte då du mista din kjære Jesus i tempelet. Kjære Moder, av ditt hjarte so fylt opp av kvaler, oppnå for meg kyskheitsdygda og kunnskapsgåva. Hill deg Maria..

4.Eg syrgjer for deg, Å Maria mest nedtyngde av sorger, for den forferdinga som fylte ditt hjarte då du møtte Jesus då Han bar på Krossen sin. Kjære Moder, av ditt hjarte som vart uroa slik, oppnå for meg tolmodsdygda og motsgåva. Hill deg Maria...

5.Eg syrgjer for deg, Å Maria mest nedtyngde av sorger, for martyrskapet som ditt gavmilde hjarte utstod då du stod nære Jesus i kvalene Han leid på Krossen. Kjære Moder, av ditt hjarte so ille plaga, oppnå for meg måtehaldsdygda og rådsgåva. Hill deg Maria...

6.Eg syrgjer for deg, Å Maria mest nedtyngde av sorger, for såringa av ditt medkjenslefulle hjarte då Jesu side vart gjennombora av ei lanse innan Lekamen Hans vart nedteken frå Krossen. Kjære Moder, av ditt hjarte som slik vart gjennombora, oppnå for meg brorkjærleiksdygda og skjønsgåva. Hill deg Maria...

7.Eg syrgjer for deg, Å Maria mest nedtyngde av sorger, for riene som reiv i ditt kjærleiksfulle hjarte under Jesu gravleggjing. Kjære Moder, av ditt hjarte nedsokke i bitter overgivning, oppnå for meg flidsdygda og visdomsgåva. Hill deg Maria...

Be for oss, Å Heilage Guds Moder, at me må verte gjorde verdige Kristi lovnader.
Lat oss be:

Lat forbøn verte gjort for oss, me ber Deg, Å Herre Jesus Kristus, no og i vår dødstime, framfor Di nådetrune, av den Velsigna Maria Møy, Di Moder som fekk si heilage sjel gjennombora av eit sverd av sorg under Din bitre lidingstime. Gjennom Deg, Å Jesus Kristus, Frelsaren for verda, som saman med Faderen og den Heilage Ande lever og råder i all eve. Amen.

Hill deg Maria full av sorg, den Krossfeste er med deg. Tåraugd er du av kvinner og tåraugd er livsfrukta di Jesus. Heilage Maria, Mor åt den Krossfeste, gjev tårar til oss, din Sons Krossfestarar, no og i vår dødsstund. Amen.

*Avlat tilsvarar delvis eller fullstendig fullført botgjering for synder som allereie er tilgivne i Skriftemålet- eller, om ein ikkje har høve å gå og skrifte for ein Prest, etter å ha gjort ei handling av perfekt anger. (Finnst under "Bøner" i sidemenyen.) Den som mottek fullstendig avlat rett før han døyr, treng ikkje å vere i Skjærselden. Den som får delvis avlat får kortare tid i Skjærselden. Avlat kan berre appliserast på menneske som er døypte, som er i ei ståe av nåde og som ikkje er exkommuniserte frå Kyrkja. Avlat kan ikkje oppnåast for andre på jorda, berre for den som sjølv ber bøna. Ein kan derimot ofre opp avlaten for dei i Skjærselden. Dersom den fullstendige avlaten er bunden til ein særskild dag i året, t.d. Allehelgensafta, må ein ha gått til Skrifte og Messe tidlegast dagen innan, og seinast på den 8.dagen etter den gjeldande dagen for avlaten.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Følgere


Vitjarar